Forskrift om politivedtekt, Nord-Fron kommune, Oppland.

DatoFOR-1997-06-30-741
PublisertII 1997 373
Ikrafttredelse30.07.1997
Sist endretLOV-2003-07-04-74 fra 31.12.2006
EndrerFOR-1985-08-16-1640
Gjelder forNord-Fron kommune, Oppland.
HjemmelLOV-1995-08-04-53-§14
Kunngjort
KorttittelForskrift om politivedtekt, Nord-Fron

Kapitteloversikt:

Fastsett av Nord-Fron kommunestyre 6. februar 1997 med heimel i lov av 4. august 1995 nr. 53 om politiet § 14. Stadfesta av Justis- og politidepartementet 30. juni 1997. Endra 31 des 2006 - sjå lov 4 juli 2003 nr. 74 § 32.

Kapittel I Allmenne føresegner

§ 1.Offentleg stad

Med offentleg stad er det i denne vedtekta meint gate, veg, her medrekna fortau, park, torg, plass, bru, bryggje, badestrand, anlegg eller annan stad der det er allmenn ferdsle eller som er bestemt for allmenn ferdsle.

§ 2.Festar, brukar, leigar eller styrar av hus eller grunn

Plikter som er lagd på eigar av hus eller grunn, kviler også på den som festar, brukar, leiger eller styrer hus eller grunn.

Kapittel II Orden på offentleg stad

§ 3.Ro og orden på offentleg stad

På eller like attmed offentleg stad må ingen vere med i oppstyr, samanstimling, larm eller bråk som skiplar den allmenne orden eller ferdsle.

Når mange menneske samlar seg nær inngang til forsamlingslokale, sportsplass, utsalsstad, stoppeplass o.l., skal dei rette seg etter dei pålegg som politiet eller arrangøren gjev for å halde oppe den allmenne orden eller for å regulere ferdsla.

§ 4.Song og musikk, reklame m.m.

Det må gjevast førehandsmelding til politiet når ein på, eller ut mot offentleg stad vil:

1.framføre sang eller musikk
2.stelle til framsyning eller gjere bruk av høgtalar
3.dele ut eller spreie opprop, lysingar, reklame e.l.
§ 5.Farleg eller skremmande verksemd

På, ut over eller like attmed offentleg stad er det forbode:

1.å skyte med gevær eller anna skytevåpen eller med boge, sprettert e.l.,
2.å brenne av krutt, fyrverkeri eller sprengstoff utan at politiet har gjeve løyve. Det er likevel lov til å brenne av fyrverkeri ein halv time før og ein halv time etter kl 2400 kvar nyttårskveld.
3.å kaste stein, snøball eller anna som kan vere til skade eller ulempe for dei som ferdast der.

Det er forbode å bere ladd skytevåpen på offentleg stad.

Kapittel III Sikring av ferdsla

§ 6.Hindringar

På eller ut over offentleg stad er det forbode å setje eller hengje noko som kan vere til hinder eller ulempe for ferdsla.

Markiser skal vere festa så høgt at underkanten er minst 2,50 m over bakken.

§ 7.Sport, aktivitetar

Politiet kan sette forbod mot aking og andre former for sport, spel eller andre liknande aktivitetar på bestemt offentleg stad der dette er påkravd av omsyn til ferdsla eller allmenn orden.

§ 8.Sperring av fortau m.v.

Krev byggjearbeid e.l. at gate, veg eller annan offentleg stad blir heilt eller delvis sperra for ei avgrensa tid, lyt ein på førehand søkje løyve frå politiet. Politiet kan fastsette nærare vilkår for slikt løyve.

§ 9.Diverse arbeid

Følgjande arbeid på, eller ut mot offentleg stad må meldast til politiet på førehand:

1.Sprengingsarbeid. Politiet kan krevje særlege sikringstiltak.
2.Reising, riving eller reparasjon av bygning, graving eller anna arbeid der det kan bli fare for ferdsla. Politiet kan fastsette korleis arbeidsstaden skal vera avsperra og kreve andre sikringstiltak til vern for publikum.
§ 10.Avvisarar

Avvisarar skal settast opp på eller ut mot offentleg stad ved slike forhold:

1.Ved vedlikehald av bygningar pliktar den ansvarlege for arbeidet å sette opp avvisarar som gjer det tydeleg at det er farleg eller til ulempe å ferdast der.
2.Når det er fare for at snø eller is kan falle ned frå hustak, skal eigaren straks sette opp avvisarar som gjer det tydeleg at det er farleg å ferdast der, og snarast syte for at taket blir rydda.
§ 11.Fjerning av sperringar//avvisarar

Sperringar, avvisarar, stigar e.l. må fjernast når arbeid som er nemnt i §§ 9 og 10 pkt. 1 er utført eller når fare som nemnt i § 10 pkt. 2 ikkje lenger er til stades.

§ 12.Ferdsle på frose vatn eller sjø

Politiet kan av tryggingsgrunnar sette forbod mot eller gje regulerande førsegner for ferdsla på vatn eller sjø som er frose.

Kapittel IV Reinhald på offentleg stad

§ 13.Fortau m.v.

Eigar av hus eller grunn mot offentleg stad pliktar å halde reint fortau og rennestein i samsvar med lokal sedvane og gjere reine lys- og luftegraver som er knytta til eigedomen.

Oppsop e.l. må ikkje leggast på overvassrist.

§ 14.Snøfall og takras

Eigar av hus eller grunn mot offentleg stad pliktar å rydde fortauet utanfor eigedomen for snø og is etter snøfall og takras.

§ 15.Strøplikt

Eigar av hus eller grunn mot offentleg stad pliktar å strø fortauet utanfor eigedomen når det er glatt.

§ 16.Avløp for vatn

Eigar av hus eller grunn mot offentleg stad skal sørge for at avløp for vatn i fortau, rennestein, grøft e.l. vert halde ope.

Kapittel V Hindre tilgrising

§ 17.Hindre tilgrising o.l.

På, ut over eller like attmed offentleg stad er det forbode:

1.å kaste eller knuse glass og flasker, kaste papir o.a. Glass og flasker må heller ikkje etterlatast slik at dei lett kan knusast av andre.
2.å grise til med måling, tusj, sprayprodukt e.l. på eller mot offentleg stad.
3.å henge opp kunngjeringar, plakatar, e.l. utan at politiet har fått melding om dette.

Dette gjeld likevel ikkje oppslag på plakattavler godkjent av kommunen, eller oppslag på eigedom om tilhøve som berre høyrer eigedomen til eller næringsverksemda til dei som bur der.

Det er forbode å rive, skade eller skjemme oppslag som er lovleg sett opp.

Oppslag skal fjernast når dei ikkje lenger er aktuelle.

4.å urinere.
§ 18.Avfall

Den som driv med sal frå gate, plass, kiosk e.l., eller som driv anna liknande næringsverksemd på eller ut mot offentleg stad, skal syte for at området ikkje blir skjemt eller skitna til av verksemda, og pliktar å syte for at det blir sett opp mange nok korger for papir og avfall.

Den som arrangerer tilstelling på offentleg stad, skal syte for at papir og anna avfall blir fjerna etter arrangementet.

Kapittel VI Offentlege anlegg

§ 19.Kyrkjegard

På kyrkjegard er det forbode å sykle, ake eller å drive sport, leik eller anna som ikkje sømer seg der.

0Endra 31 des 2006 - sjå lov 4 juli 2003 nr. 74 § 32, jf. lov 4 aug 1995 nr. 53 § 14 første leden nr. 1 2. punktum.

Kapittel VII Dyr

§ 20.Husdyr m.m.

Det er forbode å la hest, storfe, sau eller geit gå laus på eller ved offentleg stad utan forsvarleg tilsyn.

§ 21.(Opphevd 31 des 2006 - sjå lov 4 juli 2003 nr. 74 § 32, jf. lov 4 aug 1995 nr. 53 § 14 første ledd nr. 1 2. punktum).
§ 22.(Opphevd 31 des 2006 - sjå lov 4 juli 2003 nr. 74 § 32, jf. lov 4 aug 1995 nr. 53 § 14 første ledd nr. 1 2. punktum).
§ 23.(Opphevd 31 des 2006 - sjå lov 4 juli 2003 nr. 74 § 32, jf. lov 4 aug 1995 nr. 53 § 14 første ledd nr. 1 2. punktum).

Kapittel VIII Arrangement på offentleg stad m.v.

§ 24.Søknads- og meldeplikt for arrangement

Den som på offentleg stad vil lage til arrangement som i hovedsak er av underhaldande, kunstnerisk, selskapeleg eller kommersielt slag, som på grunn av storleiken av dette opplagt vil føre til omfattande reguleringar av ferdsla eller vakthald, må søkje om dette innan ein frist som politiet set. Politilova § 11 gjeld tilsvarande.

Det er meldeplikt til politiet ved andre allment tilgjengelige arrangement utanom offentleg stad, når det er truleg at det vert naudsynt med polititilsyn for å sikre ro og orden eller avvikling av trafikken på grunn av storleiken på eller karakteren av arrangementet. Plikt til å melde frå gjeld òg samkome med dans eller anna tilstelning som i hovudsak er av selskapeleg eller underhaldande art for medlemmer av ei foreining eller liknande samanslutning. Politilova § 11 gjeld tilsvarande.

Kapittel IX Barn

§ 25.Offentleg dans e.l.

Barn under 15 år har ikkje tilgjenge til offentleg dans eller liknande allment tilgjengeleg tilstelling utan at dei er saman med foreldre eller andre føresette.

Kapittel X Ymse føresegner

§ 26.Forsøming av plikt

Forsømer nokon å utføre det vedkomande har plikt til etter vedtektene eller etter pålegg gjeve med heimel i vedtektene, kan politiet på vegne av vedkomande setje dette i verk. Den som har forsømt pliktene må dekke utgiftene.

§ 27.Straff

Brot på vedtekta eller pålegg gjeve i medhald av vedtekta, vert straffa etter politilova § 30 nr. 4, om ikkje tilhøvet kjem inn under strengare straffepåbod.

§ 28.Iverksetjing

Denne vedtekta tek til å gjelde 1 månad etter at ho er stadfesta av Justis- og politidepartementet. Forskrift av 16. august 1985 nr. 1640 om politivedtekt, Nord-Fron kommune, Oppland, fell bort frå same tid.