Forskrift om politivedtekt, Fjell kommune, Hordaland.

DatoFOR-2006-11-17-1278
PublisertII 2006 hefte 5
Ikrafttredelse17.12.2006
Sist endretFOR-2013-01-25-107 fra 15.02.2013
Endrer
Gjelder forFjell kommune, Hordaland.
HjemmelLOV-1995-08-04-53-§14
Kunngjort23.11.2006
KorttittelForskrift om politivedtekt, Fjell

Kapitteloversikt:

Fastsett av Fjell kommunestyre 15. desember 2005 med heimel i lov 4. august 1995 nr. 53 om politiet (politiloven) § 14. Stadfesta av Politidirektoratet 17. november 2006. Endret ved forskrift 25 jan 2013 nr. 107 fra 15 feb 2013.

Kapittel I. Definisjon

§ 1.Offentleg stad

Med offentleg stad er i denne vedtekta meint gate, veg, her medrekna fortau, sti, park, torg eller liknande, plass, bru, bryggje, kai, strand, anlegg eller annan stad der det er allmenn ferdsle eller som er bestemt for allmenn ferdsle. At området er privat eigd er ikkje avgjerande.

Kapittel II. Allmenne føresegner

§ 2.Festar, brukar, leigar eller styrar av hus eller grunn

Plikter som er lagt på eigar av hus eller grunn, kviler også på den som festar, brukar, leiger eller styrer hus eller grunn.

§ 3.Ro og orden på offentleg stad

På eller like attmed offentleg stad må ingen delta i oppstyr, samanstimling, larm eller bråk som uroer den allmenne orden eller ferdsel.

Når mange menneske samlar seg nær inngang til forsamlingslokale, sportsplass, utsalsstad, stoppestad eller liknande, skal dei stille seg i kø og elles rette seg etter dei pålegg som politiet eller arrangøren gjev for å halde oppe den allmenne orden eller for å regulere ferdsla.

§ 4.Song og musikk, reklame m.m.

Den som på eller ut mot offentleg stad vil føre fram song eller musikk, skipa til framsyning eller gjere bruk av høgtalar, må på førehand gje melding til politiet.

Det same gjeld den som på eller nær offentleg stad ynskjer å ha innsamling av pengar, dele ut eller spreie opprop, lysingar, reklame eller liknande, eller bruke gåande, køyrande eller flygande reklame.

0Endret ved forskrift 25 jan 2013 nr. 107 (i kraft 15 feb 2013).
§ 5.Farleg eller skremmande verksemd

På, ut over eller like attmed offentleg stad er det forbode:

1.å skyte med gevær eller anna skytevåpen eller med boge, sprettert eller liknande,
2.å brenne av krutt, fyrverk eller sprengstoff utan at politiet har gjeve løyve,
3.å kaste eller sleppe stein, snøball eller anna som kan vere til skade eller ulempe for dei som ferdast der.

Kapittel III. Sikring av ferdsla

§ 6.Hindringar

På eller ut over offentleg stad er det forbode å setje eller hengje noko som kan vere til hinder eller ulempe for ferdsla.

Markiser skal vere festa så høgt at underkanten minst er 2,50 m over bakken.

§ 7.Sport, leik

Politiet kan setje forbod mot aking og andre former for sport, leik eller spel på bestemt offentleg stad der dette er påkravd av omsyn til ferdsla eller den allmenne orden.

§ 8.Sperring av fortau mv.

Krev byggjearbeid eller liknande at gate, veg eller annan offentleg stad vert heilt eller delvis sperra for ei avgrensa tid, må ein på førehand søkje om løyve frå politiet. Politiet kan setje nærare vilkår for løyvet.

§ 9.Sprengingsarbeid

Sprenging på eller like attmed offentleg stad skal meldast til politiet på førehand. Politiet kan krevje særlege tryggingstiltak.

§ 10.Diverse arbeid

Reising, riving eller reparasjon av bygning, graving eller anna arbeid på eller ut mot offentleg stad som kan medføre fare for ferdsla, skal på førehand meldast til politiet. Politiet kan fastsetje korleis arbeidsstaden skal sperrast og krevje andre tryggingstiltak til vern for publikum.

§ 11.Vedlikehald av bygning mv.

Ved vedlikehald av bygningar mv. på eller ut mot offentleg stad pliktar den ansvarlege for arbeidet å setje opp avvisarar som gjer det tydeleg at ferdsel kan vera farleg eller medføre ulempe.

§ 12.Avvisarar

Når det er fare for at snø eller is kan falle ned frå hustak mot offentleg stad, skal eigaren straks setje opp avvisarar som gjer det tydeleg at det er farleg eller til ulempe å ferdast der, og snarast syte for at taket blir rydda.

§ 13.Fjerning av sperre

Sperringar, avvisarar, stigar eller liknande må takast bort når arbeidet som nemnt i § 9, § 10 og § 11 er gjort eller når faren eller ulempen som er nemnt i § 12 ikkje lenger er til stades.

§ 14.Ferdsle på islagt vatn eller sjø

Politiet kan av tryggingsgrunnar setje forbod mot eller gje regulerande førsegner om ferdsla på islagt vatn eller sjø.

Kapittel IV. Reinhald på offentleg stad

§ 15.Fortau mv.

Eigar av hus eller grunn mot offentleg stad pliktar å gjere reine lys- og luftegraver som er tilknytta eigedomen.

Reinhaldet skal utførast slik at det vert til minst mogeleg ulempe.

Oppsop eller liknande må ikkje leggjast i kloakksluk.

§ 16.Snøfall og takras

Eigar av hus eller grunn mot offentleg stad pliktar å rydde fortauet utanfor eigedomen for snø og is etter takras.

§ 17.Avløp for vatn

Eigar av hus eller grunn mot offentleg stad skal sørge for at avløp for vatn i fortau, rennestein, grøft eller liknande vert halde ope.

Kapittel V. Hindre tilgrising

§ 18.Hindre tilgrising o.l.

På, ut over eller like attmed offentleg stad er det forbode:

1.å kaste glas, tomflasker, spikar, plast, papir, fruktskal, sigarettsneipar, tyggegummi eller anna avfall,
2.å grise til med måling, tusj, sprayprodukt eller liknande på noko overflate mot offentleg stad, under dette på eller ved bygning, gate, veg, park, anlegg, innretningar og transportmiddel,
3.å hengje opp kunngjeringar, plakatar, eller liknande på andre stader enn tavler eller liknande som er godkjent av kommunen til slikt bruk.

Det er forbode å rive, skade eller skjemme oppslag som er lovleg sett opp.

Oppslag skal fjernast når dei er forelda.

4.å urinere.
§ 19.Avfall

Den som driv med sal frå portrom, uteservering, kiosk eller serveringsverksemd m.m. eller arrangerer idrettsstemne, friluftsmøte mv. på eller ut mot offentleg stad, skal syte for at området ikkje vert skjemt eller skitna til av verksemda. Vedkomande pliktar å syte for at det vert sett opp mange nok korger for papir og avfall.

Opprydding skal skje straks etter stengetid eller arrangementet er slutt.

Kapittel VI. Offentlege anlegg

§ 20.Kyrkjegard

På kyrkjegard er det forbode å sykle, ake eller å drive sport, leik eller anna som ikkje sømer seg der.

Det er forbode å trengje seg inn på kyrkjegard når den er stengt.

Kapittel VII. Dyr

§ 21.Husdyr m.m.

Det er forbode å la hest, storfe, sau, geit eller svin gå laus på eller ved offentleg stad utan forsvarleg tilsyn. Fjørkre må ikkje sleppast ut på offentleg stad.

Sirkusdyr eller ville dyr må ikkje førast på offentleg stad utan løyve frå politiet.

Kapittel VIII. Arrangement på offentleg stad mv.

§ 22.Søknadsplikt for arrangement på offentleg stad

Den som på offentleg stad vil lage til arrangement som hovudsakleg er av underhaldande, kunstnerisk, selskapeleg eller kommersielt slag, som har eit omfang som medfører behov for omfattande reguleringar av ferdsla eller vakthald, må seinast 4 veker før arrangementet søkje politiet om dette.

Politilova § 11 gjeld tilsvarande.

§ 23.Meldeplikt for allment tilgjengelege arrangement utanfor offentleg stad m.m.

Den som vil lage til eit arrangement som er allment tilgjengeleg, må seinast 1 veke før arrangementet sende melding til politiet. Dette skal gjerast sjølv om arrangementet ikkje går føre seg på offentleg stad, når det er truleg at det vert naudsynt med polititilsyn for å sikre ro og orden eller avvikling av trafikken på grunn av storleiken på eller karakteren av arrangementet.

Plikt til å melde frå gjeld óg samkome med dans eller anna tilstelning som i hovudsak er av selskapeleg eller underhaldande art for medlemmer av ei foreining eller liknande samanslutning.

Politilova § 11 gjeld tilsvarande.

Kapittel IX. Born

§ 24.Offentleg dans mv.

Born under 15 år har ikkje tilgjenge til offentleg dans eller liknande allment tilgjengeleg tilstelling utan at dei er saman med foreldre eller andre føresette.

Der dans og diskotek er en del av ei total, rusfri, ikkje-kommersiell verksemd i ungdomsklubbar, fritidsklubbar og liknande kan likevel born frå og med 8. klasse delta. Det er då eit krav at vaksne leiarar har tilsyn med arrangementet. Med vaksne leiarar er meint personar over 20 år.

Foreldrearrangerte fritidstiltak for born til med 7. klasse er ikkje omfatta av forbodet i fyrste leden.

Kapittel X. Ymse føresegner

§ 25.Forsøming av plikt

Forsømer nokon å utføre det vedkomande har plikt til etter vedtektene eller etter pålegg gjeve med heimel i vedtektene, kan politiet på vegne av vedkomande setje dette i verk. Den som har forsømt pliktene må dekkje utgiftene.

§ 26.Straff

Brot på denne vedtekta eller pålegg gjeve i medhald av vedtekta, vert straffa etter politilova § 30 nr. 4, med bøter eller fengsel inntil 3 månader om ikkje tilhøvet kjem inn under strengare straffepåbod.

§ 27.Iverksetjing

Denne vedtekta tek til å gjelde 1 månad etter at ho er stadfest av Politidirektoratet. Politivedtekt for Fjell kommune stadfesta 10. april 1979, fell bort frå same tid.