Forskrift om vass- og avløpsgebyr, Åseral kommune, Vest-Agder

DatoFOR-2016-09-08-1080
PublisertII 2016 hefte 3
Ikrafttredelse08.09.2016
Sist endret
Endrer
Gjelder forÅseral kommune, Vest-Agder
HjemmelLOV-2012-03-16-12-§5, FOR-2004-06-01-931
Kunngjort22.09.2016   kl. 14.00
KorttittelForskrift om vass- og avløpsgebyr, Åseral

Kapitteloversikt:

Hjemmel: Fastsett av Åseral kommunestyre 8. september 2016 med heimel i lov 16. mars 2012 nr. 12 om kommunale vass- og avløpsanlegg § 5 og forskrift 1. juni 2004 nr. 931 om begrensning av forurensning (forurensningsforskriften).

Generelle føresegner

Abonnentar betaler for vass- og avløpstenester levert av kommunen. Forholdet mellom abonnenten og kommunen er regulert av lover og forskrifter, samt av lokale reglement, føresegner, regulativ og deklarasjonar. Dei viktigaste dokumenta er lista opp nedanfor:

1.Lov 16. mars 2012 nr. 12 om kommunale vass- og avløpsanlegg.
2.Forskrift 1. juni 2004 nr. 931 om begrensning av forurensing (forurensingsforskriften).
3.Forskrift 8. september 2016 nr. 1080 om vass- og avløpsgebyr i Åseral kommune (dette dokumentet).
4.Andre dokument:
a.Prisliste
b.Leveringsvilkår – Drikkevatn og avløpstenester
c.Føresegner for bruk av vassmålarar
d.Føresegner for mellombels tilknyting
e.Reglement for hovudanlegg og stikkleidningar i Åseral kommune.
§ 1.Formål med forskrifta

Forskrifta gir føresegner om berekning og innbetaling av gebyra abonnentane skal betale for dei vass- og avløpstenestene kommunen leverer.

§ 2.Forskrifta sitt virkeområde

Forskrifta gjeld alle kommunen sine abonnentar, sjå definisjon i § 3.

§ 3.Definisjonar 

Abonnent: Eigar/festar av eigedom som er registrert i grunnboka med eige gards- og bruksnummer, ev. eige festenummer eller seksjonsnummer (under felles gards- og bruksnummer), som er tilkopla kommunal vass- og avløpsleidning direkte eller gjennom felles stikkleidning. Same gjeld festar av eigedom der festeavtalen ikkje er registrert i grunnboka (tinglyst), men der festaren eig dei bygningane som er plassert på tomta, og utøver festerett slik som det går frem av lov om tomtefeste. For festeavtaler med kort festetid (feste til anna enn bustad og fritidsbustad), kan det vere aktuelt at annan enn festar skal vere abonnent.

Eigar/festar av eigedom, som kommunen i medhald av plan- og bygningslova § 30-6, § 27-1 og § 27-2 har kravd tilkopla kommunal vass- og/eller avløpsleidning. 

Abonnementsgebyr: Årsgebyret sin faste del, som skal dekkje kommunen sine faste kostnader for vass- og/eller avløpstenester. 

Bruksareal (BRA) etter NS 3940 (forenkla): Forenkla kan ein seie at bruksareal omfattar:

-Arealet innafor bygningens omsluttande vegger og
-Del av fellesareal som tilhøyrar bustaden, men som ligg utanfor bustaden sine omsluttande veggar. For detaljar sjå NS 3940. 

Bruksendring: Med endring i bruken av eigedomen meinest her endring mellom ulike kategoriar, som for eksempel bustad, fritidsbustad/hytte og nærings-/offentleg verksemd. 

Eingongsgebyr for tilkopling: Eingongsgebyr for etablering av abonnement på vass- og/eller avløpstenester. 

Eining: Med ei eining i denne forskrifta meinest ei bueining eller ei næringseining. Med bueining meinast einebustad, leilegheit, kårhus, hytte eller fritidsbustad.

Ei næringseining er sjølvstendige lokale (eigen eining) som blir brukt eller leigt ut til næringsverksemd. Eksempel på næringseining er driftsbygning, verkstad, forretning, kontor, pensjonat, hotell eller institusjon.

Eit gardsbruk med eitt våningshus og ein driftsbygning blir rekna som ei næringseining. 

Felles privat stikkleidning: Privat leidning eigd i fellesskap av abonnentar som er tilkopla det kommunale leidningsnettet via den felles private stikkleidningen. 

Forbruksgebyr: Årsgebyret sin variable del som skal betalast etter forbruk (målt eller stipulert). 

Fritidsbustad: Fast eigedom med bygning regulert/godkjent til fritidsbustad. 

Prisliste: Kommunen sin gjeldande prisoversikt for vass- og avløpsgebyr. Satsane i prislista blir oppdatert årleg gjennom vedtak i kommunestyret. 

Næringsverksemd: Ervervsmessig verksemd. 

Offentleg verksemd: Verksemd driven av stat, fylkeskommune eller kommune. 

Stipulert forbruk: Forventa forbruk hos ein abonnent fastsett på basis av bygningen sitt bruksareal. 

Tenestedeklarasjon: Eit dokument der rettigheiter og plikter for abonnenten og kommunen vert klarlagt, samt kva som skjer når desse ikkje blir overhalde og kva for klagemoglegheiter som finst. 

Årsgebyr: Det samla gebyret som skal betalast årleg av abonnentar for kommunen sine vass- og/eller avløpstenester. Årsgebyret består av abonnementsgebyr og forbruksgebyr.

Vass- og avløpsgebyr

§ 4.Gebyrtypar

Følgjande gebyrtypar gjeld for vass- og avløpstenester:

-Eingongsgebyr for tilkopling
-Årsgebyr (abonnementsgebyr og forbruksgebyr)
-Gebyr for leige av vassmålar
-Gebyr for mellombels tilkopling.
§ 5.Eingongsgebyr for tilkopling

Lov om kommunale vass- og avløpsanlegg krev at det skal betalast eingongsgebyr for tilkopling til vass- og/eller avløpstenester.

Eingongsgebyr for tilkopling skal betalast:

a)Bebygd eigedom koplast til kommunalt vass- og/eller avløpsanlegg direkte eller indirekte.
b)Oppføring av nye bygg på eigedom som koplast til kommunalt vass- og/eller avløpsanlegg direkte eller indirekte.
c)Ved krav om at bygg på eigedom skal koplast til kommunalt vass- og/eller avløpsanlegg med heimel i plan- og bygningslova § 27-1 eller § 27-2.

For eigedom som inneheld fleire einingar skal det betalast eingongsgebyr for tilkopling for kvar eining.

Eingongsgebyret skal vere lik for kvar eining. Kommunen kan likevel fastsette avvikande eingongsgebyr for tilkopling dersom vass- og avløpsanlegg eller større eining av dette fører til vesentleg høgare eller lågare kostnader enn dei andre.

Storleiken på gebyret blir fastsett årleg av kommunestyret og går frem av prislista.

§ 6.Årsgebyr

Årsgebyret for vass- og avløpstenester skal betalast av alle abonnentar og består av to delar:

-Abonnementsgebyr
-Forbruksgebyr.

Samla abonnementsgebyr for kommunale vasstenester skal dekkje kommunen sine forventa faste kostnader knytt til vasstenester. Resten skal dekkjast inn av forbruksgebyret.

Samla abonnementsgebyr for kommunale avløpstenester skal dekkje kommunen sine forventa faste kostnader knytt il avløpstenester. Resten skal dekkjast inn av forbruksgebyret.

Storleiken av abonnementsgebyr og forbruksgebyr blir fastsett årleg av kommunestyret og går frem av prislista. 

Abonnementsgebyr

Abonnementsgebyret blir differensiert etter brukarkategoriane: Fritidseigedom og bustad. Alle abonnentar i ein brukarkategori betaler eit like stort fast beløp.

-Abonnementsgebyr for fritidseigedom
-Abonnementsgebyr for fast busetnad og næring

Abonnementsgebyr skal for begge kategoriar betalast per eining/bueining. Abonnementsgebyret går frem av prislista. 

Forbruksgebyr

Alle abonnentar betalar etter faktisk (målt eller stipulert) vassforbruk og pris per m³ . Faktor for omrekning av stipulert forbruk (m³ /m² ) er definert i prislista.

For alle abonnentar gjeld at avløpsmengde blir rekna lik mengde vatn, sjå dog § 8.

Forskrifta krev vassmålar installert for alle abonnentar.

§ 7.Vassmålar

For installasjon, bruk og leige av vassmålar gjeld kommunen sitt reglement.

Kostnader for installasjon, drift, avlesing mm. må abonnenten koste.

Gebyra går fram av kommunen si prisliste.

§ 8.Avvik i årsgebyret

For næringsverksemd og offentleg verksemd, der samansetninga av avløpsvatnet avvik frå vanleg avløp frå hushaldning og verkar fordyrande/innsparande på drift og vedlikehald av kommunen sitt avløpsanlegg, kan det bereknast eit påslag/frådrag til forbruksgebyret for avløp basert på dei forventa ekstrautgiftene/innsparingane.

Restriksjonar for vassforbruk eller kortare avbrot i levering eller mottak av avløp, gir ikkje grunnlag for reduksjon i gebyra. Forhold som gir grunnlag for reduksjon av gebyra går frem av kommunen sine leveringsvilkår for drikkevatn/avløpstenester.

§ 9.Mellombels tilkopling

Med mellombels tilkopling meinest bygg/anlegg som har innlagt vatn, men kor bygget/anlegget ikkje er i permanent bruk og/eller berre skal brukast i ein avgrensa periode. Eit eksempel er anleggsbrakker. Bygg brukt som fritidsbustad blir ikkje oppfatta som mellombels. Mellombels tilkopling krev godkjent avløpsanlegg.

Eigar/festar av eigedommen skal betale abonnementsgebyr og forbruksgebyr etter gjeldande reglar, med avrekning i forhold til den tida tilkoplinga er operativ. Storleiken på gebyret går frem av prislista.

Det skal ikkje betalast eingongsgebyr for tilkopling, men alle kostnader vedkommande tilkopling og fråkopling skal kostast av eigar/festar av eigedommen.

Mellombels tilkopling gjeld for opp til eit år, med moglegheit for å søke forlenging.

§ 10.Pålegg om utbetring

Kommunen kan gi abonnenten pålegg om å utbetre eige avløpsanlegg innan gitt tidsfrist, jf. forureiningslova § 7. Etter forureiningslova § 73 kan det gjevast eit forureiningsgebyr dersom forholdet ikkje er utbetra innan fristen er gått ut. Dersom den ansvarlege ikkje etterkjem pålegget, kan kommunen syte for iverksetting av tiltaka, jf. forureiningslova § 74 for eigar/festar si rekning.

Kommunen kan pålegge abonnenten å utbetre eigne anlegg for drikkevatn innan gitt frist som grunnlag for å kunne fastsette vassforbruket. Dersom forholdet ikkje er utbetra innan fristen blir årsforbruket stipulert.

§ 11.Innbetaling av gebyr

Abonnenten er ansvarleg for innbetaling av gebyra.

For nye bygg sender kommunen faktura for eingongsgebyr for tilkopling til abonnenten samstundes som igangsettingsløyve.

For eksisterande bygg sender kommunen faktura når bygget blir tilkopla kommunen si leidning, eller når kommunen har stilt krav om tilkopling etter plan- og bygninglova § 27-1, § 27-2 og/eller § 30-6. Eingongsgebyr for tilkopling forfell til betaling seinast ved tilkopling.

Abonnementsgebyr og forbruksgebyr blir kravd inn på felles faktura og blir fordelt over 2 terminar per år.

Årsgebyr blir rekna frå den dagen vassmålar er installert.

Gebyr for mellombels tilkopling blir fakturert særskilt.

Avlesing av målt vassforbruk skal gjerast ein gong per år. Forbruksgebyret blir betalt à konto fordelt på 2 terminar, basert på fjorårets forbruk. Avrekning skjer på 1. termin (faktura) året etter.

Dersom abonnenten sitt forbruk har endra seg vesentleg frå siste målaravlesing, kan kommunen endre à konto-beløpet.

Etter søknad kan kommunen gi fritak for årsgebyret når gebyrpliktig eigedom fysisk blir kopla ifrå kommunen sitt leidningsnett. Ved innvilga søknad om fritak stoppar abonnementet når melding om at anboringspunktet er plombert er motteke. Ny tilkopling av eigedommen krev ikkje ny betaling av eingongsgebyr for tilkopling. Kostnader med å kople frå og ev. ny tilkopling må dekkjast fullt ut av abonnenten. Arbeidet skal utførast etter kommunen si tilvising.

Avsluttande føresegner

§ 12.Innkrevjing av gebyr

Forfalt krav på årsgebyr er sikra med pant i eigedommen etter lov om pant (panteloven) § 6-1. Gebyra kan krevjast inn av kommunen etter reglar for innkrevjing av skatt.

§ 13.Vedtaksmynde

Vedtak etter denne forskrift skal fattast av kommunestyret eller av delegert myndigheit.

§ 14.Klage

Enkeltvedtak etter denne forskrifta følgjer forvaltningsloven kap. IV–VI og kan på klagast. Klagen skal sendast til den instansen som har fatta vedtaket.

Vedtak om storleiken på gebyra er forskrift og blir vedteken av kommunestyret, jf. forvaltningslova kap. VII, og kan ikkje på klagast.

§ 15.Ikrafttreden

Forskrifta trer i kraft 8. september 2016.