Forskrift om rett til å føre tilsyn med bygg, område m.m., Ulstein kommune, Møre og Romsdal

DatoFOR-2015-05-28-1003
PublisertII 2015 hefte 3
Ikrafttredelse28.05.2015
Sist endret
Endrer
Gjelder forUlstein kommune, Møre og Romsdal
HjemmelLOV-2002-06-14-20-§13
Kunngjort03.09.2015   kl. 14.55
KorttittelForskrift om rett til å føre tilsyn med bygg, Ulstein

Heimel: Fastsett av Ulstein kommunestyre 28. mai 2015 med heimel i lov 14. juni 2002 nr. 20 om vern mot brann, eksplosjon og ulykker med farleg stoff og brannvesenet sine redningsoppgåver (brann- og eksplosjonsvernlova) § 13 fjerde ledd.

§ 1.Føremål

Den lokale forskrifta skal bidra til å førebygge brann i nærmare bestemte bygg eller område som ikkje omfattast av brann- og eksplosjonsvernlova sine reglar om særskilde brannobjekt.

§ 2.Virkeområde

Den lokale forskrifta gjeld for følgjande bygg og område i Ulstein kommune:

-Omsorgsbustader; bustader som er tilrettelagt av kommunen for pleie- og omsorgsføremål, der bebuarane har behov for assistanse til å evakuere bustaden ved ein brannsituasjon.
-Bygg som vert nytta av fire eller fleire personar med behov for assistert rømming.
-Utleigebustader – både kommunale og privateigde.
-Bustader og bygg som vert brukt til asyl- og flyktningemottak.
-Bygg og campingplasser innanfor områder med særleg fare for brannsmitte. Dette gjeld fortetting av trebygg, campingvogner, bubilar og telt i enkelte område der sikringstiltaka for å unngå spreiing av brann til nærliggande bustadeiningar samtidig står fram som mangelfull.
§ 3.Gjennomføring av tilsynet

Tilsyn med bygg, område som følgjer av § 2 skal verte gjennomført kvart 4. år eller etter eigen særskild risikovurdering av det enkelte objekt eller objektgruppe. Normalt skal tilsyna verte varsla i god tid. Uvarsla tilsyn kan gjennomførast ved behov.

Det skal gjennom tilsynet verte vurdert om der er føremålstenleg å la krava til særskilte brannobjekt i forskrift om brannførebyggande tiltak og tilsyn gjelde heilt eller delvis.

§ 4.Tilsynsmynde

Det lokale tilsynsmynde slik den følgjer av brann- og eksplosjonsvernlova § 32, kan føre tilsyn med bygg, område, m.m. som følgjer av denne forskrifta § 2. Det mynde som er lagt til kommunestyret er normalt delegert til leiar av brannvernet.

§ 5.Sikringstiltak og pålegg

Det lokale tilsynsmynde kan gi pålegg om retting av avvik i høve til gjeldande lovgiving eller gjennomføring av naudsynte sikringstiltak i medhald av brann- og eksplosjonsvernlova § 14 og § 37.

§ 6.Klage

Vedtak gjort av lokalt tilsynsmynde i medhald av denne forskrift kan påklagast etter brann- og eksplosjonsvernlova § 41, andre ledd.

§ 7.Forskrifta trer i kraft

Forskrifta trer i kraft straks.