Forskrift om offentleg framsyning av film, videogram o.l., Ullensvang kommune, Hordaland.

DatoFOR-1984-03-15-714
PublisertII 1984 s 187
Ikrafttredelse
Sist endret
Endrer
Gjelder forUllensvang kommune, Hordaland
HjemmelLOV-1913-07-25-4
Kunngjort
KorttittelForskrift om kinovedtekt, Ullensvang

Justisdepartementet stadfestar 15. mars 1984 med dette vedtekter for offentleg framsyning av film, videogram o.l. i Ullensvang herad, Hordaland fylke. 

1. Ullensvang formannskap kan, etter uttale frå kulturstyret, gje ansvarlege for drifta av hotell, restaurantar, kafear og andre offentlege framsyningsstader konsesjon (løyve) til offentleg framsyning av film, videogram o.l. over eige anlegg i samsvar med føresegnene etter kinolova.

2. Ved offentleg framsyning av videogram skal det betalast ei årleg avgift til Ullensvang heradskasse for kvar framsyningsstad. Formannskapet fastset avgifta og kan i særlege høve gje fritak for avgiftsbetaling.

Dersom det vert teke inngangsbillett for framsyningane, skal det betalast ei avgift på 5 % av billettinntektene. I særleg høve kan det også her gjevast fritak for avgiftsbetaling.

3. Vedtektene kan brigdast dersom endring i kinolova eller andre tilhøve gjer det turvande.