Føresegn om gebyr for handsaming av søknader om løyve til handel med fyrverkeri, Kvam herad, Hordaland

DatoFOR-2015-10-06-1269
PublisertII 2015 hefte 4
Ikrafttredelse06.10.2015
Sist endret
Endrer
Gjelder forKvam herad, Hordaland
HjemmelFOR-2002-06-26-922-§9-2, LOV-2002-06-14-20
Kunngjort12.11.2015   kl. 14.30
KorttittelFøresegn om gebyr for handel med fyrverkeri, Kvam

Heimel: Fastsett av Kvam heradsstyre 6. oktober 2015 med heimel i forskrift 26. juni 2002 nr. 922 om håndtering av eksplosjonfarlig stoff § 9-2, jf. lov 14. juni 2002 nr. 20 om vern mot brann, eksplosjon og ulykker med farlig stoff og om brannvesenets redningsoppgaver (brann- og eksplosjonsvernloven).

§ 1.Føremål

Føresegna om gebyr for handel med fyrverkeri skal syta for at heradet får dekka faktiske kostnader for handsaming av søknader om løyve til handel og gjennomføring av tilsyn med denne handelen.

§ 2.Verknadsområde

Føresegna gjeld for Kvam herad og gjeld for all sakshandsaming i samband med søknader om handel med fyrverkeri i klasse II, III og IV og for tilhøyrande tilsyn.

§ 3.Gebyr

Gebyrsatsane vert vedtekne av Kvam heradsstyre i samband med årleg budsjetthandsaming.

Det vert fastsett gebyr for:

-Handsaming av fyrstegongs-søknad eller fornya søknad om løyve med vesentlege endringar inkludert gjennomføring av tilsyn
-Handsaming av søknad om fornya løyve inkludert gjennomføring av tilsyn
-Ekstra kontroll ved avvik
-Endring av søknad eller løyve.
§ 4.Betaling

Gebyr for sakshandsaming og tilsyn skal betalast innan forfall. Ved manglande betalinga vert løyve til handel med fyrverkeri trekt attende.

§ 5.Iverksetjing

Denne føresegna vert gjort gjeldande frå 6. oktober 2015.