Forskrift om drosjereglement for Bergen køyreområde, Bergen, Sund, Fjell og Askøy kommune, Hordaland

DatoFOR-2016-02-25-226
PublisertII 2016 hefte 1
Ikrafttredelse25.02.2016
Sist endret
Endrer
Gjelder forBergen, Sund, Fjell og Askøy kommune, Hordaland
HjemmelFOR-2003-03-26-401-§46, LOV-2002-06-21-45
Kunngjort10.03.2016   kl. 14.15
KorttittelForskrift om drosjereglement, Bergen

Kapitteloversikt:

Heimel: Fastsatt av Fylkesutvalet i Hordaland fylkeskommune 25. februar 2016 med heimel i forskrift 26. mars 2003 nr. 401 om yrkestransport med motorvogn og fartøy (yrkestransportforskriften) § 46 sjuende ledd, jf. lov 21. juni 2002 nr. 45 om yrkestransport med motorvogn og fartøy (yrkestransportlova).

1. Grunnlag

1.1 Heimel

Hordaland fylkeskommune er løyvestyresmakt for drosjeløyve i Hordaland løyvedistrikt, jf. yrkestransportlova § 12.

Drosjereglementet for Bergen køyreområde er heimla i yrkestransportforskrifta § 46, siste ledd:

Løyvemyndigheten kan fastsette nærmere regler for drosjevirksomheten i løyvedistriktet. Slike regler kan i detalj foreskrive hvordan virksomheten skal utøves, herunder løyvehaver og drosjeførers plikter overfor publikum, drosjesentral mv.

1.2 Føremål

Dette reglementet har følgjande føremål:

-Sikre kvalitet i fylkeskommunen sitt arbeid med å vurdere behovet for drosjeløyve i Bergen køyreområde.
-Etablere rutinar for justering av løyvetalet som er kjent for aktørane i næringa.
-Sikre ein sunn konkurranse i drosjenæringa både mellom drosjesentralar og mellom løyvehavarar.
-Auke utnyttingsgraden av eksisterande løyver og kvaliteten på drosjetenester.
-Sikre eit tenleg drosjetilbod i Bergen køyreområde.

1.3 Verkeområde

Reglementet gjeld for organisering og drift av drosjesentralar og drosjeløyve i Bergen køyreområde. Bergen køyreområde femner om kommunane Bergen, Askøy, Fjell og Sund.

1.4 Definisjonar

I dette reglementet nyttar ein fylgjande definisjonar:

a)Med løyvestyresmakt forstår ein Hordaland fylkeskommune (HFK).
b)Med køyreområde forstår ein kommunane Bergen, Askøy, Fjell og Sund.
c)Med drosjesentral forstår ein verksemd som har fått konsesjon av løyvestyresmakta til å formidla drosjer til publikum.
d)Med løyvehavar forstår ein fysisk eller juridisk person som er tildelt drosjeløyve.
e)Med drosjesjåfør forstår ein person som med gyldig køyresetel fører drosjen.
f)Med drosjeløyve forstår ein hovudløyve og reserveløyve.
g)Med erstatningsbil forstår ein bil som vert nytta når løyvehavar sin ordinære drosje er ute av drift som fylgje av skade eller reparasjon, jf. yrkestransportforskrifta § 48 andre ledd.

2. Drosjesentralar

2.1 Drosjesentralar

Løyvestyresmakta kan gje konsesjon til etablering av drosjesentral i køyreområde. Ved handsaming av søknad om konsesjon skal løyvestyresmakta ta omsyn til den totale drosjemarknaden i køyreområde, dvs. balansen mellom løyvetal og tal på sentralar, samt etterspurnaden etter drosjetenester. Løyvestyresmakta kan gje føretrinnsrett til søkjar med miljøkonsept ved godkjenning til etablering av ny drosjesentral.

2.2 Vilkår for å kunne drive drosjesentral

Drosjesentralen skal til ei kvar tid oppfylle fylgjande vilkår:

1.Drosjesentralen må ha godkjenning frå løyvestyresmakta.
2.Drosjesentralen skal ha vedtekter for sentralen sin organisasjon og verksemd som er godkjent av løyvestyresmakta, jf. yrkestransportforskrifta § 46 fjerde ledd.
3.Drosjesentralen skal ha uniformsreglement som er godkjent av løyvestyresmakta, jf. yrkestransportforskrifta § 48 siste ledd.
4.Drosjesentralen skal tilby sine løyvehavarar eit taksametersystem som tilfredsstiller krav i gjeldande regelverk.
5.Drosjesentralen skal gi publikum høve til å tinge drosje heile døgnet.

Løyvestyresmakta kan når ein finn behov for det, innhente dei opplysingar som er nødvendig for å kontrollere at ein drosjesentral oppfyller vilkåra. Dersom løyvestyresmakta finn at drosjesentralen ikkje oppfyller vilkåra, får sentralen ein frist på 3 månader til å retta opp vilkåra.

2.3 Søknad om konsesjon til å etablera drosjesentral

Søknad om konsesjon til etablering av drosjesentral skal vere vedlagt fylgjande dokumentasjon:

1.Namn på drosjesentral.
2.Firmaattest.
3.Namn og adresse til dagleg leiar og personar som har vesentleg innverknad på verksemda, jf. andre ledd.
4.Vandelsattest for dagleg leiar.
5.Finansielt grunnlag for etablering og drift av sentralen, her under ein marknadsanalyse av bransje, kundar og konkurrentar, samt kva marknadsstrategi for å sikra eit tilstrekkeleg kundegrunnlag og plan for å sikra at ein får tilknytt nok løyvehavarar.
6.Søkjar sin visjon og forretningsidé for verksemda.
7.Forslag til vedtekter for sentralen.
8.Forslag til uniformsreglement for sentralen.
9.Opplysingar om sentralen si lokalisering, samband og taksametersystem.
10.Opplysingar om sentralen si bestillingsteneste, jf. pkt. 2.2. nr. 5.

Personar som eig ein vesentleg del av verksemda eller av eit selskap som driv verksemda, som tar imot ein vesentleg del av avkastninga eller som i kraft av stillinga si som leiar har vesentleg innverknad på den, vert alltid rekna å ha vesentleg innverknad på verksemda. I vurderinga av om ein person har vesentleg innverknad på verksemda, reknar ein dei eigarandelar vedkomande eig eller stemmer vedkomande har saman med eigarandelar eller stemmer tilhøyrande fylgjande personar:

a)Ektefelle eller person som vedkomande bur saman med i ekteskapsliknande forhold.
b)Slektningar i rett oppstigande eller nedstigande line, samt sysken.
c)Ektefelle til person som nemnt i b) eller person som bur saman med person som nemnt i b) i ekteskapsliknande forhold.

Konsesjon til å etablera drosjesentral fell bort dersom sentralen ikkje er i drift innan eitt år etter at vedtaket om godkjenning vart fatta.

2.4 Tal på løyve tilknytt ein sentral

Eit drosjeløyve er berre tilknytt den einskilde sentral i den tida formidlingsavtale med ein bestemt løyvehavar varar. Frå det tidspunktet løyve vert ledig opphøyrer sentraltilknytinga.

Ein drosjesentral kan ikkje ha tilknytt meir enn 60 % (maksgrensa) av det til ei kvar tid gjeldande totale løyvetalet i køyreområde. Kjem ein sentral over maksgrensa av det totale løyvetalet, skal den ikkje kunne knyte til seg nye løyve eller ta overgang frå andre sentralar før den kjem under maksgrensa. Dersom eit konsern driv ulike drosjesentralar, skal løyvetalet etter første punktum bli rekna i forhold til løyvetalet i konsernet og ikkje i forhold til den einskilde sentral. Tilsvarande gjeld der same person(ar) direkte eller indirekte eig 33,33 % eller meir av ulike selskap som driv drosjesentral i køyreområde.

Såframt nemnde grense ikkje er nådd, har drosjesentralane i utgangspunkt plikt til å inngå formidlingsavtale med løyvehavarar som søkjer tilknyting til sentralen. Drosjesentralane kan likevel sjølv setje eit maksimalt løyvetal, dette skal meldast skriftleg til løyvestyresmakta, og talet skal stå i minimum 6 månader før sentralen kan endre det på nytt.

Dersom det er konkurranse mellom nye løyvehavarar og overgangssøkjarar frå andre sentralar, om å knyte seg til ein drosjesentral som har nær maksgrensa av det totale løyvetalet, har den med lengst ansiennitet føretrinnsrett.

Løyvehavar som søkjer overgang mellom sentralar og som har føretrinnsrett til ledig plass i sentral som har nær maksgrensa, kan gå over med det tal løyve han har sjølv om sentralen då kjem over maksgrensa.

2.5 Drosjesentralen sine plikter med omsyn til drift av drosjesentral

Drosjesentralen pliktar å stå for formidling av drosjar og til ei kvar tid halde seg orientert om drosjebehovet i køyreområdet.

Drosjesentralen kan påleggje tilknytte løyvehavarar pliktkøyring dersom det er nødvendig for å sikre ei effektiv og god drosjedekning, jf. yrkestransportforskrifta § 46 sjette ledd.

Drosjesentralen pliktar å sjå til at erstatningsbil berre vert nytta når den ordinære drosjen er ute av funksjon grunna reparasjon eller anna langvarig teknisk vedlikehald, jf. yrkestransportforskrifta § 48, tredje ledd.

Reserveløyve skal berre nyttast ved trafikktoppar. Drosjesentralen pliktar derfor å ha eigen køyreplan for tilslutta reserveløyve. Køyreplanen skal godkjennast av løyvestyresmakta, og løyvestyresmakta kan om nødvendig gjera endringar i planen. Dersom sentral ikkje utarbeider slik køyreplan, kan fylkeskommunen utarbeide slik plan for den enkelte sentral. Drosjesentralen pliktar å sjå til at reservedrosjeløyve berre køyrer når dei skal.

Drosjesentralen skal utarbeide logo og anna materiell for identifisering av sentralen. Minimumsprofilering av drosjebilane skal vere godt synleg logo/namn og telefonnummer på sidedørene på bilen.

Drosjesentral kan etter søknad frå løyvehavar bestyre eit løyve etter yrkestransportforskrifta § 51 andre og tredje ledd, dersom ein løyvehavar blir midlertidig ute av stand til sjølv å drive løyve, og løyvestyresmakta samtykker til dette. Alternativt kan løyvestyresmakta bestemme at ein annan løyvehavar kan styre løyve. Det gjeld eigne reglar for styrarordning.

2.6 Drosjesentralen sitt ansvar for prisinformasjon

Drosjesentralen pliktar å sjå til at drosjer tilknytt sentralen er utstyrt med klår og godt synleg prisinformasjon både på utsida og innsida av køyretøyet. Sentralane pliktar å gjera offentleg prisinformasjonen i eit ope digitalt format.

Drosjesentralane pliktar vidare å syte for at det er felles oppslag med standardiserte prisopplysningar på drosjehaldeplassane. Utforming og plassering må likevel skje i samråd med offentlege styresmakter.

2.7 Drosjesentralen sine plikter overfor publikum

Drosjesentralane pliktar å iverksette nødvendige tiltak for å sikre nok bilar i drift i forhold til etterspurnaden i marknaden.

Drosjesentralen skal om mogleg informere publikum når førehandstinga drosje blir forseinka og sjåføren sjølv er forhindra frå å gje slikt varsel.

Drosjesentralen pliktar å sjå til at drosje i drift køyrer etter dei til ei kvar tid gjeldande takstar, med mindre det vert avtalt fastpris på førehand. Fastpris kan ikkje vera høgare enn normal taksameterpris.

Drosjesentralen pliktar å syte for informasjon til publikum om høve til å klage til sentralen.

Drosjesentralen pliktar å ta imot, handsame og svare på klager frå publikum innan 3 veke.

2.8 Drosjesentralen sine plikter overfor løyvehavar og sjåfør

Drosjesentralane har plikt til å inngå formidlingsavtale med løyvehavarar som ynskjer å slutta seg til sentralen, og til å oversende kopi av formidlingsavtalen til løyvestyresmakta innan 14 dagar etter at avtalen er inngått. Tidspunkt for innbetaling av sentralavgift og/eller reglar for fastsetjing og justering av denne og dato for utbetaling av kredittomsetnad må framgå av formidlingsavtalen dersom slike opplysingar ikkje går fram av sentralen sine vedtekter. Endringar i avtaleverket skal meldast løyvestyresmakta.

Drosjesentralen pliktar å handsame alle tilknytte løyvehavarar likt med omsyn til rettar og plikter i sentralen. Drosjesentralen har likevel høve til å nytta introduksjonstilbod for nye løyvehavarar i ein avgrensa periode.

Drosjesentralen skal utferda identifikasjonskort (ID-kort) til drosjesjåførar tilsett hjå løyvehavar tilknytt sentralen. ID-kortet skal ha oppdatert bilete av drosjesjåføren, sjåførnummer (ID-nr.) og personleg brukarkode mot sentralen. ID-kortet skal fornyast kvart 3. år. For at sentralen skal kunne utferde ID-kort må fylgjande dokumentasjonskrav vere oppfylte:

1.Gyldig førarkort.
2.Gyldig køyresetel frå politiet.
3.Skriftleg dokumentasjon på at drosjesjåføren er tilsett hjå løyvehavar tilknytt sentralen.

Drosjesentralen pliktar å varsle ansvarleg løyvehavar dersom sentralen pga. regelbrot midlertidig sperrar ID-kortet til ein drosjesjåfør, samt opplyse årsaka for sperringa.

2.9 Drosjesentralen sine plikter til å føre journal, halde register, lagre skiftdata m.m.

Drosjesentralen pliktar å halde ajourført register over:

1.Sentralen sine tilknytte løyvehavarar med opplysingar om fullt namn, fødselsdato, bustad- og forretningsadresse og løyvehavar sitt organisasjonsnummer.
2.Drosjesjåførar tilsett av løyvehavar tilknytt sentralen med opplysingar om fullt namn, fødselsdato og adresse.
3.Alle drosjer og eventuelle erstatningsbilar tilslutta sentralen, med registreringsnummer på køyretøya, samt opplysningar om løyve som bilen er knytt til.
4.Talet på drosjer som til ei kvar tid er tilgjengelege for drosjesentralen, dvs. drosjar som anten er opptatt med køyreoppdrag eller ledig for køyreoppdrag.
5.Alle taksametre som tilhøyrer drosjesentralen sine tilknytta drosjar og eventuelle inngrep som er gjort i taksametra t.d. plombebrot.
6.Talet på utførte køyreoppdrag.
7.Tilgjengelege biltimar med spesifikasjon over ledige og opptatte timar.
8.Vaktjournal som registrerer data over trafikkavviklinga med drosjer.
9.Hittegods.

Drosjesentralen plikter på førespurnad å gjere registrerte data etter dette punktet tilgjengeleg for løyvestyresmakta.

2.10 Drosjesentralen si meldeplikt til løyvestyresmakta

Drosjesentralen plikter skriftleg å informere løyvestyresmakta om:

1.Endringar av verksemda sine vedtekter.
2.Skifte av dagleg leiar.
3.Ved andre endringar i den personkrets som er nemnt i pkt. 2.3 nr. 3.
4.Dersom sentralen går konkurs.
5.Om drift av sentralen vert innstilt eller avvikla på annan måte.
6.Om løyvehavar døyr eller er alvorleg sjuk og ikkje kan drifta løyve, eller dersom drifta av løyve opphøyrer av andre grunnar.

2.11 Drosjesentralen si rapporteringsplikt til løyvestyresmakta

Drosjesentralane pliktar innan 31. juli kvart år å sende inn følgjande dokumentasjon til løyvestyresmakta:

-Revidert årsrekneskap og årsmelding
-Informasjon om disposisjon av drosjebilparken for veke 22–26 føregåande år.
-Rapport om kor mykje kvart løyve har køyrt i løpet av inntektsår innan 31. juli kvart år, jf. pkt. 3.5. Det skal går fram tal på køyreoppdrag, brutto inntening (både kontant- og kredittkøyring) eksklusiv meirverdiavgift, køyrde kilometer for kvar einskild drosje samt kor mange tilsette som har køyrt på drosjen i året.
-Årleg drivstoffkjøp fordelt på type drivstoff, for heile drosjebilparken knytt til sentralen.

Drosjesentralane pliktar også etter krav frå fylkeskommunen å oversende annan relevant statistikk og opplysingar som fylkeskommunen måtte ha behov for, jf. yrkestransportforskrifta § 21.

2.12 Sanksjonar og tilbakekalling av konsesjon til å drive drosjesentral

Dersom sentralen mislegheld pliktene sine etter dette reglementet, kan løyvestyresmakta fatta vedtak om at sentralen ikkje skal ha høve til å inngå formidlingsavtale med fleire løyvehavarar.

Dersom sentralen ikkje lenger oppfyller vilkåra i pkt. 2.2 eller for det tilfelle at misleghald av pliktene etter dette reglementet er vesentleg, kan løyvestyresmakta fremje sak for politisk handsaming om tilbakekalling av konsesjonen til å drive drosjesentral.

3. Drosjeløyve

3.1 Ledige løyve

Løyve som er blitt ledige fordi løyvehavaren legg ned verksemda eller døyr vert kunngjort ledige i lokalpressa.

Tildeling av ledige løyve skjer i samsvar med yrkestransportforskrifta § 43 eller § 44. Det vil vera eit krav at søkjarar til drosjeløyve i Bergen køyreområde må ha minimum 2 års ansiennitet som drosjesjåfør i løyvedistriktet.

Ledige løyve vert kunngjort to gonger i året, vår og haust. På bakgrunn av innkomne søknader vil det verte utarbeidd søkjarliste med rangering etter søkjarane sin ansiennitet som drosjeførar. Det vert tildeling av løyve ein gong i månaden i samsvar med ansiennitetslista.

3.2 Justering av løyvetalet 

Prinsipp for oppretting av nye løyve

Fylkeskommunen vil ein gong per år vurdere justering av løyvetalet i Bergen køyreområde. Eventuell justering av løyvetalet vil i hovudsak vere basert på ei vurdering av behovet for drosjetenester i køyreområdet (behovsprøving) basert på følgjande statistikk:

-Endringar i folketalet i Bergensregionen.
-Endringar i talet arbeidsplassar i Bergensregionen.
-Annan relevant informasjon som løyvestyresmaktene måtte sitje inne med, til dømes vurderingar og statistikkmateriale frå drosjesentralane.

I samband med årleg justering av løyvetalet vil talet på storbilløyve og drosjar som kan ta med rullestol og verte vurdert. 

Status for nyoppretta løyve

Løyve som fylkeskommunen opprettar er frie, dvs. at dei er utan tilknytingsplikt til bestemt drosjesentral på det tidspunktet dei vert oppretta. 

Tildeling av nyoppretta løyve

Tildeling av nyoppretta løyve skjer i samsvar med yrkestransportforskrifta § 43 eller § 44.

Nyoppretta løyve vert kunngjort i lokalpressa.

Søkjar må godgjere og forplikte seg til at vedkommande ved uttak av løyve vil inngå formidlingsavtale med ein drosjesentral i Bergen køyreområde. Løyvedokumentet vert ikkje utferda før fylkeskommunen har fått stadfesting frå drosjesentral om at vedkommande har inngått formidlingsavtale med sentralen.

Tildeling av nyoppretta løyve vert gjennomført med bakgrunn i søkjarliste med rangering av søkjarane sin ansiennitet som drosjeførar.

3.3 Løyve med særskilt stasjoneringsplikt

For å sikre alle delar av Bergen køyreområde eit tenleg drosjetilbod kan fylkeskommunen tildele drosjeløyve med stasjoneringsplikt i Arna bydel og Askøy kommune. Talet på løyve med stasjoneringsplikt i desse områda vert fastsett på bakgrunn av ei nærare behovsvurdering.

Løyvehavarane med stasjonering i Arna bydel kan søkje om «byløyve» ved utlysing av løyve. Gjennom endring av reglementet kan fylkesutvalet ved behov også innføre stasjoneringsplikt i andre område.

3.4 Løyvehavar sine pliktar overfor drosjesentralen

Løyvehavar har plikt til å stå tilslutta sentral og skal sjå til at det går fram av løyvedokumentet rett sentral som løyve er knytt til. Løyvehavar kan ikkje vera tilslutta fleire drosjesentralar samstundes.

Løyvehavar pliktar å sette seg inn i og rette seg etter sentralen sine vedtekter og interne reglement, t.d. takstreglement og krav til materiell.

Løyvehavar har køyreplikt i den utstrekning sentralen pålegg det, jf. pkt 2.5 andre ledd. Ved misleghald av driveplikta kan løyvestyresmakta tilbakekalle drosjeløyve.

Løyvehavar pliktar på førehand eller straks å underrette drosjesentralen dersom ein ikkje kan utføre køyreplikta, jf. yrkestransportforskrifta § 51.

Løyvehavar plikter å underrette drosjesentralen om endring av bustad- og/eller forretningsadresse innan 28 dagar.

3.5 Løyvehavar si rapporteringsplikt til løyvestyresmakta og sentral

Løyvehavar pliktar å føre og oppbevare oppteikning over kven som til ei kvar tid fører drosjen, og på førespurnad opplyse namn og adresse på drosjesjåføren. Vaktliste etter første punktum skal oppbevarast i 3 år og 6 månader.

Løyvehavar pliktar å rapportere til løyvestyresmakta kor mykje det einskilde løyve har køyrt føregåande inntektsår, inkludert tal på køyreoppdrag, brutto inntening (både kontant- og kredittkøyring) eksklusiv meirverdiavgift, køyrde kilometer for kvar einskild drosje, årleg drivstoffkjøp spesifisert på type drivstoff, samt kor mange tilsette som har køyrt på drosjen i året. Rapporteringa skal skje gjennom sentralen, jf. pkt. 2.11.

Løyvehavar pliktar å melde frå til løyvestyresmakta og til Enhetsregisteret i Brønnøysund om endring i bustad- og/eller forretningsadresse innan 28 dagar, jf. yrkestransportforskrifta § 19.

Løyvehavar pliktar straks å melde frå til løyvestyresmakta dersom drosjen må trekkast ut av køyring i meir enn 1 månad.

Løyvehavar pliktar å melde frå til løyvestyresmakta dersom ein blir heilt eller delvis uføretrygda, og ein plikter å sende løyvestyresmakta kopi av trygdevedtaket innan to veker etter at løyvehavar sjølv har motteke det.

Løyvehavar pliktar straks å melde frå til løyvestyresmakta dersom drifta av løyve opphøyrer.

3.6 Overgang mellom drosjesentralar

Løyvehavar kan søke overgang til ny sentral. Søknad om overgang skal sendast løyvestyresmakta på fastsett skjema. Det vert ikkje godkjent overgang til sentral som ligg på eller over maksimalløyvetalet. Overgang er ikkje gyldig før fylkeskommunen på fastsett skjema har fått melding frå sentral/ løyvehavar om at ny formidlingsavtale er inngått.

Overgang til ny sentral kan først skje tre månader etter at opphavleg sentral har fått skriftleg varsel frå løyvehavaren om at vedkommande vil endre sentraltilknyting (oppseiingstid). Oppseiing av formidlingsavtale vert å rekna frå dato på overgangsskjema, signert både av løyvehavar og sentral. Dersom overgang ikkje skjer etter tre månader frå oppseiing, vert sentraltilknytinga og formidlingsavtalen vidareført.

Løyvestyresmakta kan gjera unntak frå fristen i andre ledd og godkjenna overgang til annan sentral, dersom drift av sentralen opphøyrer, sentralen går konkurs eller sentralen stadfestar skriftleg at overgang kan skje før oppseiingstida er ute.

Løyvehavar som har fått godkjent overgang til annan sentral, pliktar å innlevere gamalt løyvedokument og hente nytt løyvedokument på datoen for den faktiske overgangen. Drosjesentral kan ikkje innmontere taksameter i drosjen utan at løyvehavar legg fram løyvedokument med korrekt sentraltilknyting.

Drosjesentral og løyvehavar har ikkje høve til inngå formidlingsavtale som medfører avgrensingar i løyvehavar sin rett til å byte sentraltilknyting etter dette punktet.

Løyve skal tildelast på bakgrunn av ansiennitet. Det vil vere ei søkjarliste for nye søkjarar og ei liste over overgangssøkjarar, begge rangert etter ansiennitet. Når det skal takast inn nye løyvehavarar i ein sentral, vil den med høgst ansiennitet ha førsteretten uavhengig om det er overgangssøkjar eller søkjar til nytt løyve.

Overgangssøkjar som har takka nei til tilbod om plass i sentralen ein søkjer overgang til, fell ut av overgangslista ved påfølgjande utlysing av ledige løyve i køyreområdet.

4. Køyreoppdrag

4.1 Løyvehavar sine plikter m.o.t. identifikasjon, vedlikehald av drosjen m.m.

Løyvehavar pliktar å sjå til at drosjesjåføren har gyldig førarkort, køyresetel frå politiet og ID-kort frå drosjesentralen med seg i drosjen. ID-kortet skal vere festa i bilen på slik måte at kortet er godt synleg for passasjerar både frå for- og baksete. Løyvehavar pliktar å sjå til at ID-kortet ikkje er skada og at kortet vert fornya kvart tredje år, jf. pkt. 2.8, tredje ledd.

Løyvehavar pliktar å registrere tilsette sjåførar i arbeidstakarregisteret, ha skriftleg arbeidsavtale og ivareta nødvendige forsikringsordningar.

Løyvehavar plikter å sjå til at drosjesjåføren er iført uniform som oppfyller sentralen sitt uniformsreglement. Løyvehavar pliktar å sjå til at drosjen er i forsvarleg og forskriftsmessig stand.

Løyvehavar pliktar å sjå til at drosjen er reingjort inn- og utvendig, og at den regelmessig vert støvsuga og lufta ut.

Løyvehavar pliktar å sjå til at drosjesjåføren er kjent med og fylgjer gjeldande regelverk, drosjesentralen sine vedtekter og interne reglement om takstar og krav til materiell.

4.2 Køyreoppdrag

Løyvehavar pliktar å sjå til at drosje i trafikk tar dei køyreoppdrag som vert gitt av drosjesentralen så langt dette er praktisk mogleg, og elles fylgjer sentralen si rettleiing om avvikling av drosjetrafikken, jf. pkt. 2.5 andre ledd og pkt. 3.4 tredje ledd.

Løyvehavar pliktar å sjå til at drosje i trafikk tek alle køyreoppdrag når drosjen er ledig og publikum bed om det, avstanden til næraste haldeplass er over 100 meter, jf. pkt. 4.6, tredje ledd., og skilting og annan trafikk tillet stans.

Løyvehavar pliktar å sjå til at drosje i trafikk tek køyreoppdrag for brukar av TT-kort.

Løyvehavar pliktar å sjå til at drosje i trafikk tek med førarhund. Plikta til å ta med hund gjeld ikkje drosje som er tydeleg merka allergibil.

Løyvehavar pliktar å sjå til at drosje i drift fylgjer dei til ei kvar tid gjeldande reglement for drosjeverksemd.

4.3 Køyretider for reservedrosjeløyve

Det er driveplikt for reserveløyva, men reserveløyva skal likevel berre nyttast ved trafikktoppar. Løyvehavar pliktar å syte for at reservedrosjeløyve berre køyrer innan for den vaktplanen som gjeld i den sentralen ein er tilslutta, jf. pkt. 2.5 fjerde ledd. Brot på køyreplanen kan føre til tilbakekalling av reservedrosjeløyve.

4.4 Framferd overfor publikum

Løyvehavar er ansvarleg for drosjesjåføren.

Løyvehavar pliktar å sjå til at drosjesjåføren oppfører seg høfleg og tenesteviljug overfor passasjerane, og at drosjesjåføren er roleg og beherska i trafikken.

Løyvehavar pliktar å sjå til at drosjesjåføren kan kommunisera godt med passasjerane på norsk, samt at drosjesjåføren er godt kjent i løyvedistriktet.

4.5 Takstar og betaling

Løyvehavar pliktar å sjå til at drosje i drift køyrer etter dei til ei kvar tid gjeldande takstar.

Løyvehavar pliktar å sjå til at drosje i drift tek i mot dei betalingsmidlar som drosjesentralen har godkjent, samt at det ved betaling vert tilbode taksameterkvittering.

Dersom køyreoppdrag må brytast av på grunn av feil med drosjen, har løyvehavar ikkje krav på betaling for den utførte køyringa med mindre det vert skaffa erstatningsbil straks.

Dersom pant nyttast som tryggleik for betalinga, pliktar løyvehavar å sjå til at passasjeren får kvittering på drosjesentralen sin godkjende blankett for motteke pant. Kvitteringa skal vere påført oppstart- og leveringsstad, pris, gebyr samt tid og stad for tilbakelevering av pantet. Løyvehavar skal sjå til at drosjesentralen snarast og seinast innan tolv timar vert underretta om gjenstandar som er motteke som tryggleik for betaling (pant). Ved bruk av sentralen sitt standardgjeldsbrev, skal kunden få kopi (gjenpart) av gjeldsbrevet.

4.6 Drosjehaldeplass

Drosjane skal stå i kø i den rekkefylgje dei kjem til haldeplassen. Talet på plassar som er tillatt skal ikkje overskridast.

På drosjehaldeplass har publikum rett til fritt å velje kva drosje som skal nyttast. Dersom publikum sjølv vel drosje, skal dei andre drosjane på haldeplassen sleppe fram den aktuelle drosjen. Dersom publikum ikkje sjølv vel drosje, skal drosjen som står først i køen på haldeplassen få turen. Sjuke og uføre skal prioriterast på haldeplass.

Det er ikkje tillatt å ta køyreoppdrag etter teikn frå publikum (praiing) når avstanden til næraste haldeplass er under 100 meter.

4.7 Transport av gods

I den utstrekning det er nok plass, pliktar drosje i drift å ta med barnevogner, samanleggbar rullestol, ski o.l. som passasjeren har med seg. Anna gods som på grunn av storleik eller tilstand kan skade drosjen eller som det av trafikkmessige grunner ikkje er forsvarleg å køyre, kan drosje i drift nekte å ta med. Drosje i drift kan på oppmoding transportere medisinar, nøklar, pakkar, brev, m.m.

4.8 Hittegods

Gjenstandar som passasjerar har gløymt igjen i drosjen, skal leverast tilbake til kunden. Er dette ikkje mogleg, skal hittegodset leverast til politiet sitt hittegodskontor snarast mogleg, og seinast innan 12 timar.

Løyvehavar pliktar å sjå til at drosjesentralen får melding om hittegodset, kor det er levert og om mogleg, namn på kunden og når køyreoppdraget byrja og slutta.

5. Klage

5.1 Klageinstans

Enkeltvedtak fatta av Hordaland kommune med heimel i dette reglementet kan påklagast til Hordaland fylkeskommune si klagenemnd, jf. forvaltningslova kap IV. Klaga skal setjast fram for den instans som har fatta vedtaket. Klagefristen er 3 veker etter at melding om vedtaket er motteke.

6. Kontroll

6.1 Kontroll

Løyvestyresmakta kan føre kontroll med at drosjesentralar og løyvehavarar oppfyller sine plikter etter dette reglementet.

7. Reglementet

7.1 Verknadstidspunkt

Det reviderte drosjereglementet for Bergen køyreområde tek til å verke frå 25. februar 2016.

7.2 Overgangsbestemming

Drosjesentralar som har fått godkjenning og har vore i drift før 25. februar 2016, må oppfylla krava i pkt. 2.2 innan eitt år frå verknadstidspunktet i pkt. 7.1.