Forskrift om politivedtekt, Vågå kommune, Oppland.

DatoFOR-2006-07-07-912
PublisertII 2006 hefte 3
Ikrafttredelse07.08.2006
Sist endret
EndrerFOR-1971-02-08-4495
Gjelder forVågå kommune, Oppland.
HjemmelLOV-1995-08-04-53-§14, FOR-2000-11-16-1151
Kunngjort13.07.2006
KorttittelForskrift om politivedtekt, Vågå

Kapitteloversikt:

Fastsett av Vågå kommunestyre 9. mars 2004 med heimel i lov 4. august 1995 nr. 53 om politiet (politiloven) § 14. Stadfesta av Politidirektoratet 7. juli 2006, jf. delegeringsvedtak 16. november 2000 nr. 1151.

Kapittel I. Allmenne føresegner

§ 1.Offentleg stad

Med offentleg stad er i denne vedtekta meint gate, veg, her medrekna fortau, stig, park, torg e.l., plass, bru, bryggje, kai, strand, anlegg eller annan stad der det er allmenn ferdsel eller som er bestemt for allmenn ferdsel.

§ 2.Festar, brukar, leigar eller styrar av hus eller grunn

Plikter som er lagd på eigar av hus eller grunn, kviler også på den som festar, brukar, leiger eller styrer hus eller grunn.

Kapittel II. Orden på offentleg stad

§ 3.Ro og orden på offentleg stad

På eller like attmed offentleg stad må ingen vere med i eller bidra til oppstyr, samanstimling, larm eller bråk som uroar den allmenne orden eller ferdsla.

Når mange menneske samlar seg nær inngang til forsamlingslokale, sportsplass, utsalsstad, stoppestad e.l., skal dei rette seg etter dei pålegg som politiet eller arrangøren gjev for å halde oppe den allmenne orden eller for å regulere ferdsla.

§ 4.Song og musikk, reklame m.m.

Den som på eller ut mot offentleg stad vil føre fram song eller musikk, skipa til framsyning eller gjere bruk av høgtalar, må på førehand gje melding til politiet.

Det same gjeld den som på eller nær offentleg stad ynskjer å dele ut eller spreie opprop, lysingar, reklame e.l., eller bruke gåande, køyrande eller flygande reklame.

§ 5.Farleg eller skremmande verksemd

På eller like attmed offentleg stad er det forbode:

1å skyte med gevær eller anna skytevåpen eller med boge, sprettert e.l.,
2å brenne av krut, fyrverkeri eller eksplosive stoffar utan at politiet har gjeve løyve (ikkje naudsynt å ha løyve for bruk av fyrverkeri i perioden 31. desember frå kl. 20.00 til 1. januar kl. 02.00 med mindre brannsjefen har nedlagt forbod),
3å kaste eller sleppe stein, snøball eller anna som kan vere til skade eller ulempe for dei som ferdast der.

Kapittel III. Sikring av ferdsla

§ 6.Hindringar

På eller ut over offentleg stad er det forbode å setje eller hengje noko som kan vere til hinder eller ulempe for ferdsla.

Det er forbode å vatne med spreiar inn på offentleg veg eller gate når det kan bli til fare eller ulempe for ferdsla.

§ 7.Sport, leik

Politiet kan sette forbod mot aking og andre former for sport, leik eller spel på bestemt offentleg stad der dette er påkravd av omsyn til ferdsla eller den allmenne orden.

§ 8.Sperring av gate, veg og lignende

Krev byggjearbeid e.l. at gate, veg eller annan offentleg stad vert heilt eller delvis sperra for ei avgrensa tid, skal ein på førehand søkje løyve frå politiet. Politiet kan setje nærare vilkår for løyvet.

§ 9.Sprengingsarbeid

Sprenging på eller like attmed offentleg stad skal meldast til politiet på førehand. Politiet kan krevja særlege tryggingstiltak.

§ 10.Diverse arbeid

Reising, riving eller reparasjon av bygning, graving eller anna arbeid på eller ut mot offentleg stad der det kan bli fare for ferdsla, skal på førehand meldast til politiet. Politiet kan fastsette korleis arbeidsstaden skal vere avsperra og krevje andre tryggingstiltak til vern for publikum.

§ 11.Vedlikehald av bygning mv.

Ved vedlikehald av bygningar mv. på eller ut mot offentleg stad pliktar den ansvarlege å setje opp avvisarar som gjer det tydeleg at det er farleg eller til ulempe å ferdast der.

§ 12.Avvisarar

Når det er fare for at snø, is e.l. kan falle ned frå hustak mot offentleg stad, skal eigarar straks sette opp avvisarar som tydeleg syner at det er farleg å ferdast der, og snarast syte for at taket blir rydda.

§ 13.Fjerning av sperrar

Sperringar, avvisarar, stigar e.l. må takast bort når arbeid som nemnt i § 9, § 10 og § 11 er gjort eller når faren eller ulempen som er nemnt i § 12 ikkje lenger er til stades.

§ 14.Ferdsel på frose vatn eller sjø

Politiet kan av tryggingsgrunnar sette forbod mot eller gje regulerande førsegner for ferdsel på vatn eller sjø som er frose.

Kapittel IV. Reinhald og rydding på offentleg stad

§ 15.Reinhald, rydding mv.

Eigarar av hus eller grunn mot offentleg stad pliktar å halde eige område reint og ryddig. Reinhald og rydding skal gjerast slik at det vert til minst mogeleg ulempe for andre.

§ 16.Snøfall og takras

Eigar av hus eller grunn mot offentleg stad pliktar å rydde området utanfor eigedomen for snø og is etter takras. Snø etter takras kan krevjast fjerna.

§ 17.Avløp for vatn

Eigar av hus eller grunn mot offentleg stad skal sørgje for at avløp for vatn i område knytt til eigedomen vert halde ope.

Kapittel V. Hindre tilgrising

§ 18.Hindre tilgrising o.l.

På, ut over eller like attmed offentleg stad er det forbode:

1å etterlate seg, kaste eller knuse glas, flasker o.l. eller etterlate seg papir, plastikk eller anna avfall. Den som kjører gjødsel, søppel, avfall, jord, sagflis, kloakkinnhald eller liknande på offentleg stad skal syte for at kjøretøyet er slik laga at ikkje noko blir spilt under kjøringa
2å urinere
3å grise til med måling, tusj, sprayprodukt e.l. på noko overflate mot offentleg stad, under dette på eller ved bygning, gate, veg, park, anlegg, innretningar og framkomstmiddel
4å hengje opp kunngjeringar, plakatar e.l. utan at politiet har tillate dette. Dette gjeld likevel ikkje oppslag på tavler e.l. som kommunen har godkjent til slikt bruk, eller oppslag på eigedom om tilhøve som berre høyrer eigedomen til eller næringsverksemda til dei som nyttar eigedomen. Det er forbode å rive, skade eller skjemme oppslag som er lovleg sett opp. Oppslag skal fjernast når det er forelda
5Bråtebrenning - brenning av avfall, kvist, lauv med meir.
§ 19.Avfall

Den som arrangerer tilstellingar på offentleg stad, driv med sal frå gate, plass, kiosk e.l. eller driv anna næringsverksemd på eller ut mot offentleg stad, pliktar å halde området reint og ryddig og syte for at papir og anna avfall til kvar tid blir tatt forsvarleg vare på og fjerna.

Kapittel VI. Offentlege anlegg

§ 20.Kyrkjegard

På kyrkjegard er det forbode å sykle, ake eller å drive sport, leik eller anna som ikkje sømer seg der.

Det er forbode å trengje seg inn på kyrkjegard når den er stengd for besøk.

Kapittel VII. Dyr

§ 21.Husdyr m.m.

I tettbygd strøk er det forbode å la hest, storfe, gris, sau eller geit mv. gå laus utan forsvarleg tilsyn.

Kapittel VIII. Arrangement på offentleg stad mv.

§ 22.Søknadsplikt for arrangement på offentleg stad

Den som på offentleg stad vil lage til arrangement som i hovudsak er av underhaldande, kunstnerisk, selskapeleg eller kommersielt slag, som har ein storleik som opplagt vil føre til behov for omfattande reguleringar av ferdsla eller vakthald, må søkje om dette innan ein frist som politiet set.

Politilova § 11 gjeld tilsvarande.

§ 23.Meldeplikt for allment tilgjengelege arrangement utanfor offentleg stad

Den som vil lage til arrangement som er allment tilgjengeleg, må senda melding i god tid til politiet. Dette skal gjerast sjølv om arrangementet ikkje går føre seg på offentleg stad, når det er truleg at det vert naudsynt med polititilsyn for å sikre ro og orden eller avvikling av trafikken på grunn av storleiken på eller karakteren av arrangementet.

Plikt til å melde frå gjeld òg samkome med dans eller anna tilstelning som i hovudsak er av selskapeleg eller underhaldande art for medlemmer av ei foreining eller liknande samanslutning.

Politilova § 11 gjeld tilsvarande.

Kapittel IX. Born

§ 24.Offentleg dans e.l.

Born under 15 år har ikkje tilgjenge til offentleg dans eller liknande allment tilgjengeleg tilstelling utan at dei er saman med foreldre eller andre føresette.

Kapittel X. Ymse føresegner

§ 25.Forsøming av plikt

Forsømer nokon å utføre det vedkomande har plikt til etter vedtektene eller etter pålegg gjeve med heimel i vedtektene, kan politiet på vegne av vedkomande setje dette i verk. Den som har forsømt pliktene må dekkje utgiftene.

§ 26.Straff

Brot på vedtekta eller pålegg gjeve i medhald av vedtekta, vert straffa etter lov om politiet § 30 nr. 4, om ikkje tilhøvet kjem inn under strengare straffepåbod.

§ 27.Iverksetjing

Denne vedtekta tek til å gjelde 1 månad etter at ho er stadfesta av Politidirektoratet. Frå same tid vert føresegn 8. februar 1971 nr. 4495 om politivedtekt for Vågå kommune, Oppland fylke oppheva.