Forskrift om politivedtekt, Leikanger kommune, Sogn og Fjordane.

DatoFOR-1990-06-19-512
PublisertII 1990 185
Ikrafttredelse19.07.1990
Sist endretLOV-2003-07-04-74 fra 31.12.2006
Endrer
Gjelder forLeikanger kommune, Sogn og Fjordane
HjemmelLOV-1891-06-06-1, LOV-1875-05-22, LOV-1932-06-17-3, jf. LOV-1995-08-04-53-§31og§14
Kunngjort
KorttittelForskrift om politivedtekt, Leikanger

Kapitteloversikt:

Justis- og politidepartementet stadfester 19. juni 1990 med nokre endringar, vedtak av Leikanger kommunestyre den 30. juli 1988 om ny politivedtekt for Leikanger kommune, Sogn og Fjordane fylke, jmf. kgl.res. av 16. januar 1925 og 19. august 1932, lov av 6. juni 1891 om politivedtekter for hereda i riket, lov av 22. mai 1875 om høve til å gjeva dramatiske og andre forestellingar m.v. og lov av 17. juni 1932 om tillegg til politilovgjevinga. Endra 31 des 2006 - sjå lov 4 juli 2003 nr. 74 § 32.

Kapittel I. Allmenne føresegner

§ 1.Med offentlig stad er i denne vedtekta meint gate, veg, sti, park, torg, plass, bru, bryggje, kai, strand eller annan stad der det er allmenn ferdsle eller som er etla til allmenn ferdsle.
§ 2.Plikter som i denne vedtekta er lagt på eigar av hus eller grunn, er og plikter for festar, brukar, leigar og styrar av hus eller grunn.

Kapittel II. Orden på offentleg stad

§ 3.Alle pliktar straks å retta seg etter pålegg, teikn eller signal som politiet gjev for å halda allmenn orden, styre ferdsla eller tryggja folk.
§ 4.På eller nær offentleg stad må ingen vera med i oppstyr eller samanstimling, eller laga til larm eller bråk som skiplar den allmenne orden eller ferdsla.
§ 5.Når mange folk samler seg nær inngangen til møterom, idrettsplass, utsalsstad, stoggestad e.l. skal dei stå i kø og elles retta seg etter dei pålegga som politiet eller tilskiparen gjev for å halda oppe den allmenne orden eller for å styre ferdsla.
§ 6.Dei som vil skipa til folketog, større idrettsstemne, setja opp «stands», halda friluftsmøte e.l. på offentleg stad, skal gjeva politiet melding om det på førehand. Slik melding lyt og gjevast av dei som vil framføre song eller musikk, skipa til framsyning eller bruke høgtalar på eller ut mot offentleg stad.

Politiet kan forby tilskipingar som nemnt i fyrste leden for å halde oppe den allmenne orden eller tryggja ferdsla.

§ 7.Politiet kan forby bading på eller attmed offentleg stad av omsyn til den allmenne orden eller ferdsla.
§ 8.På eller attmed offentleg stad er det forbode å drikke, skjenkja eller by fram rusdrykk.

På slik stad er like eins alt spel om pengar forbode.

§ 9.Det er forbode å bera ladd skytevåpen på offentleg stad. På, ut over eller attmed offentleg stad er det vidare forbode:
1.å skyte med børse eller anna skytevåpen eller med boge, sprettert e.l.,
2.å brenna av krutt, fyrverkeri eller sprengstoff,
3.å kaste stein, snøball eller anna som kan skade eller vert til ulempe for dei som ferdast der,
4.å kaste glas, spikar, papir, fruktskal eller anna avfall,
5.å setja frå seg uregistrerte motorkøyretøy.

Kapittel III. Hindringar for ferdsla

§ 10.På eller ut over offentleg stad er det forbode å setja eller hengja noko som kan vera til hinder eller ulempe for ferdsla.
§ 11.På fortau må ingen bera, draga eller på annan måte føra med seg ting som kan vera til hinder eller ulempe for ferdsla.
§ 12.Politiet kan forby sykling, aking eller annan sport på offentleg stad, når det trengs av omsyn til ferdsla eller allmenn orden.
§ 13.Krev byggjearbeid e.l. at gate, veg eller plass vert heilt eller delvis sperra for ei avgrensa tid, må politiet gjeva løyve til dette.

Politiet kan setja nærare vilkår for løyvet.

§ 14.Markise, skilt, oppslag, flaggstenger, utstellingskassar e.l. på eller nær offentleg stad skal vera skikkeleg fastgjorde. Markise skal vera festa så høgt at underkanten minst er 2,25 m over grunnen.

Kapittel IV. Trygging av ferdsla.

§ 15.Sprenging på eller attmed offentleg stad skal meldast på førehand til politiet, som kan påby særlege tryggingstiltak. Når det vert sprengt, skal det skje med turvande varsemd. Folk må varslast på førehand.
§ 16.Reising, riving eller vøling av bygning, graving eller anna arbeid på eller ut mot offentleg stad skal meldast til politiet på førehand når det kan verta fåre for ferdsla. Politiet kan fastsetja korleis området skal avsperrast og påby andre tryggingstiltak.

Til arbeidet er ferdig, skal det vera mange nok tende lykter langsmed sperringa når det er mørkt eller uklårt ver.

Opne grøfter skal fyllast, stampast eller jamnast snarest råd er.

§ 17.Når tak vert reinsa, hus måla eller anna mindre arbeid gjort, eller når varer vert heiste opp eller fira ned, på eller ut mot offentleg stad, lyt det sytast for at stigar, heisar e.l. som vert nytta, er sterke nok og berre vert brukt av øvde og pålitelege folk.

Den som har ansvar for slikt arbeid, har plikt til å setja opp avvisarar som gjer det klårt at det er fårleg eller vanskeleg å ferdast der.

§ 18.Sperring, avvisarar, stigar e.l. skal takast bort når arbeid nemnt i §§ 15, 16 og 17 er gjort.
§ 19.Stoppekranar for vasstilførsla på offentleg stad skal ha kapsel eller lokk i høgd med grunnen. Avlaupsrenner på offentleg stad skal vera i høgd med grunnen. Tak- og avlaupsrenner som vert førde ut til offentleg stad, skal haldast reine og tette.
§ 20.Når det er fåre for at snø eller is kan falla frå tak mot offentleg stad, skal eigaren straks setja opp avvisarar som gjer det klårt at det er fårleg eller vanskeleg å ferdast der, og straks syta for at taket vert reingjort for snø og is.
§ 21.Politiet kan forby eller avgrensa ferdsla på sjø eller vatn som er frose.

Kapittel V. Reinhald på offentleg stad

§ 22.Eigar eller brukar av hus eller grunn mot offentleg stad har plikt til å rydde fortau/veg framfor eigedomen for snø og is etter takras. Snø og is kan leggjast langs kanten av fortauet/vegen, men må ikkje kastast ut i køyrebanen eller leggjast i rennesteinen. Snø og is frå gardsplass, tuft eller hage må ikkje leggjast på offentleg stad.
§ 23.Eigar av hus eller grunn mot offentleg stad skal syta for at vassavløp i fortau, rennestein, grøft e.l. vert halde oppe.
§ 24.Seljar frå portrom, bu e.l. på eller ut mot offentleg stad skal syta for at området ikkje vert skjemt eller skitna til av salet. Eigaren har plikt til å setja opp mange nok korger for papir og bos.

Tilskipingar på offentleg stad skal syta for at papir og anna bos vert teke bort.

§ 25.Køyretøy som vert brukt til køyring av gjødsel, bos, gras, avfall, jord, sand, koks, sagflis, kloakkinnhald e.l. på offentleg stad skal vera laga til såleis at ikkje noko vert mist på køyreturen.

Kapittel VI. Offentlege stader

§ 26.På kyrkjegard er det forbode å sykla, aka eller å driva sport, leik, spel eller anna som ikkje sømer seg der.

Det er forbode å trengja seg inn på kyrkjegard når det er stengt.

0Endra 31 des 2006 - sjå lov 4 juli 2003 nr. 74 § 32, jf. lov 4 aug 1995 nr. 53 § 14 første ledd nr. 1 2. punktum.
§ 27.Kunngjeringar, plakater e.l. må ikkje slåast opp på offentleg stad utan løyve frå politiet. Dette gjeld ikkje oppslagsstader som er godkjende av kommunen til slikt bruk. Forbodet gjeld heller ikkje oppslag på ein eigedom om noko som berre gjeld eigedomen eller næringa til dei som bur der.

Det er forbode å riva ned, skada eller skjemma oppslag som lovleg er sette opp.

Oppslag skal takast bort når dei er forelda.

Kapittel VII. Dyr

§ 28.Utan skikkeleg tilsyn er det forbode å sleppa laus hest, storfe, sau, geit eller gris på eller ved offentleg stad i tettbygde strøk.

Fjørfe må ikkje sleppast ut på offentleg stad.

Sirkusdyr eller ville dyr må ikkje utan løyve frå politiet førast på offentleg stad.

§ 29.(Opphevd 31 des 2006 - sjå lov 4 juli 2003 nr. 74 § 32, jf. lov 4 aug 1995 nr. 53 § 14 første ledd nr. 1 2. punktum).
§ 30.(Opphevd 31 des 2006 - sjå lov 4 juli 2003 nr. 74 § 32, jf. lov 4 aug 1995 nr. 53 § 14 første ledd nr. 1 2. punktum).

Kapittel VIII. Offentlege framsyningar

§ 31.Utan løyve frå politiet må ingen:
1.halda konsert eller dramatisk framsyning som nemnt i § 1 i lov av 22. mai 1875,
2.halda anna offentleg framsyning eller framvising som nemnt i § 4 i lov av 22. mai 1875,
3.driva skytebane, ringkasting, karusell e.l. som næring,
4.halda offentleg dans som næring, halda samkome med dans eller anna samkome heilt eller mest for tidtrøyte med tilgjenge for ei uviss folkemengd eller for dei som står i lag eller samskipnad e.l.
§ 32.Tilskipar av framsyning e.l. som nemnt i § 31, skal i god tid på førehand senda politiet søknad om løyve med oppgåve over tid og stad for framsyninga o.l. og kven den ansvarlege er.

Politiet kan setja vilkår for løyvet.

Tilskiparen må følgja dei pålegga politiet elles gjev for å halde ro og orden og tryggja folk.

Framsyning e.l. skal ikkje haldast mellom kl. 0100 og kl. 0800. Politiet kan fråvika dette i særskilde høve.

Politiet skal ha høveleg plass på alle framsyningar e.l. nemnde i § 31 nr. 1 og 2.

§ 33.Folk skal føre seg sømeleg på framsyningar. Ingen må bråka eller på annan måte hindra eller avbryte framsyninga e.l., eller uroa andre frammøtte.

Rusa personar har ikkje tilgjenge til samkomer med dans, framsyning o.l. som er nemnt i § 31.

§ 34.Born under 14 år som flakkar om åleina på offentleg stad etter kl 2200, kan politiet føre eller vise heim.

Foreldre og andre føresette skal så langt råd er syta for at små born som dei har ansvar for har tilsyn når dei ferdast på offentleg stad.

Born under 15 år har ikkje tilgjenga til offentleg dans som nemnt i § 31 nr. 4, utan dei er saman med foreldre eller føresette.

Kapittel IX. Ymse føresegner

§ 35.Forsømmer nokon det han har plikt til etter denne vedtekta eller etter pålegg gjeve med heimel i vedtekta, kan politiet setja det i verk på hans vegne eller syta for at tiltak som er naudsynleg for å hindra skade eller ulempe for andre.

Politiet kan og hindra eller stogga gjerningar som er forbode etter denne vedtekta, eller rydda or vegen ulempe som kjem av at nokon har brote vedtekta.

Brot på denne vedtekta eller pålegg gjeve med heimel i vedtekta vert straffa etter § 339, nr. 2 i straffelova, om ikkje hardare straff skal brukast.

§ 36.Denne vedtekta tek til å gjelda 1 månad etter ho er stadfesta av Justis- og politidepartementet.

Frå same tid bortfell politivedtekta for Leikanger kommune, stadfesta 6. oktober 1950.