Forskrift om open brenning og brenning av avfall i småomnar, Ulstein kommune, Møre og Romsdal

DatoFOR-2016-06-16-745
PublisertII 2016 hefte 3
Ikrafttredelse16.06.2016
Sist endret
EndrerFOR-2010-06-17-1105
Gjelder forUlstein kommune, Møre og Romsdal
HjemmelLOV-1981-03-13-6-§9
Kunngjort23.06.2016   kl. 14.10
KorttittelForskrift om brenning av avfall, Ulstein

Kapitteloversikt:

Heimel: Fastsett av Ulstein kommunestyre 16. juni 2016 med heimel i lov 13. mars 1981 nr. 6 om vern mot forurensninger og om avfall (forurensningsloven) § 9.

§ 1.Føremål

Føremålet med denne lokale forskrifta er å hindre forureining og helseproblem, samt redusere brannfaren i kommunen som følgje av open brenning og brenning av avfall i småomnar.

§ 2.Virkeområde

Denne forskrifta gjeld open brenning og brenning av avfall i småomnar innafor kommunegrensene.

§ 3.Definisjonar

I denne forskrifta meiner ein med følgjande:

-Open brenning: all brenning som skjer utandørs, inkludert bråtebrenning og grasbrenning.
-Småomnar: forbrenningsomnar som ikkje har løyve frå Miljødirektoratet/Fylkesmannen eller er tillate etter statlege forskrifter etter forureiningslova.
-Reint trevirke: trevirke som ikkje er malt, lakka, impregnert m.m.
§ 4.Forbod mot open brenning og brenning av avfall i småomnar

Open brenning og brenning av avfall i småomnar er forbode, med mindre noko anna følgjer av § 6 i denne forskrifta.

§ 5.Tidsavgrensa forbod mot brenning i skog og utmark

I perioden 15. april–15. september er det forbod mot all open brenning i eller i nærleiken av skog og annan utmark utan løyve frå brannsjefen, jf. forskrift 17. desember 2015 nr. 1710 om brannforebygging § 3, tredje ledd.

Brenning i denne perioden er i Ulstein kommune forbode, med mindre noko anna følgjer av § 6 i denne forskrifta.

§ 6.Unntak frå forbodet

Følgjande open brenning skal likevel vere tillate:

-Open brenning på grillinnretningar, utepeisar og kaffibål.
-Brenning av reint trevirke, avispapir og liknande i vedomn.
-Bråtebrenning og brenning av tørt hageavfall (greiner, gras og lauv) utafor definerte forbodsoner (sjå temarettleiar «Forbodsoner ved bråtebrenning og brenning av tørt hageavfall»), så lengje det ikkje er til plage eller uroar naboar og andre personar.
-Bålbrenning jonsokaftan etter klokka 12:00 på stader med liten fare for brannspreiing, og det ikkje er til plage eller uroar naboane. Det som vert brent skal vere reint trevirke og/eller organisk materiale. Grunneigar må ha gjeve løyve, og brannsjefen må ha fått melding.
§ 7.Dispensasjon

Kommunen kan i særlege tilfelle dispensere frå forbodet i § 4 etter søknad, jf. også § 6.

§ 8.Tilsyn

Brannsjef/kommunalsjef teknisk i Ulstein kommune fører tilsyn med at føresegnene i denne forskrift vert haldne.

Brannsjef/kommunalsjef teknisk i Ulstein kommune har mynde til å stoppe brenning som er i strid med denne forskrifta.

§ 9.Klage

Vedtak gjort av brannsjef/kommunalsjef teknisk i medhald av denne forskrift kan påklagast til kommunen sitt klageorgan.

§ 10.Straff

Brot på føresegnene i denne forskrift kan medføre straffeansvar etter forureiningslova.

§ 11.Forskrifta trer i kraft

Forskrifta trer i kraft frå 16. juni 2016. Frå same tid blir forskrift 17. juni 2010 nr. 1105 om open brenning og brenning av avfall i småomnar, Ulstein kommune, Møre og Romsdal oppheva.

Vedlegg 

Lokal temarettleiar om forbodsoner ved bråtebrenning og brenning av tørt hageavfall

Fastsett av Ulstein kommunestyre i sak nr. 16/49 16. juni 2016 i medhald i lokal forskrift om open brenning og brenning av avfall i småomnar § 6, punkt b. 

§ 1. Føremål

Føremålet med denne lokale temarettleiaren er å vise grensene til forbodsonene skildra i lokal forskrift om open brenning og brenning av avfall i småomnar § 6, punkt b. 

§ 2. Virkeområde

Denne forskrifta gjeld bråtebrenning og brenning av tørt hageavfall (greiner, gras og lauv). 

§ 3. Forbodsoner 

§ 3-1. Eiksund 

/lf-20160616-0745-01-01.png 

§ 3-2. Haddal  

/lf-20160616-0745-02-01.png 

§ 3-3. Ulstein – Garsholhaugen 

/lf-20160616-0745-03-01.png 

§ 3-4. Buffersone frå bygg i forbodsone til nærmaste bålplass

Det skal vere minst 50 meter frå bygg i forbodsone til nærmaste bålplass. 

§ 4. Den lokale rettleiing trer i kraft

Forskrifta trer i kraft frå 16. juni 2016.