Forskrift om vass- og avløpsgebyr, Kvinnherad kommune, Hordaland

DatoFOR-2015-12-17-1858
PublisertII 2015 hefte 5
Ikrafttredelse01.01.2016
Sist endret
EndrerFOR-2006-10-26-1237
Gjelder forKvinnherad kommune, Hordaland
HjemmelLOV-2012-03-16-12, FOR-2004-06-01-931
Kunngjort07.01.2016   kl. 13.30
KorttittelForskrift om vass- og avløpsgebyr, Kvinnherad

Heimel: Fastsett av Kvinnherad kommunestyre 17. desember 2015 med heimel i lov 16. mars 2012 nr. 12 om kommunale vass- og avløpsanlegg, forskrift 1. juni 2004 nr. 931 om begrensning av forurensning (forurensningsforskriften) kapittel 16.

§ 1.Forskrifta sitt føremål

Denne forskrifta gjeld alle abonnentar i kommunen, sjå definisjon av abonnent i § 2, og den fastset utrekningsmåte og innbetaling av gebyr for dei kommunale vass- og avløpstenestene.

§ 2.Definisjonar 

Abonnent:

-Eigar/festar av eigedom som er tinglyst med eige gards- og bruksnummer, eller eige festenummer eller seksjonsnummer (under felles gards- og bruksnummer), som er tilknytt kommunal vass- og eller avløpsleidning direkte eller gjennom felles stikkleidning.
-Festar av eigedom der festeavtalen ikkje er tinglyst, men der festaren eig dei bygningane som er plassert på tomta, og bruker festerett slik det går fram av lov om tomtefeste, og er tilknytt kommunal vass- og eller avløpsleidning direkte eller gjennom felles stikkleidning.
-Eigar/festar av eigedom, som kommunen i medhald av Kap. 27 i plan- og bygningslova har krevd tilknytt kommunal vass- og avløpsleidning. 

Eining:

Med eining i denne forskrifta er meint bueining, næringseining eller andre einingar.

-Bueining er husvære med separat inngang, eit eller fleire opphaldsrom og i tillegg eige bad/WC og kjøkkendel, som vert nytta til bustad eller fritidsbustad. Offentlege omsorgsbustader vert rekna som bueiningar. Frittståande garasjar, mindre uthus o.l. inngår som del av bueining, når dei naturleg tilhøyrer denne.
-Næringseining er sjølvstendig lokale nytta til næringsverksemd eller offentleg verksemd. Landbruk, herunder utleige av hytter, kjem inn under næringsverksemd.
-Andre einingar er einingar som ikkje er bueining eller næringseining, t.d. båthamner, naust (eit naust kan ha fleire einingar), campingvogn m/spikertelt m.m. 

Bustad:

-Bygning som er matrikkelført som bustad eller som er i bruk meir enn 3 md. pr år. 

Fritidshus:

-Bygning som er matrikkelført som fritidshus eller som er i bruk mindre enn 3 md. pr år. 

Næringsbygg:

-Bygning med ein eller fleire næringseiningar. 

Kombinasjonsbygg:

-Bygg med både bueining(ar) og næringseining(ar) eller andre einingar. Døme på kombinasjonsbygg kan vera ein institusjon (næringseining) med omsorgsbustader/separate bueiningar. 

Kommunal vass- og avløpsleidning:

-Leidningar som er kommunal eigedom ved at dei er kosta eller overtekne av kommunen. 

Stikkleidning:

-Vass- eller avløpsleidning for ein eller fleire eigedomar som er abonnenten sin eigedom, og som blir halde ved like av denne. Dersom ikkje anna er avtalt, er stikkleidningen rekna til og med tilkopling til kommunal vass og avløpsleidning.
§ 3.Gebyrtypar

Følgjande gebyrtypar gjeld for både vatn og avløp:

-Tilknytingsgebyr
-Årsgebyr (abonnementsgebyr og forbruksgebyr).
§ 4.Tilknytingsgebyr

Tilknytingsgebyret skal betalast når:

-eksisterande bygning(ar) på eigedomen får løyve om tilknyting til offentleg vass- og/eller avløpsnett.
-det er gitt løyve til fyrstegongs oppføring av bygning(ar) på eigedom som skal tilknytast offentleg vass- og/eller avløpsnett. Dette gjeld sjølv om bygginga ikkje vert igongsett straks.
-det vert gitt løyve til bygging av nye einingar på ein eigedom, her under ny eining i einebustad.

Det skal betalast tilknytingsgebyr for:

-kvar einskild bueining, uavhengig av areal
-«Andre einingar» (ref. § 2 definisjon av eining)
-næringseining, eit tilknytingsgebyr pr. næringsbygg
-seksjonerte næringsbygg: tilknytingsgebyr pr. seksjon
-kombinasjonsbygg, eit tilknytingsgebyr pr. bueining og «andre einingar» i tillegg til næringsdelen
-ubebygde eigedomar som ynskjer å bli tilknytt offentleg vass- og/eller avløpsnett før ev. eigedomen vert bebygd. Tilknytingsgebyret skal betalast før tilknyting.

For næringseiningar og «andre einingar» skal det betalast dobbel sats av tilknytingsgebyret, dersom bygget er større enn 300 m² (bruksareal etter NS 3940). Ved påbygg vert det tilsvarande fakturert ekstra dersom nytt samla bruksareal overstig 300 m² .

Storleiken på tilknytingsgebyret går fram av gebyrregulativet som kvart år blir fastsett av kommunestyret.

Tilknytingsgebyret vert for nybygg fakturert tiltakshavar, i andre tilfelle vert tinglyst eigar fakturert, jf. § 9.

I tillegg til å betala tilknytingsgebyr, må utbyggar (abonnenten) pårekna å ta kostnadane med stikkleidning(-ar) fram til og med påkopling på kommunal leidning. Dersom stikkleidning(-ar) er tilstrekkeleg dimensjonert og har ei slik plassering at det i framtida kan koplast på nye abonnentar, vil kommunen vurdera å overta drifta av leidningen. Kommunen vurderer også om det er aktuelt med økonomisk deltaking dersom ein avtalar ei oppdimensjonering av leidning(-ar). Dersom kommunen står for utbyggingstiltak som er nødvendig for at utbyggar (abonnenten) skal kunna knyta seg til kommunal leidning(-ar), vil som regel kommunen setja krav om betaling av eit avtalt anleggsbidrag i tillegg til tilknytingsgebyret.

§ 5.Årsgebyr

Årsgebyr for vatn og avløp skal betalast av alle abonnentar. Gebyret er sett saman av to delar:

-abonnementsgebyr
-forbruksgebyr.

Årsgebyret skal reknast frå ferdigattest er gitt eller eininga er tatt i bruk. Storleiken på abonnementsgebyret og forbruksgebyret går fram av gebyrregulativet som kvart år blir fastsett av kommunestyret.

For å unngå vass- og avløps gebyr må eininga fråkoplast/plomberast. Det skal betalast gebyr fram til vassleidningen er fysisk fråkopla, eller kommunen har motteke melding frå godkjent røyrleggjar om at dette er utført. Dersom kommunen står for fråkoplinga/plomberinga, må abonnenten betala eit plomberingsgebyr etter regulativet.

Avløpsgebyr skal betalast fram til avløpsleidningen er fysisk fråkopla, eller vasslevering til eigedomen er avstengt. 

Abonnementsgebyr

Det skal betalast eit abonnementsgebyr pr.:

-bueining
-«andre einingar»
-næringseigedom (uavhengig av talet på næringseiningar eller næringsbygg)
-seksjon i næringsbygg som er seksjonert. 

Forbruksgebyr

Bueiningar betaler anten etter faktisk (målt) vassforbruk og pris pr. m³ , eller stipulert forbruk.

Følgjande vassforbruk skal leggjast til grunn for stipulert forbruk (arealet er bruksareal etter NS 3940)

Bustadhus 0–80 m²150 m³ per år
Bustadhus 81–300 m²200 m³ per år
Bustadhus 301 m² eller større:300 m³ per år
Fritidshus alle:50 m³ per år

Næringseiningar og «andre einingar» betaler forbruksgebyr etter faktisk (målt) vassforbruk og pris pr. m³ (krav om vassmålar). Det same gjeld ved etablering av nye bueiningar (krav om vassmålar).

For alle abonnentar vert avløpsmengda rekna lik vassmengda, sjå likevel § 6.

Både abonnenten og kommunen kan krevje at forbruksgebyret blir rekna ut frå målt forbruk (også for eksisterande bueiningar). For abonnentar som etter pålegg unnlèt å installera vassmålar, vil kommunen stipulera forbruket.

Kommunestyret fastset årleg m³ -satsar både for vatn og avløp, dvs. pris per m³ levert drikkevatn, og pris per m³ motteke avløpsmengd.

§ 6.Frådrag eller tillegg i årsgebyret

Det vert gitt frådrag eller tillegg i årsgebyret dersom:

-avløpsmengda til ein abonnent er vesentleg større eller mindre enn det målte vassforbruket, kan forbruksgebyret for avløp bli rekna ut på grunnlag av berekna avløpsmengde som vert tilført den kommunale avløpsleidningen. Med vesentleg er her meint eit avvik på meir enn halvparten.
-kvaliteten på avløpsvatnet skil seg vesentleg frå vanleg hushaldsavløp, kan det reknast tillegg eller frådrag i årsgebyret (forbruksgebyret).
-ein eigedom i lenger tid blir fråkopla det kommunale vass- og/eller avløpsnettet, kan abonnenten etter søknad fritakast frå årsgebyr i denne perioden. Kommunen krev betaling til å dekkje kostnaden med fråkopling/tilkopling. Storleiken på betalinga går fram av gebyrregulativet som kvart år blir fastsett av kommunestyret.

Restriksjonar for vassforbruk eller kortare avbrot i leveranse av vatn, eller mottak av avløpsvatn, gjev ikkje grunnlag for reduksjon i gebyra.

Varierande vasskvalitet gjev ikkje grunnlag for reduksjon i gebyra.

Kommunen kan stilla krav til påslepp av avløp, til dømes krav om feitt utskiljar eller olje utskiljar utan at dette gjev grunnlag for reduksjon i avløpsgebyra.

§ 7.Bruk av vassmålar

Kommunen fastset type og storleik på målarar, kostar innkjøp av desse, og vert eigar av målarane. Abonnenten betaler årleg leige for målaren. Denne leiga dekker nedskriving og vedlikehald av målaren. Kommunen står for installasjonsarbeidet hos eksisterande abonnentar, medan utbyggar står for installasjonsarbeidet ved nye tilknytingar (ved bruk av godkjent røyrleggjar). Kostnaden med installasjon av målar vert fakturert abonnenten direkte. Abonnenten er ansvarleg for at vassmålaren er/vert montert frostfritt.

For abonnentar som frå før har målar, og som sjølv har kosta slik, skal det ikkje betalast målarleige før målaren må vedlikehaldas eller skiftast ut. Kommunen kan når som helst påleggja utskifting av eldre privat installerte vassmålarar.

Etter montasje vert vassmålaren plombert av kommunen. Plomberte målarar kan berre opnast av kommunen sitt personell eller under oppsyn av kommunens personell. Er ein plombe broten, blir vassforbruket for vedkommande termin fastsett av kommunen etter skjønn.

Avlesing av vassmålaren skal gjerast ein gong kvart år. Abonnenten skal lese av målaren og melde inn data til kommunen innan fastsett tid.

Dersom avlesing eller innsending av data ikkje blir gjort til fastsett tid, blir årsforbruket stipulert. Kommunen kan ev. velje å lese av målaren for abonnenten si rekning. I så fall vert det fakturert eit avlesingsgebyr, som vert fastsett av Kommunestyret. Dersom det er etablert betaling av forbruksgebyr etter målt forbruk, vil kommunen ikkje godta at abonnent demonterer vassmålaren for såleis å betala etter stipulert forbruk.

Kommunen skal ha tilgang til vassmålaren for inspeksjon og kontrollavlesing til varsla tid. Dersom kontrollen viser feilavlesing på meir enn 5 % skal årsgebyret justerast for det føregåande året.

I dei tilfelle ein eigedom har fleire tilknytingar, skal det installerast ein måler for kvar. Eventuelle interne målarar er kommunen uvedkommande.

§ 8.Mellombels tilknyting/unntak tilknytingsgebyr

Mellombels installasjonar, brakkeriggar, anlegg o.l. som varer mindre enn 2 år, er unnateke plikt om å betala tilknytingsgebyr, men skal betala årsgebyr og ha vassmålar.

§ 9.Innbetaling av gebyr

Abonnenten er ansvarleg for betaling av gebyra. Løpande gebyr vert alltid fakturert tinglyst eigar.

Tilknytingsgebyr vert fakturert tiltakshavar, eller tinglyst eigar. Ref § 4.

Årsgebyr blir krevd inn saman med andre kommunale gebyr, og blir for tida fordelt over 2 terminar pr. år. Ved bruk av vassmålar skal forbruksgebyret betalast à konto basert på forbruket året før. Målaravlesing skjer 1 gong kvart år, og avrekning vil skje i 1. termin året etter.

Tilknytings- og tilleggsgebyr blir fakturert særskilt.

Dersom vassforbruket til abonnenten har endra seg vesentleg frå siste målaravlesing, kan kommunen endre à konto beløpet. Abonnenten skal varslast før slik endring finn stad.

Viser det seg at ein abonnement ikkje har meldt i frå om gebyrpliktige einingar eller endring i gebyrplikt som medfører tillegg i gebyret, kan Kvinnherad kommune ileggje ekstragebyr frå den datoen som eininga(ne) vart gebyrpliktig(e).

Kan dette tidspunktet ikkje dokumenterast, vert abonnenten automatisk ilagt gebyr for tre år før tilhøvet vart oppdaga/registrert.

Ved tilknytingar som ikkje har vore melde til kommunen tidlegare, skal det betalast gebyr etter den satsen som gjeld det året kommunen får melding om tilknytinga.

Dersom byggjeplanane vert annullerte skal tilknytingsgebyret betalast attende. Det vert ikkje utbetalt renter.

§ 10.Innkrevjing av gebyr og renter

Krav på årsgebyr med ev. tillegg av renter og kostnader er sikra med lovbestemt pant i eigedommen etter pantelova sin § 6-1. Gebyra kan krevjast inn av kommunen etter reglar for innkrevjing av skatt.

Dersom årsgebyra ikkje er betalt innan 1 månad etter at den avgiftspliktige har motteke 2. gongs varsel om innbetaling, vil Kommunen i samråd med helsemyndigheitene vurdera avstenging av drikkevassforsyninga.

Kvinnherad kommune fakturerer den einskilde abonnent for vass- og avløpsgebyret. Eigaren/heimelshavar til eigedomen er ansvarleg ved for sein betaling eller anna misleghald, men då først etter at han har fått naudsynt varsling.

§ 11.Sakshandsaming/klage

Fastsetjing av vass- og eller avløpsgebyra vil i regelen vera i samsvar med bestemmelsane i denne forskrifta, og kan derfor ikkje påklagast, jf. kap. VII i forvaltningslova.

Avgjerd etter denne forskrifta som er einskildvedtak følgjer bestemmelsane i kap. IV–VI i forvaltningslova. Slike vedtak kan påklagast. Klagen skal sendast til den instansen som har fatta vedtaket, og fristen til å klage er 3 veker.

Ved usemje skal vass- og avløpsgebyr betalast fullt ut inntil leidningen er avstengd og plombert. Usemje mellom den gebyrpliktige og kommuneadministrasjonen om tolking av forskrifta mm. gjev ikkje grunnlag for ikkje å betala gebyra innan fristen.

§ 12.Gebyrregulativ

Det vert årleg utarbeidd nytt gebyrregulativ med prisregulering av gebyra, som vil gjelda frå 1. januar:

-Tilknytingsgebyr vatn, bueiningar, næringseiningar under 300 m² bruksareal, og andre einingar
-Tilknytingsgebyr avløp, bueiningar, næringseiningar under 300 m² bruksareal, og andre einingar
-Tilknytingsgebyr vatn, næringseiningar over 300 m²
-Tilknytingsgebyr avløp, næringseiningar over 300 m²
-Abonnementsgebyr
-M³ -sats drikkevatn
-M³ -sats avløp
-Plomberingsgebyr
-Avlesingsgebyr vassmålar
-Gebyr for årleg leige vassmålar (varierande etter leidningstverrsnitt).
§ 13.Iverksetjing

Forskrifta trer i kraft 1. januar 2016.

Frå same tid blir forskrift 26. oktober 2006 nr. 1237 om vass- og avløpsgebyr, Kvinnherad kommune, Hordaland oppheva.