Forskrift om politivedtekt, Klepp kommune, Rogaland

DatoFOR-2009-08-27-1132
PublisertII 2009 hefte 4
Ikrafttredelse27.09.2009
Sist endret
EndrerFOR-1998-11-24-1168
Gjelder forKlepp kommune, Rogaland
HjemmelLOV-1995-08-04-53-§14
Kunngjort03.09.2009   kl. 14.10
KorttittelForskrift om politivedtekt, Klepp

Kapitteloversikt:

Heimel: Fastsett av Klepp kommunestyre 11. februar 2008 med heimel i lov 4. august 1995 nr. 53 om politiet (politiloven) § 14. Stadfesta av Politidirektoratet med nokre endringar 27. august 2009, jf. delegeringsvedtak 16. november 2000 nr. 1151.

Kapittel I. Allmenne føresegner

§ 1.Offentleg stad

Med offentleg stad er i denne vedtekta meint gate, veg, her medrekna fortau, sti, park, torg e.l., plass, bru, bryggje, kai, strand, anlegg eller annan stad der det er allmenn ferdsel eller som er bestemt for allmenn ferdsel.

§ 2.Festar, brukar, leigar eller styrar av hus eller grunn

Plikter som eigar av hus eller grunn har etter denne vedtekta, gjeld og for festar, brukar, leigar og styrar av hus eller grunn.

Kapittel II. Orden på offentleg stad

§ 3.Ro og orden på offentleg stad

På eller like attmed offentleg stad må ingen vere med i oppstyr eller samanstimling, larm eller bråk som uroar den allmenne orden eller ferdsle.

Når mange menneske samlar seg nær inngang til forsamlingslokale, sportsplass, utsalsstad, stoppestad e.l., skal dei stå i kø og elles rette seg etter dei pålegg som politiet eller arrangøren gir for å halde oppe den allmenne orden eller for å regulere ferdsla.

§ 4.Song og musikk, reklame m.m.

Den som på eller ut mot offentleg stad vil føre fram song eller musikk, skipa til framsyning eller gjere bruk av høgtalar, må på førehand gje melding til politiet.

Det same gjeld den som på eller nær offentleg stad ynskjer å dele ut eller spreie opprop, lysingar, reklame e.l., eller bruke gåande, kjørande eller flygande reklame.

Personar, lag og organisasjonar skal ved innsamling på offentleg stad gje melding til politiet på førehand.

§ 5.Farleg eller skremmande verksemd

På, ut over eller like attmed offentleg stad er det forbode:

1.å skyte med gevær eller anna skytevåpen eller med boge, sprettert e.l.,
2.å brenne av krut, fyrverk eller sprengstoff utan at politiet har gitt løyve,
3.å kaste eller sleppe stein, snøball eller anna som kan vere til skade eller ulempe for dei som ferdast der.

Kapittel III. Sikring av ferdsla

§ 6.Hindringar

På eller ut over offentleg stad er det forbode å setje eller hengje noko som kan vere til hinder eller ulempe for ferdsla.

Markiser skal vere festa så høgt at underkanten er minst 2,50 m over bakken.

§ 7.Sport, leik

Politiet kan setje forbod mot aking og andre former for sport, leik eller spel på bestemt offentleg stad der dette er påkravd av omsyn til ferdsla eller den allmenne orden.

§ 8.Sperring av fortau mv.

Krev byggjearbeid e.l. at gate, veg eller annan offentleg stad vert heilt eller delvis sperra for ei avgrensa tid, lyt ein på førehand søkje løyve frå politiet. Politiet kan setje nærare vilkår for løyvet.

§ 9.Sprengingsarbeid

Sprengingsarbeid på eller like ved offentleg stad skal meldast til politiet på førehand. Politiet kan krevje særlege tryggingstiltak.

§ 10.Diverse arbeid

Reising, riving eller reparasjon av bygning, graving eller anna arbeid på eller ut mot offentleg stad der det kan bli fare for ferdsla, skal meldast til politiet på førehand. Politiet kan fastsetja korleis arbeidsstaden skal sperrast og krevje andre tryggingstiltak til vern for publikum.

§ 11.Vedlikehald av bygning mv.

Ved vedlikehald av bygninger mv. på eller ut mot offentleg stad pliktar den ansvarlege for arbeidet å setje opp avvisarar som gjer det tydeleg at det er farleg eller til ulempe å ferdast der.

§ 12.Avvisarar

Når det er fare for at snø eller is kan falle ned frå hustak mot offentleg stad, skal eigaren straks setje opp avvisarar som gjer det tydeleg at det er farleg å ferdast der, og snarast syte for at taket blir rydda.

§ 13.Fjerning av sperrar

Sperringar, avvisarar, stigar e.l. må takast bort når arbeid som nemnt i § 9, § 10 og § 11 er gjort eller når faren som er nemnt i § 12 ikkje lenger er til stades.

§ 14.Ferdsle på frose vatn

Politiet kan av tryggingsgrunnar setje forbod mot eller gje regulerande føresegner for ferdsla på vatn som er frose.

Kapittel IV. Reinhald på offentleg stad

§ 15.Takras

Eigar av hus eller grunn mot offentleg stad pliktar å rydde fortauet utanfor eigedommen for snø og is etter takras.

§ 16.Avløp for vatn

Eigar av hus eller grunn mot offentleg stad skal sørgje for at avløpet for vatn i fortau, rennestein, grøft e.l. vert halde ope.

Kapittel V. Hindre tilgrising

§ 17.Hindre tilgrising o.l.

På, ut over eller like attmed offentleg stad er det forbode:

1.å kaste glas, plast, flasker, spikar, papir, fruktskal, tyggegummi eller anna avfall,
2.å grise til med måling, tusj, sprayprodukt e.l. på overflate mot offentleg stad, under dette på eller ved bygning, gate, veg, park, anlegg, innretningar og framkomstmiddel,
3.å henge opp kunngjeringar, plakatar, e.l. utan at politiet har tillete dette.

Dette gjeld likevel ikkje oppslag på tavler e.l. som kommunen har godkjent til slikt bruk, oppslag som berre høyrer eigedommen til eller næringsverksemda til dei som bur der.

Det er forbode å rive, skade eller skjemme oppslag som er lovleg sett opp.

Oppslag skal fjernast når dei er forelda.

4.å urinere eller spytte.
§ 18.Avfall

Den som driv med sal frå portrom, kiosk e.l., eller som driv anna liknande næringsverksemd på eller ut mot offentleg stad, skal syte for at området ikkje vert skjemt eller skitna til av verksemda, og pliktar å syte for at det blir sett opp mange nok korger for papir og avfall.

Den som arrangerer tilstelling på offentleg stad, skal syte for at papir og anna avfall blir fjerna etter arrangementet.

Kapittel VI. Arrangement på offentleg stad m.m.

§ 19.Søknadsplikt for arrangement på offentleg stad

Den som på offentleg stad vil lage til arrangement som hovudsakleg er av underhaldande, kunstnarisk, selskapleg eller kommersielt slag, som har ein storleik som openbart vil føre til behov for omfattande reguleringar av ferdsla eller vakthaldet, må søkje om dette innan ein frist som politiet set. Politilova § 11 gjeld tilsvarande.

§ 20.Meldeplikt for allment tilgjengelege arrangement utanfor offentleg stad m.m.

Den som vil lage til eit arrangement som er allment tilgjengeleg, må senda melding i god tid til politiet. Dette skal gjerast sjølv om arrangementet ikkje går føre seg på offentleg stad, når det er truleg at det vert naudsynt med polititilsyn for å sikre ro og orden eller avvikling av trafikken på grunn av storleiken på eller karakteren av arrangementet.

Plikt til å melde frå gjeld og samkome med dans eller anna tilstelling som i hovudsak er av selskapeleg eller underhaldande art for medlemmer av ei foreining eller liknande samanslutning.

Politilova § 11 gjeld tilsvarande.

Kapittel VII. Barn

§ 21.Offentleg dans e.l.

Barn under 15 år har ikkje tilgjenge til offentleg dans eller liknande allmenn tilgjengeleg tilstelling utan at dei er i følgje med foreldre eller andre føresette. Ved arrangement retta inn mot yngre grupper, kan politiet gi dispensasjon frå denne aldersgrensa.

Kapittel VIII. Ymse føresegner

§ 22.Forsøming av plikt

Forsømer nokon å utføre det vedkomande har plikt til etter vedtekta eller etter pålegg gitt med heimel i vedtekta, kan politiet på vegne av vedkomande setje dette i verk. Den som har forsømt pliktene må dekke utgiftene.

§ 23.Straff

Brot på vedtekta eller pålegg gitt i medhald av vedtekta, vert straffa etter politilova § 30 nr. 4, om ikkje tilhøvet kjem inn under strengare straffepåbod.

§ 24.Iverksetjing

Denne vedtekta tek til å gjelde ein månad etter at ho er stadfesta av Politidirektoratet.

Frå same tid vert forskrift 24. november 1998 nr. 1168 om politivedtekt, Klepp kommune, Rogaland oppheva.