Forskrift om vass- og avløpsgebyr, Etne kommune, Hordaland

DatoFOR-2016-10-25-1349
PublisertII 2016 hefte 4
Ikrafttredelse01.01.2017
Sist endret
Endrer
Gjelder forEtne kommune, Hordaland
HjemmelLOV-2012-03-16-12-§3, FOR-2004-06-01-931-§16-1
Kunngjort24.11.2016   kl. 14.45
KorttittelForskrift om VA-gebyr, Etne

Heimel: Fastsett av Etne kommunestyre 25. oktober 2016 med heimel i lov 16. mars 2012 nr. 12 om kommunale vass- og avløpsanlegg § 3 og forskrift 1. juni 2004 nr. 931 om om begrensning av forurensning (forurensningsforskriften) § 16-1 andre ledd. 

§ 1. Generelle føresegner

Abonnentane i kommunen betaler gebyr for vass- og avløpstenester levert av kommunen. Tilhøvet mellom abonnenten og kommunen er regulert av statlege lover og forskrifter, samt av kommunale reglement og avgjerder. Dei viktigaste dokumenta er:

-Lov 16. mars 2012 nr. 12 om kommunale vass- og avløpsanlegg
-Forskrift 1. juni 2004 nr. 931 om begrensning av forurensning (forurensnigsforskriften) kap. 16 om kommunale vass- og avløpsgebyr
-Forskrift 25. oktober 2016 nr. 1349 om vass- og avløpsgebyr, Etne kommune, Hordaland (dette dokumentet)
-Gebyrregulativ for det enkelte år
-KS standard abonnementvilkår for vatn og avløp (administrative avgjerder)
-Retningslinjer for utrekning av sjølvkost for kommunale betalingstenester (H-3/14).

I kraft 1 jan 2017.

§ 1-1.Føremålet med forskrifta

Forskrifta gir føringar for utrekning og innbetaling av dei gebyr abonnentane skal betala for dei vass- og avløpstenestene kommunen leverer.

I kraft 1 jan 2017.

§ 1-2.Virkeområdet for forskrifta

Forskrifta gjeld alle abonnentane i kommunen, sjå definisjon i § 1-3 bokstav a.

I kraft 1 jan 2017.

§ 1-3.Definisjonar

I denne forskrifta meinast med:

a)Abonnent: Eigar av eigedom som er knytt til kommunen sitt vassforsynings- og/eller avløpsanlegg, eller som er godkjent eller kravd tilknytt. Festar av eigedom skal stå som abonnent når attverande festetid då gebyrplikta tredde inn var 30 år eller meir, eller festar har rett til å få festeavtalen forlenga slik at samla festetid frå gebyrplikta tredde inn vil kunne bli 30 år eller meir.
b)Eigedom: Fast eigedom registrert som sjølvstendig eining i Matrikkelen. Seksjon etablert etter lovverket om eigarseksjonar vert rekna som sjølvstendig eigedom.
c)Sanitærinstallasjonar/innvendige vass- og avløpsinstallasjonar: Abonnentseigde røyr, installasjonar og utstyr innanfor yttervegg på huset, som er knytt til vass- og / eller avløpsanlegg.
d)Privat vass- og avløpsanlegg: Abonnenteigde private leidningar (stikkleidningar) og utstyr utanfor yttervegg på huset, som er knytt til offentleg vass- og/eller avløpsanlegg.
e)Abonnement: Avtale mellom abonnent og kommunen om vassforsynings- og/eller avløpstenester gjennom tilknyting av sanitærinstallasjonar og private vass- og avløpsanlegg til kommunen sitt vass- og avløpsanlegg. Det er ikkje eit vilkår at avtalen er skriftleg. Avtale om tilknyting via privat fellesleidning vert rekna som abonnement.
f)Bygg: Konstruksjon/byggverk med eige bygningsnummer.
g)Bueining: Bustad eller fritidsbustad med eitt eller fleire rom, separat inngang og eige kjøkken.
h)Fritidsbustad: Bygning som er registrert som fritidsbustad i Matrikkelen.
i)Bruksareal (BRA): Bruksareal for ein bygning eller ei brukseining som er registrert i Matrikkelen og rekna ut med utgangspunkt i NS 3940.
j)Avløpsvatn: Både sanitært og industrielt avløpsvatn og overvatn.
k)Påkrav: Varsel til debitor om å betale. Når forfallstid for ei pengeforplikting ikkje er avtalt, pliktar debitor å betala etter påkrav. Etter reglene i tvangsfullbyrdingslova må kreditor i visse tilfelle gi debitor påkrav før han kan gå til tvangsinndriving av eit forfalle krav.

I kraft 1 jan 2017.

§ 1-4.Gebyrtypar

Gebyrtypane er:

a)Eingongsgebyr for tilknyting for høvesvis vatn og avløp
b)Årsgebyr for høvesvis vatn og avløp (summen av fast og variabel del)
c)Gebyr for leige av vassmålar
d)Gebyr for avlesing, kontroll og testing av vassmålarar
e)Gebyr for mellombels tilknyting.

Gebyrsatsar vert fastsett i eige regulativ godkjent av kommunestyret og i trer i kraft frå det tidspunkt kommunestyret bestemme.

I kraft 1 jan 2017.

§ 1-5.Klage og omgjøring

Det er ikkje høve til å klaga på gebyr som er fastsett etter kommunen sitt gebyrregulativ, jf. føresegnene i forvaltningslova.

Avgjerd etter forskrifta, som er enkeltvedtak, følgjer forvaltningslova kap. IV–VI, og klage skal handsamast av klagenemnda.

Kommunen kan fråfalla utrekna gebyr heilt eller delvis dersom særlege grunnar tilseier det.

Gebyr må betalast innan forfallsdato sjølv om gebyrvedtaket er klaga på. Klager som står fram som prinsippsaker skal handsamast av kommunestyret.

I kraft 1 jan 2017.

§ 1-6.Fritidsbustader

For fritidsbustader gjeld tilsvarande reglar som for bustad. 

I kraft 1 jan 2017.

§ 2. Eingongsgebyr for tilknyting

§ 2-1.Gebyrplikt

Eingongsgebyr for tilknyting skal betales i følgjande tilfelle:

a)Nybygg
b)Tilleggsgebyr vert kravd for tilbygg eller påbygg som aukar arealet til bygningen:
-for bustadeigedom når auken i areal fører til auka tal bueiningar, jf. § 1-3 bokstav g
-for annan eigedom når auken i bygningsareal er over 50 m²
c)Tilknyting av eksisterande bygg, eller bygg som kommunen krev tilknytt
d)Eksisterande bygg med tilknyting som ikkje er godkjent
e)Annan permanent tilknyting til kommunalt vass- eller avløpsanlegg, f.eks. vatningsanlegg for landbruk, idrettsanlegg mv.

Eingongsgebyret for tilknyting vert ikkje å betala i følgjande tilfelle:

a)Bygg med tilknyting inntil 2 år, f.eks. brakkerigg
b)Særskilt tilknyting av sprinklaranlegg.

I kraft 1 jan 2017.

§ 2-2.Utforming av gebyret

Eingongsgebyret for tilknyting vert fastsett pr. m² bruksareal (BRA) berekna med grunnlag i NS 3940 eller eksisterande arealdata.

For eigedom som består, eller ved bruksendring vil bestå av både bueining og næring/offentleg verksemd, betales gebyr for kvar brukarkategori.

Det vert ikkje gjeve frådrag i tilknytingsgebyr sjølv om eigedomen har medverka til finansiering av infrastruktur gjennom utbyggingsavtale e.l.

Kommunen kan fastsetja avvikande eingongsgebyr for tilknyting når tilknytinga krev ekstra høge/låge kostnader.

I kraft 1 jan 2017.

§ 2-3.Gebyrsats

Gebyrsatsen skal vera det som var gjeldande gebyrsats då kommunen fekk i hende komplett byggesøknad eller søknad om tilknyting.

For eksisterande bygg med tilknyting som ikkje er godkjent, vert tilknytingsgebyr å betala etter gjeldande sats på det tidspunktet kravet vert sett fram.

I kraft 1 jan 2017.

§ 2-4.Ansvar og betalingsfrist

Abonnenten har ansvaret for betaling av eingongsgebyret for tilknyting. Gebyret skal vera betalt når tilknyting vert gjort.

Eingongsgebyret forfall til betaling ved påkrav etter at rammeløyve er gitt eller seinast ved tilknyting. Krav om betaling skal sendast seinast 2 md. etter at godkjent byggesøknad ligg føre. Ved utviding av eksisterande bygg forfell eingongsgebyret til betaling ved påkrav eller seinast 2 md. etter godkjent byggesøknad. 

I kraft 1 jan 2017.

§ 3. Årsgebyr

§ 3-1.Gebyrplikt og når avtalen tek til å gjelda

Årsgebyr vert å betala for alle eigedomar som:

a)er knytt til kommunalt vass- eller avløpsanlegg
b)er pålagt tilknyting i medhald av lov og fristen for tilknyting er ute.

Gebyrplikta trer inn:

a)ved stipulert forbruk når eininga vert tilknytt
b)for einingar elles når vassmålar er eller skal vera installert.

I kraft 1 jan 2017.

§ 3-2.Eigedom utan godkjent tilknyting eller frå kopling

Er ikkje tilknyting godkjent av kommunen, skal abonnenten betala gebyr frå og med det tidspunkt tilknytinga er gjort. Har ikkje kommunen anna berekningsgrunnlag, vert gebyret utmålt etter skjøn. Slik berekning inneber ikkje at kommunen har godkjent tilknytinga.

Er frå kopling ikkje godkjent av kommunen, skal abonnenten betala gebyr inntil frå koplinga er godkjent.

I kraft 1 jan 2017.

§ 3-3.Ansvar for gebyra

Abonnenten har ansvar for betaling av gebyr, uansett om gebyrkravet er retta mot abonnenten eller annan rekningsmottakar.

Abonnentar som samarbeide om felles vassmålar, er solidarisk ansvarlege for gebyra. Gjeld slikt samarbeid eit sameige etter lov om eigarseksjonar, er kvar abonnent ansvarleg for mengdevariabel del av gebyret i forhold til sin eigardel, dersom ikkje anna fordeling er fastsett i sameiget sine vedtekter eller bindande vedtak i sameiget.

I kraft 1 jan 2017.

§ 3-4.Utforming av gebyra

Det vert rekna årsgebyr for høvesvis vassforsyning og avløp med:

-En fast del (fastledd)
-En mengdevariabel del (forbruksledd).

Ein fast del skal dekka ein del av kommunen sine faste kostnader, mens den mengdevariable delen vert å betala etter vassforbruk i m³ , målt eller stipulert. Kor stor del av årsgebyret som skal vera høvesvis fast og variabel del, vert fastsett kvart år i gebyrregulativet.

For alle bustadkategoriar reknast fastleddet som ein fast sats pr. bueining.

Mengdevariabeldelen reknast etter målt eller stipulert forbruk, som vassforbruk i m³ .

Det vert ikkje gjeve nedsett gebyr for storbrukarar av vatn.

I kraft 1 jan 2017.

§ 3-5.Ansvar for opplysningar om abonnent

Abonnenten skal melde endringar i abonnementsforholdet til kommunen.

Inntil kommunen har motteke melding og inntil kommunen har oppdatert abonnentdata frå Matrikkelen, skal abonnenten betale årsgebyr som tidlegare.

I kraft 1 jan 2017.

§ 3-6.Utrekning av gebyr

Same forbruk i m³ vert lagt til grunn for utrekning av både vassgebyr og avløpsgebyr.

Vassforbruk til sprinklaranlegg er ikkje gebyrpliktig.

Fråflytting eller fråvær gir ikkje grunnlag for frådrag i gebyr. Er bygningen(ane) på eigendomen fjerna, eller øydelagt slik at den (dei) ikkje kan brukast, skal det betalast fastledd inntil stikkleidning er fråkopla (plugga) ved hovudleidningen.

For næringsverksemd der forbruket av vatn til produksjon medfører at mengda av avløpsvatn avvik vesentleg frå målt vassforbruk, kan kommunen basere avløpsgebyret på måling av tilført avløpsvatn til kommunalt nett. I slike tilfelle må abonnenten installera avløpsmåler.

For avløpsvatn frå produksjonsprosess e.l. som etter eige løyve frå kommunen er tillate ført i grunnen, i privat leidning direkte til vassdrag eller sjøen, eller i separat kommunal overvassleidning, betales ikkje avløpsgebyr. Slikt vatn skal målast separat.

I kraft 1 jan 2017.

§ 3-7.Betaling etter stipulert forbruk

Bustader skal betala gebyr etter stipulert forbruk, dersom abonnenten eller kommunen ikkje krev at det skal betalast etter målt forbruk.

Stipulert forbruk vert rekna ut frå storleiken på bustaden (bruksareal), der det i Gebyrregulativet vert fastsett eit forholdstal mellom bruksareal og vassvolum.

Har eigedomen utvendig eller innvendig basseng på over 3 m³ , skal den betala gebyr etter målt forbruk.

I kraft 1 jan 2017.

§ 3-8.Betaling etter målt forbruk

Gebyr etter målt forbruk skal betalast ved:

-Bygg for næringsføremål (inkl. landbruk), offentlege føremål o.l.
-Bygg for både bustad- og andre føremål (blandingsbygg)
-Anna anlegg med varig eller mellombels tilknyting etter § 2-1.

For mellombelse tilknytingar kan kravet om vanlig vassmålar fråvikast, dersom vassforbruket kan fastsetjast på andre måtar.

Bustadabonnentar har rett til å få montert vassmålar og betala gebyr etter målt forbruk. Kommunen kan pålegga abonnent med stipulert forbruk etter § 3-7 å installera vassmålar og betala gebyr etter målt forbruk.

Bustadabonnent som har installert målar frivillig, kan krevja abonnementet endra til betaling etter stipulert forbruk.

I kraft 1 jan 2017.

§ 3-9.Retting av feil gebyrutrekning

Har mangelfulle eller feil opplysningar ført til feilaktig gebyrutrekning, skal utrekninga rettast og differansen gjerast opp. Krav som er forelda etter reglane om forelding av fordringar, vert normalt ikkje dekka.

I kraft 1 jan 2017.

§ 3-10.Gebyrreduksjon i medhald av forbrukarkjøpslova sine reglar om prisavslag

Abonnent har rett til reduksjon i gebyr (prisavslag) ved feil eller mangel ved vassforsyninga i medhald av forbrukarkjøpslova sine regler om prisavslag. Abonnent har rett til redusert gebyr dersom ikkje varsla avbrot i vassforsyninga varer i meir enn 24 timar.

Vilkår for gebyrreduksjon er at mangelen skuldast forhold på kommunen si side, f.eks. forureining i vasskjelde eller feil ved kommunalt anlegg. Kommunen pliktar å medverka til å avklare ansvarsforholdet.

Generell tilråding om å koka som sikkerheitstiltak etter trykkfall pga. reparasjon, spyling, brannslokking mv., gir ikkje gebyrreduksjon. Sats for gebyrreduksjon vert fastsett i gebyrregulativet.

Krav om redusert gebyr må fremjast innan 2 md. etter at tilhøvet oppsto, dersom ikkje kommunen har fatta eige vedtak om gebyrreduksjon.

I kraft 1 jan 2017.

§ 3-11.Gebyr for avlesing, kontroll, testing av vassmålarar

Reknast ut som fast sum ved kvart frammøte.

I kraft 1 jan 2017.

§ 3-12.Fritak for gebyr

Det vert ikkje gjeve fritak frå årsgebyr, men abonnenten kan søkja om fritak frå mengdevariabel del (faktisk vassforbruk eller avløpsutslepp) av gebyret når eigedomen er fysisk fråkopla kommunen sitt leidningsnett. Fritaket vil tidlegast gjelda frå neste termin etter at kommunen har mottatt melding. Kopling frå/plombering må utførast av autorisert røyrleggar og dokumenterast til kommunen. Kostnadene ved frå kopling og ny tilknyting skal dekkast fullt ut av abonnenten.

Fritak kan godkjennast for inntil eitt og eitt år. Ved søknader om forlenga fritak treng ikkje røyrleggar engasjerast.

Ny tilknyting av eigedomen krev ikkje ny betaling av tilknytingsgebyr.

I kraft 1 jan 2017.

§ 3-13.Pålegg om utbetring

Kommunen kan gi eit pålegg om å utbetra eigne avløpsanlegg innan frist. jf. forureiningslova § 7. Etter forureiningslova § 73 kan det gjevast eit forureiningsgebyr dersom tilhøvet ikkje er utbetra når fristen er utgått. Dersom den ansvarlege ikkje etterkjem pålegget kan kommunen syta for iverksetting av tiltaka, jf. forureiningslova § 74. 

I kraft 1 jan 2017.

§ 4. Vassmålar

§ 4-1.Installasjon

Kommunen kan avgjera:

-kor mange vassmålarar den enkelte abonnent skal ha
-type, storleik og plassering
-når målar skal installerast.

Ved oppdeling av eksisterande eigedom med vassmålar, skal kvar av dei nye einingane ha eigen vassmålar.

Abonnentar kan samarbeida om felles vassmålar der det vil vera etter måten kostbart å installera eigen målar for kvar eining. Årsgebyr vert å fordela på abonnentane etter reglane i § 3-3, 2. ledd.

Pålagt vassmålar skal vera installert seinast når det vert gjeve brukstillate eller eigedomen vert teken i bruk, og for eksisterande eigedom når den vert tilknytt. Om det ikkje vert gjort, skal abonnenten for bustadeigedom betala stipulert årsgebyr etter § 3-7.

For annan eigedom reknast gebyr ut etter skjøn.

Installasjon av målar skal utførast av ein autorisert røyrleggar i samsvar med det til ei kvar tid gjeldande reglement. Etter montasje skal vassmålaren plomberas av autorisert røyrleggar og meldes til kommunen.

I kraft 1 jan 2017.

§ 4-2.Fleire tilknytingar

Kvar eigedom skal normalt berre ha ein tilknyting. I dei tilfelle ein eigedom har fleire tilknytingar, skal det installerast ein vassmålar for kvar tilknyting.

I kraft 1 jan 2017.

§ 4-3.Eigarforhold

Den enkelte abonnent eig sjølv vassmålaren.

I kraft 1 jan 2017.

§ 4-4.Kostnader

Abonnenten kostar installasjon, drift, kontroll og utskifting av vassmålarar.

I kraft 1 jan 2017.

§ 4-5.Avlesing av vassmålar

Abonnenten skal lesa av vassmålar så nær fastsatt tidspunkt for avrekning som mogeleg og sende resultatet til kommunen innan fastsett frist.

Om abonnenten ikkje gjer avlesing, heller ikkje etter purring, kan kommunen fastsetja årsgebyret etter skjøn. Kommunen kan også sjølv gjera avlesing utan ytterlegare varsel til abonnenten og kan krevja særskilt gebyr for dette.

I kraft 1 jan 2017.

§ 4-6.Tilsyn og vedlikehald

Abonnenten skal halde målar lett tilgjengeleg for avlesing og tilsyn.

Abonnenten skal føra tilsyn med målar. Vert ein målar skadd eller går tapt, skal abonnenten straks melda frå til kommunen. Som skade reknast også at plombering av målar er broten.

Kommunen kan føra tilsyn med målar. Kontrollør frå kommunen skal legitimera seg ubedt.

I kraft 1 jan 2017.

§ 4-7.Nøyaktigheitskontroll

Både kommunen og abonnenten kan krevja nøyaktigheitskontroll av målaren. Dersom kontrollresultatet ligg utanfor feilmarginen etter § 4-8 må målaren justerast, eventuelt skiftast ut, utan kostnader for kommunen.

I kraft 1 jan 2017.

§ 4-8.Avrekning ved feilmåling

Dersom målaren ved kontroll viser meir enn 5 % for høgt forbruk, har abonnenten krav på tilbakebetaling av for mykje betalt årsavgift som følgje av feilmålinga. Er plomberinga broten, har abonnenten ikkje krav på tilbakebetaling.

Tilbakebetaling reknast frå det tidspunkt feilen vert vurdert å ha oppstått.

Krav som er forelda etter reglane om forelding av fordringar vert ikkje dekka.

Viser målaren meir enn 5 % for lågt forbruk, har kommunen krav på tilleggsbetaling etter tilsvarande reglar.

I kraft 1 jan 2017.

§ 4-9.Utskifting og flytting

Er målenøyaktigheita for dårleg, avgjer kommunen om målaren skal justerast eller skiftast ut. Når vanleg levetid for ein målar er nådd, kan kommunen avgjera at målaren skal skiftast ut heilt eller delvis.

Kommunen kan krevja flytting av målar som er plassert i strid med kommunen sitt krav til plassering. Abonnenten kostar slik flytting. 

I kraft 1 jan 2017.

§ 5. Sikring mot tilbakestrøyming/forureining

§ 5-1.Tilbakeslagsutstyr for vannleidninger

Det kreves montering av tilbakeslagsutstyr til kritiske abonnenter. Bakgrunnen for kravet er ynskje om å forhindra tilbakeslag av forureina vatn til det offentlege vassforsyningsnettet.

I kraft 1 jan 2017.

§ 5-2.Kostnader

Abonnenten kostar installasjon, drift og utskifting av tilbakeslagsutstyr. 

I kraft 1 jan 2017.

§ 6. Unntak - dispensasjonar - sanksjonar

§ 6-1.Auke i gebyret

For eigedom der avløpsvatnet si samansetjing avvik frå vanleg hushaldsavløp og verkar fordyrande for drift og vedlikehald av kommunen sin avløpsleidning og/eller reinseanlegg, kan det reknast eit tillegg til avløpsgebyret. Storleiken på tillegget vert fastsett i samsvar med dei ekstrakostnader kommunen vil ha med å handtere avløpsvatnet.

I kraft 1 jan 2017.

§ 6-2.Unnlating av å etterkoma pålegg

Abonnentar som ikkje etterkjem pålegg om å utbetra lekkasjar på vassleidningen til eigedomen, manglar ved avløpsanlegg eller sanitærutstyr som medfører auka belastning på leidningar eller reinseanlegg, skal betale eit tillegg til vass- og/eller avløpsgebyret. Tilleggsgebyr begynner å løpa 1 månad etter frist for gitt pålegg. Tillegget utgjer 100 % av eigedomen sitt årsgebyr for vatn og avløp og vert lagt til på nytt for kvar termin. Tilleggsgebyret gjeld inntil pålegget er etterkome.

I kraft 1 jan 2017.

§ 6-3.Ulovleg tilknyting

Abonnent som har vore ulovleg knytt til det kommunale vass- avløpsnett, skal betala tilleggsgebyr tilsvarande årsgebyr for 3 kalenderår. I tillegg skal abonnenten søke om tilknyting. Vert søknaden godkjent skal det betalast eingongsgebyr for tilknyting, samt årsgebyr frå og med tidspunktet tilknytinga vart gjort. Det skal likevel ikkje betalast årsgebyr for meir enn 3 år bak i tid. Vert søknaden ikkje godkjent kan kommunen krevja at abonnenten skal kopla seg frå kommunen sitt vass- og avløpsnett. Kostnaden fell på abonnenten.

I kraft 1 jan 2017.

§ 6-4.Arbeid utført for abonnenten si rekning

Når pålegg ikkje vert etterfølgt innafor fastsett frist, kan kommunen etter føregåande varsel få arbeidet utført for abonnenten si rekning. Arbeid som ikkje kan utsetjast, kan kommunen få utført utan føregåande varsel. 

I kraft 1 jan 2017.

§ 7. Verknad frå m.m.

§ 7-1.Verknad frå og oppheving av tidlegare forskrift

Forskrifta trer i kraft 1. januar 2017.

Frå same tid vert forskrift 8. mai 20071 om vass- og avløpsgebyr, Etne kommune, Hordaland oppheva.

1Ikkje kunngjort i Norsk Lovtidend.