Forskrift om gebyr for handsaming av saker etter plan- og bygningslova, eigarseksjonslova, matrikkellova, ureiningslova, jordlova, konsesjonslova, viltlova og tilhøyrande forskrifter, Gaular kommune, Sogn og Fjordane

DatoFOR-2014-11-06-1412
PublisertII 2014 hefte 5
Ikrafttredelse01.01.2015
Sist endret
Endrer
Gjelder forGaular kommune, Sogn og Fjordane
HjemmelLOV-2008-06-27-71-§33-1, LOV-1997-05-23-31-§7, LOV-2005-06-17-101-§32, LOV-1981-03-13-6-§52a, FOR-2009-06-26-864-§16, FOR-2011-05-15-537-§6, FOR-2004-06-01-931-§2-12, FOR-2004-06-01-931-§11-4, FOR-2011-12-14-1336-§1
Kunngjort20.11.2014   kl. 14.15
KorttittelForskrift om gebyr etter pbl, Gaular

Kapitteloversikt:

Heimel: Fastsett av Gaular kommunestyre 6. november 2014 med heimel i lov 27. juni 2008 nr. 71 om planlegging og byggesaksbehandling (plan- og bygningsloven) § 33-1, lov 23. mai 1997 nr. 31 om eierseksjoner (eierseksjonsloven) § 7, lov 17. juni 2005 nr. 101 om eigedomsregistrering (matrikkellova) § 32, lov 13. mars 1981 nr. 6 om vern mot forurensninger og om avfall (forurensningsloven) § 52a, forskrift 26. juni 2009 nr. 864 om eiendomsregistrering (matrikkelforskriften) § 16, forskrift 15. mai 2011 nr. 537 om kommunale og fylkeskommunale viltfond og fellingsavgift for elg og hjort § 6, forskrift 1. juni 2004 nr. 931 om begrensning av forurensning (forurensningsforskriften) § 2-12 og § 11-4 og forskrift 14. desember 2011 nr. 1336 om gebyr for behandling av konsesjons- og delingssaker § 1.

Kap. 1. Generelt

§ 1-1.Verkeområde

Forskrifta gjeld innkrevjing av gebyr til dekning av kommunen sine kostnader knytt til sakshandsaming, tilsyn og kontroll med plan- og byggesaker, seksjoneringssaker, eigedomsregistrering, ureiningssaker, felling av vilt, konsesjons- og delingssaker.

§ 1-2.Betalingsplikt

Den som får utført tenester som er omfatta av denne forskrifta skal betale gebyr i samsvar med reglane i denne forskrifta. Kommunen rettar gebyrkravet gjennom faktura til heimelshavar, tiltakshavar, rekvirent eller den som har bede om å få utført aktuelt arbeid. Der tinglysing er naudsynt, vil tinglysingsgebyr komme i tillegg.

Kommunen skal på eige tiltak betale tilbake gebyr der kommunen har kravd og motteke for mykje i gebyr. Det kan ikkje krevjast rentetillegg ved for mykje betalt gebyr.

§ 1-3.Tidspunkt for berekning av gebyr

Gebyr skal reknast ut etter dei satsar som er/var gjeldande den datoen kommunen har motteke alle dokument i saka og med den kvalitet som kommunen krev for å handsame saka. Gebyr som skal reknast ut etter timesatsar, skal relaterast til gjeldande satsar då arbeidet vart utført.

§ 1-4.Urimeleg gebyr og redusert gebyr

Dersom gebyret openbart er urimeleg i høve til dei prinsipp som er lagt til grunn i forskrifta, og til det arbeidet og dei kostnadane kommunen har, kan kommunen av eige tiltak fastsette eit passande gebyr.

Når særlege grunnar ligg føre kan det søkjast om redusert gebyr. Søknaden skal vere skriftleg og grunngjeven. Personlege og/eller sosiale tilhøve vert ikkje rekna som særleg grunn. Fastsetting av gebyret skal skje som enkeltvedtak.

§ 1-5.Betalingstidspunkt

Gebyr for reguleringsplan, utbyggingsavtalar, konsekvensutgreiing og planprogram skal vere betalt før saka vert lagt ut til offentleg ettersyn. For andre saker vert faktura sendt etter at vedtak er fatta.

Gebyr for arbeid etter matrikkellova vert kravd inn etter at arbeid er utført, men kommunen kan krevje at betaling vert gjort før arbeidet er fullført.

§ 1-6.Tenester som skal betalast etter ressursbruk

Gebyr som skal fastsettast etter medgått tid, vert utrekna etter timesatsar for kontorarbeid og feltarbeid.

Dersom kommunen må hyre inn fagkunnig hjelp i sakshandsaminga kan kommunen krevje å få refundert utlegg i tillegg til sakshandsamingsgebyret.

§ 1-7.Fastsetting og endring av gebyrsatsane

Gebyra skal ikkje overstige kommunen sine kostnader ved sakshandsaming eller tilsyn/kontroll. Gebyrsatsane vert fastsett årleg av kommunestyret, normalt i samband med kommunestyret si handsaming av budsjettet for komande år. Kommunestyret kan fastsette differensiering av gebyra. Andre endringar i forskrifta vert vedteke av kommunestyret etter ei høyringsrunde.

§ 1-8.Avbroten eller avvist sak

I saker der kommunen sitt arbeid vert avbrote av rekvirent/søkjar og der kommunen må avvise ei sak, vert det kravd gebyr etter ressursbruk, jf. § 1-6.

§ 1-9.Avslegen sak

Det skal betalast fullt gebyr uavhengig av utfall i saka.

§ 1-10.Klage

Gebyr som etter denne forskrifta er fastsett ved enkeltvedtak, kan påklagast i samsvar med forvaltningslova kap VI. Fylkesmannen er klageinstans.

§ 1-11.Iverksetting

Forskrifta trer i kraft 1. januar 2015 og erstattar tidlegare regulativ og avgjersler om gebyr etter det siterte heimelsgrunnlaget i denne forskrifta.

Kap. 2. Plansaker

§ 2-1.Gebyrpålagde planoppgåver etter plan- og bygningslova (pbl.)

Det skal betalast gebyr for sakshandsaming av:

-Førespurnader før varsel om igangsetting av private reguleringsplanarbeid (oppstart av plan), pbl. § 12-8
-Privat forslag til reguleringsplan og større endring av reguleringsplan, pbl. § 12-11
-Privat forslag til mindre endring av reguleringsplan, pbl. § 12-14
-Dispensasjon frå kommune(del)plan og reguleringsplan, pbl. kapittel 19 og/eller dispensasjon frå forbodet om tiltak langs sjø og vassdrag, jf. pbl. § 1-8.

Det kan krevjast tilleggsgebyr for kommunen sitt ekstraarbeid ved tilpassing av planforslag. Gebyret vert utrekna etter medgått tid, jf. § 1-6, over eit minstegebyr.

Det kan krevjast tilsvarande gebyr for detaljreguleringsplan utarbeidd av kommunen i medhald av pbl. § 12-3 dersom arbeidet omfattar privat grunn og skjer etter avtale med privat tiltakshavar eller andre private interesser. I slike tilfelle gjerast avtalen før arbeidet startar.

§ 2-2.Fritak for gebyr

Følgjande forslag til reguleringsføremål er fritekne for plangebyr:

-Grav- og urnelundar, jf. pbl. § 12-5 nr. 1.
-Samferdsleanlegg og teknisk infrastruktur som skal vere til offentleg føremål, jf. pbl. § 12-5 nr. 2 og § 12-7 nr. 14. Unntaket gjeld det areal som ikkje skal byggast på.
-Friområde som skal vere til offentleg føremål, jf. pbl. § 12-5 nr. 3 og § 12-7 nr. 14. Unntaket gjeld det areal som ikkje skal byggast på.
-Område for naturvern og friluftsområde, jf. pbl. § 12-5 nr. 5.
-Vern av kulturmiljø eller kulturminne, jf. pbl. § 12-5 nr. 5, dersom verneføremålet er til hinder for ny arealbruk, eller arealutvidingar eller totalfornying (hovudombygging), eller dersom gebyret er til hinder for vurdering av vernemessige aspekt.
§ 2-3.Reguleringsplan

For førespurnader før varsel om igangsetjing av private reguleringsplanar, jf. pbl. § 12-8, vert det kravd gebyr dersom førespurnaden vert lagt fram for politisk handsaming. Dette er utan omsyn til plantype og/eller storleik på plan. Tiltakshavar må sjølv dekke utgifter til utarbeiding og kopiering av plan. Ved vidare handsaming av plan avheng storleiken på gebyret av storleik på reguleringsplan. Ved behov for møter mellom partane utover to gonger i sakstida, må ein rekne eit gebyr per møte.

§ 2-4.Endring av plan

Det vert kravd gebyr for privat forslag til små og mindre endringar av gjeldande reguleringsplan, jf. pbl. § 12-14. Mindre endringar krev involvering av aktuelle fagmyndigheiter og eigar/festar av eigedomar som vert direkte råka. For større endringar vert det kravd gebyr som for ordinær plansak.

§ 2-5.Dispensasjon

Det vert kravd gebyr for kvar dispensasjon frå kommune(del)plan og reguleringsplana, jf. pbl. § 19, og/eller frå forbodet mot tiltak langs sjø og vassdrag, jf. pbl. § 1-8.

§ 2-6.Planprogram og konsekvensutgreiing (pbl. kap. 4)

Det vert kravd tilleggsgebyr for handsaming av plansaker med krav om planprogram og/eller konsekvensutgreiing. Gebyra vert utrekna etter medgått tid, jf. § 1-6, over eit minstegebyr.

§ 2-7.Refusjonskrav (pbl. § 18-3)

Det vert kravd gebyr for kommunen sitt arbeid med refusjonskrav etter pbl. § 18-3. Gebyret vert utrekna etter medgått tid, jf. § 1-6, over eit minstegebyr.

Kap. 3. Byggesaker

§ 3-1.Gebyret inneheld

Gebyra skal dekke kommunen si handsaming knytt til søknader om tiltak, ansvarsrett, dokumentkontroll, og eventuelt tilsyn i byggeperioden.

§ 3-2.Kombinerte bygningar

Har bygningen fleire funksjonar, vert gebyret rekna etter høgaste gebyrklasse.

§ 3-3.Tiltak som kjem inn under fleire tiltaksklassar

Ved tiltak som kjem inn under fleire tiltaksklassar, vert gebyret rekna etter høgaste tiltaksklasse.

§ 3-4.Mellombelse bygningar

Ved mellombelse bygningar vert det rekna fullt gebyr.

§ 3-5.Anna arbeid

Gebyr for anna arbeid der det ikkje er faste gebyr vert rekna ut etter medgått tid, jf. § 1-6.

§ 3-6.Ekstraarbeid ved pålegg om retting

Ved pålegg om retting etter pbl. § 32-3, vert gebyr rekna ut etter medgått tid, jf. § 1-6.

§ 3-7.Utvida kontroll/sakkunnig bistand

Kommunen kan engasjere særskilt organ til kontroll av prosjektering, utføring, statiske berekningar, ventilasjonsanlegg, branndokumentasjon, tilfluktsrom, heis/ rulletrapp m.m. Slik kontroll må tiltakshavar betale direkte til utførande etter medgåtte utgifter. Desse utgiftene kjem i tillegg til gebyr etter denne forskrifta.

§ 3-8.Arbeid som er ulovleg sett i gang

Kommunen krev gebyr for handsaming av ulovlege tiltak etter pbl. kap 32.

§ 3-9.Dispensasjon

For tiltak som krev dispensasjon frå plan, byggjeforbod eller anna lov eller forskrift, vert det i tillegg kravd gebyr etter § 2-5.

§ 3-10.Redusert gebyr ved overskride fristar for handsaming

Ved overskriding av tidsfristen i plan- og bygningslova § 21-7 første ledd skal kommunen tilbakebetale tiltakshavar 25 % av det totale byggesaksgebyret for kvar påbyrja veke tidsfristen vert overskride. Regelen gjeld ikkje dersom det er avtalt særskilte fristar eller kommunen har forlenga fristen etter byggesaksforskrifta (SAK 10) § 7-3. I slike saker gjeld verknader av fristoverskriding frå det tidspunkt den avtalte eller forlenga frist vert overskride.

Kap. 4. Oppretting av ny eller endring av matrikkeleining etter plan- og bygningslova («delingssak»), seksjoneringssaker, oppmålingsarbeid, arbeid etter matrikkellova

§ 4-1.Tidsfristar i saker som krev oppmålingsforretning (matrikkelforskrifta § 18)

Kommunen skal fullføre rekvisisjonar utan ugrunna opphald. Dersom den lovpålagte fristen på 16 veker vert overskride, medfører det 1/3 avkorting av gebyrsatsane. I vinterperioden 15. november til 15. april kan tidsfristen på 16 veker fråvikast utan at det medfører avkorting av gebyrsatsane. Føresetnaden for at denne «vinterforskrifta» skal gjerast gjeldande er at snø og tele gjer det vanskeleg eller umogleg å utføre oppmålingsarbeid. Unntak frå tidsfristar i vinterperioden er heimla matrikkelforskrifta § 18 tredje ledd.

§ 4-2.Tidsfristar i saker som ikkje krev oppmålingsforretning (matrikkelforskrifta § 19)

For saker etter matrikkellova som ikkje krev oppmålingsforretning, samanslåing av eigedomar, avtale om eksisterande grense, samla fast eigedom eller saker frå jordskifteretten, skal kommunen matrikkelføre saka innan 6 veker. Den same fristen gjeld ved retting, endring eller tilføying i matrikkelen. Dersom kommunen overskrider fristen, skal gebyr for matrikkelføringa reduserast med 1/3.

§ 4-3.Oppretting av ny eller endring av matrikkeleining etter plan- og bygningslova («delingssak» etter pbl. § 20-1 bokstav m)

Det skal betalast gebyr for:

-søknad om oppretting av ny matrikkeleining
-søknad om arealoverføring
-søknad om tilleggsareal.

For slike saker som også krev godkjenning etter jordlova, kjem det i tillegg gebyr for handsaming etter jordlova.

§ 4-3a.Grensejustering (matrikkellova § 16)

Det skal betalast gebyr for justering av eksisterande grense for grunneigedom, festegrunn og jordsameige.

§ 4-4.Krav om seksjonering eller reseksjonering av eigedom (eigarseksjonslova § 7)

Det skal betalast gebyr for handsaming av krav om seksjonering eller reseksjonering av eigedom, etter gjeldande sats for rettsgebyr.

Ved oppretting av eigarseksjon med uteareal, skal det i tillegg krevjast gebyr etter § 4-5.

§ 4-4a.Samanslåing av eigedomar (matrikkellova § 18, matrikkelforskrifta § 16)

Samanslåing av eigedomar er unnateke gebyr. Dersom det i samband med samanslåinga skal utarbeidast matrikkelbrev, vert det kravd gebyr etter reglane i § 4-6d.

§ 4-5.Oppmålingsforretning (matrikkellova § 32, matrikkelforskrifta § 16)

Oppmålingsgebyr etter § 4-5 inkluderer matrikkelføring og matrikkelgebyr etter § 4-6d.

§ 4-5a.Oppmålingsforretning for ny grunneigedom, festegrunn, matrikkeleining eller over slike eksisterande matrikkeleiningar:

Det skal betalast gebyr for oppmålingsforretning for ny grunneigedom, festegrunn, matrikkeleining eller over slike eksisterande matrikkeleiningar.

Ved samstundes frådeling av tilgrensande tomter, betalast slikt gebyr: 

For tomt 1–2: fullt gebyr

For tomt 3–9: 80 % av fullt gebyr

Frå tomt 10: 70 % av fullt gebyr

Dersom rekvirent ønskjer større endringar som medfører ny oppmålingsforretning, vert gebyret auka med 20 %.

§ 4-5b.Oppmålingsforretning for ny anleggseigedom

Det skal betalast gebyr for oppmålingsforretning for ny anleggseigedom.

§ 4-5c.Oppmålingsforretning ved grensejustering mellom matrikkeleiningar som grunneigedom, festegrunn eller anleggseigedom

Ved gebyr for grensejustering kan arealet for involverte eigedomar justerast med inntil 5 % av eigedomane sine areal (maksimalgrensa er sett til 500 m² ). Ein eigedom kan derimot ikkje avgje areal som i sum overstig 20 % av eigedomen sitt areal før justering. For grensejustering til veg- eller jernbaneføremål kan andre arealklassar gjelde.

Der grensejusteringa omfattar to eller fleire eigedomar skal det betalast gebyr for kvar eigedom som er omfatta.

For anleggseigedom kan volum justerast med inntil 5 % av anleggseigedomen sitt volum, men den maksimale grensa kan settast til 1000 m³ .

§ 4-5d.Oppmålingsforretning ved arealoverføring mellom eigedomar

Det skal betalast gebyr for oppmålingsforretning ved arealoverføring mellom eigedomar.

Der tilleggsareal (arealoverføring) kjem frå fleire eigedomseiningar, skal det betalast gebyr for kvart tilleggsareal (arealoverføring).

Ved arealoverføring skal oppmålingsforretning og tinglysing gjennomførast. Arealoverføring utløyser dokumentavgift. Dette gjeld ikkje arealoverføring til veg- og jernbaneføremål. Før arealoverføring vert matrikkelført skal godkjent takst samt erklæring frå panthavar leverast av rekvirent til kommunen.

§ 4-5e.Oppmålingsforretning over del av eksisterande grense for ein grunneigedom

Det skal betalast gebyr for oppmålingsforretning over del av eksisterande grense for ein grunneigedom.

Dersom alle grensene rundt eigedomen skal gåast opp vert det kravd 50 % av gebyr etter § 4-5a. Maksgebyr gjeld ikkje. Dersom grensa tidlegare er koordinatbestemt vert det kravd gebyr etter § 4-5h.

§ 4-5f.Oppmålingsforretning av uteareal som inngår i ein eigarseksjon (matrikkellova § 6 bokstav e, matrikkelforskrifta § 16 pkt. 3)

Det skal betalast gebyr for oppmålingsforretning over uteareal som inngår i ein eigarseksjon.

Ved reseksjonering som medfører endring av grensene for ein seksjon sitt uteareal, skal det utferdast nytt matrikkelkart. Gebyr skal betalast i samsvar med gjeldande satsar.

§ 4-5g.Oppmålingsforretning som vert utført utan markarbeid («kontorforretning»)

Dersom oppmålingsforretning vert utført utan markarbeid, vert det kravd 50 % gebyr av gjeldande satsar.

§ 4-5h.Klarlegging av eksisterande grense («grensepåvising»)

Det skal betalast gebyr for klarlegging av eksisterande grense der grensa tidligare er koordinatbestemt ved oppmålingsforretning.

Dersom grensa tidligare ikkje er koordinatbestemt, vert det kravd gebyr for avhalden oppmålingsforretning etter § 4-5e.

§ 4-5i.Gebyr når oppmålingsarbeid delvis vert utført av kommunen, delvis av andre

Der kommunen ikkje utfører alt arbeid med oppmålingsforretninga, vert kostnadene for kommunen sitt arbeid (etter § 4-5a–h) rekna ut etter medgått tid, jf. § 1-6.

§ 4-5j.Avbroten oppmålingsforretning eller matrikulering

Dersom tiltakshavar/rekvirent forårsakar at kommunen sitt arbeid må avbrytast eller avsluttast før det er fullført, skal det betalast slike gebyr:

Ferdig innkalla forretning 50 % av oppmålingsgebyr

Ferdig avhalden forretning 75 % av oppmålingsgebyr

Matrikkelbrev er utarbeidd 100 % av oppmålingsgebyr.

§ 4-6.Matrikkelføring (matrikkellova § 32, matrikkelforskrifta § 16)
§ 4-6a.Oppretting av matrikkeleining utan fullført oppmålingsforretning

Det skal betalast gebyr for oppretting av matrikkeleining utan fullført oppmålingsforretning.

I tillegg kan komme gebyr for oppmålingsforretning, jf. § 4-4. Ved særskilde høve kan det vere hensiktsmessig å føre ny matrikkeleining inn i matrikkelen før oppmålingsforretninga er fullført (matrikkellova § 6 andre ledd). Når eininga opprettast må det settast ein frist på at oppmålingsforretning skal vere fullført innan 3 år (jf. matrikkelforskrifta § 25 pkt. 3).

§ 4-6b.Registrering av jordsameige

Gebyr for registrering av eksisterande jordsameige vert fakturert etter medgått tid, jf. § 1-6.

§ 4-6c.Matrikulering av eksisterande umatrikulert grunn

Det skal betalast gebyr for matrikulering av eksisterande umatrikulert grunn.

§ 4-6d.Utferding av matrikkelbrev (matrikkelforskrifta § 16 pkt. 4)

Det skal betalast gebyr for utferding av matrikkelbrev.

§ 4-6e.Samanslåing av eigedomar (matrikkelforskrifta § 16 pkt. 2)

Det vert ikkje kravd gebyr for registrering av samanslåing av eigedomar i matrikkelen, men det vert kravd gebyr for utferding av matrikkelbrev, jf. § 4-6d.

§ 4-6f.Registrering av samla fast eigedom (matrikkelforskrifta § 16 pkt. 2)

Det vert ikkje kravd gebyr for registrering av samla fast eigedom i matrikkelen.

§ 4-7.Anna
§ 4-7a.Gebyr for påvising av reguleringslinjer

For særskilt påvising av reguleringslinjer etter plan (for eksempel byggelinje eller «regulert gjerdelinje») vert det kravd gebyr som for klarlegging av eksisterande grense («grensepåvising»), jf. § 4-5h. Dette føreset at det ikkje må haldast oppmålingsforretning over eigedomsgrenser.

§ 4-7b.Klarlegging av rettar

Gebyr for klarlegging av rettar vert rekna ut etter medgått tid, jf. § 1-6.

§ 4-7c.Grenseavtale

Det skal betalast gebyr for registrering av privat grenseavtale og eventuelt også matrikkelføring av grenser. Rimelegaste alternativ for rekvirent vert valt. Alternativt kan gebyr fastsettast etter medgått tid, jf. § 1-6.

§ 4-7d.Gebyr rekna etter medgått tid

Gebyr for matrikkelarbeid som ikkje kan fastsettast ut frå føregåande reglar, skal reknast etter medgått tid, jf. § 1-6.

§ 4-7e.Statlege gebyr og avgifter

Tinglysingsgebyr og eventuelle dokumentavgifter kjem i tillegg til alle kommunale gebyr.

§ 4-7f.Dispensasjon (pbl. § 1-8 og § 19-1)

For tiltak som krev dispensasjon frå plan, byggjeforbod eller anna lov eller forskrift, vert det i tillegg kravd gebyr etter § 2-5.

Kap. 5. Deling etter jordlova, handsaming av konsesjonssaker og landbruksvegar.

§ 5-1.Deling av grunneigedom (jordlova § 12)

Det skal betalast gebyr for sakshandsaming av delingssaker etter jordlova § 12.

Det skal betalast eitt gebyr sjølv om søknaden gjeld frådeling av fleire tomter eller parsellar frå same eigedom. Det same gjeld stripeerverv til vegføremål og liknande frå fleire eigedommar.

For delingssak som også krev godkjenning etter pbl. kjem det i tillegg gebyr for handsaming etter pbl.

§ 5-2.Konsesjonshandsaming

Det skal betalast gebyr for handsaming av konsesjonssaker etter konsesjonslova § 2 og § 3.

Det skal betalast eitt gebyr sjølv om det er fleire ervervarar av same eigedom.

Når det vert søkt om konsesjon fordi eigar ikkje skal oppfylle lovbestemt buplikt (slektskapskonsesjon) jf. konsesjonslova § 5 andre og tredje ledd og § 9 fjerde ledd, skal det ikkje betalast gebyr.

§ 5-3.Landbruksvegar

Gebyr for arbeid med planlegging av landbruksvegar, grøfter, tekniske teikningar m.m. vert rekna ut etter medgått tid, jf. § 1-6.

Planleggingshonorar for landbruksvegar som kan få tilskot kan kome med i tilskotsgrunnlaget.

Det vert ikkje kravd gebyr etter denne forskrifta for handsaming av søknad om løyve til bygging av landbruksveg.

Kap. 6. Viltforvaltning

§ 6-1.Fellingsavgift for hjort (viltlova § 40)

Avgiftene vert regulert over Statsbudsjettet jf. viltlova og forskrift om kommunale viltfond m.m. Det skal betalast fellingsavgift for hjort – vaksne dyr og kalv.

Kap. 7. Saker etter ureiningslova og ureiningsforskrifta

§ 7-1.Verkeområde

Forskrifta omfattar forhold der kommunen er myndigheit etter ureiningsforskrifta kap. 2, 12, 15 og 15A.

Forskrifta omfattar gebyr for sakshandsaming og kontroll/tilsyn med

a)opprydding i ureina grunn ved bygge- og gravearbeid
b)utslepp av avløpsvatn frå bustadhus, hytter og liknande
c)utslepp/påslepp av oljehaldig vatn
d)påslepp av fetthaldig vatn.
§ 7-2.Innkrevjing

Gebyra er tvangsgrunnlag for utlegg, jf. ureiningslova § 52a og tvangsfullbyrdingslova kap. 7.

§ 7-3.Opprydding i ureina grunn ved bygge- og gravearbeid (ureiningsforskrifta kap. 2)

Det skal betalast gebyr for kommunen si sakshandsaming og tilsyn med opprydding i ureina grunn ved bygge- og gravearbeid.

§ 7-4.Utslepp av avlaupsvatn (ureiningsforskrifta kap. 12)

Det skal betalast gebyr for kommunen si sakshandsaming og tilsyn/kontroll med utslepp av avlaupsvatn frå bustadhus, hytter og liknande, etter ureiningsforskrifta § 12-1.

§ 7-5.Utslepp/påslepp av oljehaldig avlaupsvatn (ureiningsforskrifta kap. 15)

Det skal betalast gebyr for kommunen si sakshandsaming og tilsyn/kontroll med utslepp/påslepp av oljehaldig avlaupsvatn frå verksemder som har vaskeplass, smørehall, servicehall eller liknande.

§ 7-6.Påslepp av fetthaldig avlaupsvatn (ureiningsforskrifta kap. 15A)

Det skal betalast gebyr for kommunen si sakshandsaming og tilsyn/kontroll med påslepp av fetthaldig avlaupsvatn frå verksemder.