Forskrift om politivedtekt, Fræna kommune, Møre og Romsdal.

DatoFOR-1998-11-25-1171
PublisertII 1998 788
Ikrafttredelse25.12.1998
Sist endretLOV-2003-07-04-74 fra 31.12.2006
EndrerFOR-1970-03-10-4506
Gjelder forFræna kommune, Møre og Romsdal.
HjemmelLOV-1995-08-04-53-§14
Kunngjort
KorttittelForskrift om politivedtekt, Fræna

Kapitteloversikt:

Fastsett av Fræna kommunestyre 28. september 1998 med heimel i lov av 4. august 1995 nr. 53 om politiet § 14. Stadfesta av Justis- og politidepartementet 25. november 1998. Endra 31 des 2006 - sjå lov 4 juli 2003 nr. 74 § 32.

Kapittel I. Allmenne føresegner

§ 1.Offentleg stad

Med offentleg stad er det i denne vedtekta meint gate, veg, herunder fortau/gang- og sykkelveg, sti, park, torg, plass, bru, bryggje/kai, strand, anlegg eller annan stad der det er allmenn ferdsle eller som er bestemt for allmenn ferdsle.

§ 2.Festar, brukar, leigar eller styrar av hus eller grunn

Plikt som er lagt på eigar av hus eller grunn, kviler også på den som festar, brukar, leiger eller styrer hus eller grunn.

Kapittel II. Ro og orden på offentleg stad

§ 3.Ro og orden på offentleg stad

På eller like attmed offentleg stad må ingen vere med i samanstimling, larm eller bråk som uroar den allmenne orden eller ferdsle.

Når mange personar samlar seg nær inngang til forsamlingslokale, sportsplass, utsalsstad, stoppestad e.l., skal dei stå i kø og elles rette seg etter dei pålegg politiet eller arrangøren gir for å halde oppe den allmenne orden eller for å regulere ferdsla.

§ 4.Song og musikk, reklame m.m.

Den som på eller ut mot offentleg stad vil framføre song eller musikk, arrangere framsyning eller bruke høgtalar, må gje melding til politiet på førehand.

Det same gjeld den som på eller nær offentleg stad ønskjer å dele ut eller spreie opprop, kunngjeringar, reklame e.l., eller bruke gåande, køyrande eller flygande reklame.

§ 5.Farleg eller skremmande verksemd

På, ut over eller like attmed offentleg stad er det forbode:

1.å skyte med gevær eller anna skytevåpen eller med boge, sprettert e.l.,
2.å skyte opp fyrverkeri eller brenne av eksplosive stoff av noko slag, utan at det er gjeve melding til politiet på førehand.

I tida mellom kl. 18.00 den 31. desember og kl. 02.00 den 1. januar kan fyrverkeri nyttast utan slik melding, men då må det skje mot vatn, sjø, snødekt mark eller anna høveleg område,

3.å kaste stein, snøball eller noko anna som kan vere til skade eller ulempe for dei som ferdast der.

Det er forbode å bere ladd skytevåpen på offentleg stad.

Kapittel III. Sikring av ferdsla

§ 6.Hindringar

På eller ut over offentleg stad er det forbode å sette eller henge noko som kan vere til hinder eller ulempe for ferdsla.

Markiser skal vere festa så høgt at underkanten minst er 2,50 m over bakken.

§ 7.Sport og leik

Politiet kan forby aking og andre former for sport, leik eller spel på bestemt offentleg stad når det er nødvendig av omsyn til ferdsla eller den allmenne orden.

§ 8.Sperring av fortau m.v.

Krev byggjearbeid e.l. at gate, veg eller annan offentleg stad vert heilt eller delvis sperra for ei avgrensa tid, lyt ein på førehand søkje løyve frå politiet. Politiet kan sette nærare vilkår for løyvet.

§ 9.Sprengingsarbeid

Sprenging på eller like attmed offentleg stad skal meldast til politiet på førehand. Politiet kan krevje særlege tryggingstiltak.

§ 10.Diverse arbeid

Reising, riving eller reparasjon av bygning, graving eller anna arbeid på eller ut mot offentleg stad der det kan bli fare for ferdsla, skal meldast til politiet på førehand. Politiet kan fastsette korleis arbeidsstaden skal sperrast og krevje andre tryggingstiltak til vern for publikum.

§ 11.Vedlikehald av bygning m.v.

Under vedlikehald av bygning m.v. på eller ut mot offentleg stad pliktar den ansvarlege for arbeidet å sette opp avvisarar som varslar at det er farleg eller til ulempe å ferdast der.

§ 12.Avvisarar

Når snø eller is kan falle fra hustak mot offentleg stad, skal huseigar straks sette opp avvisarar som varslar at det er farleg å ferdast der. Han skal snarast syte for at taket blir rydda.

§ 13.Fjerning av sperrar/avvisarar

Sperringar, avvisarar, stigar e.l. må takast bort når arbeid som nemnt i §§ 9, 10 og 11 er ferdig, eller når faren som er nemnt i § 12 ikkje lenger er til stades.

§ 14.Ferdsle på frose vatn eller sjø

Politiet kan av tryggingsgrunnar forby eller regulera ferdsla på vatn eller sjø som er frose.

Kapittel IV. Reinhald på offentleg stad

§ 15.Lys- og luftegraver

Eigar av hus eller grunn mot offentleg stad pliktar å gjere reine lys- og luftegraver som er knytta til eigedomen.

Reinhaldet skal gjerast slik at det vert til minst mogeleg ulempe.

Oppsop e.l. må ikkje leggast slik at avløpsslukar går tett.

§ 16.Takras

Eigar av hus eller grunn mot offentleg stad pliktar å rydde fortauet eller tilsvarande gangareal utanfor eigedomen for snø og is etter takras.

Snø og is må ikkje kastas ut i køyrebanen eller leggjast i rennesteinen.

Snø og is frå gardsplassar, tomter eller hager må ikkje leggjast på offentleg stad.

§ 17.Avløp for vatn

Eigar av hus eller grunn mot offentleg stad skal sørge for at avløp for vatn i fortau, rennestein, grøft e.l. vert halde ope.

Kapittel V. Hindre tilgrising

§ 18.Hindre tilgrising o.l.

På, ut over eller like attmed offentleg stad er det forbode:

1.å kaste glas, flasker, spikar, papir, fruktskal eller anna avfall,
2.å grise til med maling, tusj, sprayprodukt e.l. på noko overflate på eller mot offentleg stad, herunder på eller ved bygning, gate, veg, park eller transportmiddel,
3.å henge opp kunngjeringar, plakatar, e.l. utan at politiet har tillete dette.
§ 19.Avfall

Den som driv sal frå kiosk eller som driv anna liknande næringsverksemd på eller ut mot offentleg stad, skal syte for at området ikkje vert skjemt eller skitna til av verksemda. Drivaren har plikt til å sette opp mange nok avfallskorger.

Den som arrangerer tilstelling på offentleg stad, skal syte for at papir og anna avfall blir fjerna etter arrangementet.

Kapittel VI. Offentlege anlegg

§ 20.Kyrkjegard

På kyrkjegard er det forbode å sykle og ake, eller drive sport, leik eller anna som ikkje sømer seg der.

Det er forbode å trengje seg inn på kyrkjegard når den er stengt for besøk.

0Endra 31 des 2006 - sjå lov 4 juli 2003 nr. 74 § 32, jf. lov 4 aug 1995 nr. 53 § 14 første leden nr. 1 2. punktum.

Kapittel VII. Dyr

§ 21.(Opphevd 31 des 2006 - sjå lov 4 juli 2003 nr. 74 § 32, jf. lov 4 aug 1995 nr. 53 § 14 første leden nr. 1 2. punktum).
§ 22.(Opphevd 31 des 2006 - sjå lov 4 juli 2003 nr. 74 § 32, jf. lov 4 aug 1995 nr. 53 § 14 første leden nr. 1 2. punktum).
§ 23.(Opphevd 31 des 2006 - sjå lov 4 juli 2003 nr. 74 § 32, jf. lov 4 aug 1995 nr. 53 § 14 første leden nr. 1 2. punktum).

Kapittel VIII. Arrangement på offentleg stad m.v.

§ 24.Søknadsplikt for arrangement på offentleg stad

Den som vil halde arrangement på offentleg stad, hovedsak av underhaldande, kunstnerisk, selskapeleg eller kommersielt slag, som har ein storleik som openbert vil føre til behov for omfattande reguleringar av ferdsla eller vakthald, må søkje om dette innan ein frist politiet set. Politilova § 11 gjeld tilsvarande.

§ 25.Meldeplikt for allment tilgjengeleg arrangement utanfor offentleg stad

Den som vil halde eit arrangement som er allment tilgjengeleg, må sende melding til politiet i god tid. Dette skal gjerast sjølv om arrangementet ikkje går føre seg på offentleg stad, når karakteren eller storleiken av arrangementet gjer det truleg at det vert naudsynt med politioppsyn, for å sikre ro og orden eller avvikling av trafikken.

Plikt til å melde frå gjeld òg samkome med dans eller anna tilstelning som overvegande er av selskapeleg eller underhaldande art for medlemmer av ei foreining eller liknande samanslutning av ein avgrensa krins personar.

Politilova § 11 gjeld tilsvarande.

Kapittel IX. Born

§ 26.Offentleg dans e.l.

Born under 15 år har ikkje tilgjenge til offentleg dans eller liknande allment tilgjengeleg tilstelling utan at dei er saman med foreldre eller andre føresette.

Kapittel X. Ymse føresegner

§ 27.Forsøming av plikt

Forsømer nokon si plikt etter denne vedtekta eller etter pålegg gjeve med heimel i vedtekta, kan politiet sette dette i verk på vegne av vedkomande. Den som har forsømt plikta må dekkje utgiftene.

§ 28.Straff

Brot på vedtekta eller pålegg gjeve i medhald av vedtekta, vert straffa etter politilova § 30 nr. 4, om ikkje tilhøvet kjem inn under strengare straffepåbod.

§ 29.Iverksetjing

Denne vedtekta tek til å gjelde 1 månad etter at ho er stadfesta av Justis- og politidepartementet. Forskrift av 10. mars 1970 nr. 4506 om politivedtekt for Fræna kommune, Møre og Romsdal fell bort frå same tidspunkt.