Forskrift om politivedtekt, Kvam herad, Hordaland

DatoFOR-2010-08-31-1227
PublisertII 2010 hefte 4
Ikrafttredelse30.09.2010
Sist endret
EndrerFOR-1998-10-22-978
Gjelder forKvam kommune, Hordaland
HjemmelLOV-1995-08-04-53-§14
Kunngjort02.09.2010   kl. 15.00
KorttittelForskrift om politivedtekt, Kvam

Kapitteloversikt:

Heimel: Fastsett av Kvam heradsstyre 10. november 2009 med heimel i lov 4. august 1995 nr. 53 om politiet (politiloven) § 14. Stadfesta med nokre endringar av Politidirektoratet 31. august 2010, jf. lov 4. august 1995 nr. 53 om politiet (politiloven) § 14.

Kapittel I. Allmenne føresegner

§ 1.Offentleg stad

Med offentleg stad er i denne vedtekta meint gate, veg, her medrekna fortau, stig, park, torg e.l., plass, bru, bryggje, kai, strand, anlegg eller annan stad der det er allmenn ferdsle eller som er bestemt for allmenn ferdsle.

§ 2.Festar, brukar, leigar eller styrar av hus eller grunn

Dei plikter som er lagd på eigar av hus eller grunn, kviler også på den som festar, brukar, leiger eller styrer hus eller grunn.

Kapittel II. Orden på offentleg stad

§ 3.Ro og orden på offentleg stad

På eller like attmed offentleg stad må ingen vere med i oppstyr, samanstimling, larm eller bråk som skiplar den allmenne orden eller ferdsel.

Når mange menneske samlar seg nær inngang til forsamlingslokale, sportsplass, utsalsstad, stoppestad e.l., skal dei stå i kø og elles rette seg etter dei pålegg som politiet eller arrangøren gjev for å halde oppe den allmenne orden eller for å regulere ferdsla.

§ 4.Song og musikk, reklame m.m.

Den som på eller ut mot offentleg stad vil føre fram song eller musikk, skipa til framsyning eller gjere bruk av høgtalar, må på førehand gje melding til politiet.

Det same gjeld den som på eller nær offentleg stad ynskjer å dele ut eller spreie opprop, lysingar, reklame e.l., eller bruke gåande, køyrande eller flygande reklame.

§ 5.Farleg eller skremmande verksemd

På, ut over eller like attmed offentleg stad er det forbode:

1.å skyte med gevær eller anna skytevåpen eller med boge, sprettert e.l.,
2.å brenna av krut, fyrverkeri eller sprengstoff utan at politiet har gjeve løyve.

Forbod mot å brenna av fyrverkeri gjeld ikkje i tida frå og med kl. 18.00, den 31. desember og til og med kl. 02.00, den 1. januar.

3.å kaste eller sleppe stein, snøball eller anna som kan vere til skade eller ulempe for dei som ferdast der.

Kapittel III. Sikring av ferdsla

§ 6.Hindringar

På eller ut over offentleg stad er det forbode å setja eller hengja noko som kan vere til hinder eller ulempe for ferdsla.

Markiser skal vere festa så høgt at underkanten minst er 2,50 m over bakken.

§ 7.Sport, leik

Politiet kan setja forbod mot aking og andre former for sport, leik eller spel på bestemt offentleg stad der dette er påkravd av omsyn til ferdsla eller den allmenne orden.

§ 8.Sperring av fortau mv.

Krev byggjearbeid e.l. at gate, veg eller annan offentleg stad vert heilt eller delvis sperra for ei avgrensa tid, lyt ein på førehand søkje løyve frå politiet. Politiet kan setje nærare vilkår for løyvet.

§ 9.Sprengingsarbeid

Sprengingsarbeid på eller like attmed offentleg stad skal meldast til politiet på førehand. Politiet kan krevja særlege tryggingstiltak.

§ 10.Diverse arbeid

Reising, riving eller reparasjon av bygning, graving eller anna arbeid på eller ut mot offentleg stad der det kan bli fare for ferdsla, skal på førehand meldast til politiet. Politiet kan fastsette korleis arbeidsstaden skal sperrast og krevje andre tryggingstiltak til vern for publikum.

§ 11.Vedlikehald av bygning mv.

Ved vedlikehald av bygningar mv. på eller ut mot offentleg stad pliktar den ansvarlege for arbeidet å setje opp avvisarar som gjer det tydeleg at det er farleg eller til ulempe å ferdast der.

§ 12.Avvisarar

Når det er fare for at snø eller is kan falle ned frå hustak mot offentleg stad, skal eigaren straks setja opp avvisarar som gjer det tydeleg at det er farleg å ferdast der, og snarast syte for at taket blir rydda.

§ 13.Fjerning av sperrar

Sperringar, avvisarar, stigar e.l. må takast bort når arbeidet som nemnt i § 9, § 10 og § 11 er gjort eller når faren som er nemnt i § 12 ikkje lenger er til stades.

§ 14.Ferdsle på frose vatn eller sjø

Politiet kan av tryggingsgrunnar sette forbod mot eller gje regulerande føresegner for ferdsla på vatn eller sjø som er frose.

Kapittel IV. Reinhald på offentleg stad

§ 15.Fortau mv.

Eigar av hus eller grunn mot offentleg stad pliktar å gjere reine lys- og luftegraver som er knytte til eigedomen.

Reinhaldet skal gjerast slik at det vert til minst mogeleg ulempe.

Oppsop e.l. må ikkje leggjast i kloakksluk.

§ 16.Takras

Eigar av hus eller grunn mot offentleg stad pliktar å rydda fortauet utanfor eigedomen for snø og is etter takras.

§ 17.Avløp for vatn

Eigar av hus eller grunn mot offentleg stad skal sørgja for at avløp for vatn i fortau, rennestein, grøft e.l. vert halde ope.

Kapittel V. Hindre tilgrising

§ 18.Hindre tilgrising

På, ut over eller like attmed offentleg stad er det forbode:

1.å kasta glas, flasker, spikar, papir, fruktskal, sigarettsneipar, tyggegummi eller anna avfall,
2.å grise til med måling, tusj, sprayprodukt e.l. på noko overflate mot offentleg stad, under dette på eller ved bygning, gate, veg, park, anlegg, innretningar og framkomstmidel,
3.å hengja opp kunngjeringar, plakatar, e.l. utan at politiet har tillete dette.

Dette gjeld likevel ikkje oppslag på tavler e.l. som kommunen har godkjent til slikt bruk, eller oppslag på eigedom om tilhøve som berre høyrer eigedomen til eller næringsverksemda til dei som bur der.

Det er forbode å riva, skada eller skjemme oppslag som er lovleg sett opp.

Oppslag skal fjernast når dei er forelda.

4.å urinera.
§ 19.Avfall

Den som driv med sal frå portrom, kiosk e.l., eller som driv anna liknande næringsverksemd på eller ut mot offentleg stad, skal syta for at området ikkje vert skjemt eller skitna til av verksemda, og plikter å syte for at det blir sett opp mange nok korger for papir, sigarettsneipar og anna avfall.

Den som arrangerer tilstelling på offentleg stad, skal syta for at papir og anna avfall blir fjerna etter arrangementet.

Kapittel VI. Offentlege anlegg

§ 20.Kyrkjegard

På kyrkjegard er det forbode å sykle, ake eller å drive sport, leik eller anna som ikkje sømer seg der.

Det er forbode å trengje seg inn på kyrkjegard når den er stengd for besøk.

Kapittel VII. Dyr

§ 21.Husdyr m.m.

Det er forbode å la hest, storfe, sau eller geit gå laus på eller ved offentleg stad utan forsvarleg tilsyn.

Sirkusdyr eller ville dyr må ikkje førast på offentleg stad utan løyve frå politiet.

Kapittel VIII. Arrangement på offentleg stad mv.

§ 22.Søknadsplikt for arrangement på offentleg stad

Den som på offentleg stad vil lage til arrangement som i hovudsak er av underhaldande, kunstnarisk, selskapleg eller kommersielt slag, som har ein storleik som opplagt vil føre til behov for omfattande reguleringar av ferdsla eller vakthald, må søkja politiet om løyve seinast 1 månad før gjennomføring. Politilova § 11 gjeld tilsvarande.

§ 23.Meldeplikt for allment tilgjengelege arrangement utanfor offentleg stad m.m.

Den som vil skipa til eit arrangement som er allment tilgjengeleg, må senda melding i god tid til politiet. Dette skal gjerast sjølv om arrangementet ikkje går føre seg på offentleg stad, når det er truleg at det vert naudsynt med polititilsyn for å sikre ro og orden eller avvikling av trafikken på grunn av storleiken på eller karakteren av arrangementet.

Plikt til å melda frå gjeld òg samkome med dans eller anna tilstelling som i hovudsak er av selskapleg eller underhaldande art for medlemer av ei foreining eller liknande samanslutning, når det er truleg at det vert naudsynt med polititilsyn for å sikre ro og orden eller avvikling av trafikken på grunn av storleiken på eller karakteren av arrangementet.

Politilova § 11 gjeld tilsvarande.

Kapittel IX. Born

§ 24.Offentleg dans e.l.

Barn under 15 år har ikkje tilgjenge til offentleg dans eller liknande allment tilgjengeleg tilstelling utan at dei er saman med foreldre eller andre føresette. Politiet kan setja ei lågare aldersgrense for særskilde arrangement i unntakshøve.

Barn under 13 år har ikkje tilgjenge til dansekveldar som lag, samskipnader, skulelag eller kommunale fritidsklubbar skipar til for sine medlemar utan at dei er saman med foreldre eller andre føresette.

Ved arrangement der barn under 15 år har tilgjenge, skal det vere til stades ansvarlege vaksne leiarar, og samkomene skal sundag - torsdag vere slutt seinast kl. 22.00, fredag og laurdag skal arrangementet vere slutt seinast kl. 23.00.

Kapittel X. Ymse føresegner

§ 25.Forsøming av plikt

Forsømer nokon å utføre det vedkomande har plikt til etter vedtektene eller etter pålegg gjeve med heimel i vedtektene, kan politiet på vegne av vedkomande setje dette i verk. Den som har forsømt pliktene må dekkje utgiftene.

§ 26.Straff

Brot på vedtekta eller pålegg gjeve i medhald av vedtekta, vert straffa etter politilova § 30 nr. 4, om ikkje tilhøvet kjem inn under strengare straffepåbod.

§ 27.Iverksetjing

Denne vedtekta tek til å gjelde 1 månad etter at ho er stadfesta av Politidirektoratet. Frå same tid blir forskrift 22. oktober 1998 nr. 978 om politivedtekt, Kvam herad, Hordaland oppheva.