Forskrift om politivedtekt, Gjerstad kommune, Aust-Agder.

DatoFOR-1932-01-28-3093
PublisertI 1932 83
Ikrafttredelse28.02.1932
Sist endretLOV-2003-07-04-74 fra 31.12.2006
Endrer
Gjelder forGjerstad kommune, Aust-Agder
HjemmelLOV-1891-06-06-1, LOV-1875-05-22, jf. LOV-1995-08-04-53-§31og§14
Kunngjort
KorttittelForskrift om politivedtekt, Gjerstad

Kapitteloversikt:

Ifølge bemyndigelse gitt ved kgl.res. av 16. januar 1925 har departementet i henhold til lov nr. 1 av 6. juni 1891 om politivedtekter for rikets herreder og lov av 22. mai 1875 angående adgang til å gi dramatiske og andre offentlige forestillinger m.v. stadfestet en av herredstyret for Gjerstad herred, Aust-Agder fylke, i møter 23. desember 1929 og 22. desember 1931 vedtatt beslutning om nye politivedtekter for herredet. Endret 13. desember 1957, 31 des 2006 - se lov 4 juli 2003 nr. 74 § 32.

I. Um orden på offentleg veg og um ålmen ferdsle og trygd.

§ 1.På offentleg veg må folk ikkje stima i hop og gjera uppstyr, ikkje driva spel eller leik som skiplar den offentlege ro og orden eller hindrar ferdsla på vegen. Det same gjeld andre vegar, plassar, parkar, offentlege anlegg eller liknande som er opne for ålmen ferdsle, eller der det er ålmen ferdsle.

På slike stader må det heller ikkje vera slagsmål, skrik og skrål eller høgrøysta tale eller anna ulagleg åtferd som er til ulempe for ferdafolk eller strider mot sømd og god sed.

Rusdrykk må ikkje nytast på offentleg veg eller ubygd grunn som ligg open inn mot slik veg.

§ 2.Um folketog - skuletog undantekne - og andre prosesjonar skal det i fyrevegen gjevast melding til lensmannen.
§ 3.Politiet kan heilt forby aking med kjelke og spark på visse stykker av vegen.
§ 4.Det er forbode å hengja seg på vogner eller annan køyredoning under køyring. Sledar og handvogner må ikkje festas til køyredoningen utan at køyraren gjev løyve til det.
§ 5.Skjoting på eller innåt offentleg veg er forbode. Same forbod gjeld bruk av fyrverkerisaker, krut og andre eksploderande to av alle slag.

Det er forbode å kasta stein, snøball eller anna som kan vera til fortred for folk som ferdast på vegen. Ingen må kasta glas, fruktskal, papir, spiker eller liknande ting på offentleg veg eller i veggrøft eller på mark som ligg inntil vegen når det kan vera til ulempe eller mein for folk som ferdast på vegen.

Søppel eller oske må heller ikkje kastast på slike stader.

§ 6.Når det på offentleg veg skal gjerast noko slag arbeid, mining, grøfting eller liknande som kan vera til hinder for ferdsla, til fåre eller ulempe for farande folk, skal melding um dette i høvelig tid fyreåt sendast til lensmannen.

Sprengingsarbeid på eller i nærleiken av offentleg veg skal på førehand meldast til lensmannen, som kan påby at det vert teke turvande sikringstiltak. Den skytebasen som har ansvaret skal vera godkjend av lensmannen. Ved sprengingsarbeid må det synast turvande varsemd. Folk må varslast i tide.

§ 7.Det er forbode å lata hestar og krøter gå lause på offentleg veg utan vanleg tilsyn.
§ 8.

Olme uksar og andre fårlege husdyr må ikkje gå lause på offentleg veg.

0Endra frå 31 des 2006 - sjå lov 4 juli 2003 nr. 74 § 32, jfr. lov 4 aug 1995 nr. 53 § 14 første leden nr. 1 annet punktum.
§ 9.Det er forbode å flytja eller taka burt ting som er til offentleg nytte eller pryd, som planta tre, rekkverk, stabbesteinar, gjerde, benker eller liknande.

Likeeins er det forbode å skjera eller rissa i , måle eller teikne på eller på annan måte skada eller skjemma slike ting.

Same forbod gjeld hus, plankeverk, port eller anna sovore som ligg innåt offentleg veg. Ingen må kluva uppetter elektriske stolpar eller kasta snøre, hyssing, metalltråd eller liknande inn i det elektriske leidningsnettet.

II. Um festar, samkomer, framsyningar, konsertar og fyrestillingar.

§ 10.Konsertar og fyrestillingar kan innanbygds amatørar halda utan søknad til lensmannen og utan avgift til heradskassa.

Andre som gjev fyrestillingar, uppvisningar, eller framsyningar eller steller til anna til å tena penger med, skal i kvart høve utreida 10 % av bruttoinnkoma til heradskassa. Avgifta skal leggast til lensmannen, men formannskapet kan i serhøve setje ned eller heilt ettergjeve avgifta.

III. Vanlege fyresegner.

§ 11.Forsømer nokon å fylgja desse fyresegner, kan lensmannen syta for at det som er naudsynlegt vert gjort og soleis få hindra at forsøminga veld skade eller ulempe.

Likeeins kan lensmannen gjera upptak til å hindra eller stansa ei ufullført handling som vedtekta forbyd eller han kan rydja or vegen ulemper og bøta skade som kjem av brot på denne vedtekta.

Kostnaden med alt dette må den skuldige bera.

§ 12.Brot mot denne vedtekta og mot dei påbod som vert gjevne i samhøve med den , vert straffa etter § 339,2 i straffeloven, ifall brota ikkje går inn under strengare straff.
§ 13.Denne vedtekta tek til å gjelda 1 - ein - månad etter ho har fått kongeleg stadfesting.

Frå same dag gjeld ikkje den med kgl.res. frå 9. november 1901 stadfeste politivedtekt for Gjerstad herad.