Føresegn om politivedtekt for Midsund kommune, Møre og Romsdal.

DatoFOR-1975-02-24-4452
PublisertII 1975 s 69
Ikrafttredelse24.03.1975
Sist endretLOV-2003-07-04-74 fra 31.12.2006
Endrer
Gjelder forMidsund kommune, Møre og Romsdal
HjemmelLOV-1891-06-06-1, LOV-1875-05-22, LOV-1899-04-19-2, LOV-1932-06-17-3, jf. LOV-1995-08-04-53-§31og§14
Kunngjort
KorttittelForskrift om politivedtekt, Midsund

Kapitteloversikt:

Justisdepartementet stadfester med ei endring vedtak i Midsund kommunestyre 8. mars 1974 om politivedtekt for Midsund kommune, Møre og Romsdal fylke, jfr. kgl.res. av 16. januar 1925 og 19. august 1932, lov av 6. juni 1891 om politivedtekter for hereda i riket, lov av 22. mai 1875 om høve til å gjeva dramatiske og andre offentlege førestellingar m.v., lov av 19. april 1899 til vern av barn mot bruk av tobakk og lov av 17. juni 1932 om tillegg til politilovgjevinga. Endra 31 des 2006 - sjå lov 4 juli 2003 nr. 74 § 32.

Kapittel I. Allmenne føresegner.

§ 1.Med offentleg stad er i denne vedtekta meint gate, veg, sti, park, torg, plass, bru, bryggje, kai, strand eller annan stad der det er allmenn ferdsle eller som er etla til allmenn ferdsle.
§ 2.Skyldnad som i denne vedtekta er lagt på eigar av hus eller grunn er og skyldnad for festar, brukar, leigar og styrar av hus eller grunn.

Kapittel II. Orden på offentleg stad.

§ 3.Alle har skyldnad til straks å rette seg etter pålegg, teikn eller signal som politiet gjev for å halda allmenn orden, regulere ferdsla eller tryggje publikum.
§ 4.På eller attmed offentleg stad må ingen vera med i oppstyr eller samanstimling, eller gjera larm eller bråk som skiplar den allmenne orden eller ferdsla.
§ 5.Dei som vil skipa til folketog, friluftsmøte, sportsstemne e.l. på offentleg stad, skal gjeva politiet melding om det på førehand. Slik melding lyt og gjevast av dei som vil føre fram song eller musikk, skipa til framsyning eller bruke høgtalar på eller ut mot offentleg stad.

Politiet kan forby tilskipingar som nemnt i fyrste leden for å halde oppe den allmenne orden eller trygge ferdsla.

§ 6.På eller nær offentleg stad må ingen utan løyve frå politiet dele ut eller spreie opprop, lysingar, reklame e.l. eller bruke gåande, køyrande eller flygande reklame.
§ 7.Politiet kan forby bading på eller attmed offentleg stad av omsyn til den allmenne orden eller ferdsla.
§ 8.På eller attmed offentleg stad er det forbode å drikka, skjenka eller byda fram rusdrykk.

På slik stad er det likeeins forbode å spele kort eller spele noko slag spel om pengar.

§ 9.På, ut over eller attmed offentleg stad er det forbode:
1.å skyte med gevær eller anna skytevåpen eller med boge, sprettert e.l.,
2.å brenne av krutt, fyrverkeri eller eksplosive stoff,
3.å kaste stein, snøball eller anna som kan skade eller vere til ulempe for dei som ferdast der,
4.å kaste glas, spiker, papir, fruktskal eller anna avfall.

Det er forbode å bere ladd skytevåpen på offentleg stad.

Kapittel III.

§ 10.På eller ut over offentleg stad er det forbode å sette eller hengje noko som kan vere til hinder eller ulempe for ferdsla.
§ 11.Politiet kan forby aking og all annan sport, leik eller spel på fastsett offentleg stad når dette trengst av omsyn til ferdsla eller allmenn orden.
§ 12.Krev byggjearbeid e.l. at gate eller veg eller plass vert heilt eller delvis sperra for ei avgrensa tid, lyt løyve til dette vere gjeve av politiet.

Politiet kan sette nærare vilkår for løyvet.

§ 13.Markiser, skilt, oppslag, flaggstenger, utstillingskasser e.l. som vender ut mot offentleg stad, skal vere skikkeleg fastgjorde.

Markiser skal vere festa så høgt at underkanten minst er 2.25 m over grunnen.

Kapittel IV. Trygging av ferdsla.

§ 14.Sprengning på eller attmed offentleg stad skal meldast på førehand til politiet, som kan påby særlege tryggingstiltak.

Den ansvarlege skytebasen skal vere godkjent av politiet.

Når det vert sprengt, lyt det skje med turvande varsemd. Folk må varslast på førehand.

§ 15.Reising, riving eller vøling av bygning, graving eller anna arbeid på eller ut mot offentleg stad skal meldast til politiet på førehand når det kan verte fare for ferdsla. Politiet kan fastsette korleis arbeidsstaden skal avsperrast og påby andre tryggingstiltak.

Til arbeidet er ferdig skal det vere mange nok tende lykter attmed sperringa når det er mørkt eller uklårt ver.

Åpne grøfter lyt fyllast, stampast eller jamnast snarest råd.

§ 16.Når tak vert reinsa, hus måla eller anna mindre arbeid gjort eller når varer vert heiste opp eller fira ned, på eller ut mot offentleg stad, lyt det sytast for at stiger, heiser e.l. som vert nytta, er sterke nok og berre vert brukt av øvde og pålitelige folk.

Han som er ansvarleg for arbeidet, har plikt til å sette opp avvisarar som gjer det klårt at det er farleg eller vanskeleg å ferdast der.

§ 17.Sperringar, avvisarar, stiger e.l. skal takast bort når arbeid, nemnt i §§ 14, 15 og 16 er gjort.
§ 18.Stoppkranar for vasstilførsla på offentleg stad skal ha kapsel eller lokk i høgd med grunnen.

Avlaupsrenner på offentleg stad skal vere i høgd med grunnen. Tak- og avlaupsrenner som vert førde ut til offentleg stad skal haldast reine og tette.

§ 19.Når det er fare for at snø eller is kan falle frå tak mot offentleg stad, skal eigaren straks sette opp avvisarar som gjer det klårt at det er farleg eller vanskeleg å ferdast der, og snøggast syte for at taket vert reingjort for snø og is.

Kapittel V. Reinhald på offentleg stad.

§ 20.Eigar av hus eller grunn mot offentleg stad har plikt til å halde reine lys- og luftegraver og rennestein utanfor eigedomen.

Oppsop eller liknande må ikkje leggjast i kloakksluk.

§ 21.Eigar av hus eller grunn mot offentleg stad skal syte for at vasslaup i fortau, rennestein e.l. vert haldne opne.
§ 22.Seljar frå portrom, bu e.l. på eller ut mot offentleg stad skal syte for at området ikkje vert skjemt eller skitna til av salet. Eigaren har plikt til å sette opp mange nok korger for papir og boss.

Tilskipar på offentleg stad må sørge for å få fjerna papir og anna boss etter tilskipinga.

§ 23.Køyrety som vert brukt til køyring av gjødsel, boss, avfall, jord, sand, koks, sagflis, kloakkinnhald e.l. på offentleg stad skal vere laga til såleis at ikkje noko vert mista på køyreturen.

Kapittel VI. Offentlege innretningar og anlegg.

§ 24.Politiet kan forby sykling, aking eller annan sport, leik eller spel i offentlege parker og på liknande offentlege stader.
§ 25.På kyrkjegard er det forbode å sykle, ake eller drive sport, leik, spel eller anna som ikkje sømer seg der.
0Endra 31 des 2006 - sjå lov 4 juli 2003 nr. 74 § 32, jf. lov 4 aug 1995 nr. 53 § 14 første ledd nr. 1 2. punktum.
§ 26.Kunngjeringar, plakatar e.l. må ikkje slåast opp på offentleg stad utan løyve frå politiet.

Det er forbode å rive ned, skade eller skjemme oppslag som lovleg er sette opp.

Oppslag skal takast bort når dei er forelda.

Kapittel VII. Dyr.

§ 27.(Opphevd 31 des 2006 - sjå lov 4 juli 2003 nr. 74 § 32, jf. lov 4 aug 1995 nr. 53 § 14 første ledd nr. 1 2. punktum).
§ 28.(Opphevd 31 des 2006 - sjå lov 4 juli 2003 nr. 74 § 32, jf. lov 4 aug 1995 nr. 53 § 14 første ledd nr. 1 2. punktum).
§ 29.(Opphevd 31 des 2006 - sjå lov 4 juli 2003 nr. 74 § 32, jf. lov 4 aug 1995 nr. 53 § 14 første ledd nr. 1 2. punktum).

Kapittel VIII. Offentlege framsyningar.

§ 30.Utan løyve frå politiet må ingen:
1.halda konsert eller dramatisk framsyning som nemnt i § 1 i lov frå 22. mai 1875,
2.halda anna offentleg framsyning eller framvisning som nemnt i § 4 i lov frå 22. mai 1875,
3.drive skytebane, ringkasting e.l. som næring,
4.halda offentleg dans eller karusell e.l. som næring,
5.halda samkome med dans eller anna samkome heilt eller mest for tidtrøyte med tilgjenge for ei uviss folkemengd eller for dei som står i eit lag eller samskipnad e.l.
§ 31.Tilskipar av framsyning e.l. som nemnt i § 30 skal i god tid på førehand senda politiet søknad om løyve med oppgåve over tid og stad for framsyninga e.l. og kven den ansvarlege er.

Politiet kan sette vilkår for løyvet.

Tilskiparen må fylgje dei pålegga politiet elles gjev for å halde ro og orden og trygge publikum.

Framsyning eller liknande skal ikkje haldast mellom kl. 01 og kl 08.

Politiet kan fråvike dette.

§ 32.Ingen må bruke rom, telt e.l. til framsyning m.v. utan at politiet har godkjent det. Det same gjeld bruken av karusell eller liknande.
§ 33.Folk skal føre seg sømeleg på framsyningar m.v. Ingen må bråke eller på annan måte hindre eller avbryte framsyninga m.v. eller uroe andre frammøtte.

Folk som har drukke alkohol skal haldast borte frå framsyningar e.l.

Politiet kan avbryte framsyning m.v. som nemnt i § 30 om offentleg ro og orden krev det.

Kapittel IX. Born.

§ 34.Det er forbode å selje tobakk av noko slag til born under 15 år. Born kan likevel få kjøpe tobakk når dei har med seg underskreven og dagsett setel frå ein vaksen som seljaren kjenner.

Likeeins er det forbode å kjøpe noko slag tobakk til eller for born under 15 år, eller gje born under 15 år tobakk i gåve eller byte eller til vederlag for arbeid eller teneste.

Politiet kan ta frå born under 15 år tobakk og andre røykesaker som vert nytta på offentleg stad.

§ 35.Born under 15 år som ferdast på eiga hand på offentleg stad etter kl. 20 i tida frå 1. oktober til 30. april, eller etter kl. 22 i tida frå 1. mai til 30. september kan politiet føre eller visa heim

Foreldre og andre føresette lyt så langt råd er syte for at små born som dei har ansvaret for, har tilsyn når dei ferdast på offentleg stad.

Born under 15 år har ikkje tilgjenge til offentleg dans som nemnt i § 30.

Kapittel X. Ymse føresegner.

§ 36.Forsømer nokon det han har plikt til etter denne vedtekta eller etter pålegg gjeve med heimel i vedtekta, kan politiet sette det i verk på hans vegne eller syte for at det vert gjort som er naudsynleg til å hindre skade eller ulempe for andre.

Politiet kan og hindre eller stogge gjerningar som er forbode etter denne vedtekta eller rydde or vegen ulempe som kjem av at nokon har brote vedtekta.

§ 37.Brot på denne vedtekta eller pålegg gjeve med heimel i vedtekta vert straffa etter § 339 nr. 2 i straffelova, om ikkje hardare straff skal brukast.
§ 38.Denne vedtekta tek til å gjelde 1 månad etter at ho er stadfest av Justis- og politidepartementet.

Frå same tid bortfell politivedtekta for Sør-Aukra kommune, stadfest 15. juli 1953.