Forskrift om vass- og avløpsgebyr, Gaular kommune, Sogn og Fjordane

DatoFOR-2014-12-16-1872
PublisertII 2014 hefte 5
Ikrafttredelse01.01.2015
Sist endret
Endrer
Gjelder forGaular kommune, Sogn og Fjordane
HjemmelLOV-2012-03-16-12-§3, LOV-2012-03-16-12-§5, FOR-2004-06-01-931-§16-1
Kunngjort08.01.2015   kl. 15.00
KorttittelForskrift om vass- og avløpsgebyr, Gaular

Kapitteloversikt:

Heimel: Fastsett av Gaular kommunestyre 16. des 2014 med heimel i lov 16. mars 2012 nr. 12 om kommunale vass- og avløpsanlegg § 3 og § 5 og forskrift 1. juni 2004 nr. 931 om begrensning av forurensning (forurensningsforskriften) § 16-1 annet ledd.

1. Generelle føresegner

Kommunen sine abonnentar betalar gebyr for vass- og avløpstenester levert av kommunen. Forholdet mellom abonnenten og kommunen er regulert av statlege lover og forskrifter og av kommunale forskrifter og abonnementsvilkår. Aktuelle reglar knytt til vass- og avløpsgebyr er:

-Lov 16. mars 2012 nr. 12 om kommunale vass- og avløpsanlegg
-Forskrift 1. juni 2004 nr. 931 om begrensning av forurensning, kapittel 16 om kommunale vann- og avløpsgebyrer
-Forskrift om vass- og avløpsgebyr i Gaular kommune (dette dokumentet)
-Gebyrregulativ for det enkelte år, fastsett av Gaular kommunestyre

Andre dokument:

-Standard abonnementsvilkår for vann og avløp (tekniske og administrative bestemmelser) vedteken av Gaular kommunestyre 16. desember 2015 (K-sak 063/14).
§ 1-1.Føremål

Forskrifta gjev føresegner om utrekning og innbetaling av dei gebyr abonnentane skal betale for dei vass- og avløpstenester kommunen leverer.

§ 1-2.Verkeområde

Forskrifta gjeld alle abonnentar i Gaular kommune, jf. § 1-3.

§ 1-3.Definisjonar

I denne forskrifta vert det meint med:

a)Sanitærinstallasjonar/innvendige vass- og avløpsinstallasjonar: Abonnenteigde røyr, installasjonar og utstyr innanfor huset sin yttervegg, som er tilknytt vass- og/eller avløpsanlegg.
b)Privat vass- og avløpsanlegg: Abonnenteigde private leidningar (stikkleidningar) og utstyr utanfor huset sin yttervegg, som er tilknytt offentleg vass- og/eller avløpsanlegg.
c)Abonnement: Avtale mellom abonnent og kommunen om vassforsynings- og/eller avløpstenester gjennom tilknyting av sanitærinstallasjonar og private vass- og avløpsanlegg til kommunen sine vass- og avløpsanlegg. Det er ikkje eit vilkår at avtalen er skriftleg. Avtale om tilknyting via privat fellesleidning vert rekna som abonnement.
d)Abonnent: Eigar av eigedom som er tilknytt kommunen sine vassforsynings- og/eller avløpsanlegg, eller som er godkjent eller kravd tilknytt. Festar av eigedom skal stå som abonnent når attståande festetid då gebyrplikta trådde inn var 30 år eller meir, eller festar har rett til å få festeavtalen forlenga slik at samla festetid frå gebyrplikta trådde inn vil kunne bli 30 år eller meir.
e)Eigedom: Fast eigedom registrert som sjølvstendig eining i Matrikkelen. Seksjon etablert i medhald av lovgivinga om eigarseksjonar vert rekna som sjølvstendig eigedom.
f)Bygg: Konstruksjon/byggverk med eige bygningsnummer.
g)Bueining: Bustad eller fritidsbustad med eitt eller fleire rom, separat inngang og eige kjøkken.
h)Fritidsbustad: Bygning som er registrert som fritidsbustad i Matrikkelen (bygningstype 161-163).
i)Bruksareal (BRA): Bruksareal for ein bygning eller brukseining som er registrert i Matrikkelen og utrekna med utgangspunkt i NS-3940.
j)Avløpsvatn: Både sanitært og industrielt avløpsvatn og overvatn.
§ 1-4.Gebyrtypar

Gebyrtypane er:

a)Eingongsgebyr for tilknyting for høvesvis vatn og avløp (tilknytingsgebyr)
b)Årsgebyr for høvesvis vatn og avløp
c)Eige gebyr for bestemte tenester.

Gebyrsatsar og gebyr for bestemte tenester vert vedteke av kommunestyret i eige regulativ.

§ 1-5.Klage og omgjøring

Det er ikkje høve til å klage på gebyr som er fastsett gjennom kommunen sitt gebyrregulativ, jf. reglane i forvaltningslova.

Det er høve til å klage på enkeltvedtak treft i medhald av forskrifta. Klagen vert handsama av kommunen si særskilte klagenemnd.

Kommunen kan fråfalle eit krav om gebyr heilt eller delvis dersom særlege grunnar tilseier det. Gebyr må betalast innan forfallsdato sjølv om det er klaga på gebyrvedtaket. Klagar med prinsipielt innhald, vert handsama av kommunestyret.

§ 1-6.Innbetaling av gebyr

Årsgebyr skal betalast frå dato for tilknyting. Eigedom som er kravd tilknytt kommunal leidning skal betale årsgebyr frå det tidspunkt tilknyting er kravd.

Eingongsgebyr for tilknyting skal vere betalt før tilknyting vert utført. Der tilknyting er del av eit tiltak etter plan- og bygningslova § 20-1, vert krav om betaling av gebyr sendt etter at godkjend byggjesøknad ligg føre.

2. Eingongsgebyr for tilknyting

§ 2-1.Gebyrplikt

Eingongsgebyr for tilknyting (tilknytingsgebyr) skal betalast for:

a)Nybygg, både bustader og andre bygg, jf. § 1-3 bokstav f. Det skal betalast tilknytingsavgift for kvar bueining, jf. § 1-3 bokstav g
b)Tiltak i eksisterande bygg som fører til auke i tal bueiningar. Det skal betalast tilknytingsavgift for kvar ny bueining
c)Eksisterande bygg som vert tilknytt eller som kommunen krev tilknytt
d)Eksisterande bygg med tilknyting som ikkje er godkjent
e)Anna permanent tilknyting til kommunalt vass- eller avløpsanlegg, til dømes vatningsanlegg for landbruk, idrettsanlegg mv.
§ 2-2.Utforming av gebyret

Tilknytingsgebyret kan differensierast for bustad- og fritidseigedomar som ligg i kommunalt eller privat bustadfelt og som har betalt refusjon eller anna form for opparbeidingskostnad for vass- og avløpsanlegg.

For bygg som består av både bustad og annan type lokale, betalast gebyr for kvar av desse.

Inndeling av grupper for tilknyting og differensiering av gebyr vert fastsett av kommunestyret i gebyrregulativet.

§ 2-3.Gebyrsats

Storleiken på gebyrsatsane vert fastsett årleg av kommunestyret og går fram av gebyrregulativet.

Gebyrsatsen skal vere gjeldande gebyrsats då komplett byggesøknad eller søknad om tilknyting vart motteken av kommunen.

For eksisterande bygg med tilknyting som ikkje er godkjent, betalast dobbelt tilknytingsgebyr etter gjeldande sats på det tidspunktet kommunen har framsett krav om tilknytingsgebyr.

§ 2-4.Ansvar for betaling

For nybygg har tiltakshavar ansvar for betaling av gebyret. For eksisterande bygg har abonnenten ansvaret.

3. Årsgebyr

§ 3-1.Gebyrplikt

Årsgebyr skal betalast for alle bygg som:

a)er tilknytt kommunalt vass- eller avløpsanlegg
b)er pålagt tilknyting i medhald av lov, og fristen for tilknyting er gått ut.

For bygg som består av både bustad og annan type lokale, betalast gebyr for kvar av desse. Det skal betalast årsgebyr per bueining.

§ 3-2.Eigedom utan godkjent tilknyting eller fråkopling

Er tilknyting ikkje godkjent av kommunen, skal abonnenten betale gebyr frå og med det tidspunkt tilknytinga er utført. Har kommunen ikkje anna utrekningsgrunnlag, vert gebyret utmålt etter skjønn. Slik utrekning inneber ikkje at kommunen har godkjent tilknytinga.

Er fråkopling ikkje godkjent av kommunen, skal abonnenten betale gebyr inntil fråkoplinga er godkjent.

§ 3-3.Ansvar for betaling

Abonnenten har ansvar for betaling av gebyr, uansett om gebyrkravet er retta mot abonnenten eller annan rekningsmottakar.

Dersom abonnentar har felles vassmålar, skal ein stå som ansvarleg for og vere mottakar av gebyrkravet frå kommunen.

§ 3-4.Utforming av gebyra

Det vert utrekna årsgebyr for vassforsyning og avløp med:

a)Ein fast del (abonnementsgebyr)
b)Ein mengdeavhengig del (forbruksgebyr).

Fordelinga mellom fast og mengdeavhengig del vert fastsett av kommunestyret i gebyrregulativet. Det same gjeld differensiering av gebyr i høve til arealgrenser, dimensjon på inntaksleidning og ulike bygg for næring, offentlege og private tenester. Abonnentar med godkjend vassmålar betalar forbruksgebyr basert på årleg vassforbruk.

§ 3-5.Ansvar for opplysningar om abonnent

Abonnenten skal melde endringar i abonnementsforholdet til kommunen.

Inntil kommunen har tatt i mot melding og inntil kommunen har oppdatert abonnentdata frå Matrikkelen, skal abonnenten betale årsgebyr som tidligare.

Godkjente endringar av gebyret trår i kraft frå etterfølgjande månad.

§ 3-6.Utrekning av gebyr

Same forbruk i m³ vert lagt til grunn for utrekning av både vassgebyr og avløpsgebyr.

Ved fråflytting eller fråvær, eller der tilknytt bygg på eigedomen er fjerna eller øydelagt slik at dei ikkje kan brukast, kan kommunen gje fritak frå betaling av den mengdeavhengige delen av årsgebyret. Det er ein føresetnad at inntaksleidning for vatn er fråkopla kommunalt anlegg. Fråkoplinga skal vere skriftleg dokumentert av autorisert røyrleggar.

For næringsverksemd der forbruket av vatn til produksjon medfører at mengda avløpsvatn avvik vesentleg frå målt vassforbruk, kan kommunen basere avløpsgebyret på eiga måling av tilført avløpsvatn til kommunalt nett, eller på særskilt avtale.

For avløpsvatn som avvik frå vanleg hushaldsavløp og verkar fordyrande på drift og vedlikehald av kommunen sitt avløpsanlegg, kan kommunen fastsette eit tillegg til avløpsgebyret til dekning av meirkostnadene. I slike tilfelle skal det gjerast ein separat avtale mellom kommunen og abonnenten.

For avløpsvatn frå produksjonsprosess eller liknande som etter eige løyve frå kommunen er tillate ført i grunnen, i privat leidning direkte til vassdrag eller sjøen, eller i separat kommunal overvassleidning, betalast ikkje avløpsgebyr. Slikt vatn skal målast separat.

§ 3-7.Betaling etter stipulert forbruk

Det skal betalast gebyr etter stipulert forbruk, dersom abonnenten eller kommunen ikkje krev at det skal betalast etter målt forbruk.

§ 3-8.Betaling etter målt forbruk

Gebyr etter målt forbruk skal betalast for:

a)Bygg for næringsføremål, offentlege føremål og liknande.
b)Bygg for både bustad- og andre føremål (blandingsbygg).
c)Anna anlegg med varig eller mellombels tilknyting, jf. § 2-1.
d)Eigedom med utvendig eller innvendig basseng på over 3 m³ .

For mellombelse tilknytingar kan kravet om vanleg vassmålar fråvikast, dersom vassforbruket kan fastsettast på andre måtar.

Abonnent har rett til å få montert vassmålar og betale gebyr etter målt forbruk.

Kommunen kan pålegge abonnent med stipulert forbruk etter § 3-7 å installere vassmålar og betale gebyr etter målt forbruk.

Abonnent som har installert målar, kan ikkje krevje abonnementet endra til betaling etter stipulert forbruk.

§ 3-9.Retting av feil gebyrutrekning

Har mangelfulle eller feile opplysningar ført til feilaktig gebyrutrekning, skal utrekninga rettast og differansen gjerast opp. Krav som er forelda etter reglane om forelding av fordringar, vert normalt ikkje dekt.

§ 3-10.Gebyrreduksjon i medhald av forbrukarkjøpslova sine reglar om prisavslag

Abonnent har rett til reduksjon i gebyr (prisavslag) ved feil eller mangel ved vassforsyninga i medhald av forbrukarkjøpslova sine reglar om prisavslag. Abonnent har rett til redusert gebyr i følgjande tilfelle:

a)Ved ikkje varsla avbrot i vassforsyninga i meir enn 24 timar
b)Ved ikkje varsla avbrot i vassforsyninga meir enn 2 gongar innan eitt kalenderår, og kvart avbrot varar lenger enn 8 timar
c)Når hygienisk kvalitet på vatnet er så dårleg at det må kokast før bruk til drikke eller matlaging.

Vilkår for gebyrreduksjon er at mangelen skuldast forhold på kommunen si side, til dømes forureining i vasskjelde eller feil ved kommunalt anlegg. Kommunen pliktar å bidra til å avklare ansvarsforholdet.

Generell tilråding om koking som tryggingstiltak etter trykkfall på grunn av reparasjon, spyling, brannslokking mv., gjev ikkje gebyrreduksjon. Sats for gebyrreduksjon vert fastsett i gebyrregulativet.

Krav om redusert gebyr må fremjast innan to månader etter at forholdet oppstod, dersom ikkje kommunen har fatta eige vedtak om gebyrreduksjon.

4. Vassmålar

§ 4-1.Installasjon

Kommunen avgjer:

a)tal vassmålarar den enkelte abonnent skal ha
b)type, storleik og plassering
c)når målar skal installerast.

Ved oppdeling av eksisterande eigedom med vassmålar, i nye eigedomar, skal kvar av dei nye eigedomane ha eigen vassmålar.

Abonnentar kan samarbeide om felles vassmålar der det vil vere uhøvesmessig kostbart å installere eigen målar for kvar eining. Årsgebyr vert fordelt på abonnentane etter § 3-3, 2. ledd.

Pålagt vassmålar for ny eigedom skal vere installert seinast når det vert gjeve bruksløyve eller eigedomen vert tatt i bruk, og for eksisterande eigedom når den vert tilknytt. Ved unnlating av dette, skal abonnenten for bustadeigedom betale stipulert årsgebyr etter § 3-7.

For annan eigedom vert gebyr utrekna etter skjønn.

§ 4-2.Eigarforhold

Vassmålaren er kommunen sin eigedom dersom ikkje anna ordning er avtalt med abonnenten.

§ 4-3.Kostnader

Abonnenten må ta kostnadene med installasjon av vassmålar. Ut over dette må kommunen ta kostnadene med vassmålar dersom ikkje anna er avtalt etter § 4-2.

§ 4-4.Avlesing av vassmålar

Abonnenten skal lese av vassmålar så nær fastsett tidspunkt for avrekning som mogleg og sende resultatet til kommunen innan fastsett frist.

Unnlèt abonnenten å foreta avlesing, kan kommunen fastsette årsgebyret skjønnsmessig etter purring. Kommunen kan sjølv foreta avlesing utan ytterlegare varsel til abonnenten og kan krevje særskilt gebyr for dette.

§ 4-5.Tilsyn og vedlikehald

Abonnenten skal halde målar lett tilgjengeleg for avlesing og tilsyn.

Abonnenten skal jamleg føre tilsyn med målar. Blir ein målar skadd eller går tapt, skal abonnenten straks melde frå til kommunen. Som skade reknast også at plombering av målar er brote. Kommunen kan krevje erstatning for tap eller skade.

Kommunen kan føre tilsyn med målar. Kontrollør frå kommunen skal legitimere seg utan oppmoding.

§ 4-6.Nøyaktigheitskontroll

Eigen kontroll:

-Kommunen skal rettleie abonnentane om eigna metode for eigen kontroll av målar.

Enkel kontroll:

-Kommunen og abonnenten kan krevje ytterlegare nøyaktigheitskontroll av målar. Kommunen avgjer om kontrollen skal utførast av kommunen eller av ekstern kontrollinstans.
-Kontrollen skal utførast med måleutstyr og prosedyrar for måling som er akseptert av Justervesenet. Kontrollen skal gjelde heile det aktuelle måleområdet.

Utvida kontroll:

-Dersom abonnenten krev ytterlegare nøyaktigheitskontroll av målar, skal abonnenten bere kostnadene ved slik kontroll dersom kontrollresultatet ligg innanfor feilmarginen etter § 4-7. I motsett fall dekker kommunen kostnadene.

Justering eller utskifting av målaren:

-Dersom målenøyaktigheita ikkje er tilfredsstillande, skal målaren justerast eller skiftast ut. Krav om endra måleområde for ny målar skal vurderast.
§ 4-7.Avrekning ved feilmåling

Dersom målaren ved kontroll viser meir enn 5 % for høgt forbruk, har abonnenten krav på tilbakebetaling for feilmålinga. Er eventuell plombering av målaren brote, har abonnenten ikkje krav på tilbakebetaling.

Tilbakebetalinga reknast frå det tidspunkt feilen må antakast å ha oppstått.

Krav som er forelda etter reglane om forelding av fordringar, vert ikkje refundert.

Viser målaren meir enn 5 % for lågt forbruk, har kommunen krav på tilleggsbetaling etter tilsvarande reglar.

§ 4-8.Utskifting og flytting

Er målenøyaktigheita for dårleg, avgjer kommunen om målaren skal justerast eller skiftast ut. Når vanleg levetid for ein målar er nådd, kan kommunen avgjere at målaren skal skiftast ut heilt eller delvis. Abonnenten må ta kostnadene med utskifting dersom behovet for utskifting skuldast abonnenten.

Kommunen kan krevje flytting av målar som er plassert i strid med kommunen sine krav til plassering. Abonnenten må ta kostnadene med slik flytting.

5. Iverksetting mv.

§ 5-1.Iverksetting og oppheving av tidlegare forskrift

Forskrifta trår i kraft 1. januar 2015.

Frå same tid opphevast forskrift 21. desember 19761 for vass- og kloakkavgifter i Gaular kommune, gjeldande frå 14. januar 1977, og andre kommunale vedtak om gebyr innanfor heimelsgrunnlaget for denne forskrifta.

1Ikkje kunngjort i Norsk Lovtidend.