Forskrift om vass- og avlaupsgebyr, Kvam herad, Hordaland

DatoFOR-2016-06-14-951
PublisertII 2016 hefte 3
Ikrafttredelse01.01.2017
Sist endret
Endrer
Gjelder for
HjemmelLOV-2012-03-16-12-§5, FOR-2004-06-01-931-§16-1
Kunngjort04.08.2016   kl. 13.00
KorttittelForskrift om vass- og avlaupsgebyr, Kvam herad

Kapitteloversikt:

Heimel: Fastsett av Kvam heradsstyre 14. juni 2016 med heimel i lov 16. mars 2012 nr. 12 om kommunale vass- og avløpsanlegg § 5 og forskrift 1. juni 2004 nr. 931 om begrensing av forurensning (forurensningsforskriften) § 16-1 andre ledd.

1. Generelle reglar

Kommunen sine abonnentar betalar gebyr for vass- og avlaupstenester levert av kommunen. Forholdet mellom abonnenten og kommunen er regulert av statlege lover og føresegner, samt av kommunale føresegner og abonnementsvilkår.

Sentrale bestemmingar når det gjeld vass- og avlaupsgebyrer, er følgjande:

-Lov 16. mars 2012 nr. 12 om kommunale vass- og avløpsanlegg
-Forskrift 1. juni 2004 nr. 931 om begrensning av forurensning, kap. 16 om kommunale vann- og avløpsgebyr
-Forskrift om vass- og avlaupsgebyr i Kvam herad (dette dokumentet)
-Gebyrregulativ for det einskilde år.

Øvrige dokument:

-Standard abonnementsvilkår for vatn og avlaup (tekniske og administrative bestemmelsar)
-VA-norm for Kvam herad vedteke 30. september 2014.

I kraft 1 jan 2017.

§ 1-1.Definisjonar

I denne føresegna er meint med:

a)Sanitærinstallasjonar/innvendige vass- og avlaupsinstallasjonar: Abonnenteigde røyr, installasjonar og utstyr innanfor husets yttervegg, som er tilknytt vass- og/eller avlaupsanlegg.
b)Private vass- og avlaupssanlegg: Abonnenteigde private leidningar (stikkleidningar) og utstyr utanfor husets yttervegg, som er tilknytt offentleg vass- og/eller avlaupsanlegg.
c)Abonnement: Avtale mellom abonnent og kommunen om vassforsynings- og/eller avlaupstenester gjennom tilknyting av sanitærinstallasjoner og private vass- og avlaupsanlegg til kommunens vass- og avlaupsanlegg. Det er ikkje eit vilkår at avtalen er skriftleg. Avtale om tilknyting via privat fellesleidning vert rekna som abonnent.
d)Abonnent: Eigar av eigedom som er tilknytt kommunens vassforsynings- og eller avlaupsanlegg, eller som er godkjent eller krevd tilknytt. Festar av eigedom skal stå som abonnent når festetid som stod att då gebyrplikta tredde i kraft var 30 år eller meir, eller festar har rett til å få festeavtala forlenga slik at samla festetid frå gebyrplikta tredde i kraft vil kunne bli 30 år eller meir.
e)Eigedom: Fast eigedom registrert som sjølvstendig eining i matrikkelen. Seksjon etablert i høve til lovgivinga om eigarseksjonar blir rekna som sjølvstendig eigedom.
f)Bygg: Konstruksjon/byggverk med eige bygningsnummer.
g)Eining: Med eining i denne forskrifta er meint bueining eller næringseining. Bueining er husvære med separat inngang, eit eller fleire opphaldsrom og i tillegg eige bad/WC og kjøkkendel. Næringseining er sjølvstendige lokale nytta til næringsverksemd eller offentlig verksemd. Med kombinasjonsbygg meinast bygg med både bustader og næringsverksemd.
h)Fritidsbustad: Bygning som er registrert som fritidsbustad i Matrikkelen (bygningstype 161–163).
i)Bruksareal (BRA): Bruksareal for ein bygning eller brukseining som er registrert i Matrikkelen og utrekna med utgangspunkt i NS 3940.
j)Avlaupsvatn: Både sanitært og industrielt avløpsvatn og overvatn.

I kraft 1 jan 2017.

§ 1-2.Gebyrtypar:
a)Eingongsgebyr for tilknyting for høvevis vatn og avlaup
b)Årsgebyr for høvevis vatn og avlaup
c)Oppmøtegebyr for avlesing av vassmålar
d)Gebyr for kontroll av vassmålar
e)Gebyr for plombering, stenging og gjenopning av vassforsyning
f)Gebyr for midlertidig tilknyting
g)Årsgebyr for tøming av kjemikalietoalett.

Gebyrsatsar vert vedteke av heradstyret i eige gebyrregulativ.

I kraft 1 jan 2017.

§ 1-3.Klage og omgjering

Det er ikkje høve til å klage på gebyr som er fastsett i høve til kommunens gebyrregulativ jf. forvaltningslova sine føresegner. Vedtaka fatta i medhald av føresegna skal følgje sakshandsamingsreglane i forvaltningslova for einskildvedtak og klage.

2. Eingongsgebyr for tilknyting

I kraft 1 jan 2017.

§ 2-1.Gebyrplikt

Eingongsgebyr for tilknyting skal betalast i følgjande tilfelle:

a)Nybygg
b)Tilleggsgebyr vert kravd for tilbygg eller påbygg som aukar bygningen sitt areal - for bustadeigedom når auken i arealet fører til auke i tal bueiningar jf. § 1-1 bokstav g
c)Eksisterande bygg som vert tilknytt eller som kommunen krev tilknytt
d)Eksisterande bygg med tilknyting som ikkje er godkjent
e)Anna permanent tilknyting til kommunalt vass- eller avlaupsanlegg, for eksempel vatningsanlegg for landbruk, idrettsanlegg mv.

Eingongsgebyret for tilknyting skal ikkje betalast i følgjande tilfelle:

a)Bygg med midlertidig tilknyting for til dømes brakkerigg. Kommunen kan fastsetje kor lenge tilknytinga skal vare.
b)Særskilt tilknyting av sprinkelanlegg.

I kraft 1 jan 2017.

§ 2-2.Utforming av gebyret

For bustad skal eingongsgebyret for tilknyting for høvevis vassforsyning og avlaup utgjera eit fast beløp pr. eining. For andre bygg (til dømes næringsbygg) skal eingongsgebyret utgjera eit fast beløp pr. bygg, men pr. eigedom dersom eit bygg er oppdelt i fleire eigedomar, til dømes gjennom seksjonering.

For bygg som består av både bustad og anna type lokale, skal det betalast gebyr for kvar av delane etter reglane i 1. ledd.

Dersom bygget erstattar eit bygg som tidligare har vore lovleg tilknytt, vert desse einingane trekt frå ved utrekning av tilknytingsgebyret. Vilkåret er at ny igangsettingstillating vert gjeve innan 5 år etter at bustaden er fjerna eller fråkopla. Ved tilbygg eller påbygg vert gebyr betalt for auka antal einingar. At antal einingar er lågare enn tidligare, gjev ikkje abonnenten grunnlag for krav om refusjon.

Det gjev ikkje frådråg i tilknytingsgebyret sjølv om eigedomen har bidrege til finansiering av infrastruktur gjennom utbyggingsavtale eller liknande.

I kraft 1 jan 2017.

§ 2-3.Gebyrsats

Storleiken på gebyrsatsane vert fastsett årleg av kommunestyret og går fram av gebyrregulativet.

Gebyrsatsen skal vera det som var gjeldande gebyrsats då kommunen mottok komplett byggesøknad eller søknad om tilknyting.

For eksisterande bygg med tilknyting som ikkje er godkjent, vert eingongsgebyret for tilknytinga betalt etter gjeldande sats på det tidspunktet kravet vert fremja.

I kraft 1 jan 2017.

§ 2-4.Ansvar og betalingsfrist

Abonnenten har ansvaret for betaling av eingongsgebyret for tilknyting. Gebyret skal vera betalt når tilknyting vert utført.

I kraft 1 jan 2017.

3. Årsgebyr

§ 3-1.Gebyrplikt og iverksetting

Årsgebyr skal betalast for alle eigedomar som:

a)Er tilknytt kommunalt vass- eller avlaupsanlegg
b)Er pålagt tilknyting i medhald av lov og fristen for tilknyting er gått ut.

Gebyrplikta tek til å gjelde:

a)for eining med stipulert forbruk: ved tilknyting
b)før øvrige einingar: når vassmålar er installert.

I kraft 1 jan 2017.

§ 3-2.Eigedom utan godkjent tilknyting eller fråkopling

Er tilknyting ikkje godkjent av kommunen, skal abonnenten betale gebyr frå og med det tidspunkt tilknytinga er føreteken. Har ikkje kommunen anna utrekningsgrunnlag, vert gebyret utmålt etter skjønn. Slik utrekning inneber ikkje at kommunen har godkjent tilknytinga.

Er fråkopling ikkje godkjent av kommunen, skal abonnenten betale gebyr inntil fråkoblinga er godkjent.

I kraft 1 jan 2017.

§ 3-3.Ansvar for gebyra

Abonnenten har ansvar for betaling av gebyr, uansett om gebyrkravet er retta mot abonnenten eller annan rekningsmottakar.

Abonnentar som samarbeider om felles vassmålar, er solidarisk ansvarlege for gebyra. Gjeld slikt samarbeid eit sameige etter lov om eigarseksjonar, er kvar abonnent ansvarleg for mengdevariabel del av gebyret i forhold til sin eigarpart, dersom ikkje anna fordeling er fastsett i sameiget sine vedtekter eller bindande vedtak i sameiget.

I kraft 1 jan 2017.

§ 3-4.Utforming av gebyra

Det vert rekna årsgebyr for høvevis vassforsyning og avlaup med ein todelt gebyrmodell:

-Ein fast del (fastledd)
-Ein mengdeavhengig del (forbruksledd).

Kor stor andel av årsgebyret som skal vere høvevis fast og variabel del, vert fastsett kvart år i Gebyrregulativet. Det same gjeld gebyrsatsane.

For bustad vert fastleddet utrekna som ein fast sats pr. bueining. Kommunen kan vedta ulik sats for høvevis bustadeigedom, fritideigedom og annan eigedom. For annan eigedom vert fastleddet utrekna som ein fast sats pr. vassmålar, eventuelt avlaupsmåler, men slik at kvar eigedom betalar fastledd sjølv om fleire eigedomar samarbeider om felles vassmålar.

Mengdevariabel del vert utrekna etter målt eller stipulert forbruk, som vassforbruk i m³. Det vert ikkje gjeve nedsett gebyr pr. m³ for storforbrukarar av vatn.

I kraft 1 jan 2017.

§ 3-5.Ansvar for opplysningar om abonnent

Abonnenten skal melde endringar i abonnenmentsforholdet til kommunen.

Inntil kommunen har motteke melding og inntil kommunen har oppdatert abonnentdata frå Matrikkelen, skal abonnenten betale årsgebyr som tidligare.

I kraft 1 jan 2017.

§ 3-6.Utregning av gebyr

Same forbruk i m³ vert lagt til grunn for utrekning av både vassgebyr og avlaupsgebyr.

Vassforbruk til sprinkelanlegg er ikkje gebyrpliktig.

Fråflytting eller fråvær gir ikkje grunnlag for frådrag i gebyr. Er bygning på eigedomen fjerna, eller øydelagt slik at han ikkje kan brukast, skal det betalast fastledd inntil stikkleidning er fråkopla (plugga) ved hovudleidningen.

For næringsverksemd der forbruket av vatn til produksjon medfører at mengda av avlaupsvatn avvik vesentleg frå målt vassforbruk, kan kommunen basere avlaupsgebyret på eiga måling av tilført avlaupsvatn til kommunalt nett, eller på særskilt avtale.

For avlaupsvatn som avvik frå vanleg hushaldavlaup og som verkar fordyrande på drift og vedlikehald av kommunens avlaupsanlegg, kan kommunen fastsette eit tillegg til avlaupsgebyret til dekking av meirkostnadene. I slike tilfelle vert det inngått ei separat avtale mellom kommunen og abonnenten.

For avlaupsvatn frå produksjonsprosess eller liknande som etter eige løyve frå kommunen er tillete ført i grunnen, i privatleidning direkte til vassdrag eller sjøen, eller i separat kommunal overvassleidning, skal det ikkje betalast avlaupsgebyr. Slik vatn skal målast separat.

I kraft 1 jan 2017.

§ 3-7.Stipulert forbruk

Næringseigedomar, offentlege verksemder og kombinasjonsbygg betaler forbruksgebyr etter faktisk (målt) vassforbruk og pris pr. m³. Forbruket blir målt med installert vassmålar. Vassmålarane gjev grunnlaget for den variable delen av årsgebyret for vatn og avlaup. Kommunen kan likevel i det einskilde tilfelle tillata eller krevja betaling etter stipulert forbruk for den variable delen. For alle nye bygg skal det installerast vassmålar.

Stipulert forbruk vert basert på utrekna bruksareal i samsvar med NS 3940 og pris pr. m³. Omrekningsfaktor for stipulert forbruk for m³ /m² for bustad og fritidshus vert fastsett i samband med det årlege gebyrvedtaket.

I kraft 1 jan 2017.

§ 3-9.Retting av feil gebyrutrekning

Har mangelfulle eller feil opplysningar ført til feilaktig gebyrutrekning, skal utrekninga rettast og differansen gjerast opp. Krav som er forelda etter reglane om forelding av fordringar, vert normalt ikkje dekka.

I kraft 1 jan 2017.

§ 3-10.Gebyrreduksjon i medhald av forbrukarkjøpslova, reglar om prisavslag

Abonnent har rett til reduksjon i gebyr (prisavslag) ved feil eller mangel ved vassforsyninga i medhald av forbrukarkjøpslovas reglar om prisavslag.

Vilkår for gebyrreduksjon er at mangelen skuldast forhold på kommunen si side, til dømes ved forureining i vasskjelde eller feil ved kommunalt anlegg. Kommunen pliktar å bidra til å avklare ansvaret.

Generell tilråding om koking som tryggleikstiltak etter trykkfall på grunn av reparasjon, spyling, brannslokking m.m., gjev ikkje gebyrreduksjon. Sats for gebyrreduksjon vert fastsett i gebyrregulativet.

Krav om redusert gebyr må fremjast innan to månader etter at forholdet oppstod, dersom ikkje kommunen har fatta eige vedtak om gebyrreduksjon.

I kraft 1 jan 2017.

4. Vassmålar

§ 4-1.Installasjon

Kommunen avgjer:

-kor mange vassmålarar den einskilde abonnent skal ha
-type, storleik og plassering
-når målar skal installerast.

Ved oppdeling av eksisterande eigedom med vassmålar, i nye eigedomar, skal kvar av dei nye eigedomane ha eigen vassmålar.

Abonnentar kan samarbeide om felles vassmålar der det vil vera urimeleg kostbart å installere målar for kvar eining. Årsgebyr vert fordelt på abonnentane etter reglane i § 3-3, annet ledd.

Pålagt vassmålar for ny eigedom skal vera installert seinast når det vert gjeve bruksløyve eller eigedomen vert teken i bruk, og for eksisterande eigedom når han vert tilknytt. Dersom dette ikkje er gjort, skal abonnenten for bustadeigedom betale stipulert årsgebyr etter § 3-7.

For annan eigedom kan gebyr utreknast etter skjønn.

I kraft 1 jan 2017.

§ 4-2.Eigarforhold

Vassmålaraen er abonnenten sin eigedom dersom ikkje anna ordning er avtala med abonnenten.

I kraft 1 jan 2017.

§ 4-3.Kostnader

Vassmålar som overfor kommunen skal nyttast som grunnlag for utrekning av årsgebyr, vert kosta av kommunen. Vassmålarar ut over dette vert kosta av abonnenten.

For vassmålarar som kommunen eig, vert vassmålarleige betalt i samsvar med satsar fastsett i gebyrregulativet.

I kraft 1 jan 2017.

§ 4-4.Avlesing av vassmålar

Abonnenten skal lese av vassmålar så nær fastsett tidspunkt for avrekning som mogeleg og sende resultatet til kommunen innan fastsett frist.

Unnlet abonnenten å utføre avlesing, kan kommunen stipulera forbruket.

I kraft 1 jan 2017.

§ 4-5.Tilsyn og vedlikehold

Abonnenten skal halde målar lett tilgjengeleg for avlesing og tilsyn.

Abonnenten skal føre tilsyn med målar. Vert ein målar skadd eller går tapt, skal abonnenten straks melde frå til kommunen. Som skade gjeld og at plombering av måler er broten. Kommunen kan krevje erstatning for tap eller skade.

Kommunen kan føre tilsyn med målar. Kontrollør frå kommunen skal legitimere seg uoppfordra.

I kraft 1 jan 2017.

§ 4-6.Nøyaktigheitskontroll 

Eigenkontroll:

Kommunen skal rettleie abonnentane om egna metode for eigen kontroll av målar. 

Enkel kontroll:

-Både kommunen og abonnenten kan krevje ytterlegare nøyaktigheitskontroll av målar. Kommunen avgjer om kontrollen skal utførast av kommunen eller av ekstern kontrollinstans.
-Kontrollen skal utførast med måleutstyr og prosedyrar for måling som er akseptert av Justervesenet.

Kontrollen skal gjelde heile det aktuelle måleområdet. 

Utvida kontroll:

-Krev abonnenten ytterlegare nøyaktigheitskontroll av målar, skal abonnenten dekke kostnadene ved slik kontroll dersom kontrollresultatet ligg innanfor feilmarginen etter § 4-7. I motsett fall dekker kommunen kostnadene. 

Justering eller utskifting av målaren:

-Dersom målenøyaktigheiten ikkje er tilfredstillande, skal målaren justerast eller skiftast ut. Krav om endra måleområde for ny målar skal vurderast.

I kraft 1 jan 2017.

§ 4-7.Avregning ved feilmåling

Dersom målaren ved kontroll viser for høgt forbruk, har abonnenten krav på tilbakebetaling for feilmåling. Er plomberinga av målarane broten, har abonnenten ikkje krav på tilbakebetaling.

Tilbakebetalinga vert rekna frå det tidspunkt feilen synest å ha oppstått.

Krav som er forelda etter reglane om forelding av fordringar, vert ikkje dekt.

Viser målaren for lågt forbruk, har kommunen krav på tilleggsbetaling etter tilsvarande reglar.

I kraft 1 jan 2017.

§ 4-8.Utskifting og flytting

Er målenøyaktigheiten for dårleg, avgjer kommunen om målaren skal justerast eller skiftast ut. Når vanleg levetid for ein målar er nådd, kan kommunen avgjere om målaren skal skiftast ut heilt eller delvis.

Kommunen kan krevje flytting av målar som er i strid med kommunen sitt krav til plassering. Abonnenten ber kostnadene med slik flytting.

I kraft 1 jan 2017.

5. Iverksetting mv.

§ 5-1.Iverksetting og oppheving av tidligare forskrift

Forskrifta trer i kraft 1. januar 2017.

Frå same tid vert forskrift 8. april 1986 for vass- og kloakkavgifter i Kvam herad1 oppheva.

Frå same tid vert forskrift 16. desember 2003 år om vass- og avlaupsgebyr i Kvam herad1 oppheva.

1Ikkje kunngjort i Norsk Lovtidend.