Forskrift om kinovedtekt, Årdal kommune, Sogn og Fjordane.

DatoFOR-1984-10-10-1771
PublisertII 1984 s 473
Ikrafttredelse05.12.1984
Sist endret
Endrer
Gjelder forÅrdal kommune, Sogn og Fjordane
HjemmelLOV-1913-07-25-4
Kunngjort
KorttittelForskrift om kinovedtekt, Årdal

Justisdepartementet stadfestar 10. oktober 1984 med ei redaksjonell endring vedtak av Årdal kommunestyre 10. mai 1984 om ny kinovedtekt for Årdal kommune, jfr. kinoloven av 25. juli 1913 § 3, og kgl.res. av 16. januar 1925.

§ 1.Den som fast vil driva offentleg kinoframsyning eller offentleg framsyning av video, må ha løyve frå heradsstyret eler den heradsstyret har delegert fullmakt til i medhold av kinolova.
§ 2.Offentleg framsyning av kino eller video kan berre haldast i rom og på stader som føråt er godkjende av politiet. Påbod som politiet gjev for å halde ro og orden eller tryggja publikum, må straks fylgast.

Den som har løyve til filmframsyning eller video, pliktar til kvar tid å følgje dei føresegner som Justisdepartementet og Statens filmtekniske nemnd gjev.

§ 3.Dei som er tilstades ved offentleg filmframsyning eller videoframsyning, skal visa sømeleg og ordentleg framferd. Dei må ikkje på noko vis skipla ro og orden ved å larma, banka, pipa, ropa eller på annen måte uroa framsyninga eller andre som er tilstades.

Drukna eller fulle folk må ikkje få tilgjenge. Det same gjeld andre personar som kan koma til å skipla ro og orden eller vera til meins for andre.

Politiet kan visa bort folk som bryt desse føresegnene eller ikkje fylgjer pålegg som politiet gjev for å halde ro og orden. Politiet har rett til å vera til stades og til å få seg tilvist høvelege plassar i eit tal som politiet avgjer.

§ 4.I avgift til kommunekassa vert å betala 10 % av bruttoinnkoma. Kommunestyret kan i visse høve fråfalle avgifta.
§ 5.Brot på denne vedtekta eller pålegg gjeve med heimel i vedtekta vert straffa etter § 339 nr. 2 i straffelova, om ikkje hardare straff skal nyttast.