Forskrift om unntak frå tidsfristar i saker som krev oppmålingsforretning, Fyresdal kommune, Telemark

DatoFOR-2016-05-26-595
PublisertII 2016 hefte 2
Ikrafttredelse09.06.2016
Sist endret
Endrer
Gjelder forFyresdal kommune, Telemark
HjemmelFOR-2009-06-26-864-§18, LOV-2005-06-17-101
Kunngjort09.06.2016   kl. 14.20
KorttittelForskrift om unntak frå oppmålingsfristar, Fyresdal

Heimel: Fastsett av Fyresdal kommunestyre 26. mai 2016 med heimel i forskrift 26. juni 2009 nr. 864 om eigedomsregistrering (matrikkelforskriften) § 18 tredje ledd, jf. lov 17. juni 2005 nr. 101 om eigedomsregistrering (matrikkellova).

§ 1.Føremål

Meininga med forskrifta er å utsette fristen for gjennomføring av oppmålingsforretning i vinterhalvåret.

§ 2.Utsett tidsfrist for gjennomføring av oppmålingsforretning

Tidsfristen som er fastsett i matrikkelforskrifta § 18 fyrste ledd gjeld ikkje i perioden 1. november til 30. april.

§ 3.Iverksetjing

Denne forskrifta vert gjeldande same dato som den blir kunngjort i Norsk Lovtidend.