Forskrift om politivedtekter for Etnedal kommune, Oppland.

DatoFOR-1956-11-27-3838
PublisertI 1956 s 1195, II 1956 s 739
Ikrafttredelse27.12.1956
Sist endret
Endrer
Gjelder forEtnedal kommune, Oppland
HjemmelLOV-1891-06-06-1, LOV-1875-05-22, LOV-1899-04-19-2, LOV-1932-06-17-3 jfr. LOV-1936-03-13-3-§27
Kunngjort
KorttittelForskrift om politivedtekt, Etnedal

Fastsatt av Justisdepartementet, 27. november 1956. Etter fullmakter gjevne ved kongelege resolusjonar av 16. januar 1925 og 19. august 1932, jfr. lov av 6. juni 1891 om politivedtekter for herada i riket, lov av 22. mai 1875 om høve til å gjeva dramatiske og andre offentlege førestellingar m.v., lov av 19. april 1899 til vern av born mot bruk av tobakk og lov av 17. juni 1932 om tillegg til politilovgjevinga, jfr. § 27 i lov om politiet (lensmannen) av 13. mars 1936, stadfester Justisdepartementet med nokre redaksjonelle brigde vedtak av Etnedal kommunestyre, Oppland fylke, i møte 24. mars 1956 om politivedtekt for kommunen.

§ 1.På offentleg stad (det er kvar veg, plass, bru eller annan stad der det er ålmenn ferdsle eller som er etla til ålmenn ferdsle) eller innåt desse stadene må det ikkje vera opplaup, samanstimling av folk, skriking, ståk, slagsmål eller anna larmande eller uvyrden åtferd, så den offentlege orden vert skipla, folk hindra eller ferdsla meinka.
§ 2.På eller innåt offentleg stad er det forbodi å nyta eller by rusdrikk, spela kort eller dansa. Vidare er der forbodi å skyta, brenna av krut eller anna eksplosivt stoff, kasta stein eller snøball eller gjera noko anna som kan vera til meins for andre eller til ulempe for ferdsla.

Sprengningsarbeid på eller attmed offentleg stad skal føreåt meldast til politiet (lensmannen), som kan gjeva påbod om særlege tryggingstiltak. Ansvarshavande skytebas skal vera godkjend av politiet (lensmannen). Sprengningsarbeid skal gjerast varsamt. Publikum må varslast i tide.

§ 3.Politiet (lensmannen) kan heilt eller delvis setja forbod mot leik, aking på kjelke eller på sparkstytting eller skilauping på nærare fastsett offentleg stad.
§ 4.På eller ut over offentleg stad må ingen banka, lufta eller tørka sengklede eller tøy.
§ 5.Papir, fruktskal, glasbitar, spikar, søppel eller anna avfall må ikkje kastast eller leggjast på eller innåt offentleg stad.
§ 6.Born under 14 år som ferdast på kafe, matstove eller anna offentleg stad etter kl. 20 i tida 1. oktober til 31. mars eller etter kl. 22 i tida 1. april til 30. september utan at dei er i fylgje med foreldre eller andre føresette, kan politiet (lensmannen) føra eller visa heim.
§ 7.Alle pliktar å retta seg etter dei ordrar politiet (lensmannen) gjev for å halda ro og orden på offentleg stad.
§ 8.Sinte eller farlege dyr må ikkje gå lause på offentleg stad eller på grunn som ligg til offentleg stad utan at grunnen er forsvarleg innhegna. Det er forbodi å tjora hestar eller krøter såleis at dei kan nå bort på offentleg stad.
§ 9.(Oppheva 31 des 2006 - sjå lov 4 juli 2003 nr. 74 § 32, jf. lov 4 aug 1995 nr. 53 § 14 første ledd nr. 1 2. punktum).
§ 10.Det er forbodi å riva ned lovlig oppsette plakatar, skriva eller teikna på dei eller på annan måte gjera dei uleselege.
§ 11.Ingen må skjæra eller rissa i, skriva eller teikna på eller på annan måte skada stolpar, buskar, tre eller plantar som står på eller innåt offentleg stad. Det same gjeld del av hus, mur eller liknande som vender mot offentleg stad. Ingen må skada treplantingar, blomar eller anna som skal vera til ålmenn nytte eller pryd.
§ 12.På kyrkjegard må ingen leika eller syna åtferd som ikkje høver på såvoren stad. Ingen må gjera skade på gravstader, blomar eller gjerde.
§ 13.Utan skriftleg løyve frå politiet (lensmannen) må ingen halda framsyning, konsert eller førestelling som nemnt i lov av 22. mai 1875 §§ 1 og 4. Heller ikkje må nokon utan skriftleg løyve frå politiet (lensmannen) halda skytebane, ringkasting eller liknande eller som næring halda offentleg dans, karusell, maskerade eller liknande.

Utan skriftleg løyve frå politiet (lensmannen) må ingen halda samkome med dans eller anna samkome av berre eller for størsteparten selskapeleg eller underhaldande art, dersom det er ålment tilgjenge eller tilgjenge for lagslemer eller liknande.

§ 14.Løyve til å halda framsyning, førestelling, tilstelling eller samkome som nemnt i § 13, vert gjeve til ein einskild person som den ansvarlege. Han pliktar å etterkoma påbod som politiet (lensmannen) gjev for å halda ro og orden.

Som vilkår for løyvet kan politiet (lensmannen):

a.fastsetja avgrensningar til visse dagar eller visse tider av døgret,
b.krevja at det på møtestaden så lenge samkoma m.v. varer er til stades ordensvern som er godkjend av politiet (lensmannen),
c.krevja betaling for turvande politioppsyn på og omkring møtestaden. Forskottsbetaling kan krevjast.

Politiet har rett til å vera til stades og kan avbryta framsyninga m.v. om den skiplar den offentlege ro og orden.

Alle som er til stades plioktar å retta seg etter dei påbod politiet gjev for å halda ro og orden, og må både i og utanfor lokalet føre seg sømeleg.

Ordensvernet pliktar å sjå etter at alt går sømeleg og fredeleg for seg. Politiet kan krevja hjelp av ordensvernet, t.d. ved arrestasjonar på eller ved møtestaden.

Til offentleg dans og samkome med dans har born under 15 år ikkje tilgjenge.

Personar som er synleg påverka av rusdrikk, har ikkje tilgjenge, og skal visast bort.

Framsyningar m.v. som er nemnde i § 13 skal vera slutt kl. 24. Politiet (lensmannen) kan i serlege høve gjeva løyve til at framsyninga m.v. varar til kl. 1.

§ 15.I avgift til kommunekassa vert å betala 10 prosent av bruttoinnkoma av framsyningar m.v. som nemnd i § 13, 1. leden, for skytebane, ringkasting eller liknande berre når dei vert drivne som næring. Bygda sine eigne lag og tilstellingar som vert haldne til velgjerande føremål, er fritekne for avgift.

Avgifta skal betalast ukravd til lensmannen, som kan krevja ein høveleg sum deponert på forskott.

Avgifta kan ettergjevast av formannskapet.

§ 16.Det er forbodi å selja eller gjeva tobakk i nokon form til born under 15 år, utan at barnet har dagsett, underskriven setel frå foreldre eller andre føresette der mengda er oppgjeven.

Politiet kan taka frå born under 15 år tobakk, pipe, munnstykke eller liknande som barnet brukar til tobakksrøyking på offentleg stad. Har politiet teki frå born slike ting, skal det gjeva eller senda dei til foreldre eller andre føresette saman med melding om det som er føreteke.

§ 17.Brot på denne vedtekta eller påbod gjeve med heimel i vedtekta, vert straffa etter § 339 nr. 2 i straffelova, dersom ikkje strengare straffebod vert nytta.
§ 18.Denne vedtekta tek til å gjelda 1 månad etter at ho er stadfest av Justisdepartementet.