Forskrift om politivedtekt, Modalen kommune, Hordaland.

DatoFOR-1995-01-13-44
PublisertAvd II 1995 Nr. 1
Ikrafttredelse13.02.1995
Sist endretLOV-2003-07-04-74 fra 31.12.2006
EndrerFOR-1958-07-28-3909
Gjelder forModalen kommune, Hordaland.
HjemmelLOV-1869-06-17-2, LOV-1875-05-22, LOV-1932-06-17-3, FOR-1932-08-19-2, jf. LOV-1995-08-04-53-§31og§14
Kunngjort
KorttittelForskrift om politivedtekt, Modalen

Kapitteloversikt:

Fastsett av Modalen kommunestyre 29. september 1994 med heimel i lov 17. juni 1869 nr. 2 om politivedtekter for rikets kjøpsteder, lov 22. mai 1875 om høve til å gi dramatiske og andre offentlige forestillinger m.v. og lov av 17. juni 1932 nr. 3 om tillegg til politilovgivningen, jfr. kgl.res. 16. januar 1925 og 19. august 1932. Stadfesta av Justis- og politidepartementet 13. januar 1995. Endra 31 des 2006 - sjå lov 4 juli 2003 nr. 74 § 32.

Kapittel I. Allmenne føresegner.

§ 1.Med offentlig stad i denne vedtekta er meint gate, veg, bru, plass, park, stig, strand eller annan stad der det er allmenn ferdsle eller som er etla til allmenn ferdsle.
§ 2.Plikt som i denne vedtekta er lagd på eigar av hus eller grunn, kviler også på den som er festar, brukar, leigar eller styrar av hus eller grunn.

Kapittel II. Orden på offentleg stad.

§ 3.Alle pliktar straks å retta seg etter dei pålegg, teikn eller signal som politimenn/kvinner gjev for å halde oppe ro og orden, regulere ferdsla eller tryggja ålmenta.
§ 4.På eller innåt offentleg stad må ingen ta del i opplaup eller samanstimling, eller laga larm eller bråk som skiplar den allmenne ro og orden eller ferdsla.
§ 5.Når mange folk er samla ved inngangen til møterom, idrottsplass, haldeplass, utsalsstad e.l., pliktar dei å retta seg etter dei pålegg som politiet eller tilskiparen gjev for å halda oppe orden eller for å regulera ferdsla.
§ 6.Dei som vil skipa til folketog, friluftsmøte, sportsstemne e.l. på offentleg stad, skal på førehand melda dette til politiet. Det same gjeld den som på, eller ut mot, offentleg stad vil føra fram song eller musikk, skipa til framsyningar eller gjera bruk av høgtalar.

Politiet kan forby tilstellingar som er nemnt i første ledd når dei finn det turvande for å halde oppe allmenn orden eller for å trygge ferdsla.

§ 7.På eller attmed offentleg stad er det forbode å bera ladd skytevåpen.

På, ut over eller attmed offentleg stad er det forbode:

1.å skyte med børse eller anna skytevåpen, skyta opp raketter eller anna fyrverkeri,
2.å kasta glas, spikar, fruktskal eller anna avfall.
§ 8.På eller utover offentleg stad er det forbode å rista eller banka teppe, sengetøy e.l.
§ 9.På eller ved offentleg stad må ingen utan løyve frå politiet dela ut eller spreie reklame, lysingar e.l.

Kapittel III. Hindring av ferdsla.

§ 10.På eller ut mot offentleg stad er det forbode å setja eller hengja opp noko som kan vera til hinder eller ulempe for ferdsla.
§ 11.På fortau må ingen bera, dra eller på annan måte føra med seg ting som kan vera til hindring eller ulempe for ferdsla.
§ 12.Politiet kan forby aking og ei kvar anna form for sport, leik eller spel på fastsett stad når det er naudsynt på grunn av ferdsla eller allmenn orden.
§ 13.Av- og pålessing og ut- og innpakking av varer på offentleg stad må gjerast slik at det ikkje hindrar ferdsla. Emballasje e.l. må straks takast bort.
§ 14.Er det naudsynt på grunn av byggjearbeid e.l. å stengja gate, veg eller plass heilt eller delvis for ei viss tid, må løyve til dette gjevast av politiet.

Politiet kan setja nærmare vilkår for løyvet.

§ 15.Markiser, flaggstenger, skilt eller andre ting som vender ut mot offentleg stad, skal vera forsvarlig fastgjorde. Markiser skal vera festa så høgt at underkanten er minst 2,25 m over grunn, og må ikkje gå utover fortauskant.

Kapittel IV. Trygging av ferdsla.

§ 16.Sprengningsarbeid på eller ved offentleg stad skal på førehand meldast til politiet, som kan påleggja særlege sikringstiltak.
§ 17.Oppsetting, nedriving eller vøling av bygning, graving eller anna arbeid på eller mot offentleg stad, som kan vera til fare for ferdsla skal på førehand meldast til politiet. Politiet kan påleggja tryggingstiltak. Ved sperringa skal det, når det er mørkt eller dimt, vera kveikte lykter.
§ 18.Når det er fare for takras frå hustak mot offentleg stad, skal det setjast opp stengje (avvisarar) som gjer det tydeleg at ein ikkje kan ferdast der utan fare, og eigaren skal straks syte for at taket vert rydda.

Kapittel V. Dyr.

§ 19.Med unntak av dyr i utmarksbeite, er det forbode å lata husdyr gå lause på eller ved offentleg stad utan forsvarleg tilsyn.
§ 20.(Opphevd 31 des 2006 - sjå lov 4 juli 2003 nr. 74 § 32, jf. lov 4 aug 1995 nr. 53 § 14 første ledd nr. 1 2. punktum).
§ 21.(Opphevd 31 des 2006 - sjå lov 4 juli 2003 nr. 74 § 32, jf. lov 4 aug 1995 nr. 53 § 14 første ledd nr. 1 2. punktum).

Kapittel VI. Offentlege framsyningar, samkomer og liknande.

§ 22.Utan løyve frå politiet må ingen:
1.Halda konsert eller dramatisk framsyning som nemnt i § 1 i lov av 22. mai 1875.
2.Halda konsert eller dramatisk framsyning som nemnt i § 4 i lov av 22. mai 1875.
3.Driva skytebane, ringkasting e.l. som næring.
4.Som næring halda offentleg dans, karusell e.l.
5.Halda samkomer med dans med tilgjenge for alle.

Framsyning m.m. må ikkje haldast mellom kl. 01 og 08.

§ 23.Tilskipingar etter § 22, skal i god tid på førehand senda søknad til politiet.

Når ro og orden krev det, kan politiet bryta av tilskipingar m.m. som nemnt i § 22.

Politiet skal gjevast høveleg plass til dei framsyningar som er nemnt i § 22 pkt. 1-2.

Kapittel VII. Born.

§ 24.Born under 14 år som flakkar om på offentleg stad etter kl. 21.00 i tida 1. oktober - 31. mars, eller etter kl. 22.00 i tida 1. april - 30. september utan fylgje, kan politiet visa eller føre heim.

Born under 15 år har ikkje tilgjenge til offentleg dans utan i fylgje med foreldre eller andre føresette.

Foreldra og andre føresette skal så langt råd er syta for at små born dei har omsorg for, har høveleg tilsyn når dei ferdast på offentleg stad.

Kapittel VIII. Almenne føresegner.

§ 25.Dersom nokon ikkje gjer det han pliktar etter denne vedtekta eller etter pålegg gjevne med heimel i vedtekta, kan politiet setja i verk på hans vegne eller syta for at det vert gjort som er naudsynt for å forhindre at forsøminga valdar skade eller er til ulempe for andre.
§ 26.Brot på denne vedtekta eller mot påbod gjevne i medhald av vedtekta, vert straffa etter reglane i straffelova § 339 nr. 2, dersom det ikkje kjem inn under strengare straffebod.
§ 27.Denne vedtekta tek til å gjelde 1 månad etter at ho er stadfest av Justis- og politidepartementet.

Frå same tid fell forskrift 28. juli 1958 nr. 3909 om politivedtekt for Modalen kommune bort.