Forskrift om inntak til vidaregåande opplæring og formidling til læreplass i Sogn og Fjordane fylkeskommune

DatoFOR-2014-10-14-1328
PublisertII 2014 hefte 4
Ikrafttredelse14.10.2014
Sist endretFOR-2015-12-08-1488 fra 09.12.2015
Endrer
Gjelder forSogn og Fjordane
HjemmelFOR-2006-06-23-724-§6-2, FOR-2006-06-23-724-§6A-2, FOR-1998-07-17-61
Kunngjort30.10.2014   kl. 15.45
KorttittelForskrift om inntak til vidaregåande opplæring, Sogn og Fjordane

Kapitteloversikt:

Heimel: Fastsett av Sogn og Fjordane fylkesting 14. oktober 2014 med heimel i forskrift 23. juni 2006 nr. 724 til opplæringslova § 6-2 og § 6A-2. Endra med forskrift 8 des 2015 nr. 1488 (i kraft 9 des 2015).

I. Inntak

§ 1.Generelt

Denne forskrifta gjeld inntak til alle offentleg vidaregåande skular og formidling av lærlingar og lærekandidatar i Sogn og Fjordane fylkeskommune. Forskrifta gir utfyllande reglar og kjem i tillegg til sentral forskrift, kap. 6 og 6A.

§ 2.Inntaksområde

I Sogn og Fjordane fylkeskommune er det fritt skuleval. Søkjarane står fritt til å søkje til skular i heile fylket, uavhengig av kvar dei bur.

For søkjarar til tilbod fylkeskommunen ikkje tilbyr kan fylkesrådmannen kjøpe skuleplassar eller gje gjesteelevgaranti i andre fylke. Dette gjeld berre søkjarar med ungdomsrett.

Søkjarar med ungdomsrett som bur i enkelte grenseområde med andre fylke kan ta ut retten sin i nabofylket. Søknadene skal handsamast etter eigne avtalar mellom fylkeskommunane.

Fylkesrådmannen kan gje gjesteelevgaranti for søkjarar med ungdomsrett til andre fylkeskommunar etter individuell vurdering, dersom det er tungtvegande grunnar for dette.

Søkjarar som er folkeregistrerte i andre fylke, men der ein av foreldra er folkeregistrert i Sogn og Fjordane, kan etter søknad få ungdomsrett i Sogn og Fjordane.

§ 3.Inntak til vg1

Søkjarane må prioritere tre utdanningsprogram ved innsøking til vg1. Innanfor kvart utdanningsprogram kan det prioriterast inntil tre skular.

Inntaket vert gjennomført med grunnlag i karakterane frå grunnskulen, konkurransepoeng.

Dersom søkjaren ikkje har nok konkurransepoeng til å kome inn på nokon av dei prioriterte skulane, vil søknaden bli vurdert i høve andre skular som tilbyr dei prioriterte utdanningsprogramma.

Søkjarar som ikkje søkjer tre forskjellige utdanningsprogram kan bli plasserte på utdanningsprogram med ledig kapasitet.

Fylkesrådmannen kan ta inn deltidselevar når fulltidselevar med ungdomsrett har fått inntak.

§ 4.Inntak til vg2 og vg3

Søkjarane kan prioritere inntil tre programområde på vg2 og vg3 som han/ho er kvalifisert til. Innanfor kvart programområde kan søkjaren prioritere inntil tre skular.

Inntaket vert gjennomført med grunnlag i karakterane frå v g1 eller vg2, konkurransepoeng. Ved innsøking til vg2 vert karakterar frå v g1 lagt til grunn, og ved innsøking til vg3 vert karakterar frå vg2 lagt til grunn.

Søkjarar som ikkje har nok konkurransepoeng til å komme inn på prioriterte programområde og skular, vil bli vurdert i høve andre programområde som han/ho er kvalifisert til, men som ikkje er prioritert i søknaden.

§ 5.Inntak til vg1 musikk, dans og drama

Inntil 50 % av plassane til desse utdanningsprogramma kan tildelast på grunnlag av ferdigheitsprøve (inntaksprøve), i tillegg til poengsum (konkurransepoeng) på grunnlag av karakter.

Søkjarar som tek ferdigheitsprøve (inntaksprøve) får ut frå presentasjon/talent 3 til 10 tilleggspoeng. Tilleggspoenga kjem i tillegg til poengsum (konkurransepoeng).

Dette gjeld berre for søkjarar som har vg1 musikk, dans og drama som sitt første ønske. Prøven vert halden i fordjupinga og på skulen som er første ønske.

Fylkesrådmannen avgjer kva fordjupingar det skal gjennomførast ferdigheitsprøve (inntaksprøve) i.

0Endra med forskrift 8 des 2015 nr. 1488 (i kraft 9 des 2015).
§ 6.Inntak til vg1 på grunnlag av prestasjonar i idrett

Sogn og Fjordane fylkeskommune har to ordningar for inntak på grunnlag av dokumenterte ferdigheiter i idrett. Spissa idrettstilbod i vidaregåande skule for potensielle toppidrettsutøvarar og potensielle toppidrettsutøvarar.

Inntil 50 % av plassane på idrettsfag vg1 kan tildelast på grunnlag av ferdigheitsprøve (inntaksprøve), i tillegg til poengsum (konkurransepoeng) på grunnlag av karakterar.

Søkjarar til desse ordningane må sende søknadsskjema med vedleggsskjema og dokumentasjon frå særkrins/klubb som stadfestar dei idrettslege prestasjonane.

Sogn og Fjordane idrettskrins prioriterer mellom søkjarane.

Søkjarar som vert prioriterte får 3 tilleggspoeng. Desse kjem i tillegg til konkurransepoenga.

0Endra med forskrift 8 des 2015 nr. 1488 (i kraft 9 des 2015).
§ 7.Inntak til særskilde yrkesfaglege utdanningsløp som leiar fram til yrkes- og studiekompetanse

Inntaket vert gjort på bakgrunn av karakterar (konkurransepoeng) og intervju i bedrift. Søkjarar må ha avtale med skulen om læreplass i bedrift.

0Endra med forskrift 8 des 2015 nr. 1488 (i kraft 9 des 2015).
§ 8.Inntak til landslinjer og landsdekkande tilbod

Søkjarar til landslinjer og landsdekkande tilbod skal søkje til heimfylket. Søkjarar frå heile landet konkurrerer likt ved inntak til landslinjer og landsdekkande tilbod. Inntaket vert gjennomført på bakgrunn av konkurransepoeng (karakterar).

§ 9.Inntak til statlege vidaregåande skular

Søkjarar frå Sogn og Fjordane kan søkje statlege vidaregåande skular på linje med søkjarar frå andre fylke. Inntaket vert gjennomført på bakgrunn av konkurransepoeng (karakterar).

§ 10.Inntak av elevar med rett til spesialundervisning og som har sterkt nedsett fysisk eller psykisk funksjonsevne

Fylkesrådmannen avgjer etter søknad om det ligg føre tungtvegande grunnar for at søkjarar som oppfyller vilkåra i § 6-17 i forskrift til opplæringslova kan få inntak til ein bestemt skule, sjølv om søkjarane ikkje har nok konkurransepoeng til å komme inn på skulen.

§ 11.Inntak av norske elevar i utlandet og utanlandske elevar i Norge (utvekslingselevar)

Norske søkjarar med ungdomsrett som er utvekslingselevar ved ein skule i utlandet og utanlandske søkjarar i Norge skal takast inn på individuelt grunnlag.

§ 12.Endra status frå fulltidselev til deltidselev

Fylkesrådmannen avgjer om søknad om å endre status frå fulltidselev til deltidselev skal godkjennast.

Søknad kan berre godkjennast når det ligg føre tungtvegande og dokumenterte årsaker.

§ 13.Inntak av deltidselevar til vg2/vg3

Elevar som ikkje oppfyller vilkåra i § 6-28 (skal ha bestått alle fag på lågare nivå for å vere kvalifisert til eit tilbod) eller § 6-37 (heilskapleg vurdering av om søkjaren samla sett har faglege føresetnader for å følgje opplæringa på neste nivå), kan i særlige tilfelle likevel takast inn som deltidselevar.

Fylkesrådmannen tar inn deltidselevar.

Inntak av deltidselevar skjer etter at fulltidselevar har fått inntak.

Deltidselevar med ungdomsrett skal få inntak før deltidselevar utan ungdomsrett. Ved ledige plasser kan søkjarar utan ungdomsrett få inntak.

§ 14.Søknadsfristar

Søknadsfristen er 1. februar for søkjarar som; har enkeltvedtak om spesialundervisning, har enkeltvedtak om særskilt språkopplæring, nyleg komne til Noreg, rett til teiknespråksopplæring og søkjar om individuell behandling.

Søknader frå søkjarar utan rett vil ikkje verte handsama etter søknadsfristen.

Søknader frå søkjarar med ungdomsrett vil verte handsama individuelt, og søkjarane kan få tilbod der det vert ledige plassar etter siste inntak.

Inntak i samarbeid med oppfølgingstenesta kan skje uavhengig av fristane som er nemnde ovanfor.

Søknader etter søknadsfristen (søkjarar med rett) må grunngjevast skriftlig. Alle søkjarar får svar.

0Endra med forskrift 8 des 2015 nr. 1488 (i kraft 9 des 2015).
§ 15.Flytting

For å kome med i inntaket til vidaregåande skule i Sogn og Fjordane må flytting vere meldt til folkeregisteret innan 1. mars.

Søkjarar som flyttar til Sogn og Fjordane etter 1. mars, kan takast med i inntaket dersom det ligg føre særlege årsaker.

Søkjarar som flyttar til Sogn og Fjordane saman med familien sin kjem inn under omgrepet særlege årsaker. Søknader med dokumentasjon må sendast til Sogn og Fjordane fylkeskommune innan 23. juni.

§ 16.Bruk av retten til vidaregåande opplæring

Søkjar med lovfesta rett til vidaregåande opplæring etter opplæringslova § 3-1 brukar ikkje av retten dersom opplæringa utgjer 1/3 eller mindre av timetalet frå eit utdanningsprogram eller eit programområde, jf. forskrift til opplæringslova § 6-4, 1. ledd.

Elevar (heiltidselevar) brukar ikkje av retten sin dersom dei sluttar innan 1. november.

Elevar som sluttar etter 1. november i skuleåret har brukt eitt år av den tre-årige ungdomsretten, og eitt år av den femårige fristen.

§ 17.Frammøte ved skulestart

Elevane må møte på skulen første skuledag.

Dersom ein elev ikkje kan møte første skuledag må skulen få melding. Fråværet må dokumenterast. Dersom skulen ikkje får melding mister eleven skuleplassen.

§ 18.Rektor sin rett til inntak av elevar

Rektor har ikkje rett til å ta inn elevar før fylkesrådmannen sitt inntak er avslutta.

Når fylkesrådmannen har avslutta inntaket vert vidare inntak delegert til rektor. Rektor skal følgje ventelistene som er utarbeidde av fylkesrådmannen.

Når alle søkjarane med ungdomsrett på venteliste har fått tilbod om skuleplass, kan rektor gi tilbod til søkjarar med ungdomsrett som ikkje står på venteliste.

Deretter kan rektor gje tilbod til søkjarar etter følgjande prioritering:

1.Søkjarar med fullføringsrett
2.Søkjarar med vaksenrett.

Søkjarar utan rett, og som er busette i Sogn og Fjordane, kan takast inn dersom det framleis er ledige plassar når alle søkjarar med rett har fått tilbod.

Fylkesrådmannen vil gje nærar retningslinjer for når inntak av søkjarar utan rett kan starte, og for når inntaket kan avsluttast og ventelistene kan fråvikast.

II. Formidling

§ 19.Søknad om formidling til læreplass

Fristen for å søkje formidling til læreplass er 1. februar for lærekandidatar og 1. mars for lærlingar, jf. forskrift til opplæringslova § 6A-4.

Søknader frå søkjarar med ungdomsrett vil etter søknadsfristen blir handsama individuelt. Søknaden skal grunngjevast.

Søknader i samarbeid med oppfølgingstenesta kan skje uavhengig av fristane nemnde ovanfor.

Søknader frå søkjarar utan rett vert ikkje handsama av fylkesrådmannen etter søknadsfristen. Søkjar skal ha skriftleg melding om å kontakte aktuelle bedrifter direkte.

§ 20.Formidling

Alle søkjarar vert formidla til lærebedrifter når søknadsfristen har gått ut. Etter 1. august vert søkjarar som ikkje har ungdomsrett og søkjarar med ungdomsrett som ikkje er kvalifiserte bli tekne ut av formidlingslistene.

Søkjarane må ha bestått i alle fag frå v g1 og vg2 med unntak av inntil to fellesfag for å vere kvalifiserte.

Søkjarar med ungdomsrett som er kvalifiserte, men som ikkje har fått tilbod om læreplass innan 15. august, skal få tilbod om vg3 i skule innan 15. september.

§ 21.Bruk av retten til vidaregåande opplæring

Som hovudregel (2+2-modellen) har ikkje lærlingar og lærekandidatar brukt av retten sin dersom dei sluttar innan 6 månader etter at lærekontrakt/opplæringskontrakt er inngått.

Etter 6 månader opplæring i bedrift har lærlingen/lærekandidaten bruk at retten sin. Desse 6 månadene treng ikkje vere samanhengande i ei lærebedrift.

Ved andre modellar i fagopplæringa skal læretida reknast ut individuelt.

Fylkesrådmannen avgjer når retten er brukt opp etter dei ulike modellane for fagopplæring.

Lærlingar og lærekandidatar med særskilde behov kan i særskilde tilfelle bruke lenger tid på opplæringa. Dette krev sakkunnig vurdering frå pedagogisk-psykologisk teneste.

Fylkesrådmannen gjer vedtak om dette.

III. Felles reglar

§ 22.Mindre endringar i forskrifta

Fylkesrådmannen har mynde til å gjennomføre mindre endringar i forskrifta.

§ 23.Delegering av ansvar

Fylkesrådmannen har mynde til å delegere ansvar i denne forskrifta.

§ 24.Ikraftsetjing

Forskrifta tek til å gjelde 14. oktober 2014.