Regional plan for samordna areal og transport, Telemark

DatoFOR-2014-12-10-1962
PublisertII 2015 hefte 3
Ikrafttredelse01.01.2015 - 01.01.2025
Sist endret
Endrer
Gjelder forTelemark
HjemmelLOV-2008-06-27-71-§8-5
Kunngjort13.08.2015   kl. 14.15
KorttittelRegional plan for samordna areal og transport, Telemark

Kapitteloversikt:

Hjemmel: Fastsatt av Telemark fylkesting 10. desember 2014 med hjemmel i lov 27. juni 2008 nr. 71 om planlegging og byggesaksbehandling (plan- og bygningsloven) § 8-5.

I 

8.2 Føresegner 

Etablering av offentleg tenesteyting med høg besøksfrekvens

For å legge til rette for attraktive byar og tettstader, tillates det ikkje å etablere tenesteyting med høg besøksfrekvens utanfor sentrumssona i fylkes-, region-, (sekundært) kommunesenter eller lokal-/bygdesenter, f.eks. NAV-tjenester, tinghus, skattekontor, regionale utdannings institusjoner, kino, bibliotek og kulturhus. Unntatt er steds-/ressursbundne tenester. 

Forbud mot store handelsetableringar utanfor sentrumssona

Innanfor sentrumssona i kommunesentre og sekundære kommunesentre leggast ikkje begrensningar på omfanget av etableringar og utviding av handelsverksemd.1

Innanfor sentrumssona for lokalsentre tillates etablering av handelsvirksomhet med samla bruksareal inntil 3000 m² utan at det blir stilt krav om handelsanalyse. Dersom etableringa sin storleik er tilpassa senterets funksjon og handelsomland, kan etableringa eller utvidinga overstige 3000 m² . Konsekvensene av tiltaket skal utgreiast i kommune- eller reguleringsplan. ATP handelsmetode (der bl.a. reisemotstand og senterets attraksjonskraft i regionen analyseres i et 5-års perspektiv) skal anvendast i konsekvensvurderingane.

Ny eller utviding av eksisterande handelsverksemd tillates ikkje dersom konsekvensane er netto redusert omsetning i eitt eller fleire av kommunesentrene.

Utenfor sentrum av fylkes-, region-, kommune- og lokalsentra er det kun tillatt med utviding eller etablering av handelsverksemd(er) med eit samla bruksareal på inntil 800 kvm.

1Med handelsvirksomhet forstås handel i bygningsmessige enheter eller bygningskomplekser som etableres, drives eller framstår som en enhet, samt utsalg som krever kunde- og eller medlemskort for å få adgang. Som handelsvirksomhet regnes også handel lokalisert i flere enheter innenfor et område som for eksempel en handelspark.
 

Plasskrevande varegrupper

Forbudet gjeld ikkje handelsverksemd der den dominerande delen av vareutvalet er plasskrevande dersom desse lokaliserast i randsonen til eit senter. Dette gjeld bilar, båtar, landbruksmaskiner, trelast og større byggevarer, samt utsalg frå hagesentre og planteskular.

Områder for handel med plasskrevande varer definerast og avgrensast i kommuneplanens arealdel med krav til høg arealutnytting, struktur, utforming av bygg, maksimumskrav til parkering for bil og minimumskrav til sykkelparkering. Handelsverksemda skal maksimalt ligge innan 300 meter frå busstopp. Området skal vere kopla til og gjerast tilgjengeleg for gåing og sykling. 

36 DEL 1/Kapittel 8 – Retningslinjer og føresegner 

Avlastningssenter

Handelsområdet på Tuven er avgrensa i kommuneplanen med maksimalt tillatt bruksareal. Utviding og nye handelsetableringar skal ikkje gi negative konsekvensar for region-/kommunesentra. Reisemotstand og avlastningssenterets attraksjonskraft legges til grunn i konsekvensanalysene av virkningen overfor andre region-, kommune- og lokalsentra ved bruk av modellen ATP-handel.

Nye avlastningssentra skal ikkje etablerast.

II

Den regionale planen trer i kraft 1. januar 2015.