Regional plan for attraktive senter i Hordaland - senterstruktur, tenester og handel, Hordaland

DatoFOR-2014-12-10-1954
PublisertII 2015 hefte 2
Ikrafttredelse10.12.2014 - 10.12.2024
Sist endret
Endrer
Gjelder forHordaland
HjemmelLOV-2008-06-27-71-§3-4, LOV-2008-06-27-71-§8-5
Kunngjort23.04.2015   kl. 15.30
KorttittelRegional plan for kjøpesenter, Hordaland

Kapitteloversikt:

Hjemmel: Fastsett av Fylkestinget i Hordaland 10. desember 2014 med heimel i lov 27. juni 2008 nr. 71 om planlegging og byggesaksbehandling (plan- og bygningsloven) § 3-4 og § 8-5.

Regional planbestemmelse for handel og kjøpesenter i Hordaland

Regionale føresegner for arealbruk

Med heimel i § 8-5 i plan- og bygningslova gjeld føresegn pkt. 4.1 i 10 år frå 10. desember 2014 eller til punktet blir erstatta av føresegner i kommunal arealplan: 

4.1 Nytt bruksareal for detaljhandel er berre tillatt i fylkessenter, regionsenter, kommunesenter, bydelssenter og lokalsenter definert i Regional plan for attraktive senter eller i kommuneplan.

Nytt bruksareal for detaljhandel skal vere innanfor sentrumsutstrekninga definert i kommunal plan. Der det ikkje er fastsett ei sentrumsutstrekning i kommunal plan, gjeld retningsliner for arealplanar i sentrumsområde pkt. 2.3 i denne planen.

Dersom nytt eller samla bruksareal for detaljhandel i reguleringsplan eller ved søknad om byggjeløyve/rammeløyve overstig 3 000 m² krevst det samtykke frå fylkeskommunen. Tiltaket skal vere i samsvar med hovudmål i Regional plan for attraktive senter. Samla bruksareal for detaljhandel i sentrum skal vere i samsvar med senteret sitt nivå i senterstrukturen og det omlandet som er definert i regional plan eller i kommuneplan vedtatt etter 10. desember 2014. Det blir kravd handelsanalyse for å vurdere samtykke.

Det gjeld unntak for:

-Ny eller utvida detaljhandel med opptil 3 000 m² samla bruksareal lokalisert i bustadkonsentrasjonar eller i nærsenter.
-Ny detaljhandel kor vareutvalet i hovudsak er bilar, båtar, landbruksmaskinar, trelast og større byggjevarar, samt utsal frå hagesenter og større planteskular.

Regionale retningsliner for arealbruk

4.2 Handelsanalysen skal gjennomførast av planfremjar som ein del av ny reguleringsplan eller ved søknad om byggjeløyve/rammeløyve. Dersom kommunen har utarbeida overordna handelsanalyse som er tilstrekkeleg grunnlag for regional vurdering av det nye handelsarealet fell kravet vekk.

Handelsanalysen skal innehalde følgjande vurderingspunkt:

-Handelsbalansen i kommunen/området og vurdering av trong for auka handelsareal.
-Definering av tiltakets handelsomland.
-Framskriving av folketal i handelsomlandet i 20 år ut i frå SSB sin middelprognose. Framskrive folketal kan justerast i høve til bustadutbygging vedtatt i kommuneplan.
-Tiltakets bruksareal i høve til samla bruksareal for handel innanfor sentrumsområdet
-Totalt arealbehov for handel med utgangspunkt i gjennomsnitt 2 m² handelsareal pr. person i omlandet.
-Totalt arealbehov for handel fordelt på dei ulike senternivåa.
-Verknader av reguleringsplanen/tiltaket for eksisterande senter.
-Særlege tilhøve som effekten av gjestearbeidarar, studentar, turisme.
4.3 Behov for areal til handel skal vere tema i kommuneplanens arealdel.
4.4 Behov for areal til daglegvarehandel skal vurderast ved regulering av nye bustadområde.
4.5 For utforming av handelsbygg gjeld retningsliner i Kapittel 2 - Attraktive sentrum.
4.6 Fylkeskommunen skal ved handsaming av søknad samrå seg med kommunane og fylkesmannen før samtykke vert gitt. Dersom tiltaket er openbart i strid med nasjonale interesser skal samtykke normalt ikkje gjevast.