Forskrift om politivedtekt, Forsand kommune, Rogaland

DatoFOR-2007-12-13-1509
PublisertII 2007 hefte 5
Ikrafttredelse13.01.2008
Sist endret
EndrerFOR-1939-10-13-3122
Gjelder forForsand kommune, Rogaland.
HjemmelLOV-1995-08-04-53-§14, FOR-2000-11-16-1151
Kunngjort20.12.2007   kl. 16.00
KorttittelForskrift om politivedtekt, Forsand

Kapitteloversikt:

Heimel: Fastsett av Forsand kommunestyre 21. juni 2007 med heimel i lov 4. august 1995 nr. 53 om politiet (politiloven) § 14. Stadfesta av Politidirektoratet 13. desember 2007 med heimel i delegeringsvedtak 16. november 2000 nr. 1151.

Kapittel I. Allmenne føresegner

§ 1.Offentleg stad

Med offentleg stad meinar ein gate, veg, herunder fortau, sti, park, torg eller liknande, plass, bru, brygge, kai, strand, anlegg eller anna stad som er alminneleg ferdsel eller bestemt for alminneleg ferdsel.

§ 2.Festar, brukar, leigar eller styrar av hus eller grunn

Plikter som er lagd på eigar av bustad eller grunn, kviler også på den som fester, bruker, leiger eller bestyrer bustad eller grunn.

Kapittel II. Orden på offentleg stad

§ 3.Ro og orden på offentleg stad

På eller i umiddelbar nærleik av offentleg stad må ingen delta i oppløp, samanstimling, støy eller bråk som uroar den alminnelege orden eller ferdsel.

Vert mange menneske samla ved inngangen av forsamlingslokale, sportsplass, utsalsstad, haldeplass eller liknande, skal dei stille seg i kø og elles rette seg etter dei pålegg som politiet eller arrangøren gir for å oppretthalde den alminnelege orden eller regulere ferdsel.

§ 4.Song og musikk, reklame m.m.

Den som på eller ut mot offentleg stad vil framføre song eller musikk, stelle til oppvisning eller framvisning eller gjera bruk av høgtalar, må sende melding til politiet.

Det same gjeld den som på eller i nærleiken av offentleg stad ynskjer å dele ut eller spreie opprop, annonsar, reklame eller liknande, eller gjere bruk av bruke gåande, køyrande eller flygande reklame.

Personar, lag og organisasjonar som skal ha innsamling på offentleg stad skal gi melding om dette til politiet.

§ 5.Farleg eller skremmande verksemd

På, ut over eller i umiddelbar nærleik av offentleg stad er det forbode:

1.å skyte med gevær eller anna skytevåpen eller med bue, sprettert og liknande,
2.å brenne av krut, fyrverkeri eller eksplosive stoffer utan løyve frå politiet,
3.å kaste eller sleppe stein, snøball eller anna som kan vere til skade eller ulempe for dei som ferdast der.

Kapittel III. Sikring av ferdsla

§ 6.Hindringar

På eller utover offentleg stad er det forbode å setja eller henge noko som kan vere til hinder eller ulempe for ferdsel.

Markiser skal henge så høgt at underkanten minst er 2,5 m over bakken.

§ 7.Sport, leik

Politiet kan forby aking og annan former for sport, leik eller spel på bestemt offentleg stad når dette er kravd av omsyn til ferdsla eller den alminnelege orden.

§ 8.Avsperring av fortau mv.

Er det påkravd på grunn av byggearbeid eller liknande at ei gate, veg eller anna offentleg stad vert heilt eller delvis sperra for et avgrensa tidsrom, må det på førehand hentast inn løyve frå politiet, som i tilfelle fastset nærare vilkår.

§ 9.Sprengingsarbeid

Sprengingsarbeid på eller i umiddelbar nærleik av offentleg stad skal på førehand meldast til politiet, som kan påby serskilte sikringstiltak.

§ 10.Diverse arbeid

Oppføring, nedriving eller reparasjon av bygning, graving eller anna arbeid på eller ut mot offentleg stad, som kan medføra fare for ferdsel, skal på førehand meldast til politiet. Politiet kan bestemma korleis arbeidsstaden skal haldast avsperra og påby andre sikringstiltak til vern for publikum.

§ 11.Vedlikehald av bygning mv.

Ved vedlikehald av bygningar mv. på eller ut mot offentleg stad pliktar den ansvarlege for arbeidet å setja opp stengsel som gjer det tydeleg at ferdsel er forbunde med fare eller ulempe.

§ 12.Stengsel

Når det er fare for at snø eller is kan falle ned frå hustak mot offentleg stad, skal eigaren straks setje opp stengsel som gjer det tydeleg at ferdsel er forbundet med fare eller ulempe og snarast syte for at taket blir rydda.

§ 13.Fjerning av sperrer

Avsperringar, stengsel, stiger e.l. skal fjernast når det arbeid som nemnt i § 9, § 10 og § 11 er utført eller den fare eller ulempen som er nemnt i § 12 ikkje lenger er til stade.

§ 14.Ferdsle på islagt vann eller sjø

Politiet kan av sikringsgrunnar forby eller gi regulerande førsegner for ferdsel på islagt vann eller sjø.

Kapittel IV. Reinhald på offentleg stad

§ 15.Takras

Eigar av bustad eller grunn mot offentleg stad pliktar å rydde fortauet utanfor eigedomen for snø og is etter takras.

§ 16.Vannavløp

Eigar av bustad eller grunn mot offentleg stad skal syte for at vannavløp i fortau, rennestein, grøft e.l. vert halde ope.

Kapittel V. Hindre tilgrising

§ 17.Hindre tilgrising o.l.

På, utover eller i umiddelbar nærleik av offentleg stad er det forbode:

1.å kaste glas, flasker, spiker, papir, fruktskal, tyggegummi, sneipar eller anna avfall,
2.å grise til med maling, tusj, sprayprodukter e.l. på einkvar overflate mot offentleg stad, herunder på eller ved bygning, gate, veg, park, anlegg, innretningar og transportmiddel,
3.å hengje opp kunngjeringar, plakatar, e.l. utan politiet sin godkjenning.

Dette gjeld ikkje oppslag på tavler e.l. som er godkjent av kommunen til slikt bruk, eller oppslag på eigedom om tilhøve som berre vedkjem eigedomen eller næringsverksemd til dei som bur der.

Det er forbode å rive, skade eller skjemme oppslag som er lovleg sett opp.

Oppslag skal fjernast når dei er forelda.

4.å urinere.
§ 18.Avfall

Den som driver sal frå portrom, kiosk e.l., eller driver annan liknande næringsverksemd på eller ut mot offentleg stad, skal syte for at området ikkje vert skjemt eller tilsmussa av verksemda, og plikter å syte for at det blir sett opp mange nok kurver for papir og avfall.

Den som arrangerer tilstelling på offentleg stad, skal syte for at papir og anna avfall blir fjerna etter arrangementet.

Kapittel VI. Offentlege anlegg

§ 19.Kyrkjegard

På kyrkjegard er det forbode å sykla, ake eller å driva sport, leik eller anna som ikkje sømer seg der.

Det er forbode å trengja seg inn på kyrkjegard når den er stengt for besøk.

Kapittel VII. Dyr

§ 20.Husdyr m.m.

Det er forbode å la hest, storfe, sau eller geit gå laus på eller ved offentleg stad utan forsvarleg tilsyn.

Sirkusdyr eller ville dyr må ikkje førast på offentleg stad utan løyve frå politiet.

Kapittel VIII. Arrangement på offentleg stad mv.

§ 21.Søknadsplikt for arrangement på offentleg stad

Den som på offentleg stad vil halde arrangement som i hovudsak er av underhaldande, kunstnarleg, selskapeleg eller kommersiell art, og som har et omfang som openbart vil føre til behov for betydelege ferdselsreguleringar eller vakthald, må innan ei frist som politiet set, søkje om dette.

Politilova § 11 gjeld tilsvarande.

§ 22.Meldeplikt for ålment tilgjengelege arrangement utanfor offentleg stad m.m.

Den som vil halde eit arrangement som er ålment tilgjengeleg, må sende melding i god tid til politiet sjølv om arrangementet ikkje skjer på offentleg stad, når arrangementet etter sin art eller storleik gjer det sannsynleg at politioppsyn blir nødvendig av omsyn til ro og orden eller avvikling av trafikken.

Meldeplikta gjeld også samankome med dans eller annan tilstelling av i hovudsak selskapeleg eller underhaldande art for medlemmer av ei foreining eller liknande samanslutning.

Politilova § 11 gjeld tilsvarande.

Kapittel IX. Born

§ 23.Offentleg dans e.l.

Barn under 15 år har ikkje adgang til offentleg dans eller liknande ålment tilgjengeleg tilstelling utan i fylgje med foreldre eller andre føresette.

Kapittel X. Forskjellige føresegner

§ 24.Pliktforsømming

Let nokon ikkje å utføre det vedkomande har plikt til etter vedtekta eller pålegg gitt med heimel i vedtekta, kan politiet la det utføre på vedkomande sin rekning.

§ 25.Straff

Brot på vedtekta eller pålegg gjeve i medhald av vedtekta, vert straffa etter politilova § 30 nr. 4, om ikkje tilhøvet kjem inn under eit strengare straffepåbod.

§ 26.Iverksetjing

Denne vedtekta tek til å gjelde 1 månad etter at ho er stadfest av Politidirektoratet. Frå same tid blir forskrift 13. oktober 1939 nr. 3122 om politivedtekt, Forsand kommune, Rogaland oppheva.