Forskrift om politivedtekt, Hol kommune, Buskerud.

DatoFOR-2002-10-31-1194
PublisertII 2002 hefte 6
Ikrafttredelse30.11.2002
Sist endretLOV-2003-07-04-74 fra 31.12.2006
EndrerFOR-1988-08-10-645
Gjelder forHol kommune, Buskerud.
HjemmelLOV-1995-08-04-53-§14
Kunngjort07.11.2002
KorttittelForskrift om politivedtekt, Hol

Kapitteloversikt:

Fastsett av Hol kommunestyre 27. juni 2002 med heimel i lov av 4. august 1995 nr. 53 om politiet (politiloven) § 14. Stadfesta av Politidirektoratet 31. oktober 2002. Endra 31 des 2006 - sjå lov 4 juli 2003 nr. 74 § 32.

Kapittel I. Allmenne føresegner

§ 1.Offentleg stad

Med offentleg stad er i denne vedtekta meint gate, veg, her medrekna fortau, stig, park, torg e.l., plass, bru, strand, alpinbakke, skiløypeanlegg eller annan stad der det er allmenn ferdsle eller som er bestemt for allmenn ferdsle.

§ 2.Festar, brukar, leigar eller styrar av hus eller grunn

Dei plikter som er lagd på eigar av hus eller grunn, kviler også på den som festar, brukar, leiger eller styrer hus eller grunn.

Kapittel II. Orden på offentleg stad

§ 3.Ro og orden på offentleg stad

På eller like attmed offentleg stad må ingen vere med i oppstyr, samanstimling, larm eller bråk som skiplar den allmenne orden eller ferdsel.

Når mange menneske samlar seg nær inngang til forsamlingslokale, sportsplass, utsalsstad, stoppestad e.l., skal dei stå i kø og elles rette seg etter dei pålegg som politiet eller arrangøren gjev for å halde oppe den allmenne orden eller for å regulere ferdsla.

§ 4.Song og musikk, reklame m.m.

Den som på eller ut mot offentleg stad vil føre fram song eller musikk, skipa til framsyning eller gjere bruk av høgtalar, må på førehand gje melding til politiet.

Det same gjeld den som på eller nær offentleg stad ynskjer å dele ut eller spreie opprop, lysingar, reklame e.l., eller bruke gåande, køyrande eller flygande reklame.

§ 5.Farleg eller skremmande verksemd

På, ut over eller like attmed offentleg stad er det forbode:

1.å skyte med gevær eller anna skytevåpen eller med boge, sprettert e.l.,
2.å brenne av krutt, fyrverkeri eller sprengstoff utan at politiet har gjeve løyve.
3.å kaste eller sleppe stein, snøball eller anna som kan vere til skade eller ulempe for dei som ferdast der.

Kapittel III. Sikring av ferdsla

§ 6.Hindringar

På eller ut over offentleg stad er det forbode å setje eller hengje noko som kan vere til hinder eller ulempe for ferdsla.

Markiser skal vere festa så høgt at underkanten minst er 2,50 m over bakken.

§ 7.Sport, leik

Politiet kan sette forbod mot aking og andre former for sport, leik eller spel på bestemt offentleg stad der dette er påkravd av omsyn til ferdsla eller den allmenne orden.

§ 8.Sperring av fortau mv.

Krev byggjearbeid e.l. at gate, veg eller annan offentleg stad vert heilt eller delvis sperra for ei avgrensa tid, lyt ein på førehand søkje løyve frå politiet. Politiet kan setje nærare vilkår for løyvet.

§ 9.Sprengingsarbeid

Sprenging på eller like attmed offentleg stad skal meldast til politiet på førehand. Politiet kan krevje særlege tryggingstiltak.

§ 10.Diverse arbeid

Reising, riving eller reparasjon av bygning, graving eller anna arbeid på eller ut mot offentleg stad der det kan bli fare for ferdsla, skal på førehand meldast til politiet. Politiet kan fastsette korleis arbeidsstaden skal sperrast og krevje andre tryggingstiltak til vern for publikum.

§ 11.Vedlikehald av bygning mv.

Ved vedlikehald av bygningar mv. på eller ut mot offentleg stad pliktar den ansvarlege for arbeidet å setje opp avvisarar som gjer det tydeleg at det er farleg eller til ulempe å ferdast der.

§ 12.Avvisarar

Når det er fare for at snø eller is kan falle ned frå hustak mot offentleg stad, skal eigaren straks sette opp avvisarar som gjer det tydeleg at det er farleg å ferdast der, og snarast syte for at taket blir rydda.

§ 13.Fjerning av sperrar

Sperringar, avvisarar, stigar e.l. må takast bort når arbeid som nemnt i § 9, § 10 og § 11 er gjort eller når faren som er nemnt i § 12 ikkje lenger er til stades.

§ 14.Ferdsle på frose vatn eller sjø eller i område med fare for snøras

Politiet kan av tryggingsgrunnar sette forbod mot eller gje regulerande førsegner for ferdsla på vatn eller sjø som er frose. Det same gjeld for område der det er fare for snøras.

Kapittel IV. Reinhald på offentleg stad

§ 15.Avløp for vatn

Eigar av hus eller grunn mot offentleg stad skal sørge for at avløp for vatn i fortau, rennestein, grøft e.l. vert halde ope.

Kapittel V. Hindre tilgrising

§ 16.Hindre tilgrising o.l.

På, ut over eller like attmed offentleg stad er det forbode:

1.å kaste glas, flasker, spikar, papir, fruktskal eller anna avfall,
2.å grise til med måling, tusj, sprayprodukt e.l. på noko overflate mot offentleg stad, under dette på eller ved bygning, gate, veg, park, anlegg, innretningar og framkomstmiddel,
3.å hengje opp kunngjeringar, plakatar, e.l. utan at politiet har tillate dette.

Dette gjeld likevel ikkje oppslag på tavler e.l. som kommunen har godkjent til slikt bruk, eller oppslag på eigedom om tilhøve som berre høyrer eigedomen til eller næringsverksemda til dei som bur der.

Det er forbode å rive, skade eller skjemme oppslag som er lovleg sett opp.

Oppslag skal fjernast når dei er forelda.

4.å urinere.
§ 17.Avfall

Den som driv med sal frå portrom, kiosk e.l., eller som driv anna liknande næringsverksemd på eller ut mot offentleg stad, skal syte for at området ikkje vert skjemt eller skitna til av verksemda, og pliktar å syte for at det blir sett opp mange nok korger for papir og avfall.

Den som arrangerer tilstelling på offentleg stad, skal syte for at papir og anna avfall blir fjerna etter arrangementet.

Kapittel VI. Offentlege anlegg

§ 18.Kyrkjegard

På kyrkjegard er det forbode å sykle, ake eller å drive sport, leik eller anna som ikkje sømer seg der.

Det er forbode å trengje seg inn på kyrkjegard når den er stengd for besøk.

0Endra 31 des 2006 - sjå lov 4 juli 2003 nr. 74 § 32, jf. lov 4 aug 1995 nr. 53 § 14 første leden nr. 1 2. punktum.

Kapittel VII. Dyr

§ 19.Husdyr m.m.

Det er forbode å la hest, storfe, sau eller geit gå laus på eller ved offentleg stad utan forsvarleg tilsyn.

Sirkusdyr eller ville dyr må ikkje førast på offentleg stad utan løyve frå politiet.

§ 20.(Opphevd 31 des 2006 - sjå lov 4 juli 2003 nr. 74 § 32, jf. lov 4 aug 1995 nr. 53 § 14 første leden nr. 1 2. punktum).
§ 21.(Opphevd 31 des 2006 - sjå lov 4 juli 2003 nr. 74 § 32, jf. lov 4 aug 1995 nr. 53 § 14 første leden nr. 1 2. punktum).
§ 22.(Opphevd 31 des 2006 - sjå lov 4 juli 2003 nr. 74 § 32, jf. lov 4 aug 1995 nr. 53 § 14 første leden nr. 1 2. punktum).

Kapittel VIII. Arrangement på offentleg stad mv.

§ 23.Søknadsplikt for arrangement på offentleg stad

Den som på offentleg stad vil lage til arrangement som i hovudsak er av underhaldande, kunstnerisk, selskapeleg eller kommersielt slag, som har ein storleik som opplagt vil føre til behov for omfattande reguleringar av ferdsla eller vakthald, må søkje om dette innan ein frist som politiet set. Politilova § 11 gjeld tilsvarande.

§ 24.Meldeplikt for allment tilgjengelege arrangement utanfor offentleg stad m.m.

Den som vil lage til eit arrangement som er allment tilgjengeleg, må senda melding i god tid til politiet. Dette skal gjerast sjølv om arrangementet ikkje går føre seg på offentleg stad, når det er truleg at det vert naudsynt med polititilsyn for å sikre ro og orden eller avvikling av trafikken på grunn av storleiken på eller karakteren av arrangementet.

Plikt til å melde frå gjeld óg samkome med dans eller anna tilstelning som i hovudsak er av selskapeleg eller underhaldande art for medlemmer av ei foreining eller liknande samanslutning.

Politilova § 11 gjeld tilsvarande.

Kapittel IX. Born

§ 25.Offentleg dans e.l.

Born under 15 år har ikkje tilgjenge til offentleg dans eller liknande allment tilgjengeleg tilstelling utan at dei er saman med foreldre eller andre føresette.

Kapittel X. Ymse føresegner

§ 26.Forsøming av plikt

Forsømer nokon å utføre det vedkomande har plikt til etter vedtekta eller etter pålegg gjeve med heimel i vedtekta, kan politiet på vegne av vedkomande setje dette i verk. Den som har forsømt pliktene må dekkje utgiftene.

§ 27.Straff

Brot på vedtekta eller pålegg gjeve i medhald av vedtekta, vert straffa etter politilova § 30 nr. 4, om ikkje tilhøvet kjem inn under eit strengare straffepåbod.

§ 28.Iverksetjing

Denne vedtekta tek til å gjelde 1 månad etter at ho er stadfest av Politidirektoratet. Forskrift av 10. august 1988 nr. 645 om politivedtekt, Hol kommune, Buskerud, fell bort frå same tid.