Forskrift om vatn- og avlaup, Masfjorden kommune, Hordaland

DatoFOR-2014-12-11-1933
PublisertII 2015 hefte 1
Ikrafttredelse01.01.2015
Sist endret
Endrer
Gjelder forMasfjorden kommune, Hordaland
HjemmelLOV-2012-03-16-12-§3
Kunngjort29.01.2015   kl. 15.30
KorttittelForskrift om vatn- og avlaup, Masfjorden

Kapitteloversikt:

Heimel: Fastsett av Masfjorden kommunestyre 11. desember 2014 med heimel i lov 16. mars 2012 nr. 12 om kommunale vass- og avløpsanlegg § 3.

Kapittel 1. Generelle reglar

§ 1-1.Føremål

Denne føresegna har som målsetjing å sikre gjennomføring av dei plikter kommunen er pålagt ved lov, og å nå dei mål som er nedsett i kommunen sitt planverk knytt til vatn og avlaup. Felles for dei sjølvfinansierande områda, er at kostnaden fullt ut kan dekkast inn ved hjelp av kommunale avgifter.

§ 1-2.Struktur
1.Denne forskrifta (revisjon ved behov).
2.Avgiftsregulativ (årleg regulering gjort av kommunestyret).
3.Reglement, vilkår for tilknyting til vatn i Masfjorden vassverk.
§ 1-3.Virkeområde

Føresegna gjeld alle hushald/bueiningar, hytter og offentlege/private verksemder som er, eller vil verta knytt til offentleg vatn og avlaupsanlegg i kommunen.

§ 1-4.Unntak

Kommunen kan i einskildsaker etter skriftleg søknad gjere unntak frå reglane i denne føresegna om rimelege grunnar tilseier dette. Søknadar om unntak eller dispensasjon skal innehalde korrekt oppgåve over eigar, brukar og adresse, kva det vert søkt om og grunngjeving for dette. Når nytt hus kjem opp gjeld reglar som for nybygg, bortsett frå der tilknytingsavgift alt er betalt.

§ 1-5.Tilknytingsavgifter for vatn og avlaup – utforming av gebyret 
Bustader og hytterBruksarealTilknytingsgebyr vatnTilknytingsgebyr avlaup
A0–70 m²50 % av minimumsgebyr50 % av minimumsgebyr
BStørre enn 70 m²100 % av minimumsgebyr100 % av minimumsgebyr

Det gjeld same pris for seksjonerte bueiningar som bueiningar som står på eigne bruksnummer. Det skal betalast for kvar bueining i fleirmannsbustader. 

Nærings/forretning, kontor, landbruksbygg, naustBruksarealTilknytingsgebyr vatnTilknytingsgebyr avlaup
A0–70 m²50 % av minimumsgebyr50 % av minimumsgebyr
B71–200 m²100 % av minimumsgebyr100 % av minimumsgebyr
C201–1000 m²200 % av minimumsgebyret200 % av minimumsgebyret
 

Bruksareal skal målast etter reglane gjeve om målereglar i NS 3940.

§ 1-6.Definisjonar 

Avrekningsperioder: 1. halvår (1. januar–31. juni): vatn, avlaup
2. halvår (1. juli–31. desember):, vatn, avlaup. 

Avrekningsperiode vassmålarar: 12 månader – Skriftlig melding om avlesing blir sendt ut. 

Abonnent er rekna som heimelshavar eller festar av eigedom som omfattar desse områda: Vatn & Avlaup. 

Abonnement er avtalen mellom abonnent og kommunen om vassforsynings- og/eller avlaupstenester gjennom tilknyting til kommunen sine vatn og avlaupsanlegg. Avtalen treng ikkje vera skriftleg for å gjelda. Avtale om tilknyting via private fellesleidningar vert rekna som abonnement. 

Brukar er den som til dagleg brukar dei kommunale tenestene. 

Eigedom er fast eigedom registrert som sjølvstendig eining i tinglysingsregisteret. Seksjon etablert etter lovgjevinga om eigarseksjonar reknast som sjølvstendig eigedom. 

Årsavgift er den årlege summen som abonnenten må betale for tenester knytt til offentleg vatn og avlaup. Årsavgifta kan vera ei fast avgift eller ei variabel ut frå målt vassforbruk. Nivået vert bestemt i det årlege gebyrregulativet som kommunestyret vedtek. 

Kommunal avlaupsleidning Med kommunal avløpsleidning forstår ein i denne føresegna og tilhøyrande regelverk separate leidningar for avlaup frå sanitærutstyr og industriproduksjon (spelvassleidningar) og leidningar for tak, drens- og overvatn (overvassleidningar) eller fellesleidningar for desse typer avlaupsvatn som kommunen heilt eller delvis har kosta, kjøpt eller teke over på ein annan måte. 

Kommunal vassleidning er vassleidning eigd av kommunen fram til det punkt der abonnent er bedd om å knyte seg på med privat leidning. Normalt er dette tilknytingspunktet i kum, men ein del eldre tilknytingar er gjort med direkte anboring utanom kum.

Kapittel 2. Vatn og avlaup

§ 2-1.Innleiing

Kostnad for vatn og avløp skal finansierast av tilknytingsavgifter, årsavgifter og eigne avgifter for bestemte tenester som t.d. stenging og opning av vassforsyning, avlesingskontroll eller anna hjelp med vassmålar. Kommunale avgifter for vatn og avløp blir kvart år vedtekne av kommunestyret i eiga gebyrsak. Heimelshavar eller seksjonseigar er ansvarleg for betaling av dei kommunale avgiftene. For eigedom som er festa, er festaren ansvarleg.

§ 2-2.Tilknytingsavgift

Det skal betalast tilknytingsavgift for vatn og avlaup for følgjande tilfelle:

A.Nybygg
B.Bruksendringar eller tilbygg som medfører nye bueiningar eller nye seksjonar.
C.Eksisterande bygg som skal tilknytast eller som kommunen krev vert tilknytt.
D.Eksisterande bygg med tilknyting som ikkje er godkjent.
E.Anna permanent tilknyting til kommunalt vass- og/eller avløpsanlegg som til dømes vatningsanlegg mv.
F.Bygningar som tidlegare har vore knytt til private vass- og/eller avløpsverk.

Naust, sjøhus som skal ha felles vasspost skal betala ei tilknytingsavgift for denne vassposten, så lenge det ikkje vert lagt inn vatn til nausta.

Det skal også betalast tilknytingsavgift for bygg med mellombels tilknyting for inntil 2 år. Bygg med mellombels tilknyting kan til dømes vere brakkerigg, særskilt tilknyting av sprinkleanlegg, kaldlager utan innlagt vatn.

For alle typar bygningskategoriar skal det betalast eit tilknytingsgebyr for vassforsyning og eit for avlaup i høve til arealstorleiken, jf. vedlagde tabell i § 1-5. Sjå elles detaljer i årleg oppdatert avgiftsregulativ.

Garasje i bustader og hytter skal ikkje reknast inn i bruksarealet. For driftsbygningar skal berre husdyrromet og sanitær/mjølkerom reknast med. Plikt til å betala tilknytingsavgift gjeld pr. bygg, men pr. seksjon dersom eit bygg er oppdelt i fleire eigedomar t.d. ved seksjonering. På ein landbrukseigedom skal det betalast ei tilknytingsavgift for kvar tilknytt bygning.

For bygg som består av både bustad og anna type lokale, skal det betalast tilknytingsavgift for kvar av delane etter ovanståande reglar.

Faktura for tilknytingsavgift vert sendt ut saman med vedtak om løyve til tiltak. Arbeid som krev byggeløyve- også graving eller fylling, må ikkje setjast i gong før avgifta er betalt. Ved seinare utseksjonering av sjølvstendige einingar i ferdig bygg, skal det betalast tilknyting for alle nye seksjonar som vert etablert uansett storleik. Avgifta skal då betalast seinast ved tinglysing av nye seksjonar.

§ 2-3.Årsavgift (utan vassmålar)

Årsavgift skal baserast på stipulert vassforbruk med dei atterhald som elles går fram av føresegn/regelverk og avgiftsregulativ. Denne faste årsavgifta skal betalast av alle bustader og hytter som er knytt til kommunalt vatn- eller avlaupsanlegg, og som ikkje ønskjer å betala etter målt forbruk. Alle kan krevje at gebyret vert rekna etter § 2-4 (målt vassforbruk).

Full årsavgift for vatn og avlaup kan tidligast krevjast inn frå og med dato mellombels bruksløyve eller ferdigattest er gjeve, eller frå den tid bygningen er teke heilt eller delvis i bruk.

§ 2-4.Årsavgift (med vassmålar)

Industriverksemd, jordbruksverksemd, forretning, kontor og anna verksemd, samt naust og sjøhus skal ha installert vassmålar og skal betala vassgebyr etter forbruk. Alle abonnentar som har privat stikkleidning med dimensjon > 40mm skal ha vassmålar. Alle eigedomar som har installert vassmålar betaler ei fastavgift i tillegg til forbruk. Årsavgift med vassmålar gjeld alle eigedomar som er knytt til kommunalt vatn- eller avlaupsanlegg og som ikkje betalar fast årsgebyr (jf. § 2-3).

Kostnad av vassmålar, utgifter til installasjon, eventuell flytting og vedlikehald skal betalast av den avgiftspliktige. Masfjorden kommune skal godkjenne type, plassering og storleik av målaren. Installasjon og vedlikehald, eventuell flytting, byting eller fjerning av målar skal utførast av autorisert røyrleggjar.

Kommunen sender årleg ut brev til abonnentane som har installert vassmålar og ber om målaravlesing med datofrist for tilbakemelding. På grunnlag av dette vert det sendt ut faktura. Kommunen har rett til å krevje årsavgift på grunnlag av forbruket det føregåande året, dersom tala som kjem fram er unormale enten på grunn av tekniske årsaker eller avlesingsfeil. Abonnent har frist på 1 månad til å reparere defekt målar. Kommunen har rett til å kontrollere vassmålarane til ei kvar tid.

Eigedomar som har godkjent vassmålar skal betale årsavgift for både vatn og avløp etter målt vassforbruk og gjeldande pris for avløpsvatn basert på vassforbruket. Dersom avlaupsmengda er vesentleg større eller mindre enn det målte vassforbruket, skal avlaupsavgifta baserast på den avlaupsmengda som vert bestemt av kommunen.

§ 2-5.Mellombels tilknyting

Mellombels tilknyting gjeld for arbeidsbrakker og andre bygg av mellombels karakter med innlagt vatn og/eller er tilknytt kommunalt avløp, som berre skal brukast i ei avgrensa periode.

Det skal betalast tilknytingsavgift for mellombels tilknyting og alle kostnadene med tilknyting og fråkopling blir lagt på eigaren eller festaren av eigedomen. Alle tilknytingar og fråkoplingar krev skriftleg melding frå autorisert røyrleggjar. For andre tilhøve som gjeld mellombels tilknyting til kommunalt vatn og avløp, gjeld dei same administrative og tekniske reglar som for permanent tilknyting. (jf. § 2-4)

§ 2-6.Vassbruk i gjødselkjellar

Det er forbod mot bruk av reinsa kommunalt drikkevatn til uttynning av husdyrgjødsel.

§ 2-7.Styrttapping og hagevatning

Hurtigtapping (meir enn 1 m³ /time) og langvarig hagevatning er forbode utan avtale med kommunen. Kommunen kan forby hagevatning når det er påkrevd.

§ 2-8.Tillegg og frådrag

Restriksjonar på vassforbruket eller kortare avbrot i leveranse eller mottak av kloakk gjev ikkje grunnlag for reduksjon av avgift. Abonnentane har rett til reduksjon av gebyr ved ikkje varsla avbrot i vassforsyninga i meir enn 48 timar. Vilkår for gebyrreduksjon er at mangelen skuldast kommunale tilhøve t.d. feil ved kommunen sitt anlegg. Sats for gebyrreduksjon vert fastsett i gebyrregulativet. Krav om redusert gebyr må fremjast skriftleg innan 4 veker etter at hendinga skjedde.

Avvik og tilstandar som medfører auka kostnadar for kommunen, vil kunne løyse ut tillegg i årsavgift.

§ 2-9.Eigedom utan godkjent tilknyting

Er tilknyting ikkje godkjent av kommunen, skal det betalast årsgebyr frå og med det tidspunkt tilknytinga skjedde. Manglar kommunen grunnlag for å definere dette kan kommunen bruka skjøn. Slik utrekning inneber ikkje at kommunen har godkjent sjølve tilknytinga. Heimelshavar pliktar å søkje om tilknyting. Er ei fråkopling ikkje godkjent av kommunen, skal det betalast årsgebyr til den er godkjent.

Kapittel 3. Betaling, klagar og sanksjonar

§ 3-1.Innkrevjing av avgifter, gebyr renter og anna

Kommunale avgifter/gebyr med tilkomne renter og kostnadar er sikra med lovbestemt pant etter pantelova § 6-1. Om renteplikt ved for sein betaling og innkrevjing av renter gjeld reglane etter lov 6. juni 1975 nr. 29 om eigedomsskatt til kommunen § 26 og § 27.

§ 3-2.Arbeid utført for abonnenten si reikning

Om pålegg ikkje vert etterfølgd innanfor fastsett frist, kan kommunen etter skriftleg varsel få naudsynt arbeid utført for abonnenten si rekning. Arbeid som ikkje kan utsetjast, kan kommunen gjera utan slik varsel på førehand og rekning kan då sendast abonnenten.

§ 3-3.Klager

Pålagde avgifter og andre avgjerder som er gjort av kommunen, kan påklagast til kommunen etter reglane i forvaltningslova av 10. februar 1967.

Kapittel 4. Iverksetjing

§ 4-1.Iverksetjing

Denne forskrifta vert gjort gjeldande frå 1. januar 2015. Eige reglement for vilkår for tilknyting til kommunalt vassverk i Masfjorden vil bli utarbeidd.

Vedlegg: 

Årsgebyr vatn og avlaup – ny struktur i gebyrregulativet om forskrifta vert som skissert ovanfor:

Årsavgift vatn 2015Differensiering i prosentGebyr kr
Minimumsgebyr årsavgiftXXXX,-
Bustadar og hytter100 % av minimumsgebyret
Vatn inn i bygning, pris pr. m3XX,-
Fastavgift vassmålarXXXX,-
Tilknytingsavgift vatn 2015
Minimumsgebyr tilknytingXXXX,-
Bustadar og hytter 0-70 m²50 % av minimumsgebyret
Bustader og hytter større enn 70 m²100 % av minimumsgebyret
Næring, forretning, kontor, landbruk, naust 0-70 m²50 % av minimumsgebyret
Næring, forretning, kontor, landbruk, naust 71-200 m²100 % av minimumsgebyret
Næring, forretning, kontor, landbruk, naust 201-1000 m²200% av minimumsgebyret
Årsavgift avlaup 2015
Minimumsgebyr årsavgiftXXXX,-
Bustadar og hytter100 % av minimumsgebyret
Vatn ut av bygning, pris pr. m3XX,-
Tilknytingsavgift avlaup 2015
Minimumsgebyr tilknytingXXXX,-
Bustadar og hytter 0-70 m²50 % av minimumsgebyret
Bustader og hytter større enn 70 m²100 % av minimumsgebyret
Næring, forretning, kontor, landbruk, naust 0-70 m²50 % av minimumsgebyret
Næring, forretning, kontor, landbruk, naust 71-200 m²100 % av minimumsgebyret
Næring, forretning, kontor, landbruk, naust 201-1000 m²200% av minimumsgebyret