Forskrift om gebyrregulativ for sakshandsaming etter plan- og bygningslova og lov om eigarseksjoner, Eid kommune, Sogn og Fjordane

DatoFOR-2015-11-12-1481
PublisertII 2015 hefte 5
Ikrafttredelse01.01.2016
Sist endret
EndrerFOR-2013-10-24-1698
Gjelder forEid kommune, Sogn og Fjordane
HjemmelLOV-2008-06-27-71-§33-1, LOV-1997-05-23-31-§7
Kunngjort17.12.2015   kl. 15.10
KorttittelForskrift om gebyrregulativ for plb. mv., Eid

Heimel: Fastsett av Eid kommunestyre 12. november 2015 med heimel i lov 27. juni 2008 nr. 71 om planlegging og byggesaksbehandling (plan- og bygningsloven § 33-1 og lov 23. mai 1997 nr. 31 om eierseksjoner (eierseksjonsloven) § 7.

§ 1.Føremål

Dei som får utført offentlege tenester etter plan- og bygningslova og lov om eigarseksjonering skal betale gebyr til kommunen i høve reglane i dette regulativ, jf. pbl. § 33-1. Forskrifta skal sikre ei lik handtering av det årlege vedtatte gebyrregulativet.

Regulativet er basert på det faktiske sakshandsamingsarbeidet for dei ulike sakstypane, avhengig av tiltaksklasse. Der det er vist til areal, er det meint bruksareal (BRA) på bygningane.

§ 2.Gebyret inneheld

Ordinære gebyr inneheld følgjande: Fyrste førehandskonferanse, rettleiing, sakshandsaming for søknadar (eit-trinnssøknad, rammesøknad og igangsettings-søknadar) og søknad om ferdigattest.

For søknadar om endring, tilleggssøknadar eller anna ekstra arbeid vert det krevd tilleggsgebyr i henhald til gebyrregulativet. I tillegg kjem gebyr for handsaming av eventuelle dispensasjonar.

§ 3.Betalingsplikt

Gebyret vert kravd av tiltakshavar med mindre anna følgjer av søknad.

§ 4.Avrekningstidspunkt

Gebyret vert utrekna i høve til det regulativ som gjeld når fullstendig søknad er komen til kommunen.

§ 5.Kombinerte bygg

Har bygningen fleire funksjonar, vert gebyret rekna etter høgste gebyrklasse.

§ 6.Midlertidige bygningar

Ved midlertidige bygningar plassert lengre tid enn 2 månader, skal det betalast fullt gebyr, jf. pbl. § 20-5 tredje ledd.

§ 7.Tiltak som kjem inn under fleire tiltaksklasser

Ved tiltak som kjem i fleire tiltaksklasser vert gebyret rekna etter høgste tiltaksklasse.

§ 8.Anna arbeid

For arbeid der det ikkje er faste gebyr, skal gebyr fakturerast etter medgått tid.

§ 9.Utvida kontroll

Kommunen kan engasjere særskilt organ til kontroll av: prosjektering, utføring eller kontroll av statiske utrekningar, ventilasjonsanlegg, branndokumentasjon, tilfluktsrom, heis m.m. Slik kontroll må tiltakshavar betale direkte til utførande etter medgåtte utgifter. Desse utgiftene kjem i tillegg til dei vedtekne satsane for kommunale gebyr etter plan- og bygningslova.

§ 10.Meirverdiavgift

Det skal ikkje betalast meirverdiavgift på gebyr med unntak av gebyr etter medgått tid.

§ 11.Betalingstidspunkt:

Når vedtak i samband med søknad er gjeve, vert gebyr fakturert. Ved vedtak om rammeløyve, vert fullt gebyr fakturert.

Gebyr forfell til betaling etter 30 dagar frå faktureringsdato, og vert purra på vanleg måte.

§ 12.Søknader som er ufullstendige, blir trekt eller blir returnert:

For byggesøknader som blir returnert ubehandla som følgje av manglande dokumentasjon blir det ikkje fastsett gebyr.

Ved mangelfulle søknadar i frå ansvarleg søkjer kan mangelsbrev fakturerast frå kr 500 kr. Det kan elles fakturerast etter medgått tid.

Der rammeløyve ikkje blir fulgt opp med søknad om igangsetjingsløyve eller løyve fell bort i samsvar med plan- og bygningslova § 21-9, blir gebyret ikkje refundert.

§ 13.Fornying av byggjeløyve

Fornying av byggjeløyve vert rekna som ny søknad, jf. pbl. § 21-9.

§ 14.Avslag

Ved avslag på søknad etter plan- og bygningslova § 20-1 og § 20-2 skal det betalast 50 % av ordinært gebyr.

Gebyr for handsaming av dispensasjonssøknader blir fakturert uavhengig av avslag eller godkjenning, jf. pbl. kap. 19.

§ 15.Ulovlege tiltak, og saker med pålegg om sikring

For saksbehandling av ulovleg igangsette eller utførte tiltak, skal det i tillegg til ordinært saksbehandlingsgebyr ved påfølgjande søknad om løyve, betalast gebyr for ekstra medgått tid som ulovlegheita har medført, etter gjeldande timesats i gebyrregulativet.

Kommunen kan krevje dekning for eventuelle kostnader til sakkunnig bistand.

I tillegg vil det kunne bli fakturert overtredelsesgebyr etter reglane i pbl. § 32-8, jf. byggesaksforskrift 26. mars 2010 nr. 488 (SAK 10) kap. 16.

Der det blir gitt pålegg om sikring på grunn av manglande vedlikehald, blir det rekna eit gebyr for arbeid utført av kommunen knytt til forholdet. Gebyr fastsett etter medgått tid etter gjeldande timesats i gebyrregulativet.

§ 16.Urimeleg gebyr

Dersom gebyret vert urimeleg i høve til det arbeid og dei kostnadane byggesaksavdelinga har hatt med saka eller er openbart urimeleg av andre grunnar, kan kommunen fastsette eit passande gebyr. Personlege/sosiale forhold blir ikkje å sjå på som særleg grunn.

Søknad om nedsetjing av gebyr utset ikkje betalingsfristen.

§ 17.Klageadgang

Det kan ikkje klagast på fastsetting av gebyr i den einskilde sak.

Det kan søkjast om nedsetting av gebyr. Kommunal avgjerd i søknad om reduksjon av gebyr, kan klagast på etter reglane i forvaltningslova.

§ 18.Endringar i gebyret

Gebyrsatsane for handsaming av byggesaker m.m. skal regulerast ved kvart årsskifte etter vedtak av kommunestyret.

§ 19.Ikraftsetting

Forskrifta trer i kraft 1. januar 2016 og erstattar forskrift 24. oktober 2013 nr. 1698 om gebyrregulativ for sakshandsaming etter plan- og bygningslova og lov om eierseksjoner, Eid kommune, Sogn og Fjordane.