Forskrift om politivedtekt, Naustdal kommune, Sogn og Fjordane.

DatoFOR-1966-04-28-4534
PublisertI 1966 s 509
Ikrafttredelse28.05.1966
Sist endretLOV-2003-07-04-74 fra 31.12.2006
Endrer
Gjelder forNaustdal kommune, Sogn og Fjordane
HjemmelLOV-1891-06-06-1, LOV-1875-05-22, LOV-1899-04-19-2, LOV-1932-06-17-3, LOV-1995-08-04-53-§31og§14
Kunngjort
KorttittelForskrift om politivedtekt, Naustdal

Kapitteloversikt:

Justisdepartementet stadfestar vedtak av Naustdal kommunestyre 25. juni 1965 og 28. januar 1966 om ny politivedtekt for Naustdal kommune, Sogn og Fjordane fylke, jfr. kongelege resolusjonar av 16. januar 1925 og 19. august 1932, lov av 6. juni 1891 om politivedtekter for herada i riket, lov av 22. mai 1875 om høve til å gje dramatiske og andre offentlege førestellingar m.v., lov av 19. april 1899 til vern av born mot bruk av tobakk og lov av 17. juni 1932 om tillegg til pilitilovgjevinga. Endra 4. august 1988 nr. 637, 31 des 2006 - sjå lov 4 juli 2003 nr. 74 § 32.

Kapittel I. Allmenne føresegner.

§ 1.Med offentleg stad er i denne vedtekta meint gate, veg, stig, park, torg, plass, bru, bryggje, kai, strand eller annan stad der det er allmenn ferdsle eller som er etla til allmenn ferdsle.
§ 2.Skyldnad som i denne vedtekta er lagd på eigar av hus eller grunn, er òg skyldnad for festar, brukar, leigar og styrar av hus eller grunn.

Kapittel II. Orden på offentleg stad.

§ 3.Alle har skylnad til straks å retta seg etter pålegg, teikn eller signal som politiet gjev for å halda allmenn orden, styra ferdsla eller tryggja folk.
§ 4.På eller attmed offentleg stad må ingen vera med i oppstyr eller samanstimling, eller gjera larm eller bråk som skiplar den allmenne orden eller ferdsla.
§ 5.Når mange folk samlar seg nær inngangen til møterom, sportsplass, utsalsstad, stoggestad e.l., skal dei stå i kø og elles retta seg etter dei pålegga som politiet eller tilskiparen gjev for å halde oppe den allmenne orden eller for å styra ferdsla.
§ 6.Dei som vil skipa til folketog, friluftsmøte, sportsstemne e.l. på offentleg stad, skal gjeva politiet melding om det på førehand. Slik melding lyt òg gjevast av dei som vil føra fram song eller musikk, skipa til framsyning eller bruka høgtalar på eller ut mot offentleg stad.

Politiet kan forbyda tilskipningar som nemnt i fyste leden for å halda oppe den allmenne orden eller tryggja ferdsla.

§ 7.På eller nær offentleg stad må ingen utan løyve frå politiet dela ut eller spreia opprop, lysingar, reklame e.l. eller bruka gåande, køyrande eller flygande reklame.
§ 8.På eller attmed offentleg stad må ingen utan løyve frå politiet syna seg med maske eller i klede som er skikka til å uroa den allmenne orden eller ferdsla.
§ 9.På eller ut over offentleg stad er det forbode å banka teppe, sengety e.l.
§ 10.Politiet kan forbyda bading på eller attmed offentleg stad av omsyn til den allmenne orden eller ferdsla.
§ 11.På eller attmed offentleg stad er det forbode å drikka, skjenkja eller byda fram rusdrykk.

På slik stad er det like eins forbode å spela kort eller spela nokoslag spel om pengar.

§ 12.På, ut over eller attmed offentleg stad er det forbode:
1.å skyta med børse eller anna skytevåpen eller med boge, sprettert e.l.,
2.å brenna av krutt, fyrverk eller sprengto,
3.å kasta stein, snøball eller anna som kan skada eller vera til ulempe for dei som ferdast der,
4.å kasta glas, spikar, papir, fruktskal eller anna avfall.

Det er forbode å bera ladd skytevåpen på offentleg stad.

Kapittel III. Hindringar for ferdsla.

§ 13.På eller ut over offentleg stad er det forbode å setja eller hengja noko som kan vera til hinder eller ulempe for ferdsla.
§ 14.På fortau må ingen bera, draga, eller på annan måte føra med seg ting som kan vera til hinder eller ulempe for ferdsla.
§ 15.Politiet kan forbyda aking og all annan sport, leik eller spel på fastsett offentleg stad når dette trengst av omsyn til ferdsla eller allmenn orden.
§ 16.Krev byggjearbeid e.l. at gate, veg eller plass vert heilt eller noko sperra for ei avgrensa tid, lyt løyve til dette vera gjeve av politiet.

Politiet kan setja nærare vilkår for løyvet.

§ 17.Markiser, skilt, oppslag, flaggstenger, utstellingskassar e.l. som folk kan sjå frå offentleg stad, skal vera skikkeleg fastgjorde.

Markiser skal vera festa så høgt at underkanten minst er 2,25 m over grunnen.

Kapittel IV. Trygging av ferdsla.

§ 18.Sprenging på eller attmed offentleg stad skal meldast på førehand til politiet, og det kan påbyda særlege tryggingstiltak.

Den ansvarlege skytebasen skal vera godkjend av politiet.

Når det vert sprengt, lyt det skje med turvande varsemd. Folk må varslast på førehand.

§ 19.Reising, riving eller vøling av bygning, graving eller anna arbeid på eller ut mot offentleg stad skal meldast til politiet på førehand når det kan verta fare for ferdsla. Politiet kan fastsetja korleis arbeidsstaden skal avsperrast og påbyda andre tryggingstiltak.

Til arbeidet er ferdig skal det vera mange nok tende lykter attmed sperringa når det er mørkt eller uklårt vèr.

Opne grøfter lyt fyllast, stampast eller jamnast snarast råd er.

§ 20.Når tak vert reinsa, hus måla eller anna mindre arbeid gjort, eller når varer vert heiste opp eller fira ned, på eller ut mot offentleg stad, lyt det sytast for at stigar, heisar e.l. som vert nytta, er sterke nok og berre vert bruka av øvde og pålitelege folk.

Han som er ansvarleg for arbeid, har skyldnad til å setja opp avvisarar som gjer det klårt at det er farleg eller vanskeleg å ferdast der.

§ 21.Sperringar, avvisasar, stigar e.l. skal takast bort når arbeid nemnt i §§ 18, 19 og 20 er gjort.
§ 22.Stoppkranar for vasstilførsla på offentleg stad skal ha kapsel eller lok i høgd med grunnen.

Avlaupsrenner på offentleg stad skal vera i høgd med grunnen. Tak og avlaupsrenner som vert førde ut til offentleg stad, skal haldast reine og tette.

§ 23.Når det er fare for at snø eller is kan falla frå tak mot offentleg stad, skal eigaren staks setja opp avvisarar som gjer det klårt at det er farleg eller vanskeleg å ferdast der, og snøggast syta for at taket vert reingjort for snø og is.
§ 24.Politiet kan forbyda eller avgrensa ferdsla på sjø eller vatn som er frose.

Skjer nokon opning i isen, skal opninga gjerdast inn på trygg måte.

Kapittel V. Reinhald på offentleg stad.

§ 25.Eigar av hus eller grunn mot offentleg stad har skyldnad til å halde reint fortau, rennestein, ljos- og luftegraver utanfor eigedomen. Reinhaldet skal gjerast såleis at det vert til minst mogeleg ulempe. I tørt ver utan frost må det ikkje feiast før det er sprøyta vatn.

Oppsop e.l. må ikkje leggjast i kloakksluk.

§ 26.Eigar av hus eller grunn mot offentleg stad har skylnad til å rydja fortauet utanfor eigedomen for snø eller is etter takras.

Snø og is kan leggjast langst kanten av fortauet men må ikkje kastast ut i køyrebanen eller leggjast i rennesteinen.

Snø og is frå gardsplass, tuft eller hage må ikkje leggjast på offentleg stad.

§ 27.Eigar av hus eller grunn mot offentleg stad har skyldnad til å strøya fortauet utanfor eigedomen når det er glatt.
§ 28.Eigar av hus eller grunn mot offentleg stad skal syta for at vassavlaup i fortau, rennestein, grøft e.l. vert halde oppe.
§ 29.Seljar frå portrom, bu e.l. på eller ut mot offentleg stad skal syta for at området ikkje vert skjemt eller skitna til av salet. Eigaren har skylnad til å setja opp mange nok korger for papir og bos.

Tilskipar på offentleg stad skal få teke bort papir og anna bos etter tilskipinga.

§ 30.Køyrety som vert bruka til køyring av gjødsel, bos, avfall, jord, sand, koks, sagflis, kloakkinnhald e.l. på offentleg stad, skal vera laga til såleis at ikkje noko vert mista på køyreturen.

Kapittel VI. Offentlege stader.

§ 31.Politiet kan forbyda sykling, aking eller annan sport, leik eller spel i offentlege parkar og på liknande offentlege stader.
§ 32.På kyrkjegard er det forbode å sykla, aka eller å driva sport, leik, spel eller anna som ikkje sømer seg der.

Det er forbode å trengja seg inn på kyrkjegard når der er stengt.

0Endra 31 des 2006 - sjå lov 4 juli 2003 nr. 74 § 32, jf. lov 4 aug 1995 nr. 53 § 14 første leden nr. 1 2. punktum.
§ 33.Kunngjeringar, plakatar e.l. må ikkje slåast opp på offentleg stad utan løyve frå politiet. Dette gjeld ikkje oppslag på tavler e.l. som er godkjende av kommunen til slikt bruk. Det gjeld heller ikkje oppslag på ein eigedom om noko som berre gjeld eigedomen eller næringa til dei som bur der.

Det er forbode å riva ned, skada eller skjemma oppslag som lovleg er sette opp.

Oppslag skal takast bort når dei er foraldra.

Kapittel VII. Dyr.

§ 34.Det er forbode å lata hest, storfe, sau, geit eller gris gå laus utan skikkeleg tilsyn på eller ved offentleg stad.

Fjørfe må ikkje sleppast ut på offentleg stad.

Sirkusdyr eller ville dyr må ikkje utan løyve frå politiet førast på offentleg stad.

§ 35.(Opphevd 31 des 2006 - sjå lov 4 juli 2003 nr. 74 § 32, jf. lov 4 aug 1995 nr. 53 § 14 første ledd nr. 1 2. punktum).
§ 36.(Opphevd 31 des 2006 - sjå lov 4 juli 2003 nr. 74 § 32, jf. lov 4 aug 1995 nr. 53 § 14 første ledd nr. 1 2. punktum).
§ 37.(Opphevd 31 des 2006 - sjå lov 4 juli 2003 nr. 74 § 32, jf. lov 4 aug 1995 nr. 53 § 14 første ledd nr. 1 2. punktum).

Kapittel VIII. Offentlege framsyningar.

§ 38.Utan løyve fra politiet må ingen:
1.halda konsert eller dramatisk framsyning som nemnt i § 1 i lov frå 22. mai 1875,
2.halda anna offentleg framsyning eller framvising som nemnt i § 4 ilov frå 22. mai 1875,
3.driva skytebane, ringkasting e.l.,
4.halda offentleg dans, karusell e.l. som næring,

halda samkome med dans eller anna samkome heilt eller mest for tidtrøyte med tilgjenge for ei uviss folkemengd eller for dei som står i eit lag eller ein samskipnad. e.l.

§ 39.Tilskipar av framsyning e.l. som nemnt i § 38, skal i god tid på førehand senda politiet søknad om løyve med oppgåve over tid og stad for framsyninga o.l. og kven den ansvarlege er.

Politiet kan setja vilkår for løyvet.

Tilskiparen må følje dei pålegga politiet elles gjev for å halda ro og orden og tryggja folk.

Framsyning e.l. skal ikkje haldast mellom kl. 1 og kl. 8. Politiet kan fråvika dette og kan òg fastsetja at ei særskild framsyning e.l. skal slutta før kl. 1 eller taka til seinare kl. 8.

Politiet skal ha høveleg plass på alle framsyningar e.l. nemnde i § 38 nr. 1 og 2.

§ 40.Ingen må bruka rom, telt e.l. til framsyning e.l., utan at politiet har godkjent det. Det same gjeld bruk av karusell e.l.
§ 41.Folk skal føra seg sømeleg på framsyningar. Ingen må bråka eller på annan måte hindre eller avbryta framsyninga e.l. eller uroa andre frammøtte.

Folk som har drukke alkohol, skal haldast bort frå framsyning e.l.

Politiet kan avbryta framsyning e.l. som nemnt i § 38, om offentleg ro og orden krev det.

§ 42.Til kommunekassa skal det betalast for:
1.konsert eller dramatisk framsyning som nemnt i § 1 i lov frå 22. mai 1875 kr. 15,- for kvar framsyning eller dag,
2.anna offentleg framsyning e.l. nemnt i § 4 i lov frå 22. mai 1875 kr. 15,- for kvar framsyning eller dag,
3.skytebane, ringkasting e.l. som vert drive til næring, kr. 15,- for kvar dag,
4.offentleg dans e.l. som vert drive til næring, kr. 15,- for kvar dag.

Pengane skal betalast på forskot.

Framsyning e.l. som vert halden til bate for velgjerdsame eller allmenn-nyttige føremål, er friteken for betaling.

Kapittel IX. Born.

§ 43.(Opphevet 4. august 1988 nr. 637).
§ 44.Born under 14 år som flakkar om åleine på offentleg stad etter kl. 20 i tida frå 1. oktober til 30. april, eller etter kl. 22 i tida frå 1. mai til 30. september, kan politiet føre eller vise heim.

Foreldre og andre føresette lyt så langt råd er, syta for at små born som dei har ansvar for, har tilsyn når dei ferdast på offentleg stad.

Born under 14 år har ikkje tilgjenge til offentleg dans som nemnt i § 38 nr. 4, eller samkome som nemnt i § 38 nr. 5, utan dei er saman med foreldre eller føresette.

Kapittel X. Ymse føresegner.

§ 45.Forsømer nokon det han har skylnad til etter denne vedtekta eller etter pålegg gjeve med heimel i vedtekta, kan politiet setja det i verk på hans vegner eller syta for at det vert gjort som er naudsynleg til å hindra skade eller ulempe for andre.

Politiet kan òg hindra eller stogga gjerningar som er forbodne etter denne vedtekta, eller rydja or vegen ulempe som kjem av at nokon har brote vedtekta.

§ 46.Brot på denne vedtekta eller pålegg gjeve med heimel i vedtekta vert straffa etter § 339 nr. 2 i straffelova, om ikkje hardare straff skal brukast.
§ 47.Denne vedtekta tek til å gjelda 1 månad etter at ho er stadfest av Justisdepartementet.