Forskrift om politivedtekt, Kviteseid kommune, Telemark.

DatoFOR-1992-03-24-239
PublisertII 1992 117
Ikrafttredelse25.04.1992
Sist endretLOV-2003-07-04-74 fra 31.12.2006
Endrer
Gjelder forKviteseid kommune, Telemark
HjemmelLOV-1891-06-06-1, LOV-1875-05-22, LOV-1932-06-17-3, jf. LOV-1995-08-04-53-§31og§14
Kunngjort
KorttittelForskrift om politivedtekt, Kviteseid

Kapitteloversikt:

Justisdepartementet stadfester 24. mars 1992 med nokre endringar, vedtak av Kviteseid kommunestyre 19. desember 1991 om ny politivedtekt for Kviteseid kommune, Telemark fylke, jfr kgl res av 16. januar 1925 og 19. august 1932, lov av 6. juni 1891 om politivedtekter for hereda i riket, lov av 22. mai 1875 om høve til å gjeve dramatiske og andre offentlege forestellinger m.v og lov av 17. juni 1932 om tillegg til politilovgjevinga. Endra 31 des 2006 - sjå lov 4 juli 2003 nr. 74 § 32.

Kapittel I. Vanlege vedtekter

§ 1.Med offentlig stad meiner ein i denne vedtekta: gate, veg, sti, park, torg, plass, bru, bryggje, strand, anlegg eller andre stader det er allmenn ferdsel eller som er bestemt til allmenn ferdsel.
§ 2.Plikter som denne vedtekta legg på hus- eller grunneigar, kviler og på den som fester, brukar, leiger eller styrer hus eller grunn.

Kapittel II. Orden på offentlig stad

§ 3.Alle pliktar straks å retta seg etter dei pålegg, teikn eller anna signal som politiet gjev for å halda oppe allmenn ro og orden, regulera ferdsel eller tryggje publikum.
§ 4.Ingen må ta del i oppløp eller samanstimling på eller attmed offentleg stad eller laga larm eller bråk som uroar den vanlege orden eller ferdsel.
§ 5.Dersom det samlar seg mange menneske ved inngangen til forsamlingslokale, sportsplass, utsalsstad e.l., skal dei stille seg i kø og elles retta seg etter dei pålegg som politi eller arrangøren gjev for å halda allmenn ro og orden eller regulera ferdsel.
§ 6.Den som vil arrangera folketog, friluftsmøte, sportsstemne eller liknande på offentleg stad, må ha løyve frå politiet. Den som vil framføre song eller musikk, stella til oppvisning eller framvisning, eller gjera bruk av høgtalar, på eller ut mot offentleg stad, må og ha slikt løyve.

Politiet kan forby slike tilstelningar som nemnde i fyrste ledd når det finn dette turvande for å oppretthalde den allmenne ro og orden eller tryggje ferdsla.

§ 7.Ingen må halda innsamling på offentleg stad utan løyve frå politiet.
§ 8.Ingen må dela ut eller spreia opprop, annonser, reklame, e.l eller gjera bruk av gåande, køyrande eller flygande reklame, på eller attmed offentleg stad utan løyve av politiet.
§ 9.Politiet kan forby bading på eller attmed offentleg stad når det finn dette turvande av omsyn til allmenn ro og orden eller ferdsel.
§ 10.På eller attmed offentleg stad er det forbode å spele om pengar.
§ 11.På, ut over, eller attmed offentleg stad er det forbode:
1.å skyte med gevær eller anna skytevåpen eller boge, sprettert e.l.
2.å brenne av krutt, fyrverkeri eller eksplosive stoff,
3.å kaste stein, snøball eller anna som kan vera til skade eller ulempe for den som ferdast der,
4.å kaste flasker, glasbro, spiker, papir, fruktskal eller anna avfall.

Det er forbode å bera ladd skytevåpen på offentleg stad.

Kapittel III. Hindringar for ferdsla

§ 12.På eller ut over offentleg stad er det forbode å setja eller hengja noko som kan vera til hinder eller ulempe for ferdsla.
§ 13.På fortau må ingen bera, dra eller på annan måte føre med seg gjenstandar som kan vera til hinder eller ulempe for ferdsla.
§ 14.Politiet kan forby aking og all anna form for sport, leik eller spel på fastsett offentleg stad, når dette er påkravd av omsyn til ferdsla eller den allmenne ro og orden.
§ 15.Krev byggjearbeid e.l at gate, veg eller plass vert heilt eller noko sperra for ei avgrensa tid, lyt løyve til dette vera gjeve av politiet.

Politiet kan setja nærare vilkår for løyve.

§ 16.Markiser, skilt, oppslag, flaggstenger, utstillingskasser o.l som vender ut mot offentleg stad, skal vera forsvarleg fastgjorde.

Markise skal vera plasserte så høgt at underkanten er minst 2,25 m over grunnen.

Utstilling av varer, skilt eller liknande, må ikkje setjast slik på offentleg stad at det står i vegen for rullestolbrukarar, blinde eller svaksynte eller kan medføre fare eller ulempe for ferdsla. Politiet kan påby slik utstilling fjerna.

Kapittel IV. Sikring av ferdsla

§ 17.Sprengningsarbeid på eller attmed offentleg stad, skal i førevegen meldast til politiet, som kan påby særlege sikringstiltak.

Ved sprengningsarbeid må det visast stor varsemd. Publikum må varslast i tide.

§ 18.Oppføring, nedriving eller reparasjon av bygning, graving eller anna arbeid på eller ut mot offentleg stad som kan vera farleg for ferdsla, skal i førevegen meldast til politiet. Politiet kan avgjera korleis arbeidsstaden skal haldast avsperra og påby andre sikringstiltak.

Arbeidsstaden skal vera avsperra og merkt med tende lykter når det er mørkt eller dårleg sikt, til arbeidet er ferdig.

Opne grøfter skal snarast mogleg fyllast og jamnast.

§ 19.Når reinsking av tak, måling av hus eller utføring av anna mindre arbeid, eller ved oppheising og nedfiring av varer på eller ut mot offentleg stad, må det sytast for at stigar, heisar e.l som blir brukte, har stor nok styrke og at arbeidet vert utført av berre øvde folk.

Ansvarshavende for arbeidet pliktar å setja opp avvisarar som gjer det tydeleg at ferdsla er farleg.

§ 20.Arbeid som er nemnd i § 17, § 18 eller § 19 skal utførast snøggast råd, og avsperringar, avvisarar, stigar o.l skal fjernast når arbeidet er utført. Det må ikkje brukast avvisarar som kan vera til skade for blinde/svaksynte.
§ 21.Stoppekraner for vasstilførsel på offentleg stad skal vera forsynt med kapsel eller lokk i plan med grunnen.

Avlaupsrenner som vert førde ut til offentleg stad skal haldast reine og tette.

§ 22.Når det er fare for takras mot offentleg stad, skal eigaren straks setja opp avvisarar som gjer det tydeleg at ferdsla er farleg, og snarast syta for at taket vert rydda.
§ 23.Politiet kan forby eller gjeva regulerande påbod for ferdsla på islagt vatn eller sjø. Den som skjer opning i isen skal hegna inn opningen på ein trygg måte.

Kapittel V. Reinhald på offentleg stad

§ 24.Den som eig hus eller grunn mot offentleg stad pliktar å rydde fortau for snø og is etter takras utanfor eigedomen sin. Snø og is kan ikkje leggast i rennesteinen. Snø eller is frå gardsplass, frå tomt eller hage, må ikkje kastast på offentleg stad.
§ 25.I tettbygde strøk pliktar den som eig hus eller grunn mot offentleg stad å syta for at avløp i fortau, rennestein, grøft e.l er opne.

Kapittel VI. Offentlege innretningar og anlegg

§ 26.Politiet kan forby sykling, aking eller anna form for sport, leik eller spel i offentlege parkar og anlegg.
§ 27.På kyrkjegard er det forbode å sykla og aka eller drive sport, leik eller spel eller noko anna som ikkje sømer seg der.
0Endra 31 des 2006 - sjå lov 4 juli 2003 nr. 74 § 32, jf. lov 4 aug 1995 nr. 53 § 14 første ledd nr. 1 2. punktum.
§ 28.Kunngjeringar, plakater e.l må ikkje bli oppslegne på offentleg stad utan løyve frå politiet. Dette gjeld ikkje oppslag på tavler e.l som er godkjende til slikt bruk av kommunale styresmakter. Det gjeld heller ikkje oppslag på ein eigedom om noko som berre gjeld eigedomen eller næringsverksemda til den som bur der. Det er forbode å rive ned eller skade oppslag som er lovleg sett opp.

Oppslag skal fjernast når det er forelda.

Kapittel VII. Dyr

§ 29.I tettbygde strøk er det forbode å la hest, storfe, sau, geit eller svin gå laus på eller ved offentleg stad utan forsvarleg tilsyn.

Fjørfe må ikkje sleppast ut på offentleg stad.

Sirkusdyr eller ville dyr må ikkje førast på offentleg stad utan løyve frå politiet.

§ 30.(Opphevd 31 des 2006 - sjå lov 4 juli 2003 nr. 74 § 32, jf. lov 4 aug 1995 nr. 53 § 14 første ledd nr. 1 2. punktum).
§ 31.(Opphevd 31 des 2006 - sjå lov 4 juli 2003 nr. 74 § 32, jf. lov 4 aug 1995 nr. 53 § 14 første ledd nr. 1 2. punktum).

Kapittel VIII. Offentlege tilstellingar (arrangement)

§ 32.Utan løyve frå politiet må ingen:
1.halde konsert eller dramatisk framsyning som nemnd i § 1 i lov av 22. mai 1875,
2.halde anna offentleg tilstelling eller framsyning som nemnd i § 4 i lov av 22. mai 1875,
3.drive skytebane, ringkastning e.l som næring,
4.som næring halde offentleg dans, karusell e.l som nemnd i § 2b i lov av 26. mai 1866,
5.halda samkome med dans eller anna samkome heilt eller mest for tidtrøyte, med tilgjenge for ei uviss folkemengd, eller for medlemer av forening eller liknande samanslutning.
§ 33.Den som skal arrangera ei tilstelling m.v som nemnd i § 32, skal i god tid i førevegen senda søknad til politiet med opplysning om tid og stad for tilstellinga m.v og om kven som er ansvarleg. Arrangøren skal halde eit tilstrekkeleg ordensvern dersom politiet krev det. Personane i ordensvernet skal godkjennast av politiet og namna på kvar einskild deltakar må derfor gjevast opp i søknaden. Ordensvernet skal halde orden i og utanfor staden der arrangementet er. Personane skal bera armbind eller anna merke som tydeleg viser at dei høyrer til ordensvernet. Politiet kan og setja andre vilkår for løyvet, t.d om deltakartal og at samkomene vert avgrensa til visse dagar.

Arrangøren må fylgje dei pålegg som politiet elles gjev for å halda ro og orden og for å tryggje publikum.

På laurdag og søndag skal det ikkje vera noko tilstelling mellom kl 0200 og kl 0800.

Det skal vera avsett høveleg plass til politiet ved kvar tilstelling som er nemnd i § 32, punkt 1 - 2. Politiet har elles til kvar tilgjenge til tilstellingar som nemnde i § 32.

§ 34.Ved dei ymse slag tilstellingar skal dei som er tilstades oppføra seg sømeleg. Ingen må ved bråk eller på annan måte hindre eller avbryte ei tilstelling eller forstyrre andre som er tilstades.

Personar som er påverka av rusmiddel må ikkje få tilgjenge til noko arrangement.

Når omsyn til offentleg ro og orden krev det, kan politiet avbryta tilstellingar e.l som nemnd i § 32.

Kapittel IX. Born

§ 35.Born under 14 år som flakkar om åleina på offentleg stad etter kl 2000 i tida frå 1. oktober til 30. april, eller etter kl 2200 i tida frå 1. mai til 30. september, kan politiet føre eller vise heim.

Foreldra og andre føresette lyt så langt råd er syte for at små born som dei har ansvar for, har tilsyn når dei ferdast på offentleg stad.

Born under 15 år har ikkje tilgjenge til offentleg dans som nemnd i § 32, nr. 4 eller samkome som nemnd i § 32 nr. 5, utan at dei er saman med foreldre eller føresette.

Politiet har likevel høve til å gje løyve for nedre aldersgrense 13 år eller 7. klasse. Minst ein vaksen myndig person skal vera tilstades og ha ansvaret for tilskipinga. Slik tilskiping skal vera avslutta innan kl 2230.

Kapittel IX. Ålmenne føresegner

§ 36.Forsømer nokon det han har skylnad til etter denne vedtekta eller etter pålegg gjeve med heimel i vedtekta, kan politiet setja det i verk på hans vegne eller syta for at det vert gjort som er naudsynleg til å hindra skade eller ulempe for andre.

Politiet kan og hindra eller stogga gjerningar som er forbodne etter denne vedtekta, eller rydda or vegen ulempe som kjem av at nokon har brote vedtekta.

§ 37.Denne vedtekta vert sett i kraft 1 månad etter at den er stadfesta av Justis- og politidepartementet.

Frå same dato vert tidligare politivedtekter for Kviteseid, stadfest 20. januar 1948 sette ut av kraft.