Forskrift om unntak frå tidsfristar i saker som krev oppmålingsforretning, Sykkylven kommune, Møre og Romsdal

DatoFOR-2016-04-25-446
PublisertII 2016 hefte 2
Ikrafttredelse01.07.2016
Sist endret
Endrer
Gjelder forSykkylven kommune, Møre og Romsdal
HjemmelLOV-2005-06-17-101-§32, FOR-2009-06-26-864-§18
Kunngjort04.05.2016   kl. 13.20
KorttittelForskrift om unntak frå oppmålingsfristar, Sykkylven

Heimel: Fastsett av Sykkylven kommunestyre 25. april 2016 med heimel i lov 17. juni 2005 nr. 101 om eigedomsregistrering (matrikkellova) § 32, jf. forskrift 26. juni 2009 nr. 864 om eiendomsregistrering (matrikkelforskriften) § 18 tredje ledd.

§ 1.Føremål

Føremålet med forskrifta er å utsetje fristen for gjennomføring av oppmålingsforretninga og fullføre matrikkelføringa i ei bestemt periode om vinteren.

§ 2.Virkeområde

Forskrifta gjeld alt arbeid som etter matrikkellova krev merking og oppmåling i terrenget.

§ 3.Tidspunkt for når fristen ikkje løper

Fristen på 16 veker til å gjennomføre og matrikkelføre ei oppmålingsforretning, etter mottatt rekvisisjon, løper ikkje i perioden 1. november til 30. april. Dette er ikkje til hinder for at kommunen kan gjennomføre og matrikkelføre oppmålingsforretningar også i denne perioden, dersom dei klimatiske tilhøva ligg til rette for det.

§ 4.Iverksetjing

Forskrifta blir gjort gjeldande frå 1. juli 2016.