Forskrift om politivedtekt, Fyresdal kommune, Telemark.

DatoFOR-1998-05-18-521
PublisertII 1998 431
Ikrafttredelse18.06.1998
Sist endretLOV-2003-07-04-74 fra 31.12.2006
EndrerFOR-1991-06-05-412
Gjelder forFyresdal kommune, Telemark.
HjemmelLOV-1995-08-04-53-§14
Kunngjort
KorttittelForskrift om politivedtekt, Fyresdal

Kapitteloversikt:

Fastsett av Fyresdal kommunestyre 30. oktober 1997 med heimel i lov av 4. august 1995 nr. 53 om politiet § 14. Stadfesta av Justis- og politidepartementet 18. mai 1998. Endra 31 des 2006 - sjå lov 4 juli 2003 nr. 74 § 32.

Kapittel I. Allmenne føresegner

§ 1.Med offentleg stad er i denne vedtekta meint gate, veg, her medrekna fortau, stig, park, torg e.l., plass, bru, bryggje, strand, anlegg eller annan stad der det er allmenn ferdsle eller som er bestemt for allmenn ferdsle.
§ 2.Dei plikter som er lagd på eigar av hus eller grunn kviler også på den som festar, brukar, leiger eller styrer hus eller grunn.

Kapittel II. Orden på offentleg stad

§ 3.På eller like attmed offentleg stad må ingen vere med i oppstyr, samanstimling, larm, støy eller bråk som skiplar den allmenne orden eller ferdsel.

Når mange menneske samlar seg nær inngang til forsamlingslokale, sportsplass, utsalsstad, stoppestad e.l., skal dei stå i kø og elles rette seg etter dei pålegg som politiet eller arrangøren gjev for å halde oppe den allmenne orden eller for å regulere ferdsla.

§ 4.Den som på eller ut mot offentleg stad vil føre fram song eller musikk, skipa til framsyning eller gjere bruk av høgtalar, må på førehand gje melding til politiet.

Det same gjeld den som på eller nær offentleg stad ynskjer å dele ut eller spreie opprop, lysingar, reklame e.l., eller bruke gåande, køyrande eller flygande reklame.

§ 5.På, ut over eller like attmed offentleg stad er det forbode:
1.å skyte med gevær, luftgevær eller anna skytevåpen eller med boge, sprettert e.l.,
2.å brenne av krutt, fyrverk, knallsaker eller sprengstoff utan at politiet har gjeve løyve,
3.å kaste eller sleppe stein, snøball eller anna som kan vere til skade eller ulempe for dei som ferdast der,
4.å kaste eller leggje frå seg glas, flasker, spikar, papir, fruktskal eller anna avfall,
5.å grise til med måling, tusj, sprayprodukt e.l. på noko overflate mot offentleg stad, under dette på eller ved bygning, gate, veg, park, anlegg, innretningar og framkomstmiddel,
6.å urinere.

Det er forbode å bere ladd skytevåpen på offentleg stad.

Kapittel III. Sikring av ferdsla

§ 6.På eller ut over offentleg stad er det forbode å setje eller hengje noko som kan vere til hinder eller ulempe for ferdsla.

Markiser skal vere festa så høgt at underkanten minst er 2,25 m over bakken.

§ 7.Politiet kan sette forbod mot aking og andre former for sport, sykling, leik eller spel på nærare fastsett offentleg stad der dette er påkravd av omsyn til ferdsla eller den allmenne orden.
§ 8.Krev byggjearbeid e.l. at gate, veg eller annan offentleg stad vert heilt eller delvis sperra for ei avgrensa tid, lyt ein på førehand søkje løyve frå politiet. Politiet kan setje nærare vilkår for løyvet.
§ 9.Sprenging på eller like attmed offentleg stad skal meldast til politiet på førehand. Politiet kan krevje særlege tryggingstiltak.
§ 10.Reising, riving eller vøling av bygning, graving eller anna arbeid på eller ut mot offentleg stad der det kan bli fare for ferdsla, skal på førehand meldast til politiet.

Politiet kan fastsette korleis arbeidsstaden skal sperrast og krevje andre tryggingstiltak til vern for publikum.

Ved vedlikehald av bygningar m.v. på eller ut mot offentleg stad pliktar den ansvarlege for arbeidet å setje opp avvisarar som gjer det tydeleg at det er farleg eller til ulempe å ferdast der.

§ 11.Når det er fare for at snø eller is kan falle frå hustak mot offentleg stad, skal eigaren straks sette opp avvisarar som gjer det tydeleg at det er farleg eller vanskeleg å ferdast der, og snarast syte for at taket blir rydda.
§ 12.Sperringar, avvisarar, stigar og andre hindringar for ferdsla må takast bort når arbeid som nemnt i §§ 8, 9 og 10 er gjort eller når faren eller ulempen som er nemnt i § 11 ikkje lenger er til stades.
§ 13.Politiet kan av tryggingsgrunnar sette forbod mot eller gje regulerande førsegner for ferdsla på vatn eller sjø som er frose.

Kapittel IV. Reinhald på offentleg stad

§ 14.Eigar av hus eller grunn mot offentleg stad pliktar å rydde fortauet utanfor eigedomen for snø og is etter takras.

Eigar av hus eller grunn mot offentleg stad skal sørge for at avløp for vatn i fortau, rennestein, grøft e.l. vert halde ope.

Reinhaldet skal gjerast slik at det vert til minst mogeleg ulempe.

Oppsop e.l. må ikkje leggast i kloakksluk.

Kapittel V. Offentlege innretningar og område

§ 15.På kyrkjegardane må ingen sykle, ake eller drive sport, leik eller spel eller anna som ikkje sømer seg der.

Det er forbode å trengje seg inn på kyrkjegard når den er stengd for besøk.

0Endra 31 des 2006 - sjå lov 4 juli 2003 nr. 74 § 32, jf. lov 4 aug 1995 nr. 53 § 14 første leden nr. 1 2. punktum.
§ 16.Kunngjeringar, plakatar og lysingar e.l. må ikkje slåast opp på, ut over eller like attmed offentleg stad utan løyve frå politiet.

Dette gjeld likevel ikkje oppslag på tavler e.l. kommunen har godkjent til slikt bruk, eller oppslag på eigedom om tilhøve som berre høyrer eigedomen til eller næringsverksemda til dei som bur der.

Det er forbode å rive, sulke til eller gjere uleseleg oppslag som er lovleg sett opp.

Oppslag skal takast vekk når dei er forelda.

§ 17.Den som driv med sal frå portrom, kiosk e.l., eller som driv anna liknande næringsverksemd på eller ut mot offentleg stad, skal syte for at området ikkje vert skjemt eller skitna til av verksemda, og pliktar å syte for at det blir sett opp mange nok korger for papir og avfall.

Den som arrangerer tilstelling på offentleg stad, skal syte for at papir og anna avfall blir fjerna etter arrangementet.

Kapittel VI. Dyr

§ 18.Det er forbode å la hest, storfe, sau, geit eller svin gå laus på eller ved offentleg stad utan forsvarleg tilsyn. Fjørfe må ikkje sleppast ut på offentleg stad.

Sirkusdyr eller ville dyr må ikkje førast på offentleg stad utan løyve frå politiet.

§ 19.(Opphevd 31 des 2006 - sjå lov 4 juli 2003 nr. 74 § 32, jf. lov 4 aug 1995 nr. 53 § 14 første leden nr. 1 2. punktum).
§ 20.(Opphevd 31 des 2006 - sjå lov 4 juli 2003 nr. 74 § 32, jf. lov 4 aug 1995 nr. 53 § 14 første leden nr. 1 2. punktum).
§ 21.(Opphevd 31 des 2006 - sjå lov 4 juli 2003 nr. 74 § 32, jf. lov 4 aug 1995 nr. 53 § 14 første leden nr. 1 2. punktum).
§ 22.På offentleg stad skal fyrrspente hestar eller lause hestar utan særskilt køyrar vere forsvarleg bundne til køyredoningen dei fylgjer, eller vere leidde i slaktaum av fyrekøyraren.

Kapittel VII. Offentlege tilskipingar

§ 23.Søknadsplikt for arrangement på offentleg stad

Den som på offentleg stad vil lage til arrangement som i hovedsak er av underhaldande, kunstnerisk, selskapeleg eller kommersielt slag, som har ein storleik som opplagt vil føre til behov for omfattande reguleringar av ferdsla eller vakthald, må søkje om dette innan ein frist som politiet set. Politilova § 11 gjeld tilsvarande.

§ 24.Meldeplikt for allment tilgjengelege arrangement utanfor offentleg stad m.m.

Den som vil lage til eit arrangement som er allment tilgjengeleg, må senda skriftleg melding i god tid til politiet. Dette skal gjerast sjølv om arrangementet ikkje går føre seg på offentleg stad, når det er truleg at det vert naudsynt med polititilsyn for å sikre ro og orden eller avvikling av trafikken på grunn av storleiken på eller karakteren av arrangementet.

Plikt til å melde frå gjeld òg samkome med dans eller anna tilstelning som i hovudsak er av selskapeleg eller underhaldande art for medlemmer av ei foreining eller liknande samanslutning. Politilova § 11 gjeld tilsvarande.

Kapittel VIII. Born

§ 25.Born under 15 år har ikkje tilgjenge til offentleg dans eller liknande allment tilgjengeleg tilstelling utan at dei er saman med foreldre eller andre føresette.

Kapittel IX. Ymse føresegner

§ 26.Forsømer nokon å utføre det vedkomande har plikt til etter vedtekta eller etter pålegg gjeve med heimel i vedtekta, kan politiet på vegne av vedkomande setje dette i verk. Den som har forsømt pliktene må dekkje utgiftene.
§ 27.Brot på vedtekta eller pålegg gjeve i medhald vedtekta, vert straffa etter politilova § 30 nr. 4, om ikkje tilhøvet kjem inn under strengare straffepåbod.
§ 31.Iverksetjing

Denne vedtekta tek til å gjelde 1 månad etter at ho er stadfest av Justis- og politidepartementet. Forskrift av 5. juni 1991 nr. 412 om politivedtekt, Fyresdal kommune, Telemark, fell bort frå same tid.