Forskrift om felles ordens- og åtferdsreglement ved dei vidaregåande skulane i Hordaland fylkeskommune

DatoFOR-2016-06-14-881
PublisertII 2016 hefte 3
Ikrafttredelse01.08.2016
Sist endret
Endrer
Gjelder forHordaland
HjemmelLOV-1998-07-17-61-§3-7
Kunngjort07.07.2016   kl. 14.00
KorttittelForskrift om ordensreglement i vidaregåande skule, Hordaland

Heimel: Fastsett av fylkestinget i Hordaland fylkeskommune 14. juni 2016 med heimel i lov 17. juli 1998 nr. 61 om grunnskolen og den vidaregåande opplæringa (opplæringslova) § 3-7.

§ 1.Formål
(1)Opplæringa i skule og lærebedrift skal, i samarbeid og forståing med heimen, opne dører mot verda og framtida og gi elevane og lærlingane historisk og kulturell innsikt og forankring.
(2)Elevane og lærlingane skal utvikle kunnskap, dugleik og haldningar for å kunne meistre liva sine og for å kunne delta i arbeid og fellesskap i samfunnet. Dei skal få utfalde skaparglede, engasjement og utforskartrong.
(3)Elevane og lærlingane skal lære å tenkje kritisk og handle etisk og miljøbevisst. Dei skal ha medansvar og rett til medverknad.
(4)Skulen og lærebedrifta skal møte elevane og lærlingane med tillit, respekt og krav, og gi dei utfordringar som fremjar danning og lærelyst. Alle former for diskriminering skal motarbeidast.
(5)Skulen skal arbeide for å hindre at elevar kjem til skade eller vert utsette for krenkjande ord, mobbing eller trakasserande handlingar.
(6)Formålet med ordensreglementet er å skape eit godt klima for samarbeid, trivsel, respekt og medansvar for alle elevar og tilsette i skulesamfunnet og danne grunnlaget for vurdering i orden og åtferd (jf. opplæringslova § 1-1, § 3-7, kapittel 9a og forskrift til opplæringslova § 12-1).
§ 2.Verkeområde
(1)Reglementet gjeld for alle fulltids-, deltids- og utvekslingselevar og lærlingar/lærekandidatar under opplæring ved skulen og, så langt det høver, også for vaksenopplæringa sine elevar og andre når opplæringa er i skulen sin regi.
(2)Reglementet gjeld i timane, friminutta, på veg til og frå skulen og ved opplæringsformer og aktivitetar i skulen sin regi både på og utanfor skulen sitt område (til dømes ekskursjonar og elevreiser).
§ 3.Rettane til elevane
(1)Alle elevar i dei vidaregåande skulane i Hordaland har rett til eit godt fysisk og psykososialt miljø som fremjar helse, trivsel og læring, jf. opplæringslova § 9a-1.
§ 4.Pliktene til elevane
(1)Elevane har plikt til å rette seg etter dei lover, reglement og instruksar som gjeld. Elevane skal møte skulen sine tilsette og medelevar med omsyn og respekt.
(2)Elevane har plikt til å møte presis til opplæringa og delta aktivt i all opplæring. Dersom eleven ikkje kan møte til avtalt tid, må han/ho gje melding til skulen snarast råd. Eleven skal snarast mogeleg ta kontakt med faglærar for å avtale korleis læringsarbeidet kan følgjast opp dersom han/ho ikkje kan gjere arbeidet til avtalt tid.
(3)Elevane skal vere aktivt med i opplæringa i den form lærarane legg til rette og gjennomfører opplæringa i samsvar med læreplanane (jf. opplæringslova § 3-4 2. ledd). Elevane pliktar å delta aktivt i opplæringa slik at læraren får grunnlag for å vurdere eleven sin kompetanse i faget (jf. forskrift til opplæringslova § 3-3 3. ledd). Stort fråvær eller andre særlege grunnar kan føre til at grunnlaget for halvårsvurdering med karakter eller standpunktkarakter manglar (jf. forskrift til opplæringslova § 3-3 3. ledd). Dette kan bety at eleven ikkje får bestått kompetansebevis/vitnemål.
(4)Alt utstyr som nyttast i læringsarbeidet, må brukast på ein slik måte at undervisninga eller læringsarbeidet ikkje blir forstyrra. Elevane må bruka det utstyret som læraren bestemmer. Elevane har sjølve ansvar for sine personlege eigedelar.
(5)Elevane skal følgje verne- og tryggleiksreglar og bruke dei arbeidsklede og det verneutstyr som læraren krev og/eller som er påbode av Arbeidstilsynet. Elevar som ikkje rettar seg etter dette, skal visast bort frå undervisninga.
(6)Dersom elevar gjennom sitt arbeid, oppdrag eller verv i samband med vidaregåande opplæring blir kjende med bestemte opplysningar som dei ikkje skal gje vidare, kan skulen påleggje elevane teieplikt. Dette må ikkje vere til hinder for å varsle om kritikkverdige og ulovlege tilhøve. Teieplikta gjeld også etter at eleven har avslutta vidaregåande opplæring (jf. forvaltningslova § 13c).
(7)Alle som deltek på ekskursjonar og reiser i skulen sin regi, skal vise omsorg og respekt for dei andre deltakarane og andre dei møter på reisa. Tidsrommet mellom avreise og heimkomsten er å sjå på som skuletid, og ordensreglementet gjeld. Eleven skal følgje instruksar frå reiseleiarar og skal delta i det oppsette programmet for turen. Brot på ordensreglane ved ekskursjonar/reiser i regi av skulen kan føre til heimsending for eigen kostnad.
(8)Følgjande handlingar er forbodne
a.Vald, truslar, tjuveri, mobbing, rasistiske utsegner og handlingar, seksuell trakassering, sjikane p.g.a. seksuell legning, religion eller livssyn og anna krenkjande åtferd skal ikkje førekome.
b.Krenking og trakassering av andre gjennom sosiale medium skal ikkje førekome.
c.Elevane skal ikkje laste ned, lagre eller spreie pornografisk, rasistisk eller anna materiale som kan verke krenkjande og/eller er i strid med norsk lov.
d.Elevane skal ikkje spreie lyd- og/eller bildeopptak av andre elevar, lærarar eller andre tilsette utan deira samtykke.
e.Det er forbode å ha farlege gjenstandar, våpen eller våpenliknande gjenstandar på skulen sitt område og ved all aktivitet i skulen sin regi.
f.Det er forbode å vere påverka av, bruke, oppbevare eller selje rusmiddel på skulen sitt område og ved all aktivitet i skulen sin regi.
g.Det er ikkje tillate å røykje eller bruke snus på skulens område.
h.Skulen sin eigedom, læremiddel og utstyr skal brukast med omtanke. Hærverk og skade på skulens eller medelevars eigedelar kan føre til erstatningsansvar (jf. skadeserstatningslova).
(9)Frammøte og fråvær
a.Alt fråvær blir registrert i SkuleArena. Eleven må melde frå til kontaktlærar så tidleg som mogeleg dersom han/ho må forlate opplæringa i løpet av skuledagen. Kontaktlærar skal ha beskjed om fråvær allereie frå første dag. Sjå eigne rutinar og reglar for skulen.
b.Alt fråvær blir ført på vitnemålet og kompetansebeviset. Fråvær skal førast i dagar og enkelttimar. Det er ikkje høve til å konvertere enkelttimar til dagar. Rektor kan avgjere om fråvær for deltidselevar skal førast i dagar og timar eller berre i timar. Eleven kan krevje at årsaka til fråværet vert ført på eit vedlegg til vitnemålet eller kompetansebeviset. Eleven må sjølv leggje fram samla dokumentasjon ved slutten av siste termin (jf. forskrift til opplæringslova § 3-47 1.–3. ledd).
c.Fråvær som ikkje skal førast på dokumentasjonen. Ved planlagt fråvær (forskrifta § 3-47 4.ledd) skal det søkjast til rektor. Søknaden skal vere skriftleg og grunngjeven, og den skal leverast i god tid. Fråvær frå opplæringa vert ikkje tillate dersom det kan føre til manglande vurderingsgrunnlag, eller dersom eit fråvær gjer det vanskeleg å gjennomføre samarbeidsprosjekt. Det blir ikkje gitt permisjon til feriereiser. Feriereiser kan heller ikkje reknast som sjølvstendig studiearbeid.
d.Rektor kan gje elevar permisjon inntil samanlagt 10 skuledagar i eit opplæringsår utan at desse dagane skal førast som fråvær på dokumentasjonen dersom eleven kan dokumentere at fråværet skuldast ein av grunnane nemnd i forskrift til opplæringslova § 3-47 5. ledd:
a.helse- og velferdsgrunnar

For at fråvær som skuldast helsegrunnar ikkje skal førast på vitnemålet eller kompetansebeviset, må eleven leggje fram ei legeerklæring som dokumenterer dette. (Gjeld også sjuke barn). Fråvær som skuldast helsegrunnar må vare i meir enn tre dagar, og det er berre fråvær frå og med fjerde dagen som kan strykast. Ved dokumentert risiko for fråvær på grunn av funksjonshemming eller kronisk sjukdom, kan fråværet strykast frå og med første fråværsdag.

b.arbeid som tillitsvald
c.politisk arbeid
d.hjelpearbeid
e.lovpålagt oppmøte
f.representasjon i arrangement på nasjonalt og internasjonalt nivå
e.Elevar som er medlemmer av andre trussamfunn enn Den norske kyrkja, har innanfor ramma på 10 skuledagar rett til inntil to dagar fri ved religiøse høgtider som ikkje blir ført på vitnemålet eller kompetansebeviset (jf. forskrift til opplæringslova § 3-47 8. ledd).
f.Eleven må sjølv framvise dokumentasjon ved slutten av siste termin.
g.Eleven kan, etter godkjenning frå faglærar, søkje rektor om å få utføre organisert eller sjølvstendig studiearbeid for eitt eller fleire avgrensa tidsrom. Eleven har sjølv plikt til å følgje opp skulearbeidet, slik at det vert grunnlag for vurdering av det sjølvstendige skulearbeidet, og at det vert grunnlag for karakter i faga. Tida som vert nytta til sjølvstendig studiearbeid, skal ikkje førast som fråvær (jf. forskrift til opplæringslova § 3-47 7. ledd).
§ 5.Orden og åtferd
(1)Føremålet med vurdering i orden og i åtferd er å hjelpe til i sosialiseringsprosessen til eleven, skape eit godt psykososialt miljø og gje informasjon om eleven sin orden og åtferd (jf. forskrift til opplæringslova § 3-2 4.ledd). Grunnlaget for vurdering i orden og i åtferd er knytt til i kva grad eleven opptrer i tråd med ordens- og åtferdsreglementet ved skulen (jf. forskrift til opplæringslova § 3-5 1.ledd).
(2)Brot på ordensreglementet kan føre til nedsett halvårsvurdering og/eller standpunktkarakter i både orden og i åtferd. Fråvær kan føre til nedsett karakter i anten orden eller åtferd (jf. forskrift til opplæringslova § 3-5 5. ledd). Det er ingen fritak frå karakterar i orden og åtferd.
(3)I fastsetjinga av karakterane i orden og i åtferd skal det takast omsyn til føresetnadene eleven har. Til vanleg skal det ikkje leggjast avgjerande vekt på enkelthendingar; unntaket er dersom enkelthendinga er særleg klanderverdig eller grov (jf. forskrift til opplæringslova §3-5, 5.ledd). Det er berre standpunktkarakteren i orden og i åtferd som vert rekna som enkeltvedtak og som løyser ut klagerett.
(4)Grunnlaget for vurdering i orden er knytt til om eleven er førebudd til opplæringa, og korleis arbeidsvanane og arbeidsinnsatsen til eleven er. Det inneber mellom anna at eleven er punktleg, følgjer opp arbeid som skal gjerast, og har med nødvendige læremiddel og utstyr (jf. forskrift til opplæringslova § 3-5 2. ledd).
(5)Grunnlaget for vurdering i åtferd er knytt til korleis eleven oppfører seg overfor medelevar, lærarar og andre tilsette. Det inneber mellom anna om eleven viser omsyn og respekt for andre (jf. forskrift til opplæringslova § 3-5 3. ledd).
(6)Eleven og foreldra skal varslast skriftleg dersom det er tvil om eleven kan få halvårsvurdering med karakter eller standpunktkarakter i eitt eller fleire fag fordi det ikkje er grunnlag for fastsetjing av karakter (jf. forskrift til opplæringslova § 3-7 1. ledd). Det er ikkje krav om varsling ved fare for karakteren 1. Eleven og foreldra skal også varslast skriftleg dersom det er fare for at eleven i halvårsvurdering med karakter, eller i standpunktkarakter kan få karakteren nokså god (Ng) eller lite god (Lg) i orden eller i åtferd (jf. forskrift til opplæringslova § 3-7 2. ledd). Varselet skal givast utan ugrunna opphald. Varselet skal gi eleven høve til å skaffe grunnlag for halvårsvurdering med karakter og standpunktkarakter, eller gi eleven høve til å forbetre karakteren i orden eller åtferd. Elevar over 18 år kan gi samtykke til at foreldre kan varslast.
§ 6.Sanksjonar
(1)Sanksjonane her fastset kva refsingstiltak skulen kan bruke. Det kan ikkje nyttast andre sanksjonar enn dei som er nemnde her. Alle refsingstiltak blir registrerte i SkuleArena.
-Alvorlege brot på ordensreglementet vil bli melde til politiet. Alle typar straffbare forhold som skjer i samband med skulen si verksemd bør meldast til politiet. Politiet må deretter på sjølvstendig grunnlag finne ut om vilkåra for strafferettslig forfølging, eventuell ransaking og beslag er til stades.
(2)Fysisk refsing eller anna krenkjande behandling må ikkje nyttast (jf. opplæringslova § 3-7, 3. ledd).
(3)Skulepersonalet har ei særleg plikt til å ha omsorg for elevane på skulen. Personalet har såleis ikkje berre rett, men også plikt til å gripe inn for å hindre at elevar skader eller plagar andre eller skader seg sjølv eller skuleeigedommen (jf. opplæringslova kap. 9a). Naudrett og naudverje gir ein viss rett for personalet på skulen til å stoppe valdelege handlingar mellom elevar med fysisk makt og til å verje seg sjølv mot elevar som er trugande eller valdelege (jf. straffelova 2005 § 17 og § 18). Det kan ut frå forholda vere lovleg å bruke fysisk makt for å hindre at elevar skader seg sjølve eller andre, eller skader eigedomen til skulen eller eigedomen til andre.
(4)Refsingstiltak utan klagerett:
a.Munnleg påtale frå ein av dei tilsette ved skulen.
b.Merknader.
c.Bortvising frå den aktuelle timen//aktiviteten for resten av arbeidsøkta etter vedtak fatta av faglærar. Skulen har framleis tilsynsansvar for eleven.
d.Bortvising frå skulen resten av skuledagen etter vedtak fatta av rektor.
(5)Refsingstiltak med klagerett. Følgjande er enkeltvedtak med klagerett og skal handsamast etter forvaltningslova:
a.Annullering av eksamen–etter vedtak fatta av rektor sjølv.
b.Bortvising frå eksamen–etter vedtak fatta av rektor sjølv.
c.Bortvising for ein heil skuledag og inntil fem skuledagar – etter vedtak fatta av rektor sjølv.
d.Pålagt skifte av skule etter sak om vald eller mobbing – etter vedtak fatta av fylkeskommunen v/Fylkesdirektør for opplæring.
e.Bortvising for resten av skuleåret – etter vedtak fatta av fylkeskommunen v/Fylkesdirektør for opplæring, jf. opplæringslova § 3-8.
f.Bortvising for resten av skuleåret med tap av rett til vidaregåande opplæring – etter vedtak fatta av fylkeskommunen v/Fylkesdirektøren for opplæring, opplæringslova § 3-8.
(6)Andre reaksjonar som kan nyttast i tillegg
a.Ved skade eller tilgrising på skulen sin eigedom kan fylkeskommunen krevje istandsetjing eller erstatning etter reglane i skadeserstatningslova.
b.Elevar kan gjevast høve til å utbetre skadane sjølve dersom dette er føremålstenleg.
c.Elevar som har gjort hærverk, kan påleggjast å rydde opp etter seg/utbetre skadar som er gjort når oppryddinga er arbeid eleven har føresetnad for å klare, og arbeidet står i rimeleg forhold til brotet på regelverket.
(7)Reaksjonsmåtar ved fusk på prøver
a.Fusk eller forsøk på fusk på prøver (timeprøver, fellesarbeid og/eller avsluttande prøver) vil telje med i vurderinga av karakteren i åtferd. Det vil ikkje bli gitt fagkarakter på prøven. Resultatet på prøven blir annullert.
b.Fusk er å bryte reglane for hjelpemiddelbruk. Det betyr at dersom eleven t.d. hentar noko frå nettet når læraren har sagt at nettet ikkje skal brukast, er det fusk.
c.Plagiat er å hente noko frå nettet eller andre kjelder utan å oppgje kvar det er henta frå. Då viser eleven låg måloppnåing, og oppgåva kan få ein låg fagkarakter.
(8)Reaksjonsmåtar ved fusk ved eksamen
a.Eksamen i eit fag kan annullerast dersom eleven har fuska eller forsøkt å fuske ved eksamen. Dette gjeld også dersom det er sensorane som oppdagar fusk eller forsøk på fusk. Spørsmålet om annullering av eksamen i faget skal avgjerast av rektor sjølv. Eleven skal ha høve til å uttale seg munnleg før rektor fattar enkeltvedtak om annullering av eksamen. Eleven har likevel rett til å fullføre eksamen på eksamensdagen (jf. forskrift til opplæringslova § 3-37 4. ledd).
b.Enkeltvedtak om annullering av eksamen kan klagast inn for Fylkesmannen. For elevar som får eksamen annullert på grunn av fusk eller forsøk på fusk, fell standpunktkarakteren bort (jf. forskrift til opplæringslova § 3-37 5. ledd).
c.Dersom eksamen blir annullert på grunn av fusk eller forsøk på fusk, kan kandidaten gå opp til eksamen i faget som privatist tidlegast eitt år etter den annullerte eksamen (jf. forskrift til opplæringslova § 3-37 4. ledd).
d.Fusk eller forsøk på fusk på eksamen vil få konsekvensar for karakteren i åtferd.
(9)Bortvising frå eksamen
a.Elevar skal ikkje hindre eller forstyrre gjennomføringa av eksamen. Dersom åtferda til ein elev er i strid med dei retningslinene som Utdanningsdirektoratet/ Fylkeskommunen har for eksamen, kan eleven, etter å ha blitt åtvara, visast bort.
b.Bortvising skal avgjerast av rektor sjølv og er eit enkeltvedtak som kan påklagast til Fylkesmannen. Eleven skal ha høve til å uttale seg munnleg for rektor før rektor eventuelt fattar enkeltvedtaket om bortvising (jf. forskrift til opplæringslova § 3-36 1. ledd).
§ 7.Sakshandsaming
(1)Før det vert sett i verk tiltak mot elevar som bryt ordensreglementet, skal eleven få høve til å forklare seg munnleg for den som skal ta avgjerda. I grunngjevinga frå rektor skal det visast til dei faktiske forholda vedtaket byggjer på og kva for reglar som vert nytta.
(2)Ved brot på ordensreglementet som kan føre til bortvising for meir enn resten av skuledagen, skal vedtaket grunngjevast i eige brev til eleven. Eleven og dei føresette har rett til opplysningar om klagerett, klagefrist og rett til å sjå eventuelle dokument i saka (jf. forvaltningslova § 27 3. ledd).
(3)Vedtaket kan setjast i verk omgåande og har ikkje noko å seie for klageretten. Eleven skal også få orientering om at det i spesielle høve kan søkjast om utsetjing av sjølve bortvisinga til handsaminga av ein eventuell klage er sluttført (jf. forvaltningslova § 27 3. ledd).
(4)Ein klage skal vere skriftleg og grunngjeven. I klagen må det gjerast greie for dei tilhøva det vert klaga over, og klagen skal sendast til den instansen som har fatta vedtaket innan klagefristen – til vanleg 3 veker etter mottak.
a.Klage over bortvising inntil 5 dagar skal sendast til rektor.
b.Klage over annullering og bortvising frå eksamen skal sendast til rektor.
c.Klage over bortvising for resten av skuleåret, eventuelt tap av opplæringsretten, skal sendast direkte til Fylkesdirektøren for opplæring.
(5)Dersom rektor held fast på bortvisingsvedtaket og ikkje tek klaga til følgje, skal rektor sende klagen med utgreiing og grunngjeving for dette vedtaket til Fylkesdirektøren for opplæring som klageinstans.
(6)Dersom rektor held fast på vedtaket om annullering av eksamen eller bortvising frå eksamen, skal rektor sende klagen vidare til Fylkesmannen.
(7)Eleven som har klaga på enkeltvedtaket, skal få kopiar av oversendingsbrevet og av utgreiing og grunngjeving når klagesaka vert sendt vidare til klageinstansen.
(8)Dei ulike klageinstansane:
a.Ved vedtak om annullering av eksamen ved fusk eller forsøk på fusk som er fatta av rektor sjølv, er klageinstans Fylkesmannen.
b.Ved vedtak om bortvising frå eksamen som er fatta av rektor sjølv, er klageinstans Fylkesmannen.
c.Ved vedtak om bortvising for inntil 5 dagar som er fatta av rektor, er Fylkesdirektøren for opplæring klageinstans.
d.Ved vedtak om bortvising for resten av skuleåret som er fatta av Fylkesdirektøren for opplæring, er klageinstansen den fylkeskommunale klagenemnda.
e.Ved vedtak om tap av opplæringsrett som Fylkesdirektøren for opplæring har fatta, er klageinstansen Fylkesmannen.
§ 8.Tillegg til ordens- og åtferdsreglementet
(1)For spesielle forhold som ikkje er dekte av ordens- og åtferdsreglementet eller andre felles reglar som alt er gjevne av departementet eller fylkeskommunen, kan rektor fastsette tilleggsreglar. Desse kan ikkje vere i staden for eller i strid med reglementet. Dette kan t.d. gjelde
a.IKT-utstyr og mobiltelefonar
b.Reiser og skuleturar
c.Internatreglement
d.Reglar for spesialrom, som t.d. skulekjøkken, laboratorium og verkstader
e.Ordensteneste
f.Eventuelle andre spesielle tilhøve.
§ 9.Ikraftsetjing
(1)Forskrifta tek til å gjelde frå 1. august 2016 og gjeld til den vert oppheva.