Forskrift om utslepp av sanitært avløpsvatn frå mindre avløpsanlegg for bustader og fritidsbustader, Nord-Fron kommune, Oppland

DatoFOR-2015-03-09-249
PublisertII 2015 hefte 1
Ikrafttredelse09.03.2015
Sist endret
EndrerFOR-2011-10-25-1061
Gjelder forNord-Fron kommune, Oppland
HjemmelLOV-1981-03-13-6-§12-6
Kunngjort26.03.2015   kl. 15.20
KorttittelForskrift om utslepp av avløpsvatn, Nord-Fron

Heimel: Fastsett av Nord-Fron kommunestyre 9. mars 2015 med heimel i forskrift juni 2004 nr. 931 om begrensning av forurensning (forurensningsforskriften), del IV, § 12-6, jf. lov 13. mars 1981 nr. 6 om vern mot forurensninger og om avfall (forurensningsloven).

§ 1.Verkeområde

Forskrifta gjeld utslepp av sanitært avløpsvatn frå bustader, hytter, turistbedrifter og liknande verksemder i Nord-Fron kommune.

For einingar som berre slepper ut gråvatn, gjeld forskrifta berre dersom det er innlagt vatn.

Forskrifta gjeld for utslepp mindre enn 50 pe.

§ 2.Definisjonar

Definisjonar i forureiningsforskrifta § 11-3 gjeld for denne forskrifta. I tillegg gjeld følgjande:

-Med avløp meines her avløp frå vassklosett, kjøkken, bad, vaskerom eller liknande.
-Med innlagt vatn meines vatn frå vassverk, brønn, cisterneanlegg eller liknande som gjennom leidning eller slange er ført innomhus. Med innlagt vatn meines også innvendig røropplegg som blir forsynt av vatn frå tank/behaldar (innvendig eller utvendig) eller liknande større enn 25 l og som leiast ut av bygningen til grunnen eller oppsamlingstank.
-Cisterneanlegg med tank inntil 25 l vert ikkje klassifisert som innlagt vatn. Utslagsvask med bortleiing av vatn i slike anlegg er godkjend utan søknad. Vatnet skal leiast til steinsett kum eller egna jordmassar, eller bærast ut.
-Som utslepp reknast også avløp ført til tett tank.
-Med pe (personekvivalentar) meines gjennomsnittleg utslepp frå eit menneske pr. døgn.
-Med Tot-P meines innhald av total fosfor.
-Med BOF5 meines innhald av organisk stoff.
-Med TKB meines innhald av termotolerante koliforme bakteriar.
-Med infiltrasjonskapasitet meines mengde vatn som kan infiltrerast i lausmassane.
-Med hydraulisk kapasitet meines mengde vatn som kan transporterast gjennom lausmassane.
-Eigenskap som rensemedium meines den evna lausmassane har til å halde attende forureining.
-NKF: Norsk kommunalteknisk foreining.
-NORVAR: Norsk VA-verk foreining. 

Infiltrasjonsanlegg:

Består av slamavskiljar, pumpe- eller fordelingskum og infiltrasjonsfilter bygd i stadeigne lausmassar som fungerer som rensemedium. 

Jordhauginfiltrasjon:

Har same hovudkomponentar som eit vanleg infiltrasjonsanlegg. Blir nytta der det ikkje er mogleg å byggje tradisjonelt infiltrasjonsfilter på grunn av vanskelege grunnforhold, under føresetnad av at gjennomførte grunnundersøkingar finn dette forsvarleg. Ved å tilføre sand oppå stadeigne masser vert det etablert ei filterflate slik at vatnet blir fordelt over eit naudsynt areal og gis ei forbehandling før det leiast til stadeigne jordmassar. 

Våtmarksfilter:

Består av slamavskiljar, forbehandlingsfilter, våtmarksfilter med inn- og utløpsdel, inspeksjonskum og utsleppsleidning. Forfilter gir avløpsvatnet forbehandling som reduserer innhaldet av organisk stoff (BOF5 ) og reduserer belastninga på våtmarksfilteret. Forfilteret kan byggjast som ei sjølvstendig eining eller som ein integrert del i forkant av våtmarksfilteret. Sjølve våtmarksfilteret vert utforma som eit basseng som er tett i botn slik at avløpsvatnet ikkje siv ut i grunnvatnet. Avløpsvatnet vert infiltrert i bassenget som er fylt med filtermedium. Rensa avløpsvatn vert samla i enden av våtmarksfilteret og leia til eigna resipient. 

Biologiske filtre for gråvatn:

Består av slamavskiljar, pumpekum og biologisk filterkum. Slamavskilt avløpsvatn blir fordelt og strøymer gjennom filtermaterialet og drenerast deretter i botn av kummen. Forureiningskomponentar i avløpsvatnet vert halde attende mekanisk og nedbrote biologisk i filteret. Rensa avløpsvatn vert infiltrert i grunnen eller leia til eigna resipient. 

Minirenseanlegg:

Er i prinsippet ein nedskalert utgåve av store konvensjonelle renseanlegg. Minirenseanlegg finns anten som kjemisk/biologiske anlegg, biologiske anlegg eller kjemiske anlegg. Minirenseanlegg som skal installerast i Noreg må tilfredsstille NS-EN 12566-3 eller tilsvarande standard for rensegrad, slamproduksjon og gjennomsnittleg lufttemperatur. For å oppnå best mogleg rensegrad, vil eit minirenseanlegg ofte bli kombinert med etterpolering i eit infiltrasjonsfilter bygd i stadeigne lausmassar. 

Tett tank:

Samletank godkjend etter NS 1545, gjerne av glassfiberarmert polyester (GUP), hvor alt toalettavløp blir samla i eit lukka system. Krev regelmessig tømming med slamsugebil, og der avløpet blir kjørt til kommunalt renseanlegg.

§ 3.Krav om utsleppsløyve

Ingen kan setje i verk nye utslepp, eller auke vesentleg eksisterande utslepp, utan at det er gitt løyve i medhald av § 5 i denne forskrifta. Som vesentleg auke reknast mellom anna innlegging av vatn eller installering av vassklosett/dusj i bygningar der dette ikkje har vore innlagt/installert tidlegare.

§ 4.Søknad om utsleppsløyve

Tilsvarande som § 12-4 i forureiningsforskrifta.

§ 5.Behandling av søknad

Tilsvarande som § 12-5 i forureiningsforskrifta.

§ 6.Avløpsnett

Tilsvarande § 12-7 i forureiningsforskrifta.

§ 7.Rensekrav og godkjende renseløysingar

Alle avløpsanlegg som kjem inn under denne forskrifta skal i gjennomsnitt over året ha renseeffekt for Tot-P og BOF5 på minimum 90 %, jf. § 12-8 i forureiningsforskrifta. Utsleppskravet er i tillegg skjerpa i forhold til § 12-8 ved ei opplisting av kva for renseløysingar som er tillate, basert på erfaringar om renseeffekt og driftssikkerheit jf. VA/Miljøblad.

7.1 Renseløysingar godkjend for eksisterande og nye bustader:
1.Infiltrasjonsanlegg (i henhald til gjeldande VA/Miljøblad).
2.Jordhauginfiltrasjonsanlegg (i henhald til gjeldande VA/Miljøblad).
3.Våtmarksfilter (i henhald til gjeldande VA/Miljøblad).
4.Biologisk filter for gråvatn kombinert med biologisk toalett eller tett tank for svartvatn (i henhald til gjeldande VA/Miljøblad).
5.Minirenseanlegg (må tilfredsstille NS-EN 12566-3 eller tilsvarande standard for rensegrad, slamproduksjon og gjennomsnittleg lufttemperatur).
7.2 Renseløysingar godkjend for fritidsbustader:
1.Infiltrasjonsanlegg (i henhald til gjeldande VA/Miljøblad).
2.Jordhauginfiltrasjonsanlegg (i henhald til gjeldande VA/Miljøblad).
3.Biologisk filter for gråvatn (i henhald til gjeldande VA//Miljøblad).
4.Minirenseanlegg (må tilfredsstille NS-EN 12566-3 eller tilsvarande standard for rensegrad, slamproduksjon og gjennomsnittleg lufttemperatur).
5.Tett tank (må tilfredsstille kravene i NS 1545). Tett tank må i tillegg tilfredsstille følgjande krav:
a.Det skal sendast inn søknad som for andre separate avløpsanlegg.
b.Tanken skal plasserast maksimum 30 meter frå heilårsveg.
c.Botn av tanken skal liggje mindre enn 6 meter under vegnivå.
d.Tankens våtvolum skal vera minimum 6 m³ .
e.Det skal monterast varslar for høgt nivå i tanken.
f.Tanken skal sikrast mot oppdrift.
g.Tett tank skal berre nyttast saman med renseanlegg for gråvatn, slik at det berre er svartvannsutsleppet som blir leda til den tette tanken.
h.Vassinntak i bygningen skal ha stoppekran som blir nytta når bygningen ikkje er i bruk.
i.Alt utstyr bør være vannsparande.
j.Tanken skal inn i den kommunale tømmeordninga og skal tømmes kvart år i henhald til forskrift om tømming av tette tanker.
k.Eigedommen plikter å kople seg til kommunalt avløpsanlegg eller fellesanlegg om dette blir etablert i det aktuelle området.

For fritidsbustader er det tillate med biologisk toalett, evt i kombinasjon med punkt 1–4 for utslepp av gråvatn. Tett tank skal ikkje være primæralternativet, slik at løsninger etter punkt 1–4 bør vurderast først.

7.3 Renseløysingar godkjend i nedbørsfeltet til Avstjønna (kartvedlegg 2)/Feforvatnet (kartvedlegg 3)/Øyvassosen/Merravika (kartvedlegg 4):

For fritidsbustader som ligg innafor nedbørsfeltet Avstjønna, Feforvatnet og Øyvassosen/Merravika som ikkje er tilknytt offentleg avløpsnett, må det ligge føre ein heilskapleg vatn- og avløpsplan for større avgrensa grupper av fritidsbustader før det kan søkjast om utsleppsløyve for kvar enkelt fritidsbustad. Søknad om utslepp frå kvar brukseining skal innehalde ei detaljert skildring av det enkelte anlegget det søkjast om utslepp frå før kommunen kan godkjenne søknaden. For nokre av områda vil det gå fram av gjeldande reguleringsplan for området kva for løysing som må nyttast.

7.4. Nedbørsfeltet til Fryavassdraget med Furusjøen, Årvillingen, Vålåsjøen mm.

Dette punktet gjeld for fritidsbustader innanfor prosjektområdet for VA-utbygging.

Fritidsbustader i dette området pliktar å knyte seg til offentleg kloakkleidning dersom det skal leggjast inn vatn. I desse områda kan kommunen etter søknad gje løyve til midlertidig utslepp til tett tank med vilkår om å knyte seg til offentleg kloakkleidning når slik er bygd. Ved slike søknader skal følgjande vilkår oppfyllast:

-Tett tank må tilfredsstille krav i NS 1545.
-Det skal sendast inn søknad som for andre separate avløpsanlegg.
-Tanken skal plasserast maksimum 30 meter frå heilårsveg.
-Botn av tanken skal liggje mindre enn 6 meter under vegnivå.
-Tankens våtvolum skal vera minimum 6 m3.
-Det skal monterast varslar for høgt nivå i tanken.
-Tanken skal sikrast mot oppdrift.
-Vassinntak i bygningen skal ha stoppekran som blir nytta når bygningen ikkje er i bruk.
-Alt utstyr bør være vannsparande.
-Tanken skal inn i den kommunale tømmeordninga og skal tømmes kvart år i henhald til forskrift om tømming av tette tanker.

Dersom ikkje offentleg kloakkleidning blir bygd, blir midlertidige gitte utsleppsløyver gjort endeleg, utan ytterlegare vurdering.

Dersom det blir vedteke å ikkje byggje ut offentleg kloakkleidning i dette området, må det gjerast ei heilskapleg vurdering av området før det kan bli gitt løyve til nye utslepp.

§ 8.Krav om heilskapleg vurdering av spesielle område

For grupper av bustader og/eller fritidsbustader i eit antal av 7 eller fleire, der innbyrdes avstand mellom kvar brukseining ikkje overstig 100 m, skal avløpsforholda for området vere heilskapleg vurdert og avklart før nye utslepp eller vesentleg auke av eksisterande utslepp kan tillatast. Også bustader og fritidsbustader utan innlagt vatn skal reknast med.

Er talet på bustadhus/fritidsbustader innanfor ein innbyrdes avstand av 100 m lik eller mindre enn 7, kan det søkjast om utslepp for den enkelte brukseininga. Enkeltståande hus eller fritidsbustader vert likevel medrekna når avstanden til nærmaste bustad eller fritidsbustad i det aktuelle området er inntil 200 m. Dette gjeld for dei områda som ikkje er omhandla i pkt 7.3.

§ 9.Krav til kompetanse

Den som utfører grunnundersøkingar og prosjektering av avløpsanlegg skal ha tilstrekkeleg hydrogeologisk kompetanse. Kravet til kompetanse vil variere ut frå dei lokale forholda som avløpet skal etablerast i. Grunnforhold, eventuelle krav til områdevurderingar og resipientvurderingar vil vere avgjerande ved vurderingane til kompetansekrav. Det vert i alle tilfelle krav om dokumentert kunnskap på høgskulenivå, med vekt på jord- og/eller vassfaglege evne. Den som prosjekterer avløpsanlegg med utslepp til overflateresipient må i tillegg ha tilstrekkeleg kompetanse til å vurdere resipientens tilstand og aktuelle brukarinteresser.

Alle avløpsanlegg skal prosjekterast og utførast i samsvar med Norsk kommunalteknisk Foreining og NORVARs VA/Miljøblad. Dersom VA/Miljøblad ikkje finst for den aktuelle anleggstypa, skal anlegget prosjekterast og utførast etter anerkjend bransjenorm og i tråd med gjeldande standardar.

Føretak som utfører avløpsanlegg skal vere godkjend i aktuelle godkjenningsområde i samsvar med plan- og bygningslova. Den som utfører arbeidet på staden skal minimum ha ADK1-kurs eller ADKS-kurs, og i tillegg kurs i bygging av mindre avløpsanlegg.

§ 10.Krav til grunnundersøkingar, resipientvurderingar og prosjektering i samband med søknad om utsleppsløyve

Forundersøkingar, områdesynfaring og detaljundersøking ved planlegging av separate avløpsanlegg skal utførast i samsvar med NORVARs prosjektrapport nr 49/1994 «Grunnundersøkelser for infiltrasjon - små avløpsanlegg» eller reviderte/tilsvarande rapportar som eventuelt erstattar denne i framtida.

Minimum som skal dokumenterast ut frå grunn- og detaljundersøking er:

6.Lausmassane sin infiltrasjonskapasitet.
7.Lausmassane sin hydrauliske kapasitet.
8.Lausmassane sine eigenskapar som rensemedium.
9.Kor og korleis anlegget skal byggjast.
10.Drikkevasskjelder i nærleiken.

Ved planlegging av anlegg med utslepp til overflateresipient skal resipientens tilstand og aktuelle brukarinteresser vurderast. Det skal innhentast opplysningar om tilstanden for drikkevasskjelder som kan tenkast å bli berørt av utsleppet.

Prosjektering av avløpsanlegg skal gjennomførast i samsvar med anvisningar i gjeldande VA/Miljøblad.

§ 11.Utsleppsstad

Utsleppsstaden for avløpsvatn frå renseanlegg skal lokaliserast slik:

a)Utslepp til innsjø/vatn skal lokaliserast minst 2 m under lågaste vasstand.
b)Utslepp til bekk/elv skal berre skje til bekk/elv med heilårsvassføring.
c)Utslepp til grunnen skal berre skje til stadeigne lausmassar.

Utsleppsstaden for avløpsvatn frå renseanlegg skal elles lokaliserast og utformast slik at verknadene av utsleppet blir minst mogleg, og at konfliktar mellom ulike brukarinteresser vert unngått, herunder slik at utsleppet ikkje medfører fare for forureining av drikkevatn.

§ 12.Lukt

Avløpsanlegget skal dimensjonerast, byggjast, drives og haldast ved like på ein slik måte at omgjevnaden ikkje blir utsett for sjenerande lukt.

§ 13.Krav til anleggsdokumentasjon i samband med søknad om utsleppsløyve

Prosjektering og dokumentasjon skal utførast av nøytrale fagkyndige. Vedkommande skal vere habil i saka i høve til reglane i forvaltningslova. Vedkommande skal ikkje vere delaktig i utføringsfasa eller ha økonomiske interesser i tiltaket, herunder ikkje vere forhandlar av nokon komponentar i tiltaket. Dokumentasjon på at anlegget blir prosjektert og utført i samsvar med NKF og NORVARs VA/Miljøblad skal leggjast ved søknaden.

Følgjande skal minimum vere dokumentert i søknaden:

-Dimensjonerande vassmengde og skildring av bebyggelsen (hytte, bustad, bedrift mm).
-Resultat frå grunnundersøking og informasjon om berekna hydraulisk kapasitet, infiltrasjonskapasitet, lausmassane sine eigenskapar som rensemedium og vurdering av risiko for forureining (kornfordelingskurver og infiltrasjonstestar). Det skal beskrivast korleis storleiken til anlegget og plasseringa av dette er tilpassa dei aktuelle vassmengdene og grunnforholda på staden.
-Beskriving av hovudkomponentane i anlegget og lokalisering av desse på kart. Filterdelen av anlegget skal vere målsett på kart i målestokk 1:2000 eller større.
-Beskriving av korleis anlegget skal støtbelastas.

For våtmarksfilter og minirenseanlegg skal kopi av underskrive drifts- og vedlikehaldsavtale leggast ved søknaden om utsleppsløyve.

For biofilter for gråvatn skal forslag til drifts- og vedlikehaldsavtale leggast ved søknaden. Kopi av endeleg underskrive avtale skal ettersendast seinast 3 mnd etter ferdigstilling av anlegget.

Prøver skal analyserast av laboratorium som er akkreditert for dei aktuelle analysane.

Jordprøver for kornfordelingsanalysar skal analyserast av anerkjent laboratorium som nytter godkjend metode for slike analysar.

Dersom anlegget skal leggast på areal som blir eigd av ein annan grunneigar, skal det leggast ved tinglyse avtale om slik plassering saman med søknaden om utsleppsløyve. Dette gjeld både for leidningsanlegg og renseanlegg.

§ 14.Dokumentasjon av renseeffekt

Alle avløpsanlegg skal overhalde krava til renseeffekt, jf. § 7. For følgjande anleggstypar skal det dokumenterast at anlegget overheld dei fastsette rensekrava:

1.Våtmarksfiler (minimum 1 stikkprøve kvart 3. år)
2.Biofilter for gråvatn (minimum 1 stikkprøve kvart 3. år)
3.Minirenseanlegg (minimum 1 stikkprøve kvart 3. år).

Inn- og utløpsprøver skal analyserast for Tot-P og BOF5 av akkreditert laboratorium. Kommunen kan også pålegge eigarar av andre anleggstypar å dokumentere utsleppsmengder og renseefekt.

§ 15.Krav til drift og vedlikehald

Eigar av anlegget er ansvarleg for at anlegget blir drifta og vedlikehalde slik at alle krav vert følgt og at det fungerar etter hensikta. Alle anlegg skal inngå i kommunen si tømmeordning for septiktankar/slamavskiljarar.

Slamavskiljarar for bustadhus skal tømmast for slam minimum kvart 2. år. For fritidsbustader skal tømming utførast minimum kvart 4. år. For fritidsbustader med tett tank skal tømming utførast kvart år.

Service skal utførast i samsvar med skriftleg drifts- og vedlikehaldsavtale med følgjande tidsintervallar for nemnde anleggstypar:

1.Våtmarksfilter: Minimum 1 gong pr. år.
2.Biofilter for gråvatn:

2 gonger pr. år for anlegg knytt til bustad.

1 gong pr. år for anlegg knytt til fritidsbustad.

3.Minirenseanlegg: 2 gonger pr. år. Det skal i tillegg førast driftsjournal for anlegget.

Drifts- og vedlikehaldsavtale skal omfatte naudsynte punkter spesifisert i NKF og NORVARs VA/Miljøblad for den aktuelle anleggstypa. Det skal takast årlege utsleppsprøver, desse skal tilfredsstille forventa utsleppskonsentrasjon etter NKF og NORVARs VA/Miljøblad med omsyn til Tot-P og BOF5 , samt TKB dersom utsleppsløyvet krev det. Service skal utførast av representantar for anleggsleverandør/produsent eller anna kvalifisert føretak. Kommunen kan krevje å få lagt fram dokumentasjon på at person/føretak som utfører service har naudsynt teknisk kompetanse.

Den som utfører service skal innan 1. mars påfølgjande år sende inn årsrapport for føregåande år til kommunen. Årsrapporten skal minimum innehalde følgjande:

-Kort skildring av anlegget.
-Omtale av driftsforholda førre år, med spesiell vekt på eventuelle driftsproblem.
-Resultat frå vassanalysar med berekning av renseeffekt.

Prøver skal analyserast av laboratorium som er akkreditert for dei aktuelle analysane. Prøvetaking og analyser skal dekkast av anleggseigaren.

§ 16.Anleggseigars plikter

Anleggseigar skal sørgje for at slamavskiljar, tette tankar, pumpekummar og inspeksjonskummar er lett tilgjengeleg for tømming. Det må ikkje vere meir enn 30 m til veg og ikkje større høgdeskilnad frå botn av slamavskiljar til nivå på tankbil enn 6 m. For eigedomar med avløpsanlegg er det krav om heilårsveg, med unntak for eigedomar med biofilter eller infiltrasjonsanlegg.

Av sikkerheitsmessige grunnar skal slamavskiljar, pumpekum og liknande ha lokk som ikkje kan opnast av mindreårige. Kumlokk skal vere utildekka og lett tilgjengeleg for opning og kontroll. Det må ikkje setjast opp gjerder, murer og liknande som gjer det vanskeleg å kome til med utstyr for tømming.

§ 17.Oppmalt matavfall (avfallskvern)

Det er ikkje tillate å montere avfallskvern til røropplegg som er knytta til private avløpsanlegg.

§ 18.Endring og omgjering av løyve

Kommunen kan i medhald av forureiningslova § 18 oppheve eller endre vilkår i tidligere gitt løyve. Kommunen kan også trekkje attende løyve dersom det er naudsynt.

§ 19.Eksisterande utslepp

Utsleppsløyve for sanitært avløpsvatn gitt i medhald av lov om vern mot forureining og tilhøyrande forskrifter før 1. januar 2007, eller utslepp som vart etablert på eit tidspunkt det ikkje var krav om løyve, er gyldige inntil desse eventuelt vert oppheva som eit enkeltvedtak i medhald av forureiningslova § 18.

§ 20.Tilsyn

Nord-Fron kommune fører tilsyn med at føresegnene i denne forskrifta blir overhalde.

§ 21.Unntak

I heilt spesielle høve kan kommunen etter grunngjeve søknad, vurdere å avvike frå reglane i lokal forskrift. Kapittel 12 i forureiningsforskrifta vert lagt til grunn ved behandling av søknad om unntak.

§ 22.Gebyr for saksbehandling og kontroll

Gebyrregulativ for saksbehandling og kontroll etter denne forskrifta vert fastsett av kommunestyret i medhald av forskrift om begrensing av forureining, del IV, § 11-4.

§ 23.Ikrafttreden

Forskrifta trer i kraft 9. mars 2015. Frå same tid blir forskrift 25. oktober 2011 nr. 1061 om utslepp av sanitært avløpsvatn frå mindre avløpsanlegg for bustader og fritidsbustader, Nord-Fron kommune, Oppland oppheva.