Forskrift for vatn- og avlaupsgebyr, Hornindal kommune, Sogn og Fjordane

DatoFOR-2015-08-27-1310
PublisertII 2015 hefte 4
Ikrafttredelse01.01.2016
Sist endret
Endrer
Gjelder forHornindal kommune, Sogn og Fjordane
HjemmelLOV-2012-03-16-12-§5, FOR-2004-06-01-931
Kunngjort19.11.2015   kl. 13.30
KorttittelForskrift for vatn- og avlaupsgebyr, Hornindal

Kapitteloversikt:

Heimel: Fastsett av Hornindal kommunestyre 27. august 2015 med heimel i lov 16. mars 2012 nr. 12 om kommunale vass- og avløpsanlegg § 5, og forskrift 1. juni 2004 nr. 931 om begrensning av forurensning (forurensningsforskriften).

I. Generelle føresegner

Abonnentane i kommunen betaler for vatn- og avlaupstenester levert av kommunen. Tilhøvet mellom abonnenten og kommunen er regulert av lover og forskrifter, og av lokale reglement, føresegner og regulativ. Dei viktigaste er lista opp nedanfor.

1.Lov 16. mars 2012 nr. 12 om kommunale vass- og avløpsanlegg.
2.Del 4A. Kommunale vatn- og avlaupsgebyr i forskrift 1. juni 2004 nr. 931 om begrensning av forurensning (forurensningsforskriften).
3.Forskrift 27. august 2015 nr. 1310 om vatn- og avlaupsgebyr, Hornindal kommune (dette dokument).
4.Andre dokument
a.Gjeldande gebyrregulativ for Hornindal kommune.
b.KS standard abonnementsvilkår for vatn og avlaup, administrative og tekniske føresegner.
3.Norsk VA-norm og Felles kommunalteknisk VA-norm for kommunane Hornindal, Eid og Vågsøy.
§ 1.Føremålet med forskrifta

Forskrifta fastlegg utrekningsmåte og innbetaling av gebyr som abonnenten skal betale for vass- og avlaupstenester kommunen leverer. Gebyra vert utrekna etter overordna (statlege) retningslinjer for utrekning av sjølvkost for kommunale betalingstenester. Dette inneber at gebyra skal dekke alle kostnader kommunen har til vatn- og avlaupstenester, utan at dette skal føre til overskot av verksemda.

§ 2.Virkeområdet for forskrifta

Forskrifta gjeld alle abonnentar i kommunen, slik desse er definert i § 3.

§ 3.Definisjonar 

Abonnent:

-Eigar/festar av eigedom som er registrert i grunnboka med eige gards- og bruksnummer, eller eige festenummer eller seksjonsnummer (under felles gards- og bruksnummer) – med eiga sjølvstendig bueining eller sjølvstendig næringseining, som er tilknytt kommunal vass- og/eller avlaupsleidning, direkte eller via felles stikkleidning.
-Festar av eigedom der festeavtalen ikkje er registrert i grunnboka (tinglyst), men der festaren eig bygningane som er plassert på tomta, og brukar festerett slik det går fram av lov om tomtefeste.
-Anna person der det i festeavtale med kort festetid, og til anna bruk enn bustad og fritidsbustad, er avtalt at ein annan enn festaren skal vere abonnent.
-Eigar/festar av eigedom, som kommunen i medhald av plan- og bygningslova § 27-1 og § 27-2, jf. § 20-1, har kravd tilknytt kommunal vass- og/eller avlaupsleidning. 

Bruksareal (BRA) etter NS 3940 (forenkla):

Forenkla omfattar bruksareal:

-Areal innafor dei omslutta veggane i bustaden.
-Del av fellesareal som høyrer til bustaden, men som ligg utanfor dei omslutta veggene i bustaden. 

Bruksendring:

-Med endring i bruken av eigedomen meiner ein her endring mellom ulike kategoriar, som for eksempel bustad, fritidsbustad og næringsverksemd/offentleg verksemd. 

Eining:

-Eining i denne forskrifta er bueining eller næringseining. Bueining er husvære med separat inngang, eitt eller fleire opphaldsrom, og i tillegg eige bad/ WC og kjøkkendel.
-Sokkelhusvære og hyblar i einebustad, som del av ein større bustad under felles gnr. og bnr. vert ikkje rekna som eiga bueining. Seksjonerte bustader der kvar bustad har eige seksjonsnr. blir derimot rekna som sjølvstendige bueiningar.
-Næringseining er sjølvstendig lokale nytta til næringsverksemd, driftsbygning på gardsbruk, eller offentleg verksemd. 

Kombinasjonsbygg:

-Bygg med både bueiningar (bustader) og næringseiningar (næringsverksemd). 

Næringsverksemd:

-Forretningsverksemd, her under også gardsbruk. 

Offentleg verksemd:

-Verksemd som er driven av stat, fylkeskommune eller kommune. 

Privat/felles privat stikkleidning

-Privat leidning, eigd åleine eller i fellesskap av abonnentar som er tilknytt det kommunale leidningsnettet – via stikkleidning. Abonnenten si eigedoms- og vedlikehaldsplikt går til tomtegrense i regulert område, og til 6 m ut frå kommunal leidning (kum) utanfor regulert område. 

Gebyrregulativet:

-Gebyrregulativet er namnet på gjeldande prisoversikt for vatn- og avlaupsgebyr i kommunen. Satsane i gebyrregulativet vert oppdatert årleg gjennom vedtak i kommunestyret. 

Eingongsgebyr for tilknyting:

-Eingongsgebyr (tilknytingsgebyr) for etablering av abonnement for vatn- og avlaupstenester. 

Mellombels tilknyting:

-Med mellombels tilknyting meiner ein bygg/anlegg som har innlagt vatn, men kor bygget/anlegget ikkje er i permanent bruk, og/eller berre er brukt i ein avgrensa periode. Eksempel på dette er anleggsbrakker. Mellombels tilknyting gjeld for inn til eitt år, med høve for å søkje om forlenging. 

Årsgebyr:

-Det samla gebyr som vert betalt årleg av abonnentar for å ha tilgang til vatn og/ eller avlaupstenester i kommunen. Årsgebyret er samansett av abonnentsgebyr og forbruksgebyr. 

Abonnementsgebyr:

-Den faste delen av årsgebyret, som skal dekke dei faste utgiftene til kommunen for vatn- og avlaupstenester. 

Forbruksgebyr:

-Den variable delen av årsgebyret, som vert betalt etter forbruk (målt eller stipulert). 

Stipulert forbruk:

-Stipulert forbruk = forventa forbruk hos abonnent med grunnlag i samla bruksareal for bygningen. 

Tilleggsgebyr:

-Ved kortvarig tilførsel av forureining, som avvik frå normalt hushaldningsavlaup - og som fører til ekstrautgifter for drift av avlaupsleidningar og renseanlegg, kan kommunen krevje dekka av forureinar - i form av ei tilleggsavgift. Tilleggsavgifta skal dekke ekstrakostnadene som kommunen får.

II. Vatn- og avlaupsgebyr

§ 4.Gebyrtypar

Følgjande gebyrtypar gjeld både for vatn- og avlaupstenester:

4.1 Eingongsgebyr for tilknyting
4.2 Årsgebyr (abonnementsgebyr og forbruksgebyr)
4.3 Gebyr for leige av vassmålar.
4.4 Gebyr for mellombels tilknyting.
§ 5.Eingongsgebyr for tilknyting
5.1 Lov om kommunale vatn- og avlaupstenester krev at det vert betalt eingongsgebyr for tilknyting til vatn- og/eller avlaupstenester.
5.2 Eingongsgebyret skal betalast for eigedom der det står bygg, eller ved fyrste gongs oppføring av bygg på eigedom, som vert tilknytt offentleg vatn- og/ eller avlaupsnett. For nærings-, bustad- og landbrukseigedomar – med fleire einingar på same registernummer (gjeld også gardsbruk med bustader og driftsbygningar), skal det betalast berre eitt tilknytingsgebyr, min. T=2. Ved utviding av leveransekapasitet, som krev endra leidningsdimensjon, skal tilknytingsgebyret aukast tilsvarande.
5.3 Storleiken på tilknytingsgebyret vert fastsett i høve til dimensjon på inntaksleidning: Abonnentar som bustad- og fritidseigedomar skal betale normal sats: T=1. For andre eigedomar vert tilknytingsgebyret fastsett etter dimensjon på inntaksleidning slik:
-Mindre eller lik 40 mm inntak: T=2
-41–110 mm inntak: T=4
-Over 110 mm inntak: T=8
5.4 Satsane for tilknyting T vert vedteke årleg av kommunestyret (i gebyrregulativet).
5.5 For avlaupsanlegg utanfor tettbygd strøk skal det i tillegg til tilknytingsgebyret betalast ein refusjon per bruk, fastlagt av kommunestyret.
5.6 Driftsbygningar

Driftsbygningar kan berre unntaksvis knytast til kommunal avlaupsleidning, og i dei tilfelle dette skjer skal driftsbygningen også vere knytt til kommunal vassforsyning. Tilknytingsavgifta for avlaup vert den same som for vatn, og sett til T = 2. Det skal installerast vassmålar.

5.7 Tilknytingsgebyret vert fakturert etter at løyve//pålegg er gjeve, og forfell til betaling etter 30 dagar.
§ 6.Årsgebyr

Årsgebyr for både vatn- og avlaupstenester skal betalast av alle abonnentar.

Samla abonnementsgebyr for kommunale vasstenester skal dekke forventa faste årsutgifter knytt til slike tenester i kommunen. Resten vert dekt gjennom forbruksgebyret.

Samla abonnementsgebyr for kommunale avlaupstenester skal dekke forventa faste årsutgifter knytt til denne tenesta. Resten vert dekt gjennom forbruksgebyret.

Det skal betalast årsgebyr frå og med månaden etter at eigedomen er knytt til kommunalt leidningsnett.

Ved utrekning av årsgebyr for vatn og avlaup, skal driftskostnadene fordelast internt med 40 % på abonnementsgebyret (fast kostnad), og 60 % på forbruksgebyret (variabel kostnad).

Storleiken på abonnementsgebyr og forbruksgebyr vert fastsett årleg av kommunestyret ved handsaming av gebyrregulativet.

6.1 Abonnementsgebyr

Lov om kommunale vatn- og avlaupstenester krev at det vert betalt eingongsgebyr for tilknyting til vatn- og/eller avlaupstenester.

Abonnementsgebyr vert differensiert etter brukarkategori. Abonnementsgebyret for bustad gjeld for bustad- og fritidshus, og skal betalast pr. eining jf. einingsdefinisjon i § 3. For einebustad med inntil ei ekstra eining skal det berre betalast eitt abonnementsgebyr. Gebyrstorleik N = 1 (normalsats).

Abonnementsgebyr for næring skal betalast for burettslag, næringseigedomar, offentlege verksemder, kombinasjonsbygg og driftsbygningar (gardsbruk). Gebyret vert fastsett på grunnlag av dimensjon på inntaksleidning slik det går fram av tabellen under:

Dimensjon på inntaksleidning
mm
Gebyrstorleik
N x normalsats
< 41N = 2
41–110N = 4
> 110N = 8

For nærings-, bustad- og landbrukseigedomar – med fleire einingar på same registernummer (gjeld også gardsbruk med bustader og driftsbygningar), skal det betalast berre eitt abonnementsgebyr, min. N=4.

6.2 Forbruksgebyr

Med unnatak av det som går fram av § 8 skal avlaupsmengda frå ein abonnent reknast lik vassmengda. Næringseigedomar og offentlege verksemder skal betale forbruksgebyr basert på faktisk (målt) vassforbruk og pris pr. m³ . Forbruket blir målt med installert vassmålar.

Fritids-/hytteabonnentar betaler enten etter faktisk vassforbruk og pris pr. m³ , eller etter stipulert forbruk basert på bygningen sitt samla bruksareal (NS 3940) og pris pr. m³ .

For bustader er stipulert forbruk sett til 1,4 m³ /m² . For fritidsbustader er stipulert forbruk sett til 0,35 m³ /m² .

Følgjande bruksareal (BRA) og vassforbruk skal leggast til grunn for stipulert forbruk (avrunda).

BruksarealGrunnlag for utrekningStipulert forbruk i m³
m 2 BustadhusFritidshus
< 1007010025
100–30014520050
> 30020028070

Andre abonnentar betaler etter faktisk (målt) vassforbruk og pris pr. m³ , evt. etter stipulert forbruk basert på utrekning av bruksareal i samsvar med NS 3949 og pris pr. m³ . Omregningsfaktor for stipulert forbruk (m³ /m² ) er definert i gebyrregulativet.

For nærings-, bustad- og landbrukseigedomar – med fleire einingar på same registernummer (gjeld også gardsbruk med bustader og driftsbygningar), skal det betalast forbruksgebyr etter målt forbruk (samla for alle bygningane). Alternativt kan det betalast etter målar for næringsbygningar (gjeld også driftsbygningar), og etter stipulert forbruk for bustad.

Om forskrifta ikkje krev installering av vassmålar, kan både kommunen og abonnenten krevje at forbruksgebyret blir fastsett ut frå målt forbruk.

Driftsbygning:

Landbrukseigedom der driftsbygning vert knytt til kommunal vassforsyning kan ha både kommunal og privat vassforsyning. Eigar kan velje om driftsbygning skal forsynast frå den kommunale eller den private vasskjelda. Eigar kan òg velje om deler av driftsbygningen skal forsynast med kommunal vassforsyning.

Forbruk frå kommunal vassforsyning skal betalast etter målt vassforbruk, og vassmålar skal plasserast slik at alt vatn frå kommunalt vassverk vert målt. Tilknyting til kommunal vassforsyning skal skje slik at vatn frå privat vassforsyning ikkje kan kome inn på kommunalt leidningsanlegg, dvs bruk av tilbakeslagsventil eller tilsvarande. Kommunen skal godkjenne tilknytinga.

Dersom det over eitt år ikkje er målt forbruk i driftsbygning, vert eigar berre fakturert for abonnementsgebyr og målarleige.

§ 7.Leige av vassmålar

For installasjon, bruk og leige av vassmålar gjeld vedtektene i kommunen.

Kostnadene med installasjon, drift, avlesing av vassmålar m.m. skal betalast av abonnenten. Pris for leige av vassmålar går fram av gebyrregulativet.

§ 8.Avvik i årsgebyret

Dersom avlaupsmengda frå ein abonnent er vesentleg større eller mindre enn det målte vassforbruket, kan forbruksgebyret for avlaup bli basert på målt eller stipulert/utrekna avlaupsmengd (utslepp).

For næringsverksemder og offentlege verksemder med avlaupsvatn som skil seg ut frå vanleg hushaldningsavlaup, kan ein rekne ut eit påslag/frådrag i forbruksgebyret for avlaupet basert på forventa ekstrautgifter/innsparingar.

Restriksjonar for vassforbruk eller kortare avbrot i vassforsyninga, eller i mottak av avlaupsvatn, gjev ikkje grunnlag for reduksjon i gebyra.

§ 9.Plikt for tilknyting
9.1 Ved framlegging av kommunal VA-leidning har eksisterande busetnad/eigedomar plikt til tilkopling til kommunalt nett i samsvar med krav i plan- og bygningslova. Dersom kostnadene for slik tilknyting vert urimeleg store kan kommunen fråfalle tilknytingsplikta.
9.2 Tilknytingsplikta gjeld alle bustader, fritidsbustader og næringsverksemder i avstand:
-inntil 150 m frå kommunal hovudleidning for enkelthus/enkeltverksemd
-inntil 500 m frå kommunal hovudleidning for husklynger (dvs. for 2 eller fleire hus)

Ved søknad om fritak grunna «uforholdsmessig store kostnader» skal det leggjast fram dokumentasjon frå liknande konkurransetilbod.

9.3 Særskilt om fritak for tilknyting til kommunalt VA-nett:

Eigarar/festarar av bygningar som frå før har hygienisk trygg vassforsyning – med tilstrekkeleg kapasitet, kan søkje om utsett tilknyting til kommunalt vassforsyningsanlegg i inntil 10 år etter at det private anlegget er teke i bruk.

Føresetnaden for utsetjinga er at det vert lagt fram dokumentasjon på anlegget sin kapasitet og kvalitet gjennom eitt år, samt dokumentasjon på investeringskostnadene. (Vassprøvene skal vise årstidsvariasjonar fordelt med minst ei prøve for kvar årstid).

Tilsvarande gjeld for private avlaupsanlegg når anlegget tilfredsstiller dei til ei kvar tid gjeldande utsleppskrav. Dersom anlegget ikkje oppfyller desse krava vil abonnenten bli tilplikta det kommunale avlaupsnettet – sjølv om det ikkje har gått 10 år.

Alle søknader om utsett tilknyting til kommunalt VA-nett vert handsama individuelt.

§ 10.Mellombels tilknyting
10.1 Eigar/festar av eigedomen skal betale abonnentsgebyr og forbruksgebyr etter gjeldande reglar for næringsverksemd, med avrekning i samsvar med den tida tilknytinga er operativ.
10.2 Det skal ikkje betalast eingongsgebyr for tilknyting, men alle kostnader med tilknytinga og fråkoplinga vert belasta eigar/festar av eigedomen.
§ 11.Pålegg om utbetring
11.1 Kommunen kan gje abonnenten pålegg om utbetring av eigne avlaupsanlegg innan gjeven frist, jf. forureiningslova § 7. Etter forureiningslova § 73 kan det gjevast forureiningsgebyr om forholdet ikkje er utbetra ein nærare fastsett frist. Om den ansvarlege ikkje etterkjem pålegget, kan kommunen syte for iverksetjing av tiltak, jf. forureiningslova § 74.
11.2 Ved unormalt høgt forbruk på nettet som skuldast feil eller lekkasje på privat leidning, kan kommunen krevje feilen reparert straks, eller kommunen syter for at feilen vert reparert på vedkomande si rekning.
§ 12.Innbetaling av gebyr

Abonnenten er ansvarleg for betaling av gebyra.

Kommunen sender faktura for tilknytingsgebyr til abonnenten samstundes med igongsetjingsløyve (byggeløyve), eller når eksisterande bygg vert tilknytt kommunal leidning. Eingongsgebyret skal innbetalast i samsvar med pkt. 5.5.

Abonnentsgebyr og forbruksgebyr vert kravd inn på felles faktura, og kan bli fordelt over fleire terminar pr. år.

Gebyr for mellombels tilknyting og tilleggsgebyr vert fakturert særskilt.

Avlesing av målt vassforbruk vert gjort ein gong i året. Forbruksgebyret vert fakturert med a-konto beløp fordelt på 2 terminar – basert på forbruket året før. Avrekning skjer i hovudsak på 1. termin (faktura) året etter.

Dersom vassforbruket til abonnenten har endra seg vesentleg frå siste målaravlesing, kan kommunen endre a-kontobeløpet. Abonnenten skal varslast før slik endring skjer.

Etter søknad kan kommunen gje fritak for årsgebyr når gebyrpliktig eigedom fysisk vert kopla frå kommunen sitt leidningsnett. Ved godkjend søknad om fritak, opphøyrer abonnementet når melding om plombert anboringspunkt er motteke. Ny tilknyting av eigedomen krev ikkje ny betaling av eingongsgebyr, men kostnader med fråkopling og ny tilkopling skal dekkast fullt ut av abonnenten. Arbeidet skal utførast etter tilvising frå kommunen.

III. Avsluttande føresegner

§ 13.Innkrevjing av gebyr

Forfalle krav på årsgebyr er sikra med lovbestemt pant i fast eigedom etter lov om pant § 6-1. Både årsgebyr og tilknytingsgebyr er tvangsgrunnlag for utlegg, jf. tvangsfullbyrdelseslova kap. 7. Gebyra vert kravd inn av kommunen etter reglar for innkrevjing av skatt.

§ 14.Vedtaksmakt

Vedtak etter denne forskrifta vert fatta av administrasjonssjefen eller den han delegerer vedtaksmyndet til.

§ 15.Klage

Avgjerd etter denne forskrifta er enkeltvedtak, og kan påklagast etter reglane i forvaltingslova. Klaga skal vere skriftleg og sendast til den instans som har fatta vedtaket. Klageinstans er det organ som kommunen har oppretta i medhald av kommunelova.

Følgjande er ikkje gjenstand for klage:

-Arealutrekning i medhald av dette reglementet
-Utskriving av gebyr i medhald av gebyrsatsane for vatn og avlaup.

Fakturert gebyr må betalast fullt ut inntil klaga er handsama.

Vedtak om gebyra sin storleik er forskrift, og vert vedteke av kommunestyret, jf. kap VII i forvaltingslova.

§ 16.Iverksetjing

Forskrifta trer i kraft frå 1. januar 2016. Samtidig vert forskrift 15. desember 20051 om vass- og avløpsgebyr for Hornindal kommune, Sogn og Fjordane oppheva.

1Ikkje kunngjort i Norsk Lovtidend.