Forskrift om politivedtekt, Sund kommune, Hordaland.

DatoFOR-1990-06-18-508
PublisertII 1990 176
Ikrafttredelse18.07.1990
Sist endretLOV-2003-07-04-74 fra 31.12.2006
Endrer
Gjelder forSund kommune, Hordaland
HjemmelLOV-1891-06-06-1, LOV-1875-05-22, LOV-1932-06-17-3, jf. LOV-1995-08-04-53-§31og§14
Kunngjort
KorttittelForskrift om politivedtekt, Sund

Kapitteloversikt:

Justis- og politidepartementet stadfester 18. juni 1990, med nokre endringar, vedtak av Sund kommunestyre 24. januar 1990 om ny politivedtekt for Sund kommune, Hordaland fylke, jfr. kgl.res. av 16. januar 1925 og 19. august 1932, lov av 6. juni 1891 om politivedtekter for herada i riket, lov av 22. mai 1875 om høve til å gjeva dramatiske og andre forestellingar m.v. og lov av 17. juni 1932 om tillegg til politilovgjevinga. Endret 31 des 2006 - se lov 4 juli 2003 nr. 74 § 32.

Kapittel I. Allmenne føresegner

§ 1.Med offentleg stad er i denne vedtekta meint gate, veg, fortau, sti, park, torg, parkeringsplass, bru, bryggje, kai, strand eller annan stad der det er allmenn ferdsle eller som er etla til allmenn ferdsle.
§ 2.Plikter som etter denne vedtekta er lagde på eigar av hus eller grunn, er og plikter for festar, brukar, leigar og styrar av hus eller grunn.

Kapittel II. Orden på offentleg stad

§ 3.Alle plikter straks å retta seg etter pålegg, teikn eller signal som politiet gjev for å halda allmenn orden, regulera ferdsla eller tryggja folk.
§ 4.På eller ved offentleg stad skal det vera ro og orden. Ingen kan hindra eller vera til ulempe for samanstimling eller fara med larm eller bråk som skiplar den allmenne ro og orden eller ferdsla.
§ 5.Når folk er samla nær inngangen til møterom, sportsplass, utsalssted, utleigestad, stoppestad eller liknande, skal dei ordna seg i køar. Vidare pliktar dei å retta seg etter pålegg som politiet eller tilskiparen gjev for å halda ro og orden eller for å regulera ferdsla.
§ 6.Dei som vil skipa til folketog, friluftsmøte, sportsstemne eller liknande, på offentleg stad, skal gjeva politiet melding på førehand. Slik melding lyt og gjevast av dei som vil føra fram song eller musikk, skipa til framsyning eller bruke høgtalar på eller ut mot offentleg stad.

Politiet kan forby tilskipingar som nemnt i første leden for å halda ro og orden eller for å tryggja ferdsla.

§ 7.På eller nær offentleg stad må ingen utan løyve frå politiet dela ut eller spreia opprop, lysingar, reklame eller liknande.
§ 8.På eller ved offentleg stad må ingen utan løyve frå politiet syna seg med maske eller i klede som kan uroa den allmenne orden eller ferdsla.
§ 9.Politiet kan forby bading på eller ved offentleg stad av omsyn til allmenn ro og orden eller allmenn ferdsle.
§ 10.På eller ved offentleg stad er det forbode å drikka, skjenkja eller by fram rusdrykk eller andre rusmidlar.

På slik stad er det like eins forbode å spele kort eller liknande om pengar.

§ 11.Det er forbode å urinera på offentleg stad (jfr. § 1).
§ 12.På, utover eller ved offentleg stad er det forbode:
1.å skyta med børse eller anna skytevåpen eller med boge, sprettert eller liknande
2.å brenna av krutt, fyrverkeri eller anna sprengstoff
3.å kasta stein, snøball eller anna som kan skada eller vera til ulempe for dei som ferdast der
4.å kaste glas, spikar, papir, fruktskal eller anna avfall

Det er forbode å bera ladd skytevåpen på offentleg stad.

Kapittel III. Hindringar for ferdsla

§ 13.På eller utover offentleg stad er det forbode å setja eller leggja noko som kan vera til hinder eller ulempe for ferdsla. På eller ved offentlege stader er det vidare forbode å setja frå seg avskilta motorvogner eller køyretøy.
§ 14.Politiet kan forby aking og all anna sport, leik eller spel på offentleg stad når dette trengst av omsyn til ferdsel eller allmenn orden.
§ 15.Krev byggjearbeid eller liknande at gate, veg eller plass heilt eller delvis vert sperra for ei avgrensa tid, lyt løyve til dette vera gjeve av politiet.

Politiet kan setja nærare vilkår for løyvet.

§ 16.Markiser, skilt, oppslag, flaggstenger, utstillingskasser eller liknande som er synleg frå offentleg stad, skal vera skikkeleg fastgjorde.

Markiser skal vera så høge at underkanten er minst 2,25 m over grunnen.

Kapittel IV. Trygging av ferdsla

§ 17.Sprenging på eller ved offentleg stad skal på førehand meldast til politiet, som kan påby særlege tryggingstiltak.

Ved sprenging skal det visast turvande varsemd. Folk i nærleiken av sprengningsstaden skal varslast på førehand.

§ 18.Reising, riving eller vøling av bygning, graving eller anna arbeid på eller ut mot offentleg stad skal meldast til politiet på førehand når det kan verta til fare eller ulempe for ferdsla. Politiet kan fastsetja korleis arbeidsstaden skal sperrast av og påby andre tryggingstiltak.

Sperringar skal vera markerte med tende lykter i mørke og uklårt ver.

Opne grøfter skal fyllast, stampast eller jamnast snarast råd er.

§ 19.Når tak vert reinska, hus måla eller anna mindre arbeid gjort, eller ved heising eller firing av gjenstander på eller ut mot offentleg stad, må det sytast for at stigar, heisar eller liknande som vert nytta, er sterke og berre vert brukt av øvde folk.

Den ansvarlege for slikt arbeid, pliktar å setja opp avvisar som tydleg syner at det er fårleg eller vanskeleg å ferdast der.

§ 20.Sperringar, avvisarar, stigar eller liknande skal takast bort når arbeid nemnt i §§ 17, 18 og 19 er gjort.
§ 21.Stoppekranar for vasstilførsel på offentleg stad skal ha kapsel eller lok i høgd med grunnen.

Avløpsrenner på offentleg stad skal vera i høgd med grunnen. Tak- og avløpsrenner som vert førde ut til offentleg stad, skal haldast reine og tette.

§ 22.Når det er fare for at snø og is kan falla frå tak mot offentleg stad, skal eigaren straks setja opp avvisarar som gjer det klårt at det er farleg eller vanskeleg å ferdast der, og snarast syta for at tak vert reingjorde for snø og is.
§ 23.Politiet kan forby eller avgrensa ferdsel på sjø eller vatn som er frose.

Lagar nokon opning i isen, skal opninga gjerdast inn på trygg måte.

Kapittel V. Reinhald på offentleg stad

§ 24.Eigar av hus eller grunn mot offentleg stad har plikt til å rydda fortauet for snø og is etter takras.

Snø og is kan leggjast langs kanten av fortauet.

Snø og is frå gardsplass, tomt eller hage må ikkje leggjast på offentleg stad.

§ 25.Eigar av hus eller grunn mot offentleg stad skal syta for at vassløp i fortau, rennestein, grøft eller liknande vert halde ope.
§ 26.Seljar frå butikk, kiosk eller anna næringsverksemd på, eller ut mot offentleg stad, skal syta for at området ikkje vert skjemd eller skitna til av salet. Eigar/leigar har plikt til å setja opp korger for papir og avfall og syta for at området til ei kvar tid er ryddig og fritt for papir og avfall.

Tilskipar på offentleg stad pliktar å ta bort papir og avfall etter tilskipinga.

§ 27.Kjøretøy som vert brukte til køyring av gjødsel, boss, avfall, jord, sand, sagflis, kloakkinnhald eller liknande på offentleg stad, skal vera såleis innretta at ikkje noko av lasta vert mista på køyreturen.

Kapittel VI. Freding av offentlege stader og anlegg

§ 28.Politiet kan forby sykling, aking eller anna sport, leik eller spel i offentlege parkar og på liknande offentlege stader.
§ 29.På kyrkjegard er det forbode å sykla, aka eller driva sport, leik, spel eller anna som ikkje sømer seg der.

Det er forbode å trengja seg inn på kyrkjegard når den er stengt.

§ 30.Kunngjeringar, plakatar eller liknande må ikkje slåast opp på offentleg stad utan løyve frå politiet. Dette gjeld ikkje oppslag på tavler eller liknande som er godkjende av kommunen til slikt bruk.

Det er forbode å riva ned, skada eller skjemma oppslag som lovleg er sette opp.

Oppslag skal takast bort når dei er forelda.

Kapittel VII. Dyr

§ 31.Det er forbode å lata husdyr (hest, storfe, gris, sau, geit og fjørfe unntatt duer) gå laus utan skikkeleg tilsyn på offentleg stad.

Sirkusdyr eller ville dyr må ikkje utan løyve frå politiet førast på offentleg stad.

§ 32.(Opphevet 31 des 2006 - se lov 4 juli 2003 nr. 74 § 32, jf. lov 4 aug 1995 nr. 53 § 14 første ledd nr. 1 2. punktum).

Kapittel VIII. Offentlege framsyningar/tilstellingar

§ 33.Utan løyve frå politiet må ingen:
1.halda konsert eller dramatisk framsyning som nemnt i § 1 i lov frå 22. mai 1875,
2.halda anna offentleg framsyning eller framvising som nemnt i § 4 i lov frå 22. mai 1875,
3.driva skytebane eller liknande som næring,
4.halde offentleg dans, tivoli, sirkus eller liknande som næring,
5.halde samkome med dans eller anna samkome heilt eller mest for tidtrøyte med tilgjenge for ei uviss folkemengde. Politiet skal i god tid varslast om lukka dansetilstellingar o.l. for medlemer.
§ 34.Tilskipar av framsyning eller liknande som nemnt i § 33 skal i god tid på førehand senda politiet søknad om løyve med oppgåve over tid og stad for framsyninga og liknande og kven den ansvarlege er.

Politiet kan setja vilkår for løyvet.

Tilskiparen må fylgja dei pålegg politiet elles gjev for å halde ro og orden og tryggja folk.

Framsyning eller liknande skal vera slutt seinast kl. 0100 natt. Politiet kan fråvika dette og kan fastsetja at framsyning eller liknande skal vera slutt før kl. 0100 og seinare i særlege høve. Offentleg dans skal vera slutt kl. 2400.

Politiet skal ha høveleg plass på alle framsyningar eller liknande, nemnde i § 33 nr. 1 og 2.

§ 35.Folk skal føre seg sømeleg på framsyningar. Ingen må bråka eller på annan måte hindra eller avbryte framsyning eller liknande eller uroa andre frammøtte.

Rusa personar skal visast bort frå framsyning eller liknande.

Politiet kan bryta av framsyning eller liknande som nemnt i § 33, om offentleg ro og orden krev det.

Kapittel IX. Born

§ 36.Born under 15 år har ikkje tilgjenge til offentleg dans som nemnt i § 33 nr. 4 eller samkome som nemnt i § 33 nr. 5, utan at dei er saman med foreldre eller føresette.

Born under 15 år som på offentleg stad flakkar om åleine etter kl. 2200 kan politiet føra eller visa heim.

Kapittel X. Ymse føresegner

§ 37.Forsømer nokon det han har plikt til etter denne vedtekta eller etter pålegg gjeven med heimel i vedtekta, kan politiet setja det i verk på hans vegner og kostnader, eller syta for at det vert gjort, som er naudsynt for å hindra skade eller ulemper for andre.

Politiet kan hindra eller stogga gjerningar som er forbodne etter denne vedtekta, eller rydja or vegen ulemper som kjem av at nokon har brote vedtekta.

§ 38.Brot på denne vedtekta, eller pålegg gjeve med heimel i vedtekta vert straffa etter § 339, nr. 2 i straffelova, om ikkje strengare straff skal brukast.
§ 39.Denne vedtekta tek til å gjelda ein månad etter at ho er stadfesta av Justis- og politidepartementet.

Frå same tid vil politivedtekta for Sund kommune, stadfesta av Justis- og politidepartementet 22. desember 1934, falla bort.