Forskrift om interkommunal skulekrins for Gjetingsdalen i Kvinnherad og Jondal skule i Jondal, Kvinnherad og Jondal kommuner, Hordaland

DatoFOR-2015-06-17-920
PublisertII 2015 hefte 3
Ikrafttredelse01.08.2015
Sist endret
Endrer
Gjelder forKvinnherad og Jondal kommuner, Hordaland
HjemmelFOR-1998-07-17-§8-1, FOR-1998-07-17-§13-1
Kunngjort30.07.2015   kl. 15.15
KorttittelForskrift om interkommunal skulekrins, Kvinnherad og Jondal

Heimel: Fastsett av jondal kommunestyre 17. juni 2015 med heimel i lov 17. juli 1998 om grunnskolen og den vidaregåande opplæringa (opplæringslova) § 8-1 og § 13-1.

§ 1.Føremål og verkeområde

Jondal kommune og Kvinnherad kommune etablerer felles interkommunal skulekrins for Jondal skule og Gjetingsdalen; for ettertida nemnt som Gjetingsdalen – Jondal skulekrins.

§ 2.Plikter og rettar

Elevar på 1.–10. årssteg frå Gjetingsdalen høyrer frå 1. august 2015 til den nye skulekrinsen og får tilbod om skulegang ved Jondal skule i Jondal kommune.

Jondal skule vert med dette nærskule for desse elevane, jf. opplæringslova § 8-1 første ledd første og andre punktum. Elevar frå Gjetingsdalen får frå same dato oppfylt retten sin til grunnskuleopplæring etter opplæringslova § 2-1 ved Jondal skule.

Søknad om skuleplass ved annan skule i Kvinnherad kommune skal handsamast av kommunen i tråd med kommunale retningslinjer for dette.

§ 3.Iverksetjing

Forskrifta trer i kraft 1. august. 2015.

Frå same dato vert tidlegare kommunestyrevedtak om skulekrins for Gjetingsdalen og Jondal oppheva.

§ 4.Samarbeidsavtale

Det må gjerast ein samarbeidsavtale mellom Jondal og Kvinnherad kommunar. Den skal innehalda fråsegn om:

-Økonomiske forhold inkludert avgjerder om kor lenge avtalen skal vara og konsekvensar ved opphøyr.
-Avtalen må regulera praktiske løysingar knytt til
-skuleskyss
-SFO og leksehjelp
-kulturskule
-sakshandsaming
-spesialundervisning og særskild norskopplæring
-økonomisk kompensasjon til Jondal kommune for å gje elevane frå Kvinnherad kommune eit fagleg godt og forsvarleg tilbod i samsvar med opplæringslova med tilhøyrande forskrifter og avgjerder.

Plikta den einskilde kommune etter opplæringslova har å tilby grunnskuleopplæring til sine innbyggjarar, vil også etter at denne forskrifta er vedteken kvila på kommunen eleven er folkeregisterregistrert.