Forskrift om inntak til vidaregåande opplæring og formidling til læreplass i Hordaland fylkeskommune

DatoFOR-2015-12-08-1919
PublisertII 2016 hefte 3
Ikrafttredelse01.01.2016
Sist endret
EndrerFOR-2014-10-14-1923, FOR-2014-12-10-1924
Gjelder forHordaland
HjemmelFOR-2006-06-23-724-§6-2, FOR-2006-06-23-724-§6a-2, LOV-1998-07-17-61
Kunngjort01.09.2016   kl. 14.20
Rettet07.09.2016
KorttittelForskrift om vidaregåande opplæring, Hordaland

Kapitteloversikt:

Heimel: Fastsett av Hordaland fylkesting 8. desember 2015 med heimel i forskrift 23. juni 2006 nr. 724 til opplæringslova § 6-2 og § 6A-2, jf. lov 17. juli 1998 nr. 61 om grunnskolen og den vidaregåande opplæringa (opplæringslova).

Kapittel 1. Inntak

§ 1.Formål og virkeområde
(1) Inntak til vidaregåande opplæring er generelt regulert ved lov 17. juli 1998 nr. 61 om grunnskolen og den vidaregåande opplæringa (opplæringslova) § 3-1, forskrift 23. juni 2006 nr. 724 til opplæringslova, kap. 6 og kap. 6A. Denne forskrifta gjeld alt inntak til offentlege vidaregåande skular, samt formidling av lærlingar og lærekandidatar i Hordaland fylkeskommune.
§ 2.Regionalt/karakterbestemt inntak
(1) I Hordaland fylkeskommune er det kapasitetsstyrt fritt skuleval. Dette inneber at ein søkjar står fritt til å søkje seg inn på skular i heile Hordaland uavhengig av bustad.
(2) Fylkesrådmannen kan kjøpe skuleplassar i andre fylkeskommunar eller gje gjesteelevgaranti til andre fylkeskommunar for søkjarar til tilbod som ikkje finst i eige fylke.
(3) Søkjarar busette i enkelte grenseområde med andre fylke, vert behandla i høve til eigne avtalar mellom fylkeskommunane.
(4) Fylkesrådmannen kan gje gjesteelevgaranti for søkjarar til andre fylkeskommunar etter ei individuell vurdering dersom det er tungtvegande grunnar for dette. I særskilte høve kan fylkesrådmannen søkje om å kjøpe elevplass i andre fylkeskommunar.
§ 3.Inntak til Vg1
(1) Søkjar må prioritere tre utdanningsprogram ved innsøking til Vg1. Innanfor kvart utdanningsprogram kan det prioriterast inntil seks skular.
(2) Inntaket vert gjort på bakgrunn av poengsum (karakterpoeng) basert på karakterar frå grunnskulen.
(3) Dersom søkjar ikkje har nok karakterpoeng til å kome inn på nokon av ønskja sine, vil søkjar få tilbod om plass ved andre skular som tilbyr dei prioriterte programma ved siste inntaksomgang før skulestart.
(4) Søkjar som ikkje fører opp tre ulike utdanningsprogram, kan bli plassert på andre skular med ledig kapasitet ved siste inntaksomgang før skulestart.
(5) Etter at fulltidselevar er tatt inn til vidaregåande opplæring, kan fylkesrådmannen ta inn deltidselevar.
§ 4.Inntak til Vg2 og Vg3
(1) Søkjar kan prioritere inntil tre programområde som han/ho er kvalifisert til ved innsøking til Vg2 eller Vg3. Innanfor kvart programområde kan det prioriterast inntil seks skular.
(2) Inntaket vert gjort på bakgrunn av karakterpoeng for kompetansegjevande kurs. Ved innsøking til Vg2 vert karakterar frå V g1 lagt til grunn, og ved innsøking til Vg3 vert karakterar frå Vg2 lagt til grunn.
(3) Dersom søkjar ikkje har tilstrekkelege karakterpoeng til å kome inn på prioriterte programområde og skular, vil søkjar bli vurdert til andre programområde som ho/han er kvalifisert til, men som ikkje er prioritert i søknaden.
§ 5.Inntak til Vg3 studiespesialiserande programområde
(1) Søkjar til Vg3 studiespesialiserande programområde har rett til å halde fram på same skule der Vg2 er fullført dersom han/ho har kompetanse frå Vg2 og har søkt som fulltidselev etter inntaksforskrifta. Føresetnaden er at det vert søkt om inntak påfølgjande år, og at den skulen der han/ho har fullført Vg2 på er første prioritet.
§ 6.Inntak til V g1 musikk, dans/drama
(1) Inntil 50 % av søkjarane kan takast inn på grunnlag av ei ferdigheitsprøve (inntaksprøve) i tillegg til karakterpoeng.
(2) Det er berre søkjarar som har sett opp V g1 musikk, dans/drama som sitt første ønskje, som kan framstille seg til ferdigheitsprøve.
§ 7.Inntak til V g1 idrettsfag
(1) Inntil 50 % av søkjarane som har Idrettsfag som ønskje 1, kan takast inn på grunnlag av dokumenterte ferdigheiter (idrettslege kriterier) i tillegg til karakterpoeng.
(2) Søkjarar som ønskjer tilleggspoeng, må sende inn dokumentasjon frå særkrets som stadfestar forholdet. Dokumentasjon skal sendast skulen dei har som 1. skuleønskje.
§ 8.Inntak til landslinjer og landsdekkande tilbod
(1) Søkjarane til landslinjer og landsdekkande tilbod skal registrere søknaden i heimfylket. Søkjarar frå heile landet konkurrerer likt ved inntak til landslinjer og landsdekkande tilbod. Inntaket skjer på grunnlag av karakterpoeng frå kompetansegjevande Vg1/Vg2.
§ 9.Inntak av elevar med rett til spesialundervisning og som har sterkt nedsett fysisk eller psykisk funksjonsevne
(1) Fylkesrådmannen avgjer om det ligg føre tungtvegande grunnar for at ein søkjar som oppfyller vilkåra i forskrift til opplæringslova § 6-17, bør takast inn til ein bestemt skule, sjølv om søkjaren ikkje har tilstrekkelege karakterpoeng til å kome inn på skulen.
(2) Søkjaren har ikkje rett til inntak på ein bestemt skule.
§ 10.Utvekslingselevar som søkjer seg inn til Vg3
(1) Søkjar med opplæringsrett som er elev ved ein skule i utlandet, vert prioritert etter søkjarar som har fullført og bestått Vg2 som fulltidselev ved den prioriterte skulen.
(2) Dersom det melder seg fleire søkjarar enn det er elevplassar, skal elevplassane fordelast etter poengsum utrekna på grunnlag av karakterpoeng frå Vg1.
§ 11.Endre status frå å vere fulltidselev til deltidselev
(1) Fylkesrådmannen avgjer om ein søknad frå ein fulltidselev om å bli deltidselev skal innvilgast. Søknad kan berre innvilgast når det ligg føre dokumenterte tungtvegande grunnar.
§ 12.Inntak av deltidselevar til Vg2/Vg3
(1) Elevar som ikkje oppfyller vilkåra i § 6-28 eller § 6-37, kan i særlege tilfelle likevel takast inn som deltidselevar.
(2) Det er fylkesrådmannen som tek inn deltidselevar i samband med inntak av elevar.
(3) Inntak av deltidselevar skjer etter at fulltidselevar er tekne inn.
(4) Deltidselevar med ungdomsrett vil bli tatt inn før deltidselevar utan ungdomsrett. Ved ledige plassar vil også elevar utan rett kunne bli tatt inn.
§ 13.Søknadsfrist
(1) Søknadsfristen er 1. februar for søkjarar som fell inn under forskrift til opplæringslova § 6-8 1. ledd, og 1. mars for elevar som søkjer seg inn i det ordinære inntaket, jf. forskrift til opplæringslova § 6-8 2. ledd.
(2) Søknader frå søkjarar med opplæringsrett som vert mottekne etter søknadsfrist, vil berre bli behandla i den utstrekning det er mogleg, jf. forskrift til opplæringslova § 6-8 4. ledd. Det er fylkesrådmannen som avgjer dette.
(3) I den utstrekning det ikkje er mogleg å behandle søknaden, vil søknaden bli avvist og melding sendt søkjar.
§ 14.Flytting
(1) For å vere med i inntaket til vidaregåande opplæring må det vere meldt flytting til Hordaland fylke innan 1. mars.
(2) Søkjarar som flytter til Hordaland fylke etter 1. mars, kan takast med i inntaket dersom det ligg føre særleg grunn.
(3) Dokumentasjon om planlagt flytting må sendast til Hordaland fylke innan 23. juni.
§ 15.Bruk av retten til vidaregåande opplæring
(1) Søkjar med lovfesta rett til vidaregåande opplæring (opplæringsrett) brukar ikkje av retten dersom opplæringa utgjer 1/3 eller mindre av timetalet til eit utdanningsprogram eller eit programområde, jf. forskrift til opplæringslova § 6-4 1. ledd.
(2) Opplæringsretten vert ikkje brukt dersom eleven har slutta før 1. november.
(3) Elevar med behov for ekstra tid for å kunne nyttiggjere seg retten sin kan i særskilte tilfelle få inntil 2 år ekstra dersom dei kan dokumentere dette, jf. forskrift til opplæringslova § 3-43. Det er fylkesrådmannen som fattar vedtak om dette etter skriftleg søknad. Når elevane får vedtak om å bruke 2 år på same trinn, har dei fortrinn til inntak på same skule.
§ 16.Frammøte første skuledag
(1) Elevar må møte på skulen 1. skuledag.
(2) Dersom ein elev uteblir frå skulen 1. skuledag utan gyldig grunn, misser vedkomande skuleplassen. Elevar som møter 1. skuledag, men deretter uteblir dei to neste dagane utan gyldig grunn, misser plassen.
(3) Ved sjukdom pliktar eleven å gje beskjed til skulen snarast mogleg og seinast innan oppmøtetidspunkt første skuledag om at vedkomande ikkje kan møte. Forholdet må dokumenterast med legeerklæring.
§ 17.Rektor sin rett til inntak av elevar
(1) Rektor har ikkje rett til å ta inn elevar så lenge fylkesrådmannen sitt inntaksarbeid ikkje er avslutta, eller at dette på annan måte er delegert.
(2) Etter at fylkesrådmannen har avslutta inntaksarbeidet, vert ansvaret for vidare inntak delegert til rektor. Rektor skal følgje ventelistene som er utarbeidd frå fylkesrådmannen fram til utgangen av august. Frå 1. september vert inntaket rekna som avslutta.
(3) Når alle søkjarar med ungdomsrett på venteliste har fått tilbod om skuleplass, kan rektor gi tilbod til søkjarar etter følgjande prioritering:
1.Søkjarar med vaksenrett som står på venteliste
2.Søkjarar med vaksenrett som ikkje står på venteliste
3.Søkjarar med fullføringsrett som står på venteliste
4.Søkjarar med fullføringsrett som ikkje står på venteliste
5.Søkjarar utan rett som er busett i Hordaland fylke kan takast inn etter at alle søkjarar med rett til utdanning har fått tilbod, og det framleis er ledige plassar.

Kapittel 2. Inntak til IB

§ 18.Vilkår for inntak til V g1 studiespesialiserande med førebuande IB (pre-IB)
(1) Vilkår for inntak til V g1 pre-IB er at søkjaren har fullført norsk grunnskole eller tilsvarande. Sjå reglane i forskrift til opplæringslova § 6-13 for kva som reknast som tilsvarande og korleis det kan dokumenterast.
(2) For å kvalifisere til inntak til pre-IB må søkjaren ha mist karakteren 4 i matematikk og engelsk, i tillegg til gjennomsnittskarakter på minst 4,5.
§ 19.Rekkefølgje ved inntak til V g1 studiespesialiserande med førebuande IB (pre-IB)
(1) Dersom det melder seg fleire søkjarar enn det er elevplassar, skal elevplassane fordelast etter poengsum utrekna på grunnlag av forskrift til opplæringslova § 6-21. Karakterar frå andre utdanningssystem med annan karakterskala vert rekna om etter ei lineær omrekning, der karakterane frå anna karaktersystem vert vekta mot norsk karakterskala.
§ 20.Inntak til IB Diploma Programme
(1) Vilkår for inntak til IB Diploma Programme er at søkjaren har bestått V g1 studiespesialiserande med førebuande IB (pre-IB), V g1 studiespesialiserande, MYP 5/Grade 10 frå IB eller tilsvarande.
(2) For å kvalifisere til inntak til IB Diploma Programme må søkjaren ha minst karakteren 4 i matematikk og 5 i engelsk, i tillegg til gjennomsnittskarakter på minst 4,5.
(3) Søkjarar kan verte bedne om å ta ei opptaksprøve dersom det er uklårt om søkjaren er kvalifisert.
§ 21.Inntak til 3IB
(1) IB Diploma Programme er eit kurs over to år med 2IB og 3IB. Det er ikkje ordinært opptak til 3IB, og elevar som er tekne inn på 2IB, kan fortsetta på 3IB. Elevar frå andre IB Diploma Programme «transfer-students» kan søkje inntak til 3IB. Avgjerd om inntak vert teken etter individuell vurdering, der karakternivå og fagsamansetning er sentrale moment.
§ 22.Søknadsfrist til IB
(1) Søknadsfristen er 1. mars. For søkjarar som flyttar til Hordaland etter søknadsfristen, gjeld reglane i § 14.
§ 23.Søknad til IB
(1) Søknad skal sendast gjennom VIGO. Søkjarar som ikkje kan søkje gjennom VIGO, nyttar eige søknadsskjema.

Kapittel 3. Formidling

§ 24.Søknad om formidling av læreplass
(1) Fristen for å søkje formidling til læreplass er 1. februar for lærekandidatar og 1. mars for lærlingar, jf. forskrift til opplæringslova § 6A-4.
(2) Søknader om formidling til læreplass som kjem etter søknadsfristen, skal behandlast manuelt så langt råd er. Overskriding av fristen må grunngjevast skriftleg. Det er fylkesrådmannen som behandlar søknadene.
(3) I den utstrekning det ikkje er mogleg å behandle søknaden, vil søknaden bli avvist og melding sendt søkjar.
§ 25.Formidling
(1) Alle søkjarar med opplæringsrett vert formidla etter at søknadsfristen er gått ut. Søkjarar som ikkje er kvalifisert til formidling, vert tekne ut av formidlinga seinast 1. august.
(2) Søkjarar med opplæringsrett som ikkje har fått læreplass innan 15. august, skal få tilbod om Vg3 i skule innan 15. september.
§ 26.Bruk av retten til vidaregåande opplæring
(1) Bruk av rett tek utgangspunkt i forskrift til opplæringslova § 6-4 1. ledd. Retten er brukt når 1/3 av timegrunnlaget av total opplæringstid er brukt opp.
(2) Dersom læretida er 24 månader ser ein det slik at 1/3 av læringa er fullført i løpet av 6 månader. Desse 6 månadene behøver ikkje vere samanhengande i ei bedrift.
(3) Ved andre opplæringsløp skal læretida reknast ut individuelt.

Kapittel 4. Felles føresegner

§ 27.Mindre endringar i forskrifta
(1) Fylkesrådmannen har rett til å gjennomføre mindre endringar i forskrifta.
(2) Dersom endringane er av ein slik art at dei påverkar elevane sine moglegheiter for inntak til bestemte tilbod, skal likevel endringane behandlast politisk.
§ 28.Ikraftsetjing
(1) Forskrifta tek til å gjelde 1. januar 2016. Frå same tid blir forskrift 14. oktober 2014 nr. 1923 om inntak til vidaregåande opplæring og formidling til læreplass i Hordaland fylkeskommune og forskrift 10. desember 2014 nr. 1924 om inntak til International Baccalaureate tilbodet i Hordaland fylkeskommune oppheva.