Forskrift om politivedtekt, Sogndal kommune, Sogn og Fjordane.

DatoFOR-1967-08-31-4565
PublisertI 1967 s 1583
Ikrafttredelse30.09.1967
Sist endretLOV-2003-07-04-74 fra 31.12.2006
Endrer
Gjelder forSogndal kommune, Sogn og Fjordane
HjemmelLOV-1891-06-06-1, LOV-1875-05-22, LOV-1899-04-19-2, LOV-1932-06-17-3, jf. LOV-1995-08-04-53-§31og§14
Kunngjort
KorttittelForskrift om politivedtekt, Sogndal

Kapitteloversikt:

Justisdepartementet stadfester vedtak av Sogndal kommunestyre 17. mars 1967 om ny politivedtekt for Sogndal kommune, Sogn og Fjordane fylke, jfr. kgl.res. av 16. januar 1925 og 19. august 1932, lov av 6. juni 1891 om politivedtekter for herada i riket, lov av 22. mai 1875 om høve til å gjeva dramatiske og andre offentlege førestellingar m.v., lov av 19. april 1899 til vern av born mot bruk av tobakk og lov av 17. juni 1932 om tillegg til politilovgjevinga. Endra 31 des 2006 - sjå lov 4 juli 2003 nr. 74 § 32.

Kapittel I. Vanlege føresegner.

§ 1.

Med offentleg stad er i denne vedtekta meint gate, veg, park, torg, plass, bru, brygge, strand, anlegg eller annan stad der det er ålmenn ferdsle eller som er etla til ålmenn ferdsle.

§ 2.

Skyldnader som i denne vedtekta er lagde på eigar av hus eller grunn, kviler også på den som fester, brukar, leigar eller styrer hus eller grunn.

Kapittel II. Om orden på offentleg stad.

§ 3.

Alle pliktar straks å retta seg etter pålegg, teikn eller signal som politiet gjev for å halda orden, regulera ferdsla eller verna publikum.

§ 4.

På eller attmed offentleg stad må ikkje folk stimla saman, delta i opplaup, eller laga larm eller bråk som skiplar ro og orden eller er til hinder for ferdsla.

§ 5.

Når mange menneskje samlast ved inngongen til forsamlingslokale, sportsplass, utsalsstad, haldeplass o.l., skal dei ordna seg i kø og elles retta seg etter dei pålegg som politiet eller arrangøren gjev for å halda ro og orden eller regulera ferdsla.

§ 6.

Den som vil arrangera folketog, friluftsmøte, sportsstemne o.l. på offentleg stad, skal på førehand gjeva politiet melding om dette. Slik melding må også gjevast av den som på eller ut mot offentleg stad vil framføra sang eller musikk, stella til oppvisning eller framsyning eller bruka høgtalar.

§ 7.

På eller attmed offentleg stad må ingen utan løyve frå politiet dela ut eller spreia opprop, annonsar, reklame o.l. eller gjera bruk av gåande, køyrande eller flygande reklame.

§ 8.

På eller attmed offentleg stad må ingen utan løyve frå politiet visa seg med maske eller i drakt som er etla til å skipla ro og orden eller ferdsla.

§ 9.

På eller ut over offentleg stad er det forbode å banka teppe, sengety o.l.

§ 10.

Politiet kan nekta bading på eller attmed offentleg stad når det finn dette turvande av omsyn til den ålmenne orden eller ferdsla.

§ 11.

På eller attmed offentleg stad er det forbode å nyta, skjenka eller by fram rusdrikk.

På slik stad er like eins kortspel og spel om pengar forbode.

§ 12.

På, ut over eller attmed offentleg stad er det forbode:

1.å skyta med gevær eller anna skytevåpen eller med boge, sprettert o.l.,
2.å brenne av krut, fyrverkeri eller sprengstoff av noko slag,
3.å kasta stein, snøball eller anna som kan vera til skade eller ulempe for dei som ferdast der,
4.å kasta glas, spikar, papir, fruktskal eller anna avfall.

Det er forbode å bera ladd skytevåpen på offentleg stad.

Kapittel III. Hindringar for ferdsla.

§ 13.

På eller ut over offentleg stad må ingen setja, hengja eller leggja ut ting som kan vera til fåre eller ulempe for ferdsla.

§ 14.

På fortau må ingen bera, trekkja eller på annan måte føre med seg ting som kan vera til hinder eller ulempe for ferdsla.

§ 15.

Politiet kan nekta aking og all form for sport, leik eller spel på offentleg stad når dette er turvande for å tryggja ferdsla eller ro og orden.

§ 16.

Er det turvande på grunn av byggjearbeid o.l. at ei gate, ein veg eller plass vert heilt eller delvis sperra for ei avgrensa tid, må det skaffast løyve til slik avsperring frå politiet.

Politiet kan fastsetja nærare vilkår for å gjeva løyve til slik avsperring.

§ 17.

Markiser, skilt, oppslag, flaggstenger, utstillingskassar o.l. som vender ut mot offentleg stad, skal vera forsvarleg festa.

Markiser på hus mot offentleg stad må ikkje stikka lenger fram frå veggen enn 150 cm og skal stå så høgt at markiser og sidestykke over alt gjev ei fri høgd på minst 250 cm over grunnen.

Kapittel IV. Sikring av ferdsla.

§ 18.

Sprengingsarbeid på eller attmed offentleg stad skal på førehand meldast til politiet, som kan påby særlege tryggingstiltak.

Den som har ansvaret for sprenginga skal vera godkjend av politiet.

Ved sprengningsarbeid må det synast naudsynleg varsemd. Publikum må varslast i tide.

§ 19.

Oppføring, nedriving eller vøling av bygning, graving eller anna arbeid på eller ut mot offentleg stad som kan føra med seg fåre for ferdsla, skal på førehand meldast til politiet. Politiet kan avgjera korleis arbeidsstaden skal avsperrast og påby andre tryggingstiltak.

Så lenge arbeidet varer, skal det ved sperringa setjast opp mange nok tende lykter når det er mørkt eller uklårt ver.

Opne grøfter skal snarast mogleg fyllast, stampast eller jamnast.

§ 20.

Ved reising av tak, måling eller vasking av hus eller utføring av anna arbeid eller ved oppheising og nedfiring av varer på eller ut mot offentleg stad, må ein syta for at stigar, heisar o.l. som vert brukt, er sterke nok og berre vert handsama av øvde og pålitelege folk.

§ 21.

Sperringar, avvisarar, stigar o.l. skal fjernast når det arbeid som nemnd i §§ 18, 19 eller 20 er ferdig.

§ 22.

Stoppekranar for vasstilførsla på offentleg stad skal ha kapsel eller lokk i plan med grunnen.

Avlaupsrenner på offentleg stad skal vera i plan med grunnen.

Tak og avlaupsrenner som vert førde ut til offentleg stad, skal haldast reine og tette.

§ 23.

Når snø eller is truar med å falla frå hustak mot offentleg stad, skal eigaren straks setja opp avvisarar som gjer det tydeleg at ein ikkje kan ferdst der utan fåre eller ulempe og snarast syta for at taket vert rydda.

§ 24.

Politiet kan nekta eller gje regulerande føresegner for ferdsla på islagt vatn eller sjø.

Den som skjær opningar i isen, skal gjerda inn opningane på forsvarleg måte.

Kapittel V. Reinhald på offentleg stad.

§ 25.

Eigar av hus eller grunn mot offentleg stad pliktar å syta for reinhald av lys og luftegraver utanfor eigedomen.

Reinhaldet skal utførast slik at det vert til minst mogleg ulempe.

I turt ver må feiing ikkje føregå utan at det på førehand er sprøyta med vatn.

Kloakksluk må ved reinhald ikkje tilførast oppsop o.l.

§ 26.

Eigar av hus eller grunn mot offentleg stad pliktar etter taksras å rydda fortauet utanfor eigedomen for snø og is etter raset.

Snø og is kan leggjast langsmed kanten av fortauet, men må ikkje kastast ut i køyrebana eller leggjast i gate- veggrøfta.

Snø eller is på gardsplass, tomt eller hage må ikkje kastast på offentleg stad.

§ 27.

den som driv sal frå portrom, kiosk o.l. på eller ut mot offentleg sted, skal syta for at området ikkje vert skjemt eller søla til av verksemda. Eigaren plikter å syta for at det vert sett opp amnge nok korgar for avfall og papir.

Den som skipar til tilstellingar på offentleg stad, skal syta for at pair og anna avfall vert fjerna etter tilskipinga.

§ 28.

Eigar av hus eller grunn mot offentleg stad skal syta for at vassavlaup i fortau, grøft o.l. vert haldne opne.

§ 29.

Køyrety som vert brukt til køyring av gjødsel, søppel, avfall, jord, sand, koks, sagflis, kloakkinnhald o.l. på offentleg stad, skal vera innretta slik at det ikkje dett noko av under køyringa.

Kapittel VI. Offentlege innretningar og anlegg.

§ 30.

Politiet kan nekta sykling, aking eller annan form for sport, leik eller spel i offentlege parkar og anlegg.

§ 31.

På kyrkjegard er det forbode å sykla og aka eller driva sport, leik, spel eller anna som ikkje sømer seg der.

Det er forbode å trenjga seg inn på kyrkjegard når den er stengt for vitjing.

0Endra 31 des 2006 - sjå lov 4 juli 2003 nr. 74 § 32, jf. lov 4 aug 1995 nr. 53 § 14 første leden nr. 1 2. punktum.
§ 32.

Kunngjeringar, plakatar o.l. må ikkje slåast opp på offentleg stad utan løyve frå politiet. Dette gjeld ikkje oppslag på tavler o.l. som er godkjende av kommunen til slikt bruk. Det gjeld heller ikkje oppslag på ein eigedom om noko som berre vedkjem eigedomen eller verksemda til den som bur der.

Det er forbode å riva ned, skada eller skjemma oppslag som lovleg er oppsette. Oppslag skal fjernast når dei er forelda.

Kapittel VII. Dyr.

§ 33.Det er forbode å la hest, storfe, sau og geit eller gris gå laus på eller ved offentleg stad uten forsvarleg tilsyn.

Fjørfe må ikkje sleppast ut på offentleg stad.

Sirkusdyr eller ville dyr må ikkje førast på offentleg stad utan løyve frå politiet.

§ 34.(Opphevd 31 des 2006 - sjå lov 4 juli 2003 nr. 74 § 32, jf. lov 4 aug 1995 nr. 53 § 14 første ledd nr. 1 2. punktum).
§ 35.(Opphevd 31 des 2006 - sjå lov 4 juli 2003 nr. 74 § 32, jf. lov 4 aug 1995 nr. 53 § 14 første ledd nr. 1 2. punktum).
§ 36.(Opphevd 31 des 2006 - sjå lov 4 juli 2003 nr. 74 § 32, jf. lov 4 aug 1995 nr. 53 § 14 første ledd nr. 1 2. punktum).

Kapittel VIII. Offentlege tilstellingar.

§ 37.

Utan løyve frå politiet må ingen:

1.halda konsert eller dramatisk framsyning som nemnt i § 1 i lov frå 22. mai 1875,
2.halda annan offentleg tilstelling som nemnt i § 4 i lov frå 22. mai 1875,
3.driva skytebane, ringkasting, tombols o.l.,
4.halda offentleg dans, karusell o.l. som næring,
5.halda samkome med dans eller anna samkome av berre eller for størsteparten selskapelig eller underhaldande slag dersom det er tilgjenge for ein uavgrensa krins av personar eller for folk som står i eit lag eller liknande samskipnad.
§ 38.

Den som vil skipa til tilstelling m.v. som nemnt i § 37, skal i god tid på førehand senda søknad til politiet med opplysning om tid og stad for tilstellinga og kven som er den ansvarlege.

Politiet kan fastsetja vilkår for løyvet.

Arrangøren må etterkoma dei pålegg som politiet elles gjev for å halda ro og orden og tryggja publikum.

Tilstelling m.v. skal ikkje finna sted mellom kl. 0100 og kl. 0800. Politiet kan gjera unntak frå dette og kan avgjera at ei særskild tilstelling m.v. skal slutta tidlegare enn kl. 0100 eller byrja seinare enn kl. 0800. Politiet skal ha passande plass ved kvar førestelling m.v. som nemnt i § 37, punkta 1-2.

§ 39.

Ingen må bruka lokale, telt o.l. til tilstelling m.v. utan at politiet på førehand har godkjent at det er trygt for publikum. Ingen må heller bruka karusell eller liknande innretning utan at politiet har gjeve slik godkjenning.

§ 40.

Ved tilstelling m.v. skal publikum oppføra seg sømeleg og skikkeleg.

Ingen må ved støy eller på annan måte hindra eller bryta av tilstellinga m.v. eller uroa andre som er til stades.

Personar som er påverka av alkohol (ikkje edrue) må ikkje gjevast tilgjenge til tilstellingar m.v.

Når omsynet til offentleg ro og orden krev det, kan politiet bryta av tilstelling m.v. som nemnt i § 37.

Kapittel IX. Born.

§ 41.

Det er forbode å selja tobakk av noko slag til born under 15 år. Born under 15 år kan likevel få kjøpa tobakk når dei har med underteikna og dagsett rekvisisjonssetel frå ein vaksen person som seljaren kjenner.

Det er likeeins forbode å kjøpa tobakk av noko slag til bruk for eller etter oppdrag frå born under 15 år, eller å lata born under 15 år få tobakk som gåve, lån, i byte eller mot vederlag i arbeid eller personlege tenester.

Politiet kan ta frå born under 15 år tobakk og andre røykesaker som dei brukar til tobakksrøyking på offentleg stad.

§ 42.

Born under 14 år som på eiga hand går fritt omkring på offentleg stad etter kl. 2000 i tida frå 1. oktober til 30. april eller etter kl. 2200 i tida frå 1. mai til 30. september, kan politiet bringa eller visa heim.

Foreldre og andre føresette må syta for at små born i deira varetekt er under tilsyn når dei ferdast på offentleg stad.

Born under 14 år har ikkje tilgjenge til offentleg dans som nemnt i § 37, nr. 4, eller samkome som nemnt i § 37, nr. 5, utan i fylgje med foreldre eller andre føresette.

Kapittel X. Ymse føresegner.

§ 43.

Let nokon vera å utføra noko han etter denne vedtekta eller etter pålegg gitt med heimel i vedtekta har plikt til, kan politiet lata det utførast på vegner av han eller syta for at det naudsynlege vert gjort for å hindra at forsøminga valdar skade eller ulempe for andre.

Politiet kan også hindra eller stogga handlingar som er forbodne etter denne vedtekta eller rydda or vegen ulempe som kjem av at nokon har brote vedtekta.

§ 44.

Brot på denne vedtekta eller pålegg gjeve med heimel i vedtekta vert straffa etter straffelova § 339 nr. 2, dersom ikkje strengare straffebod skal nyttast.

§ 45.

Denne vedtekta tek til å gjelda 1 månad etter at ho er stadfest av Justisdepartementet.

Frå same tid gjeld ikkje lenger politivedtekt for Sogndal stadfest 20, februar 1936 med seinare endring og tobakksvedtekt for Sogndal, stadfest 18. mars 1932.