Forskrift om politivedtekt, Samnanger kommune, Hordaland.

DatoFOR-2002-01-31-117
PublisertII 2002 hefte 1
Ikrafttredelse28.02.2002
Sist endretLOV-2003-07-04-74 fra 31.12.2006
EndrerFOR-1981-09-09
Gjelder forSamnanger kommune, Hordaland
HjemmelLOV-1995-08-04-53-§14
Kunngjort07.02.2002
KorttittelForskrift om politivedtekt, Samnanger

Kapitteloversikt:

Fastsett av Samnanger kommunestyre 27. september 2001 med heimel i lov av 4. august 1995 nr. 53 om politiet (politiloven) § 14. Stadfesta av Politidirektoratet 31. januar 2002. Endra 31 des 2006 - sjå lov 4 juli 2003 nr. 74 § 32.

Kapittel I. Allmenne føresegner

§ 1.Offentleg stad

Med offentleg stad er i denne vedtekta meint gate, veg - her medrekna fortau, sti, park, torg e.l., plass, bru, bryggje, kai, strand, anlegg eller annan stad der det er allmenn ferdsle eller som er bestemt for allmenn ferdsle.

§ 2.Festar, brukar, leigar eller styrar av hus eller grunn

Dei pliktar som er lagd på eigar av hus eller grunn, kviler også på den som festar, brukar, leigare eller styrar hus eller grunn.

Kapittel II. Orden på offentleg stad

§ 3.Ro og orden på offentleg stad

På eller like ved offentleg stad må ingen vera med i oppstyr, samanstimling, larm eller bråk som skiplar den allmenne orden eller ferdsle.

Når mange menneske samlar seg nær inngang til forsamlingslokale, sportsplass, utsalsstad, stoppestad e.l. skal dei retta seg etter dei pålegg som politiet eller arrangøren gir for å halda oppe den allmenne orden eller for å regulera ferdsla.

§ 4.Song og musikk, reklame m.m.

Den som på eller ut mot offentleg stad vil føre fram song eller musikk, skipa til framsyning eller gjera bruk av høgtalar, må på førehand gje melding til politiet.

Det same gjeld den som på eller nær offentleg stad ynskjer å dela ut eller spreia opprop, lysingar, reklame e.l., eller bruka gåande, køyrande eller flygande reklame.

§ 5.Farleg eller skremmande verksemd

På, ut over eller like ved offentleg stad er det forbode:

1.å skyte med gevær eller anna skytevåpen eller med boge, sprettert e.l.,
2.å brenna av krutt, fyrverk eller sprengstoff utan at politiet har gitt løyve.
3.å kaste eller sleppe stein, snøball eller anna som kan vera til skade eller ulempe for dei som ferdast der.

Kapittel III. Sikring av ferdsla

§ 6.Hindringar

På eller ut over offentleg stad er det forbode å setja eller hengja noko som kan vera til hinder eller ulempe for ferdsla.

Markiser skal vera festa så høgt at underkanten minst er 2,50 m over bakken.

§ 7.Sport, leik

Politiet kan setta forbod mot aking og andre former for sport, leik eller spel på bestemt offentleg stad der dette er påkravd av omsyn til ferdsla eller den allmenne orden.

§ 8.Sperring av fortau m.m.

Krev byggjearbeid e.l. at gate, veg eller annan offentleg stad vert heilt eller delvis sperra for ei avgrensa tid, lyt ein på førehand søkja løyve frå politiet. Politiet kan setja nærare vilkår for løyvet.

§ 9.Sprengingsarbeid

Sprenging på eller like ved offentleg stad skal meldast til politiet på førehand. Politiet kan krevja særskilde tryggingstiltak.

§ 10.Diverse arbeid

Reising, riving eller reparasjon av bygning, graving eller anna arbeid på eller ut mot offentleg stad der det kan verta fare for ferdsla, skal på førehand meldast politiet. Politiet kan fastsette korleis arbeidsstaden skal sperrast og krevja andre tryggingstiltak til vern for publikum.

§ 11.Vedlikehald av bygning m.m.

Ved vedlikehald av bygningar m.m. på eller ut mot offentleg stad pliktar den ansvarlege for arbeidet å setja opp avvisarar som gjer det tydeleg at det er farleg eller til ulempe å ferdast der.

§ 12.Avvisarar

Når det er fare for at snø eller is kan falle ned frå hustak mot offentleg stad, skal eigaren straks setja opp avvisarar som gjer det tydeleg at det er farleg å ferdast der. Han skal snarast syta for at taket blir rydda.

§ 13.Fjerning av sperrar

Sperringar, avvisarar, stigar e.l. må takast bort når arbeid som nemnd i § 9, § 10 og § 11 er gjort eller når faren som er nemnd i § 12 ikkje lenger er til stades.

§ 14.Ferdsle på frose vatn eller sjø

Politiet kan av tryggleiksgrunnar setja forbod mot eller gje regulerande førsegner for ferdsla på vatn eller sjø som er frose. Dersom nokon lagar opning i isen, skal opninga merkjast på ein trygg måte.

Kapittel IV. Reinhald på offentleg stad

§ 15.Fortau mv.

Eigar av hus eller grunn mot offentleg stad pliktar å halde reine lys- og luftegraver utanfor eigedomen. I tettbygd strok skal huseigaren også syta for reinhald av fortau og rennestein utanfor eigedomen sin.

Reinhaldet skal gjerast på ein slik måte at det vert til minst mogleg ulempe.

Oppsop må ikkje leggjast i kloakksluk.

§ 16.Snøfall og takras

Eigar av hus eller grunn mot offentleg stad pliktar å rydde fortauet utanfor eigedomen for snø og is etter takras. I tettbygd strok har huseigaren denne plikta også etter snøfall.

§ 17.Strøplikt

Eigar av hus eller grunn mot offentleg stad i tettbygd strok er pliktig til å strø fortauet utanfor eigedomen når det er glatt.

§ 18.Avløp for vatn

Eigar av hus eller grunn mot offentleg stad skal sørge for at avløp for vatn i fortau, rennestein, grøft e.l. vert halde ope.

Kap V. Hindre tilgrising

§ 19.Hindra tilgrising o.l.

På, ut over eller like ved offentleg stad er det forbode:

1.å kasta glas, flasker, spikar, papir, fruktskal eller anna avfall,
2.å grisa til med måling, tusj, sprayprodukt e.l. på noko overflate mot offentleg stad, under dette på eller ved bygning, gate, veg, park, anlegg, innretningar og framkomstmiddel,
3.å hengja opp kunngjeringar, plakatar, e.l. utan at politiet har tillete dette.

Dette gjeld likevel ikkje oppslag på tavler e.l. som kommunen har godkjent til slikt bruk, eller oppslag på eigedom om tilhøve som berre høyrer eigedomen til eller næringsverksemda til dei som bur der.

Det er forbode å riva, skada eller skjemma oppslag som er lovleg sett opp.

Oppslag skal fjernast når dei er forelda.

4.å urinere.
§ 20.Avfall

Den som driv med sal frå portrom, kiosk e.l., eller som driv anna liknande næringsverksemd på eller ut mot offentleg stad, skal syte for at området ikkje vert skjemt eller skitna til av verksemda. Dei pliktar å syte for at det blir sett opp mange nok korger for papir og avfall.

Den som arrangerar tilstelling på offentleg stad, skal syta for at papir og anna avfall blir fjerna etter arrangementet.

Kapittel VI. Offentlege anlegg

§ 21.Kyrkjegard

På kyrkjegard er det forbode å sykla, ake eller å driva sport, leik eller anna som ikkje sømer seg der.

Det er forbode å trengja seg inn på kyrkjegard når den er stengd for besøk.

0Endra 31 des 2006 - sjå lov 4 juli 2003 nr. 74 § 32, jf. lov 4 aug 1995 nr. 53 § 14 første leden nr. 1 2. punktum.

Kapittel VII. Dyr

§ 22.Husdyr m.m.

Det er forbode å la hest, storfe, sau eller geit gå laus på eller ved offentleg stad utan forsvarleg tilsyn.

Sirkusdyr eller ville dyr må ikkje førast på offentleg stad utan løyve frå politiet.

§ 23.(Opphevd 31 des 2006 - sjå lov 4 juli 2003 nr. 74 § 32, jf. lov 4 aug 1995 nr. 53 § 14 første leden nr. 1 2. punktum).
§ 24.(Opphevd 31 des 2006 - sjå lov 4 juli 2003 nr. 74 § 32, jf. lov 4 aug 1995 nr. 53 § 14 første leden nr. 1 2. punktum).
§ 25.(Opphevd 31 des 2006 - sjå lov 4 juli 2003 nr. 74 § 32, jf. lov 4 aug 1995 nr. 53 § 14 første leden nr. 1 2. punktum).

Kapittel VIII. Arrangement på offentleg stad

§ 26.Søknadsplikt for arrangement på offentleg stad

Den som på offentleg stad vil laga til arrangement som i hovudsak er av underhaldande, kunstnerisk, selskapeleg eller kommersielt slag, og som er av slik storleik at det opplagt vil føra til behov for omfattande reguleringar i ferdsla eller vakthald, må søkja om dette innan ein frist som politiet set. Politilova § 11 gjeld tilsvarande.

§ 27.Meldeplikt for allment tilgjengelege arrangement utanfor offentleg stad m.m.

Den som vil laga til arrangement som er allment tilgjengeleg må senda melding i god tid til politiet. Dette skal gjerast sjølv om arrangementet ikkje går føre seg på offentleg stad, når det er truleg at det vert naudsynt med polititilsyn for å sikra ro og orden eller avvikling av trafikken på grunn av storleiken på eller karakteren av arrangementet.

Plikt til å melda frå gjeld óg samkome med dans eller anna tilstelling som i hovudsak er av selskapeleg eller underhaldande art for medlemmar av ei foreining eller liknande samanslutning. Politilova § 11 gjeld tilsvarande.

Kapittel IX. Born

§ 28.Offentleg dans e.l.

Born under 15 år har ikkje tilgjenge til offentleg dans eller liknande allment tilgjengeleg tilstelling utan at dei er i saman med foreldre eller andre føresette.

Politiet kan ved arrangement som er rusfrie med ei øvre aldersgrense på 18 år og stengetid kl. 01.00 gjera unntak for born mellom 13 og 15 år.

Kapittel X. Ymse føresegner

§ 29.Forsøming av plikt

Forsømer nokon å utføra det vedkomande har plikt til etter vedtekta eller etter pålegg med heimel i vedtekta, kan politiet på vegne av vedkomande setja i verk tiltak. Den som har forsømt pliktene må dekkja utgiftene.

§ 30.Straff

Brot på vedtekta eller pålegg gitt i medhald av vedtekta, vert straffa etter politilova § 30 nr. 4, om ikkje tilhøvet kjem inn under strengare straffepåbod.

§ 31.Iverksetjing

Denne vedtekta tek til å gjelde 1 månad etter at ho er stadfesta av Politidirektoratet. Politivedtekta for Samnanger kommune stadfesta 9. september 1981 fell bort frå same tid.