Forskrift om politivedtekt, Fedje kommune, Hordaland fylke.

DatoFOR-1951-10-30-3957
PublisertI 1951 s 872, II 1951 s 436
Ikrafttredelse30.11.1951
Sist endretLOV-2003-07-04-74 fra 31.12.2006
Endrer
Gjelder forFedje kommune, Hordaland
HjemmelLOV-1891-06-06-1, LOV-1875-05-22, LOV-1899-04-19-2, LOV-1932-06-17-3 jf LOV-1936-03-13-3-§27, LOV-1995-08-04-53-§31og§14
Kunngjort
KorttittelForskrift om politivedtekt, Fedje

Kapitteloversikt:

Etter fullmakter gjevne ved kgl. res. av 16. januar 1925 og 19. august 1932, jfr. lov av 6. juni 1891 om politivedtekter for heradene i riket, lov av 22. mai 1875 om høve til å halda dramatiske og andre offentlege førestellingar m.v., lov av 19. april 1899 til vern av born mot bruk av tobakk og lov av 17. juni 1932 om tillegg til politilovgjevinga, jfr. § 27 i lov av 13. mars 1936 om politiet, stadfester Justisdepartementet vedtak av Fedje kommunestyre, Hordaland fylke, i møte 19. mars og 4. oktober 1951 om politivedtekt for heradet. Endra 4. mars 1958, 31 des 2006 - sjå lov 4 juli 2003 nr. 74 § 32.

Kapitel I. Om orden m.v.

§ 1.Med offentleg stad meinast i denne vedtekta kvar veg, plass, bryggje eller annan stad som er etla eller nytta til ålmenn ferdsel.
§ 2.På eller innåt offentleg stad må det ikkje vera opplaup, samanstimling av folk, skriking, ståk, slagsmål eller anna uvyrda åtferd så den offentlege orden vert skipla, folk hindra eller ferdsla meinka.
§ 3.På eller innåt offentleg stad er det forbodi å dansa, spela kort, drikka eller by rusdrykk.

På, ut mot eller ut over offentleg stad er det forbodi å skyta med gevær, pistol eller anna skytevåpen, boge eller sprettert og likeeins å brenna av fyrverk, dynamitt eller anna sprengto, kasta ball, snøball, stein eller anna som kan skada eller ulempe dei som ferdast der.

Sprengningsarbeid på eller nær offentleg stad skal på førehand meldast til politiet (lensmannen). Ved sprengningsarbeid må det visast varsemd, og folk må varslast i tide.

Anna arbeid på eller nær offentleg stad som kan hindra eller gjera ferdsla utrygg, må føreåt meldast til politiet (lensmannen).

§ 4.Politiet (lensmannen) kan setja forbod mot leik og skreiing med kjelke, sparkstytting eller liknande på nærare fastsett offentleg stad.
§ 5.Kyr og anna fe må ikkje tjorast slik at dei kan koma eller nå inn på offentleg stad eller sleppast til beiting på innhegna veg.

Olme og ustyrlege oksar eller andre dyr som er fårlege for ålmenta, må ikkje gå lause på eller innåt offentlig stad utan forsvarleg tilsyn.

§ 6.(Oppheva 31 des 2006 - sjå lov 4 juli 2003 nr. 74 § 32, jf. lov 4 aug 1995 nr. 53 § 14 første ledd nr. 1 annet punktum).
§ 7.Lovleg oppsette plakatar og kunngjeringar må ingen taka bort, øydeleggja eller sulka til.

På eller innåt offentleg stad er det forbodi å leggja glas, spikar, fruktskal eller noko anna som kan vera til skade eller meins for nokon eller kan skjemma ut staden. Likeeins er det forbodi å skjera, rissa, skriva eller teikna på gard og grind, vegstolpe, hus eller mur som vender mot offentleg stad, eller taka bort, flytta, skada eller skjemma ting som skal vera til ålmenn nytte eller pryd.

Treplantingar, blomar eller liknande ting må ikkje skadast på noko vis.

§ 8.På gravstader eller kyrkjegrunn må ingen leika eller bruka åtferd som ikkje høver på sovoren stad.

Ingen må skada graver, blomar eller gjerde.

Kapitel II. Om offentlege tilstellingar og tilskipingar.

§ 9.Konsertar, dramatiske førestellingar og andre offentlege førestellingar eller framsyningar som nemnde i lov av 22. mai 1875 §§ 1 og 4, må ikkje haldast utan skriftleg løyve frå politiet (lensmannen). Heller ikkje må nokon utan skriftleg løyve frå politiet (lensmannen) halda skyebane, ringkasting eller liknande eller som næring halda offentleg dans, karusell eller liknande.

Løyvet vert gjeve til ein einskild namngjeven person. Politiet (lensmannen) kan når som helst taka løyvet attende.

Politiet har rett til å vera til stades.

Slike førestellingar, tilstellingar m.v. skal vera slutt kl. 24.

§ 10.Utan løyve frå politiet (lensmannen) må ingen halda samkome med dans eller anna samkome der føremålet heilt eller for det meste er moro eller tidartrøyte, dersom det er tilgjenge for ein uavgrensa krins av personar eller for folk som står i eit lag eller liknande samskipnad.

Løyvet vert gjeve til ein einskild namngjeven person som den ansvarlege. I løyvet kan politiet (lensmannen):

a)fastsetja avgrensingar til visse dagar eller visse tider av døgret,
b)krevja at det på møtestaden så lange samkoma varer er til stades ordensvern som er godkjent av politiet,
c)krevja betaling for turvande politioppsyn på og omkring møtestaden.

Forskotsbetaling kan krevjast.

Offentleg tillysing er forboden før løyve er gjevi. Løyvet kan når som helst takast attende. Ordensvernet pliktar å sjå etter at alt går sømeleg og fredeleg for seg. Fulle folk skal visast bort. Politiet, som har rett til å vera til stades, kan krevja hjelp hjå ordensvernet, t.d. ved arrestasjon på eller attmed møtestaden.

Vert det ikkje haldi oppe ro og orden eller vert ikkje pålegg frå politiet etterkomi, kan politiet bryta av og stogge samkoma.

Slike samkomer skal vera slutt kl. 1.

§ 11.På konsertar, førestellingar, framsyningar, tilstellingar og samkomer som nemnde i §§ 9 og 10, må ingen syna usømeleg framferd eller gjera noko som kan skipla eller vera til meins for samkoma m.v.

Dei som skipar til samkoma m.v., har plikt til å syta for ro og orden.

§ 12.I avgift til heradskassa vert å betala for konsert, førestelling, framsyning eller tilstelling som nemnt i § 9, for skytebane, ringkasting eller liknande berre når dei vert drivne som næring, frå kr. 5,00 til kr. 50,00 for kvar dag eller førestelling m.v. etter avgjerd av politiet (lensmannen).

Bygda sine eigne lag er fritekne for avgift. Det same gjeld konsert, førestelling, framsyning eller tilstelling som vert haldi for å fremja kristendom, edruskap eller velgjerande føremål.

§ 13.Born under 15 år har ikkje tilgjenge til offentleg dans eller samkome med dans som nemnt i § 10.

Serskilde førestellingar eller samkomer for born må vera slutt kl. 22.

§ 14.Born under 15 år som ferdast på offentleg stad mellom kl. 22 og kl. 7 i tida 1. oktober til 31. mars eller mellom kl. 23 og kl. 7 i tida 1. april til 30. september utan å vera i fylgje med foreldre eller andre føresette, kan politiet visa heim.

Kapitel III. Sal m.v. av tobakk til born.

§ 15.Sal av tobakk til born under 15 år er forbodi, endå om barnet seier å kjøpa til vaksne. Ein kan likevel lata born under 15 år få kjøpa tobakk når dei har med seg dagsett skriftleg fråsegn frå far eller mor eller andre føresette som handelsmannen kjenner. Setelen skal lyda på ei viss mengd av den tobakken barnet skal kjøpa.

Likeeins er det forbodi:

a)å kjøpa tobakk av kva slag det vera til born under 15 år,
b)å lata sovorne born få tobakk som gåve, som byte, eller vederlag for arbeid eller personlege tenester.

Politiet kan ta frå born under 15 år tobakk, pipe eller liknande røykereidskap som barnet brukar til tobakksrøyking på offentleg stad eller på offentleg verts- og samlingshus. Desse ting skal gjevast til borna sine foreldre eller føresette, som samstundes får melding om det som er gjort.

Kapitel IV. Ålmenne vedtak.

§ 16.Let nokon vera å utføra det han etter denne vedtekta eller etter pålegg gjevi med heimel i vedtekta har plikt til, kan politiet (lensmannen) utføra det i hans stad og syta for at det naudsynlege vert gjort for å hindra at forsøminga valdar skade eller ulempe for andre.

Politiet kan og hindra eller stansa handlingar som er forbodne etter vedtekta eller rydja or vegen ulemper som kjem av at nokon har forbroti seg mot vedtekta.

Kostnaden med dette vert å bera av den som har valdi forsøminga eller føreteki handlinga.

§ 17.Brot på denne vedtekta eller pålegg gjevi med heimel i vedtekta vert å straffa etter § 339 nr. 2 i straffelova, så framt ikkje strengare straffebod vert å nytta.
§ 18.Denne vedtekta tek til å gjelda 1 - ein - månad etter at den er stadfest av Justisdepartementet.