Forskrift om open brenning og brenning av avfall i småomnar, Stryn kommune, Sogn og Fjordane

DatoFOR-2014-12-18-1928
PublisertII 2015 hefte 1
Ikrafttredelse18.12.2014
Sist endret
Endrer
Gjelder forStryn kommune, Sogn og Fjordane
HjemmelLOV-1981-03-13-6-§9, FOR-2001-07-19-1706
Kunngjort15.01.2015   kl. 15.30
KorttittelForskrift om brenning av avfall, Stryn

Heimel: Fastsett av Stryn kommunestyre 18. desember 2014 med heimel i lov 13. mars 1981 nr. 6 om vern mot forurensninger og om avfall (forurensningsloven) § 9, jf. delegeringsvedtak 19. juli 2001 nr. 1706.

§ 1.Formål

Formålet med denne forskrifta er å unngå ureining og helseproblem i kommunen som følgje av open brenning og brenning av avfall i småomnar. Det er også eit mål å auke utnyttinga av ressursane gjennom materialgjenvinning og energigjenvinning.

§ 2.Virkeområde

Denne forskrifta gjeld open brenning og brenning av avfall i småomnar innafor kommunen sine grenser.

§ 3.Definisjonar

I denne forskrifta gjeld følgjande betydning:

a)Open brenning: All brenning som skjer utandørs.
b)Småomnar: Forbrenningsomnar som ikkje er tillatne av Miljødirektoratet eller fylkesmannen eller er tillatne etter statlege forskrifter etter ureiningslova.
§ 4.Forbod mot open brenning og brenning av avfall i småomnar

Open brenning og brenning av avfall i småomnar er forbode, med mindre anna fylgjer av forskrifta sin § 5.

§ 5.Unntak frå forbodet

Følgjande brenning skal likevel vera tillate:

-Open brenning på grillinnretningar, utepeisar og kaffibål.
-Brenning av avfallstrevirke, med unntak av rivingsavfall og impregnert og måla trevirke.
-Brenning av Jonsok- og Olsokbål.
-Ranke- og flatebrenning i landbruket i god avstand til tettbygde strok.
-Kulturarrangement med vardebrenning eller liknande.
-Brenning av tørt hageavfall i god avstand til tettbygde strok.
§ 6.Dispensasjon

Teknisk utval kan i særlege tilfelle gje dispensasjon frå forbodet i § 4 etter søknad.

§ 7.Tilsyn

Kommunen vil føre tilsyn med at reglane i denne forskrifta vert følgd.

§ 8.Klage

Vedtak fatta av teknisk utval i medhald av denne forskrifta kan påklagast til formannskapet.

§ 9.Straff

Brot på denne forskrifta kan medføre straffeansvar jf. ureiningslova § 78.

§ 10.Iverksetting

Denne forskrifta trer i kraft straks. Vedteke av kommunestyret i møte 18. desember 2014.