Forskrift om politivedtekt, Bokn kommune, Rogaland.

DatoFOR-1967-02-14-4579
PublisertI 1967 s 401
Ikrafttredelse14.03.1967
Sist endretLOV-2003-07-04-74 fra 31.12.2006
Endrer
Gjelder forBokn kommune, Rogaland
HjemmelLOV-1891-06-06-1, LOV-1875-05-22, LOV-1899-04-19-2, LOV-1932-06-17-3, LOV-1936-03-13-3-§27, jf. LOV-1995-08-04-53-§31og§14
Kunngjort
KorttittelForskrift om politivedtekt, Bokn

Kapitteloversikt:

Justisdepartementet stadfester med nokre endringar vedtak av Bokn kommunestyre 5. mars 1965 om ny politivedtekt for Bokn kommune, Rogaland fylke, jfr. kgl. res av 16. januar 1925 og 19. august 1932, lov av 6. juni 1891 om politivedtekter for herada i riket, lov av 22. mai 1875 om høve til å gi dramatiske og andre offentlege førestellingar m.v., lov av 19. april 1899 til vern av born mot bruk av tobakk og lov av 13. mars 1936 om politiet. Endra 31 des 2006 - sjå lov 4 juli 2003 nr. 74 § 32.

I. Allmenne føresegner.

§ 1.Med offentleg stad er i denne vedtektya meint gate, veg stig, plass, bru, bryggje, torg, park, strand, tun eller annan stad der det er eller kan vera allmenn ferdsle.
§ 2.Dersom hus eller grunn er fest bort, kviler pliktene som etter denne vedtekta er lagde på eigaren, ikkje på han, men på festaren.

II. Orden på offentleg stad.

§ 3.Alle pliktar å rette seg etter dei pålegg, teikn eller signal som politiet gjev for å halda orden og regulera ferdsla.
§ 4.På eller like ved offentleg stad offentleg stad må folk ikkje stimla saman eller laga opplaup eller bråk som skapar uorden eller hindrar ferdsla.
§ 5.Når mykje folk samlast ved inngangen til forsamlingslokale, utsal, sportsplass o.l., skal dei stilla seg i kø og elles retta seg etter tilvising frå arrangøren eller politiet.
§ 6.Friluftsmøte, folketog og liknande må ikkje haldast utan løyve frå politiet (lensmannen). Bruk av høgtalar, song og musikk, oppvisingar, framsyningar e.l. er forbode på eller ut mot offentleg stad utan løyve frå politiet (lensmannen).
§ 7.Slagsmål, skrik, høgrøysta song eller anna larmande eller fornærmande åtferd er forbode på eller ved offentleg stad.
§ 8.Politiet (lensmannen) kan forby at det på offentleg stad vert utlevert, oppslege eller utlagt trykte eller skrivne saker som kan føre til uorden.
§ 9.På eller ut over offentleg sted er det forbode å tømma noko og å banka, rista eller lufta møblar, teppe, klede og liknande.
§ 10.På eller ut over offentleg stad eller i portrom eller gardstun som er ope mot offentleg stad, er det forbode å spela om pengar og å by fram eller nyta rusdrykk.

Det er forbode å gjera opp eld på offentleg stad, utan særleg heimel.

§ 12.På eller ut over offentleg stad er det forbode:
1.å skyta med gevær eller anna skytevåpen,
2.å skyta med boge, sprettert e.l.,
3.å brenna av krut, fyrverkeri eller eksplosive stoff utan løyve,
4.å kasta stein, snøball, skvetta søyle eller anna som er til ulempe,
5.å kasta glas, spikar, papir, fruktskal eller anna avfall.

Det er forbode å bera ladd skytevåpen på offentleg stad utan heimel.

III. Hindringar for ferdsla.

§ 13.På veg eller fortau må ikkje setjast eller leggjast noko som kan hindra ferdsla.
§ 14.Politiet (lensmannen) kan for stuttare eller lengre tid forby aking på sparkstytting, kjelke, ski og skeiser på offentleg stad der det kan vera fårleg eller til meins for ferdsla.
§ 15.Er det påkravt på grunn av byggjearbeid e.l. at ei gate, ein veg eller plass vert heilt eller delvis sperra for eit avgrensa tidsrom, må ein ha løyve til slik sperring av politiet (lensmannen).

Politiet (lensmannen) kan fastsetja nærmare vilkår for å tillata slik avsperring.

§ 16.Markiser, skilt, oppslag, flaggstenger eller liknande som vender mot offentleg stad, skal vera forsvarleg feste.

Markiser skal ha ei minstehøgd over grunnen på 2,25 m.

IV. Sikring av ferdsla.

§ 17.Sprengjingsarbeid på eller ved offentleg stad skal på førehand meldast til politiet (lensmannen) som kan krevja særlege sikkringstiltak.

Ved sprengjingsarbeid må ein syna den største varsemd. Vegfarande skal varslast i tide.

§ 18.Det er forbode for private å grava eller gjera anna arbeid på offentleg stad utan at politiet (lensmannen) på førehand har gjeve løyve til det. Arbeid på offentleg stad skal utførast slik at det hindrar ferdsla minst mogeleg.

Større arbeid på eller ved offentleg stad, som kan vera til hindring for ferdsla, skal i god tid på førehand meldast til politiet (lensmannen). Grøfter skal sperrast forsvarleg. Etter skumringa skal det vera så mange tende lykter som naudsynleg ved grøfter, sperringar, jordhaugar o.l. Etter utført arbeid skal gate og vegdekke m.m. stjast i same stand som før.

§ 19.Ved reinsking av takrenner, utvendig måling eller vasking av hus, reparasjon av tak eller arbeid på bygning mot offentleg stad, skal det setjast opp avvisara som klårt syner at ein ikkje kan ferdast der utan fåre eller ulempe.
§ 20.Avvisarar og andre ting som er nytta under arbeid nemt under §§ 17, 18 og 19 skal fjernast staks arbeidet er ferdig.
§ 21.Stoppekranar for vasstilførsle på offentleg stad skal ha kapsel eller lok som er i plan med grunnen.

Tak og avlaupsrenner som går ut til offentleg stad skal haldast reine og tette.

§ 22.Når det er fare for at snø og is kan falla ned frå hustak som vender mot offentleg stad, pliktar huseigaren å setja opp avvisaras som gjer det klårt at det er fårleg å ferdast der. Politiet (lensmannen) kan påleggja huseigaren å fjerna snø eller is frå taket.

Huseigar skal føra tilsyn med at tak, balkongar, gesimsar, avlaupsrør, skilt og liknande som er plasserte på bygningar ut mot offentleg stad, vert haldne i forsvarleg stand.

§ 23.Politiet (lensmannen) kan forby eller gje regulerande regler for ferdsle på islagt vatn eller sjø.

Den som skjer opningar i isen skal hegna inn opningane på ein forsvarleg måte.

V. Om reinhald på offentleg stad.

§ 24.Det er forbode å tetta til rennestein eller sluk slik at vatn frå gate, veg eller fortau ikkje får fritt avlaup.
§ 25.Eigar eller brukar av kiosk, pølsebu eller liknande pliktar å halde rein plassen omkring. Papir og anna avfall skal fjernast straks.
§ 26.Køyrereiskapar som vert nytta til køyring av gjødsel, søppel, avfall, jord, sand e.l. på offentleg stad, skal vera slik at ikkje noko fell av under køyringa.

Køyrereiskapar eller andre ting må ikkje vaskast eller reingjerast i køyrebanen eller på fortauet.

VI. Freding av offentleg anlegg m.m.

§ 27.Det er forbode å flytta eller ta bort, skjera eller rissa i, måla eller teikna på, eller på annan måte skada eller skjemma anlegg, innretningar m.m. som skal vera til offentleg nytte eller prydnad.

Det same gjeld den delen av hus, plankeverk, gjerde, port eller liknande som vender ut mot offentleg stad.

§ 28.Kunngjeringar på eller ut mot offentleg stad om framsyningar, konsertar, stemne, møte e.l. kan gjerast med oppslag, dersom vedkomande eigar har samtykt i det.

Oppslag som er lovleg oppsett, må ikkje rivast ned av uvedkomande, skadast eller skjemmast på annan måte.

Når eit oppslag er forelda, skal det takast bort av den som sette det opp.

§ 29.Det er forbode å skada tre, som står på eller ved offentleg stad, ved å bryta greiner, riva av eller skjera i borken, eller ta bort eller skada noko som er sette opp til vern for trea.
§ 30.Ein skal ikkje leika, sykla eller ha føre seg noko anna uhøvande på kyrkjegarden. Mindre born må ikkje ferdast på kyrkjegarden utan i fylgje med vaksne. Dyr må ikkje takast med eller sleppast inn på kyrkjegarden.

VII. Om dyr.

§ 31.Det er forbode å la stutar (graoksar) eller andre fårlege dyr gå lause på offentleg stad, eller i gjerdelause hamnehagar som ligg nær offentleg stad, utan forsvarleg tilsyn.
§ 32.(Opphevd 31 des 2006 - sjå lov 4 juli 2003 nr. 74 § 32, jf. lov 4 aug 1995 nr. 53 § 14 første ledd nr. 1 2. punktum).
§ 33.(Opphevd 31 des 2006 - sjå lov 4 juli 2003 nr. 74 § 32, jf. lov 4 aug 1995 nr. 53 § 14 første ledd nr. 1 2. punktum).

VIII. Om tilstellingar, framsyningar m.m.

§ 34.Utan løyve frå politiet (lensmannen) må ingen halda konsert, - kyrkjekonsert unnateken - dramatisk eller anna framsyning som nemnt i § 1 i lov av 22. mai 1875.

Heller ikkje nokon utan løyve frå politiet (lensmannen) halda anna framsyning som nemnt i § 4 i sama lova, eller halda skytebane, ringkasting, eller som næring halda offentleg dans, maskerade, karusell e.l.

§ 35.Den som vil arrangere framsyning, offentleg dans o.l., skal i god tid føreåt senda søknad til politiet (lensmannen) med opplysning om tid og stad og kven som er ansvarleg for tilskipninga. Som vilkår for løyvet kan politiet (lensmannen) krevja:
a.at det på møtestaden, så lenge framsyninga e.l. varer, er ordensvern til stades som er godkjent av politiet (lensmannen).
b.betaling for naudsynleg politioppsyn på og ikring møtestaden,
c.at andre pålegg som politiet (lensmanne) gjev for å halda ro og orden vert etterkomne.

Tilstellinga må ikkje kunngjerast offentleg før løyve er gjeve.

Eit løyve kan politiet (lensmannen) kalla tilbake kva tid som helst.

§ 36.Tilstelling, framsyning e.l. som er nemnt i § 34 kan berre haldast i lokale eller på stad som politiet (lensmannen) har godkjent. Politiet (lensmannen) har til kvar tid tilgjenge til tilstelling, framsyning e.l.

Tilstelling, framsyning e.l. som nemnt i § 34 må ikkje finna stad mellom kl.1 og kl. 8.

Politiet (lensmannen) kan i særlege høve dispensere frå føresegna i føregåande setning.

§ 37.Ved alle tilstellingar, framsyningar e.l. skal publikum oppføre seg sømeleg og ordentleg og må ikkje ved støy eller på annan måte hindra framsyninga eller gjera det utriveleg for andre som er til stades.

Arrangøren pliktar å retta seg etter dei pålegg som politiet eller ordensvernet gjev for å halda oppe orden og tryggleik.

Personar som er synleg påverka av alkohol (rusdrikk) skal ikkje få tilgjenge.

Vert framsyning, tilstelling e.l. som nemnt i § 34 halda utan løyve eller utan at politiet (lensmanen) sine pålegg vert følgde eller vert den fastsette avgifta ikkje betalt, kan politiet eller ordensvernet staks avbryta tilstellinga e.l. Det same gjeld dersom det vert framsynt eller går føre seg noko usømeleg eller noko som skiplar ro og orden, eller arrangøren ikkje lenger vert funnen skikka til å halda fram med tilstellinga e.l.

Dei som er til stades, pliktar å fjerna seg når politiet eller ordensvernet eller arrangøren ber om det.

§ 38.Det skal betalast avgift til kommunen av:
a.skytebane, ringkasting og karusell som blir driven som næring frå kr. 10 til kr. 50 pr. dag etter avgjerd av politiet (lensmannen) som samrår seg med formannskapet når ein finn dette naudsynt,
b.revy, kabaret, variete, sirkusframsyningar o.l. 5 % av brutto inntekta og ikkje under kr. 15 pr. dag eller framsyning.

Tilstelling o.l. som vert halden til inntekt for humanitære eller allmennnyttige føremål er friteken for avgifta.

Avgifta som er fast, skal betalast på forskot. Prosentavgifta skal betalast like etter framsyninga eller tilstellinga.

IX. Om born.

§ 39.Det er forbode å selja eller levera ut tobakk i noko form til born under 15 år utan dei har med seg underskriven og dagsett setel frå foreldra eller andre føresette, og mengda som skal kjøpast for dei, er oppgjeven.

Det er forbode å kjøpa tobakk i noko form til born under 15 år, eller gje dei tobakk av noko slag som gåve, lån, i byta eller som godtgjersle. Politiet kan ta frå born under 15 år tobakk i kva form som helst, tobakkspipe, munnstykke eller annan røykereidskap som barnet nyttar til tobakksrøyking på offentleg stad.

§ 40.Born under 14 år som streifar om på eiga hand på offentleg stad etter kl. 20 i tida frfå 1. oktober til 30. april eller etter kl. 22 i tida frå 1. mai til 30. september, kan politiet visa eller føra heim. Foreldra eller andre føresette skal syta for at små born som er i deira varetekt, er under forsvarleg tilsyn så dei ikkje hindrar ferdsla på offentleg stad.

Born under 15 år har ikkje tilgjenge til offentleg dans og kan visast eller førast heim av politiet.

X. Sluttføresegner.

§ 41.Dersom nokon ikkje gjer si plikt etter denne vedtekta eller etter pålegg gjeve med heimel i vedtekta, kan politiet (lensmannen) syta for at det naudsynlege vert gjort for å hindra at forsøminga valdar skade eller ulempe for andre. Politiet kan også hindra eller stansa handlingar som er forbodne etter vedtekta eller ta bort ulemper som kjem av at nokon har forbrote seg mot vedtekta.
§ 42.Brot på denne vedtekta eller påbod gjeve med heimel i vedtekta, vert straffa etter § 339, nr. 2 i straffelova, dersom ikkje strengare straffeføresegner skal nyttast.
§ 43.Denne vedtekta tek til å gjelda 1 månad etter ho er stadfest av Justisdepartementet.

Frå same tid gjeld ikkje lenger politivedtekta for Bokn kommune, stadfest 6. januar 1930.