Forskrift om politivedtekt for Aure kommune, Møre og Romsdal fylke.

DatoFOR-1972-05-24-4468
PublisertI 1972 s 681
Ikrafttredelse24.06.1972
Sist endretLOV-2003-07-04-74 fra 31.12.2006
Endrer
Gjelder forAure kommune, Møre og Romsdal
HjemmelLOV-1891-06-06-1, LOV-1875-05-22, LOV-1899-04-19-2, LOV-1932-06-17-3, jf. LOV-1995-08-04-53-§31og§14
Kunngjort
KorttittelForskrift om politivedtekt, Aure

Kapitteloversikt:

Justisdepartementet stadfester vedtak av Aure kommunestyre 24. februar 1970 og 30. november 1971 om ny politivedtekt for Aure kommune, Møre og Romsdal fylke, jfr. kgl.res av 16. januar 1925 og 19. august 1932, lov av 6. juni 1891 om politivedtekter for herada i riket, lov av 22. mai 1875 om høve til å gi dramatiske og andre offentlege førestellingar m.v., lov av 19. april 1899 til vern av born mot bruk av tobakk og lov av 17. juni 1932 om tillegg til politilovgjevinga, jfr. § 27 i lov av 13. mars 1936 om politiet. Endra 31 des 2006 - sjå lov 4 juli 2003 nr. 74 § 32.

I. Allmenne føresegner.

§ 1.Med offentleg stad er i denne vedtekta meint gate, veg, stig, park, torg, plass, bru, bryggje, kai, strand eller annan stad der det er allmenn ferdsle eller som er etla til allmenn ferdsle.
§ 2.Skyldnad som i denne vedtekta er lagt på eigar av hus eller grunn, er òg skyldnad for festar, brukar, leigar og styrar av hus eller grunn.

II. Orden på offentleg stad.

§ 3.Alle har skyldnad til straks å retta seg etter pålegg, teikn eller signal som politiet gjev for å halda allmenn orden, styra ferdsla eller tryggja folk.
§ 4.På eller attmed offentleg stad må ingen vera i oppstyr eller samanstimlning, eller gjera larm eller bråk som skiplar den allmenne orden eller ferdsla.
§ 5.Når mange folk samlar seg nær inngangen til møterom sportsplass, utsalgsstad e.l., skal dei stå i kø og elles retta seg etter dei pålegga politiet eller tilskiparen gjev for å halda oppe den almenne orden eller styre ferdsla.
§ 6.Dei som vil skipa til folketog, friluftsmøte, sportsstemne e.l. på offentleg stad, skal gjeva politiet melding om det på førehand. Slik meldinglyt òg gjevast av dei som vil føra fram song eller musikk, skipa til framsyning eller bruka høgtalar på eller ut mot offentleg stad.

Politiet kan forbyda tilskipningar som nemnt i fyrste leden for å halda oppe den allmenne orden eller tryggja ferdsla.

§ 7.På eller attmed offentleg stad må ingen uten løyve frå politiet dela ut eller spreia opprop, reklame e.l. eller bruka gåande, kjøyrande eller flygande reklame.
§ 8.På eller attmed offentleg stad må ingen uten løyve frå politiet syna seg med maske eller i klede som er skikka til å uroa den allmenne orden eller ferdsla.
§ 9.Politiet kan forbyda bading på eller attmed offentleg stad av omsyn til den allmmenne orden eller ferdsla.
§ 10.På eller attmed offentleg stad er det forbode å drikka, skjenkja eller byda fram rusdrikk.

På slik stad er det like eins forbode å spela nokoslags spel om pengar.

§ 11.På, ut over eller attmed offentleg stad er det forbode:
1.å skyta med børse eller anna skytevåpen eller med boge, sprettert e.l.,
2.å brenna av krutt, fyrverk eller sprengstoff,
3.å kasta stein, snøball eller anna som kan skada eller vera til ulempe for dei som ferdes der,
4.å kasta glas, spikar, papir, fruktskal eller anna avfall.

Det er forbode å bera ladd skytevåpen på offentleg stad.

III. Hindringar for ferdsla.

§ 12.På eller utover offentleg stad er det forbode å setja eller hengja noke som kan vera til hinder eller ulempe for ferdsla.
§ 13.Politiet kan forbyda aking og all annan sport, leik eller spel på fastsett offentleg stad når dette trengst av ferdsla eller allmenn orden.
§ 14.Krev byggjearbeid e.l. at gate, veg eller plass vert heilt eller noko avsperra for ei avgrensa tid, lyt løyve til dette vera gjeva av politiet.

Politiet kan setja nærare vilkår for løyvet.

§ 15.Markiser, skilt, oppslag, flaggstenger, utstillingskassar e.l. som folk kan sjå frå offentleg stad, skal vera skikkeleg fastgjorde.

Markisar skal vera feste så høgt at underkanten minst er 2,25 m over grunnen.

IV. Trygging av ferdsla.

§ 16.Sprening på eller attmed offentleg stad skal meldast på førehand til politiet, og det kan påbyda særlege tryggingstiltak.

Den ansvarlege skytebasen skal vera godkjent av politiet.

Når det vert sprengt, lyt det skje med turvande varsemd. Folk må varslast på førehand.

§ 17.Reising, riving eller vøling av bygning. graving eller anna arbed på eller ut mot offentleg stad skal meldast til politiet på førehand når det kan verta farleg for ferdsla. Politiet kan fastsetja korleis arbeidsstaden skal avsperrast og påbyda andre tryggingstiltak.

Til arbeidet er ferdig skal det vera mange nok tente lykter attmed sperringa når det er mørkt eller uklårt vèr.

Opne grøfter lyt fyllast, stampast, eller jamnast snarast råd er.

§ 18.Når tak vert reinsa, hus måla eller anna mindre arbeid gjort, eller når varer vert heiste opp eller fira ned, på eller ut mot offentleg stad, lyt det sytast for at stigar, heisar e.l. som vert nytta, er sterke nok og berre vert bruka av øvde og pålitelege folk.

Han som er ansvarleg for arbeid, har skyldnaden til å setja opp avvisarar som gjer det klårt at det er farleg eller vanskeleg å ferdast der.

§ 19.Sperringar, avvisarar, stigar e.l. skal takast bort når arbeid som er nemt i §§ 16, 17 og 18 er gjort.
§ 20.Stoppkranar for vasstilførsla på offentleg stad skal ha kapsel eller lokk i høgd med grunnen.

Avlaupsrenner på offentleg stad skal vera i høgd med grunnen. Takog avlaupsrenner som vert førde ut til offentleg stad, skal haldast reine og tette.

§ 21.Når det er fare for at snø eller is kan falle frå tak mot offentleg stad, skal eigaren straks setja opp avvisarar som gjer det klårt at det er farleg eller vanskeleg å ferdast der, og snøggast syta for at taket vert reingjort for snø og is.
§ 22.Politiet kan forbyda eller avgrense ferdsla på sjø eller vatn som er frose.

Skjer nokon opning i isen, skal opninga gjerdast inn på trygg måte.

V. Reinhald på offentleg stad.

§ 23.Oppsop eller liknande avfall må ikkje leggjast i kloakksluk eller på stader der det kan virke skjemmande.
§ 24.Eigar av hus eller grunn mot offentleg stad har skyldnad til å rydja fortauet utanfor eigedomen for snø eller is etter takras.

Snø og is kan leggjast langst kanten av fortauet, men ikkje kastast ut i kjørebanen eller leggjast i rennesteinen.

Snø og is frå gardsplassen, tuft eller haga må ikkje leggjast på offentleg stad.

§ 25.Eigar av hus eller grunn mot offentleg stad skal syta for at vasslaup i fortau, rennestein, grøft e.l. vert haldne oppe.
§ 26.Seljar frå portrom, bu e.l. på eller mot offentleg stad skal syta for at området ikkje vert skjemt eller skitna til av salet. Eigaren har skyldnad til å setja opp mange nok korger for papir og bos.

Tilskipar på offentleg stad skal fjerne papir og anna bos etter tilskipinga.

§ 27.Kjørety som vert bruka til kjøring av gjødsel, bos, avfall, jord, sand, koks, sagflis, kloakkinnhald e.l. på offentleg stad, skal vera laga til såleis at ikkje noko vert mista på kjøreturen.

VI. Offentlege stader.

§ 28.Politiet kan forbyda sykling, aking eller annan sport, leik eller spel i offentlege parkar eller på liknande offentlege stader.
§ 29.På kyrkjegard er det forbode å sykla, aka eller å driva sport, leik, spel eller anna som ikkje sømmar seg der.

Det er forbode å trengja seg inn på kyrkjegard når det er stengt.

0Endra 31 des 2006 - sjå lov 4 juli 2003 nr. 74 § 32, jf. lov 4 aug 1995 nr. 53 § 14 første leden nr. 1 2. punktum.
§ 30.Det er forbode å riva ned, skade eller skjemma oppslag som lovleg er sette opp.

Oppslag skal takast bort når dei er forelda.

VII. Dyr.

§ 31.Olme oksar eller andre farlege dyr må ikkje sleppast laus på eller ved offentleg stad.
§ 32.(Opphevd 31 des 2006 - sjå lov 4 juli 2003 nr. 74 § 32, jf. lov 4 aug 1995 nr. 53 § 14 første leden nr. 1 2. punktum).
§ 33.(Opphevd 31 des 2006 - sjå lov 4 juli 2003 nr. 74 § 32, jf. lov 4 aug 1995 nr. 53 § 14 første leden nr. 1 2. punktum).
§ 34.(Opphevd 31 des 2006 - sjå lov 4 juli 2003 nr. 74 § 32, jf. lov 4 aug 1995 nr. 53 § 14 første leden nr. 1 2. punktum).

VIII. Offentlege framsyningar.

§ 35.Utan løyve frå politiet må ingen:
1.halda konsert eller dramatisk framsyning som nemnt i § 1 i lov frå 22. mai 1875,
2.halda anna offentleg framsyning eller framvising som nemnt i § 4 i lov frå 22. mai 1875,
3.driva skytebane, ringkasting e.l.,
4.halda offentleg dans, karusell e.l. som næring,
5.halda samkome med dans eller anna samkome heilt eller mest for tidtrøyte med tilgjenge for ei uviss folkemengde eller for dei som står i eit lag eller ein samskipnad e.l.
§ 36.Tilskipar av framsyning e.l. som er nemnt i § 35, skal i god tid på førehand senda politiet søknad om løyve med oppgåve over tid og stad for framsyninga o.l. og kven den ansvarlege er. Politiet kan setja vilkår for løyvet.

Tilskiparen må følgje dei pålegg politiet elles gjev for å halda ro og orden og tryggja folk.

Framsyning e.l. skal ikkje haldast mellom kl. 1 og kl. 8. Politiet kan fråvika dette og kan òg fastsetja at ein særskild framsyning e.l. skal slutta før kl. 1 eller taka til seinare enn kl. 8.

Politiet skal ha høveleg plass på alle framsyningar e.l. nemnde i § 35 nr. 1 og 2.

§ 37.Ingen må bruka rom, telt e.l. utan at politet har godkjent det. Det same gjeld bruk av karusell e.l.
§ 38.Folk skal føre seg sømmeleg på framsyningar. Ingen må bråka eller på annan måte hindra eller avbryta framsyninga e.l. eller uroa andre frammøtte.

Folk som har drukke alkohol, skal haldast borte frå framsyninga e.l. Politiet kan avbryta framsyning e.l. som er nemnt i § 35, om offentleg ro og orden krev det.

§ 39.Avgift til kommunekassa av framsyningar o.l. skal krevjast opp berre etter serskilt vedtak.

IX. Barn.

§ 40.Det er forbode å selja tobakk av noko slag til barn under 15 år. Barn kan likevel få kjøpa tobakk når det har med seg underskriven og dagsett setel frå ein vaksen som seljaren kjenner.

Like eins er det forbode å kjøpa noko slag tobakk til eller for barn under 15 år, eller å gjeve barn under 15 år tobakk i gåve eller byte eller til vederlag for arbeid eller tjeneste.

Politiet kan taka frå barn under 15 år tobakk og andre røykesaker som vert nytta på offentleg stad.

§ 41.Barn som på eige hand streifer om på offentleg stad etter kl. 22, kan politiet føra eller visa heim.

Foreldre eller andre føresette har såvidt muleg å sørgje for at små barn i deira varetekt er under tilsyn når dei ferdast på offentleg stad.

Barn under 15 år har ikkje adgang til offentleg dans som nemnt i § 35 punkt 4, eller samankomst som er nemt i § 35 punkt 5, utan i følgje med foreldra eller andre føresette.

X. Ymse føresegner.

§ 42.Forsømmer nokon det han har skyldnad til etter denne vedtekta eller etter pålegg gjeve med heimel i vedtekta, kan politiet setja det i verk på hans vegne eller syta for at det vert gjort som er naudsynleg til å hindra skade eller ulempe for andre.

Politiet kan òg hindra eller stogga gjerningar som er forbodne etter denne vedtekta, eller rydja or vegen ulempe som kjem av at nokon har brote vedtekta.

§ 43.Brot på denne vedtekta eller pålegg gjeve med heimel i vedtekta vert straffa etter § 339 nr. 2 i straffelova, om ikkje hardare straff skal brukast.
§ 44.Denne vedtekta tek til å gjelde 1 månad etter at ho er stadfest av Justisdepartementet.

Frå same tid bortfell politivedtekta for Aure kommune, stadfest 7. mars 1939.