Forskrift om gebyrregulativ for private plansaker, Eid kommune, Sogn og Fjordane

DatoFOR-2015-11-12-1381
PublisertII 2015 hefte 4
Ikrafttredelse01.01.2016
Sist endret
EndrerFOR-2013-10-24-1697
Gjelder forEid kommune, Sogn og Fjordane
HjemmelLOV-2008-06-27-71-§33-1
Kunngjort03.12.2015   kl. 14.40
KorttittelForskrift om gebyrregulativ for private plansaker, Eid

Heimel: Fastsett av Eid kommunestyre 12. november 2015 med heimel i lov 27. juni 2008 nr. 71 om planlegging og byggesaksbehandling (plan- og bygningsloven) § 33-1.

§ 1.Generelt

Dei som får utført offentlege tenester etter plan- og bygningslova (pbl.) kapittel 12 skal betale gebyr til kommunen i høve reglane i dette gebyrregulativet, jf. pbl. § 33-1. Forskrifta skal sikre ei lik handtering av Eid kommune sine gebyr og betalingssatsar.

Ordinær sakshandsaming er dekka av grunngebyr, arealgebyr og andre gebyr (§ 2–§ 4). Ekstraordinær sakshandsaming og arbeid med framstilling av private reguleringsplanar er dekka av gebyr for arbeid etter medgått tid (§ 5).

Gebyr skal betalast etter gjeldande satsar på det tidspunkt fakturering skal skje etter § 2, § 3, § 4 og § 5. Gjeldande satsar er å finne i Eid kommune sine gebyr og betalingssatsar, som vert rullert årleg. Gebyret vert kravd av privat forslagsstillar med mindre anna følgjer av søknad eller førehandskonferanse.

§ 2.Grunngebyr

Det skal betalast grunngebyr ved oppstart av planarbeid – både ved ny reguleringsplan og ved endring eller mindre endring av reguleringsplan.

Grunngebyret skal betalast sjølv om:

-privat forslagsstillar avbryter plansaka ved å trekke tilbake planforslaget før politisk handsaming for offentleg ettersyn.
-saka vert avslutta som følgje av manglande oppfølging av saka frå forslagsstillar.
-forslag til reguleringsplan vert avvist, jf. pbl. § 12-11.

Ved ny reguleringsplan eller endring av reguleringsplan skal grunngebyret fakturerast ved varsel om oppstart. Gebyret må vere betalt før saka vert lagt fram til politisk handsaming for offentleg ettersyn.

Ved mindre endring av reguleringsplan skal grunngebyret fakturerast ved søknad om endring. Gebyret må vere betalt før saka vert teke opp til politisk eller administrativ handsaming for vedtak. Dersom saka endrar seg frå mindre til ordinær endring vil det ikkje bli kravd inn nytt grunngebyr i samband med endring av reguleringsplan.

§ 3.Arealgebyr

I tillegg til grunngebyret skal det betalast eit arealgebyr for det samla arealet som er omfatta av forslag til reguleringsplan. Arealgebyr vert fakturert for regulert areal inntil 5000 m² med ein sats, med eit tillegg per påbegynt dekar utover 5000 m² .

Arealgebyret skal likevel ikkje overstige tre gangar arealgebyret som vert fakturert for regulert areal inntil 5000 m² . Dette er maksimal sats for arealgebyr.

Arealgebyr skal ikkje betalast:

-ved mindre endring av reguleringsplan.
-dersom det berre er føresegnene som skal endrast i ein reguleringsplan.
-dersom forslag til reguleringsplan vert avvist, jf. pbl. § 12-11.

Etter særskilt vurdering kan arealgebyret reduserast på følgjande grunnlag:

-Arealformål knytt til allmenne interesser kan trekkast frå i utrekningsgrunnlaget.
-Arealformål i område som er tatt med i planområdet av omsyn til samfunnstryggleik eller andre offentlege interesser kan trekkast frå i utrekningsgrunnlaget.
-Arealformål med låg utnyttingsgrad kan redusere arealgebyret ned til 25 % av opphavleg arealgebyr. T.d. landbruk- natur og friluftslivsområde med høve til spreidd utbygging.

Ved ny reguleringsplan eller endring av reguleringsplan eldre enn 4 år skal arealgebyr fakturerast ved offentleg ettersyn. Gebyret må vere betalt før saka vert lagt fram til politisk handsaming for vedtak.

Ved endring av reguleringsplan nyare enn 4 år skal berre 50 % av arealgebyret fakturerast. Arealgebyret skal fakturerast ved offentleg ettersyn. Gebyret må vere betalt før saka vert lagt fram til politisk handsaming for vedtak.

§ 4.Andre gebyr

Ved reguleringsplan som utløyser krav om planprogram skal det i tillegg til grunngebyret betalast eit gebyr tilsvarande 100 % av grunngebyret. Dette gebyret skal fakturerast ved varsel om oppstart. Gebyret må vere betalt før saka vert lagt fram til politisk handsaming for offentleg ettersyn av forslag til reguleringsplan.

Ved reguleringsplan som utløyser krav om konsekvensutgreiing skal det i tillegg til grunngebyret betalast eit gebyr tilsvarande 100 % av grunngebyret. Dette gebyret skal fakturerast ved offentleg ettersyn. Gebyret må vere betalt før saka vert lagt fram til politisk handsaming for vedtak.

Ved endring av reguleringsplan som berre omfattar føresegnene skal det i tillegg til grunngebyret betalast eit gebyr tilsvarande 50 % av grunngebyret. Dette gebyret skal fakturerast ved offentleg ettersyn. Gebyret må vere betalt før saka vert lagt fram til politisk handsaming for vedtak.

§ 5.Gebyr for Arbeid etter medgått tid

Det skal betalast gebyr for tilleggsarbeid med framstilling av private reguleringsplanar og handsaming av private reguleringsplanar med manglar i innhald og utforming. For dette arbeidet skal betalast gebyr etter medgått tid.

Gebyr for arbeid etter medgått tid vert fakturert fortløpande saman med grunngebyr og arealgebyr. Gebyret må vere betalt før saka vert lagt fram til politisk handsaming, tilsvarande grunngebyr eller arealgebyr.

§ 6.Utgreiingar

Forslagsstillar må sjølv koste utgreiingar i samband med reguleringsplan, t.d. konsekvensutgreiing, risiko- og sårbarheitsanalyse, arkeologiske registreringar og geologiske undersøkingar, med meir.

§ 7.Klage på gebyr

Gebyrregulativet reknast som forskrift og kan ikkje påklagast.

§ 8.Urimeleg gebyr

Det kan søkast om reduksjon av gebyr. Gebyret kan setjast ned når særlege grunnar ligg føre. Personlege/sosiale tilhøve blir ikkje rekna som særleg grunn.

Søknad om nedsett gebyr utset ikkje betalingsfristen.

§ 9.Ikraftsetting

Forskrifta trer i kraft 1. januar 2016. Frå same tid blir forskrift 24. oktober 2013 nr. 1697 om gebyrregulativ for private plansaker, Eid kommune, Sogn og Fjordane oppheva.