Forskrift om inntak til vidaregåande opplæring og formidling av læreplassar, Møre og Romsdal fylkeskommune

DatoFOR-2015-04-13-565
PublisertII 2015 hefte 2
Ikrafttredelse01.08.2015
Sist endret
Endrer
Gjelder forMøre og Romsdal
HjemmelFOR-2006-06-23-724-§6-2, FOR-2006-06-23-724-§6A-2, LOV-1998-07-17-61
Kunngjort04.06.2015   kl. 15.45
KorttittelForskrift om inntak til vidaregåande opplæring, Møre og Romsdal

Kapitteloversikt:

Heimel: Fastsett av Fylkestinget i Møre og Romsdal 13. april 2015 med heimel i forskrift 23. juni 2006 nr. 724 til opplæringslova § 6-2 og § 6A-2, jf. lov 17. juli 1998 nr. 61 om grunnskolen og den vidaregåande opplæringa (opplæringslova).

I. Generelt

§ 1.Formål

Formålet med den lokale forskrifta er å fastsetje rettar og plikter for søkarar til vidaregåande opplæring i Møre og Romsdal. Den lokale forskrifta utfyller kapittel 6 og kapittel 6A i forskrift til opplæringslova, og informerer om korleis Møre og Romsdal skal gjennomføre inntak og formidling.

§ 2.Virkeområde

Forskrifta gjeld for inntak til offentlege vidaregåande skular, landslinjer og landsdekkande linjer, regionale tilbod og formidling til opplæring i bedrift i Møre og Romsdal fylkeskommune.

II. Inntak

§ 3.Inntaket i Møre og Romsdal

Fylkesutdanningssjefen gir tilbod til alle søkarar med ungdomsrett.

Fylkesutdanningssjefen gir så langt som råd tilbod til søkarar med fullføringsrett.

Alle som har søkt, men ikkje får tilbod om plass på sitt første ønskje, får stå på venteliste til høgare ønskjer.

§ 4.Fritt skuleval

Møre og Romsdal har fritt skuleval. Dette vart vedteke i sak til Fylkestinget i år 2000: T 6/00 (U-93/00A) A – Omstilling 2000-Strukturgjennomgangen.

§ 5.Skuleplass i anna fylke

Møre og Romsdal fylkeskommune kan etter søknad innvilge gjesteelevgaranti i andre fylke. Vilkår er at søkjaren har ungdomsrett og at utdanningsprogrammet/programområdet ikkje fins i Møre og Romsdal.

Søknad om gjesteelevgaranti eller kjøp av plass i anna fylke kan og innvilgast dersom søkjaren har andre særlege grunnar som er dokumentert.

Søkarar som bur i kommunar som grenser til andre fylke, kan søkje om gjesteelevgaranti i anna fylke dersom dei kan dokumentere at det er kortare reiseveg til skule i det andre fylket. Vilkåret er at tilbodet ikkje fins på skular som søkjaren har like kort reiseveg til i Møre og Romsdal.

Møre og Romsdal har avtale med Sør-Trøndelag, Nord-Trøndelag, Nordland, Troms og Finnmark om tilbod vi ikkje har i eige fylke (regionale tilbod).

§ 6.Flytting

Søkarar med ungdomsrett som er busett i andre fylke, kan søkje i Møre og Romsdal. Dei må innan 15. juni kunne dokumentere flytting dersom dei skal få rett til vidaregåande opplæring i Møre og Romsdal.

Vaksne søkarar frå andre fylke vil bli avvist som søkarar til tilbod i Møre og Romsdal gitt etter opplæringslova § 3-1.

§ 7.Behandling av søknadar som kjem etter fristen

Søknad om fortrinnsrett og individuell vurdering i inntaket, jf. § 21 i den lokale inntaksforskrifta som blir sett fram etter at fristen 1. februar er gått ut, blir behandla så langt det er mogleg.

Søkarar med fortrinnsrett etter forskrift til opplæringslova § 6-17 som søkjer så seint at det ikkje er mogleg å behandle søknaden i inntak av elevar med fortrinn og individuell vurdering, vil ikkje få søknaden overført til det ordinære inntaket. Søkar blir vist til å søkje om inntak neste skuleår.

Søknader om rett til individuell vurdering etter § 6-22 og utvida rett etter opplæringslova § 3-1. femte ledd, som kjem etter søknadsfristen 1. februar, men før 15. juni, blir behandla i det ordinære inntaket.

Søkarar som har søknadsfrist 1. mars eller søkarar som søkjer om individuell vurdering med søknadsfrist 1. februar etter forskrift til opplæringslova § 6-23, § 6-25 eller § 6-38, blir behandla dersom søknaden kjem innan 15. juni. Dei som søkjer etter fristen vil stille bak dei som har søkt innan fristen. Søknader som kjem etter 15. juni vil ikkje blir behandla. Søkaren vil bli vist til å setje seg opp på eiga venteliste ved ein eller fleire skular, men vil ikkje ha krav på tilbod om skuleplass sjølv om dei har ungdomsrett.

Ungdom som søkjer i samarbeid med Oppfølgingstenesta (OT) vil bli registrert fortløpande og så langt som råd, men ikkje etter 1. juli. Søkarar som leverer søknad i samarbeid med OT blir ikkje stilt bak dei som har søkt innan fristen. Etter 1. juli må søkarar sjølv kontakte og be om å bli sett opp på eiga venteliste ved ein eller fleire skular, men dei vil ikkje ha rett til inntak dersom det ikkje blir ledig skuleplass.

Søknad til landslinjer/landsdekkande linjer kan ikkje registrerast etter søknadsfristen 1. mars.

§ 8.Endring av søknaden etter fristen

Etter at søknadsfristen 1. februar er ute, kan søkarar som har fortrinnsrett ved inntaket, jf. § 21 i den lokale forskrifta, ikkje endre søknaden.

Søkarar som har søknadsfrist 1. mars, eller søkarar som søkjer om individuell vurdering med søknadsfrist 1. februar etter forskrift til opplæringslova § 6-23, § 6-25 eller § 6-38, kan endre søknaden sin ein gong. Fristen for å endre søknaden er 2. mai.

Søknadar til landslinjer/landsdekkande linjer kan ikkje endrast etter fristen 1. mars.

§ 9.Inntak til landslinjer og landsdekkande linjer

Søknad til landslinjer eller landsdekkande linjer sendast til det fylket søkjaren er folkeregistrert i. Etter søknadsfristen blir liste over søkjarane sendt til skulefylket. Det er skulefylket som gjer inntaket til landslinjer eller landsdekkande linjer.

Retningslinjer for inntak til Vg3 yrkessjåfør, landslinje, er gitt av Utdanningsdirektoratet i brev datert 5. september 2008. Det er delegert til skulen å gjere inntak til tilbodet.

§ 10.Inntak til statlege vidaregåande skular

Søknad til statlege vidaregåande skular skal gjerast direkte til fylket som har tilbodet.

§ 11.Inntak til International Baccalaureate World School (IB) – IB Diploma Programme

Utdanningsutvalet ga i 2012, saksnr. Ud-18/12 retningslinjer for inntak til IB Diploma Programme. Inntaket blir gjort av Fylkesutdanningssjefen.

§ 12.Inntak til V g1 musikk, dans og drama, idrettsfag, studiespesialisering med toppidrett og yrkes- og studiekompetanse (YSK) 

V g1 musikk, dans og drama:

Inntil 50 % av søkjarane til V g1 musikk, dans og drama kan takast inn på grunnlag av opptaksprøver i tillegg til karakterar. Det er berre søkarar som har V g1 musikk, dans og drama som sitt første ønske som vil bli kalla inn til opptaksprøve av skulen dei har som første ønske. Dei som har V g1 musikk, dans og drama som lågare ønske konkurrerer berre på karakterar. Søkarar som etter vurdering får anbefaling frå skulen, vil få 15 tilleggspoeng å konkurrere med i inntaket. 

V g1 idrettsfag:

Inntil 50 % av søkjarane til V g1 idrettsfag kan takast inn på grunnlag av gode ferdigheiter i tillegg til karakterar. Ferdigheitene må dokumenterast. Søkarar som har V g1 idrettsfag som sitt 1. ønske, og etter vurdering får anbefaling frå skulen, vil få 15 tilleggspoeng å konkurrere med i inntaket. 

V g1 studiespesialisering med toppidrett:

Søkarar må ha ønsket om V g1 studiespesialisering med toppidrett som sitt 1. ønske for å bli vurdert som reell søkjar.

Inntakskravet til V g1 studiespesialisering med toppidrett, er at søkjaren må kunne vise til idrettslege prestasjonar med både tilråding og dokumentasjon frå krets eller regionalt nivå.

Skulen skal prioritere søkarar i inntaket på grunnlag av svært gode og dokumenterte prestasjonar i idretten sin.

Søkarar som ikkje fyller kravet til inntak på grunnlag av idrettslege prestasjonar blir sett som ukvalifisert til inntak på V g1 studiespesialsiering med toppidrett.

Søkarar som blir tekne inn til V g1 studiespesialisering med toppidrett, har rett til inntak på dei neste trinna i opplæringsløpet, dersom dei fyller krava til inntak jf. forskrift til opplæringslova § 6-28 og § 6-37. 

V g1 yrkes- og studiekompetanse (YSK):

Søkarar til V g1 yrkes- og studiekompetansetilboda (YSK) må ha minimum karakter 4 i standpunktkarakter frå grunnskulen i faga matematikk og naturfag for å vere kvalifisert til inntak på tilbodet.

Skulen kan kalle inn søkarar som har V g1 YSK som sitt 1. ønske til intervju.

Søkarar som blir tekne inn til V g1 YSK, har rett til inntak på dei neste trinna i opplæringsløpet ved same skule, dersom dei fyller krava til inntak jf. forskrift til opplæringslova § 6-28 og § 6-37.

§ 13.Bruk av retten til vidaregåande opplæring (jf. forskrift til opplæringslova § 6-4, 2. ledd)

Ein elev bruker ikkje av retten sin til vidaregåande opplæring dersom eleven sluttar i opplæringa før 1. november i skuleåret.

§ 14.Permisjon frå vidaregåande opplæring og reservasjon av skuleplass

Søkarar som har ungdomsrett og som har teke i mot skuleplass, men må seie ifrå seg plassen eller slutte i løpet av skuleåret, kan søkje om permisjon frå vidaregåande opplæring jf. opplæringslova § 3-1, 3. ledd. Dersom permisjon blir innvilga, vil eleven ikkje bruke av retten eller fristen til vidaregåande opplæring, og eleven vil kunne få sikra skuleplassen til året etter ved same skule og tilbod.

Søkarar med ungdomsrett som har teke i mot skuleplass, men på grunn av sjukdom eller andre tungtvegande grunnar ikkje greier å fullføre eit utdanningsprogram/programområde med full fagkrins, kan søkje om delvis permisjon. Eleven vil få utvida retten og fristen til å ta ut vidaregåande opplæring med eitt år, og vil få sikra plass ved same tilbod og skule til året etter.

Elevar som vil slutte i fag på grunn av sjukdom eller andre tungtvegande grunnar, men som neste skuleår vil gjere omval og ikkje ønskjer å fullføre utdanningsprogrammet/programområdet, må søkje til rektor om å bli gjort om til deltidselev jf. § 18 i den lokale forskrifta.

Søkarar som ikkje har ungdomsrett kan søkje om permisjon, men vil ikkje kunne få sikra skuleplass til året etter. Dei må konkurrere om plass med karakterane sine.

§ 15.Inntak av utvekslingselevar og elevar med utanlandsk utdanning

Elevar som reiser til utlandet i samband med elevutveksling kan få førehandsgodkjent året i utlandet som eit V g1 eller Vg2 i Noreg. Dei kan søkje om sikring av skuleplass på neste trinn ved skulen som har førehandsgodkjent året i utlandet. Dei er ikkje kvalifisert til inntak ved andre skular enn den som har førehandsgodkjent året i utlandet.

Det blir delegert til skulane ved rektor å godkjenne heile opplæringsår frå utlandet som eit V g1 eller Vg2 i Noreg jf. forskrift til opplæringslova § 1-16. Søkarar som får eit V g1 eller Vg2 frå utlandet godkjent, skal takast inn etter individuell vurdering jf. forskrift til opplæringslova § 6-36. Fylkesutdanningssjefen gir retningslinjer for korleis dette skal gjerast. Fylkesutdanningssjefen saksbehandlar søkarar som søker gjennom fellesinntaket.

Utvekslingselevar som ikkje skal ha året i utlandet godkjent som eit V g1 eller Vg2 i Noreg skal søkje om inntak til Vg2 eller Vg3 og konkurrere om skuleplass etter poeng, jf. forskrift til opplæringslova § 6-34.

§ 16.Vidaresøking for dei som ikkje konkurrerer seg inn på tilbod dei har sett opp på søknaden

Søkarar til V g1 som har ungdomsrett, men ikkje har sett opp 3 alternative utdanningsprogram på søknaden sin, blir vidaresøkt til andre V g1 dersom dei ikkje får tilbod om utdanningsprogrammet eller utdanningsprogramma dei har sett opp på søknaden sin.

Søkarar som har sett opp 3 alternative utdanningsprogram blir vidaresøkt til andre skular i fylket med same utdanningsprogram, dersom dei ikkje greier å konkurrere seg inn på nokon av skulane dei har sett opp på søknaden sin.

Søkarar med ungdomsrett som søkjer Vg2 og Vg3 blir vidaresøkt til andre skular, eller andre programområde dei er kvalifisert til ut frå det Vg1/Vg2 dei har fullført og bestått.

Alle som blir vidaresøkt til utdanningsprogram/programområde eller skular dei ikkje har sett opp på søknaden sin, får stå på venteliste til alle tilbod dei har søkt.

§ 17.Søkarar til Vg2 og Vg3 som ikkje har bestått i alle fag

Skulen skal jf. forskrift til opplæringslova § 6-37 gjere ei heilskapleg vurdering om søkjaren har naudsynt kompetanse til å følgje opplæringa på neste trinn. Fylkesutdanningssjefen set rammer for kva skulen skal vurdere.

Skulen skal skrive enkeltvedtak til eleven om utfallet av den heilskaplege vurderinga. Dersom eleven ikkje har kompetanse til inntak på neste nivå, må eleven søkje til Fylkesutdanningssjefen om å bli deltidselev, jf. forskrift til opplæringslova § 6-39 på same nivå, eller om å gjere omval, innan 1. juli.

§ 18.Inntak av deltidselevar

Deltidselevar med ungdomsrett stiller bak søkarar med ungdomsrett som søkjer om inntak som fulltidselevar, men før dei som har fullføringsrett, vaksenrett eller ikkje rett. Deltidselevar med ungdomsrett skal takast inn der fylkeskommunen får ledig kapasitet.

Deltidselevar utan rett til vidaregåande opplæring skal vende seg direkte til skulen etter skulestart, og vil fortløpande få tilbod dersom skulen får ledige plassar etter skulestart.

§ 19.Omgjering av fulltidselev til deltidselev

Det blir delegert til skulen ved rektor å gjere enkeltvedtak om omgjering frå fulltidselev til deltidselev.

Tungtvegande årsaker som gir grunnlag for å gjere om ein fulltidselev til deltidselev er sjukdom, omsorgsansvar eller traumatiske hendingar som gjer at eleven ikkje kan delta i opplæringa som fulltidselev.

Det må ligge føre dokumentasjon frå eleven på årsaka før det kan fattast enkeltvedtak om omgjering av status frå full- til deltidselev.

Elevar som har gjort omval kan søkje om å bli omgjort frå full- til deltidselev. Eleven skal søkje til rektor om godkjenning i fag dei har sluttvurdering i frå det utdanningsprogrammet eller programområdet dei har teke før, jf. forskrift til opplæringslova § 1-16.

Fylkesutdanningssjefen gir retningslinjer for omgjering frå full- til deltidselev.

§ 20.Kryssløp på tvers av strukturen

Søkarar som har gått V g1 idrettsfag eller V g1 musikk, dans og drama kan søkje overgang til Vg2 studiespesialisering. Søkjaren må ta fag som manglar som privatist. Søkarar til slike kryssløp stiller bak søkarar som går V g1 studiespesialisering.

Søkarar som går V g1 studiespesialisering og som ønskjer overgang til Vg2 studiespesialisering med ei anna fordjuping utanom hovudkoden, kan søkje om det. Søkjaren må ta fag som manglar som privatist. Søkarar til slike kryssløp stiller bak søkarar som har rett bakgrunn.

Søkarar som får ei skriftleg godkjenning frå ein skule om at dei er kvalifisert til inntak på eit Vg2 med bakgrunn i eit V g1 utan kryssløp i strukturen, kan søkje om det. Søkjaren er i slike tilfelle berre godkjent for inntak til den skulen som har gitt skriftleg godkjenning. Søkjaren må ta fag som manglar som privatist.

Søkarar som ønskjer kryssløp utanom strukturen må sende skriftleg søknad til Fylkesutdanningssjefen innan dei fastsette fristane i forskrift til opplæringslova § 6-8. Søkarar som søkjer slike kryssløp vil stille bak søkarar med rett bakgrunn.

III. Inntak av søkarar med fortrinnsrett og individuell vurdering

§ 21.Inntak av søkarar med fortrinnsrett og individuell vurdering

Inntak av søkarar med fortrinnsrett etter reglane i § 6-15, § 6-17, § 6-18 og § 6-19, § 6-30 til § 6-32, samt inntak etter individuell vurdering etter § 6-22, blir gjennomført i månadsskiftet mars–april.

Elevar som med heimel i § 6-35 søkjer inntak til Vg2 og Vg3 og som har rett til spesialundervisning og manglar karakterar i fleire fag, skal individuelt vurderast ved inntaket dersom dei har planlagt grunnkompetanse som mål for opplæringa.

Søknader som ikkje oppfyller krava til inntak med fortrinnsrett eller individuell vurdering, blir behandla i det ordinære inntaket, sjå § 3 i den lokale forskrifta.

§ 22.Inntak av søkarar med sterkt nedsett funksjonsevne – § 6-17

Dei fylkeskommunale vidaregåande skulane i Møre og Romsdal skal leggje til rette for at elevar med store tilretteleggingsbehov og sterkt nedsett funksjonsevne som blir tekne inn ved skulen, skal få eit individuelt tilpassa opplæringstilbod.

Fylkesutdanningssjefen vurderer på individuelt grunnlag om det er tungtvegande grunnar til å godkjenne søknad om inntak på ein bestemt skule.

Fylkesutdanningssjefen gjennomfører og er ansvarleg for inntaket av søkarar til vidaregåande opplæring.

Dersom det til ein skule er fleire søkarar med fortrinnsrett etter § 6-17 enn det er plassar, vil plassane bli fordelt etter ei individuell vurdering, men slik at søkarar som oppfyller vilkår for inntak til ein bestemt skule bli tekne inn først. Vidare slik at søkarar som er melde inn pr. 1. oktober året før dei søkjer, vil bli tekne inn før søkarar som ikkje er melde inn pr. 1. oktober. Søkarar som har søkt innan fristen 1. februar vil bli prioritert framfor søkarar som har søkt etter fristen.

Søkarar som ikkje får plass ved den skulen vedkomande har som førsteval, vil få tilbod om plass ved ein annan skule som tilbyr eit av dei tre utdanningsprogramma som er ført opp i søknaden.

§ 23.Inntak av elevar som søkjer om utvida tid etter opplæringslova § 3-1, femte ledd

Frist for søknad om utvida rett til vidaregåande opplæring for å kunne få fortrinnsrett i inntaket til neste skuleår, etter forskrift til opplæringslova § 6-19 eller § 6-32, er 1. desember. Dette gjeld elevar som har mål om full kompetanse, og behov for Vg1, Vg2 eller Vg3 over to år.

Elevar som har behov for utvida tid når dei er inne i det siste rettsåret sitt, har søknadsfrist 1. februar.

§ 24.Søkarar som av andre særlege grunnar må behandlast individuelt jf. forskrift til opplæringslova § 6-25 og § 6-38

Søkarar med ungdomsrett som bor i institusjon eller i fosterheim og som barnevernet har ansvaret for vil ha behov for inntak på ein skule i nærleik av bustaden. Dette gjeld også mindreårige som bor i asylmottak. Fylkesutdanningssjefen må ha melding om dette slik at det, så langt som mogleg, blir tatt omsyn til ved inntak til vidaregåande opplæring.

Det same gjeld søkarar med ungdomsrett som pga. alvorleg fysisk eller psykisk sjukdom eller rusavhengighet, er inne i eit planlagd behandlingsopplegg over tid. Også desse søkarane vil ha behov for inntak på ein skule i nærleiken av bustaden. Ved inntaket blir det tatt omsyn til meldinga så langt som råd.

Frist for å søkje inntak etter individuell vurdering etter denne regelen er 1. februar.

IV. Inntak av vaksne

§ 25.Inntak av ungdom etter § 4A-3

Dersom ungdom skal ha tilbod etter opplæringslova § 4A-3, skal Fylkesutdanningssjefen gjere slikt vedtak.

§ 26.Enkeltvedtak om rett, og inntak av vaksne etter opplæringslova § 4A-3

Fylkeskommunen ved dei vidaregåande skulane, vurderer retten til vidaregåande opplæring for vaksne før dei gjer vedtak om realkompetanse og tilbod om opplæring.

§ 27.Tilbod til vaksne utan rett til vidaregåande opplæring

Vaksne utan rett til vidaregåande opplæring vil i den grad det er mogleg, få tilbod om vidaregåande opplæring etter opplæringslova § 4A-3. Vaksne utan rett har ikkje krav på ønska sluttkompetanse.

§ 28.Inntaksrekkefølgja for tilbod etter opplæringslova § 4A-3

Ved inntak til tilbod der det er sett krav til at søkjaren har praksis, vil dei som oppfyller praksiskravet gå framfor dei som ikkje har praksis.

Dersom det er knapt om plassar på eit tilbod vil rangering av plassar gå etter dato for registrering av søknaden hos fylkeskommunen.

V. Formidling

§ 29.Vilkår for formidling til læreplass som lærling eller lærekandidat

Dei vidaregåande skulane i Møre og Romsdal må vurdere om søkjaren fyller vilkåra for formidling jf. reglane i forskrift til opplæringslova kapittel 6, og § 17 i den lokale inntaksforskrifta.

Søkarar som ønskjer formidling som lærekandidat må ha bestått sitt individuelle opplæringsløp mot planlagd grunnkompetanse for å bli formidla til bedrift.

Ved søknad om formidling som lærekandidat må hjelpeinstansen ha forslag til lærebedrift.

§ 30.Behandling av søknadar som kjem etter fristen

Søknadar til opplæringskontrakt, og søknadar til læreplass som kjem etter fristen 1. februar og 1. mars, skal takast omsyn til så langt som råd. Siste frist for å sende inn søknad om opplæringskontrakt er 1. mai.

Søknad om lærekontrakt blir registrert hos fylkeskommunen fram til 15. juni.

Søknadar om læreplass som kjem etter fristen 1. mars vil bli formidla til opplæringskontora, men ikkje til andre bedrifter. Søkjaren må sjølv prøve å skaffe seg bedrift.

Søkjaren kan teikne lærekontrakt kva tid som helst, dersom søkjaren greier å skaffe bedrift sjølv.

§ 31.Anna organisering av opplæringa

Dersom det blir gjort enkeltvedtak om anna organisering av opplæringa

må søkjaren gjerast merksam på at han/ho må konkurrere om skuleplass med sine karakterar, på lik linje med andre søkarar til V g1 eller Vg2.

§ 32.Rett til Vg3 i skule

Søkarar frå Møre og Romsdal som har ungdomsrett vil få tilbod om Vg3 i skule dersom dei ikkje får tilbod om læreplass.

Søkarar utan rett til vidaregåande opplæring kan få tilbod om Vg3 i skule dersom det blir ledig plass.

Møre og Romsdal samarbeider med andre fylke om tilbod om Vg3 i skule.

§ 33.Formidling av vaksne

Møre og Romsdal fylkeskommune formidlar alle vaksne som er folkeregistrert i Møre og Romsdal, og som har rett etter opplæringslova § 4A-3, til opplæring i bedrift.

Vaksne med rett til vidaregåande opplæring eller med fullføringsrett, som er kvalifiserte, kan få tilbod om Vg3 i skule dersom det vert sett i gang tilbod i faget og det er ledig plass.

VI. Felles føresegner

§ 34.Mindre endringar i den lokale forskrifta

Fylkesutdanningssjefen har rett til å gjere mindre endringar i den lokale forskrifta.

Dersom endringa er av slik art at den kan påverke inntaket til den enkelte søkjar, skal endringa behandlast politisk.

§ 35.Ikraftsetjing

Forskrifta tek til å gjelde 1. august 2015.