Forskrift om politivedtekt, Hjelmeland kommune, Rogaland

DatoFOR-2011-01-06-40
PublisertII 2011 hefte 1
Ikrafttredelse06.02.2011
Sist endret
EndrerFOR-1966-11-11-4513
Gjelder forHjelmeland kommune, Rogaland
HjemmelLOV-1995-08-04-53-§14, FOR-2000-11-16-1151
Kunngjort20.01.2011   kl. 17.20
KorttittelForskrift om politivedtekt, Hjelmeland

Kapitteloversikt:

Heimel: Fastsett av Hjelmeland kommunestyre 5. september 2007 med heimel i lov 4. august 1995 nr. 53 om politiet (politiloven) § 14. Stadfesta med nokre endringar av Politidirektoratet 6. januar 2011, jf. lov 4. august 1995 nr. 53 om politiet (politiloven) § 14, jf. delegeringsvedtak 16. november 2000 nr. 1151.

Kapittel I. Alminnelege føresegner

§ 1.Offentleg stad

Med offentleg stad meiner ein gate, veg, her medrekna fortau, sti, park, torg eller liknande, plass, bru, brygge, kai, strand, anlegg eller annan stad der det er alminneleg ferdsel eller bestemt for alminneleg ferdsel.

§ 2.Festar, brukar, leigar eller styrar av bustad eller grunn

Plikter som er lagt på eigar av bustad eller grunn, kviler også på den som festar, brukar, leigar eller styrar bustad eller grunn.

Kapittel II. Orden på offentleg stad

§ 3.Ro og orden på offentleg stad

På eller like attmed offentleg stad må ingen delta i oppløp, samanstimling, støy eller bråk som uroar den alminnelege orden eller ferdsel.

Vert mange menneske samla ved inngangen av forsamlingslokale, sportsplass, utsalsstad, haldeplass eller liknande, skal dei stille seg i kø og elles rette seg etter dei pålegg som politiet eller arrangøren gir for å oppretthalde den alminnelege orden eller regulere ferdsla.

§ 4.Song og musikk, reklame m.m.

Den som på eller ut mot offentleg stad vil framføre song eller musikk, stelle til oppvisning eller framvising eller gjera bruk av høgtalar, må sende melding til politiet.

Det same gjeld den som på eller i nærleiken av offentleg stad ynskjer å dele ut eller spreie opprop, annonsar, reklame eller liknande, eller gjere bruk av gåande, køyrande eller flygande reklame.

Personar, lag og organisasjonar som skal ha innsamlingar på offentlig stad, skal gi melding om dette til politiet.

§ 5.Farleg eller skremmande verksemd

På, ut over eller like attmed offentleg stad er det forbode:

1.å skyte med gevær eller anna skytevåpen eller med bue, sprettert og liknande.
2.å brenne av krut, fyrverkeri eller eksplosive stoffar utan løyve frå politiet.
3.å kaste eller sleppe stein, snøball eller anna som kan vere til skade eller ulempe for dei som ferdast der.

Kapittel III. Sikring av ferdsel

§ 6.Hindringar

På eller utover offentleg stad er det forbode å setja eller henge noko som kan vere til hinder eller ulempe for ferdsel.

Markiser skal henge så høgt at underkanten er minst 2,5 m over bakken.

§ 7.Sport, leik

Politiet kan forby aking og annan form for sport, leik eller spel på bestemt offentleg stad når dette er kravd av omsyn til ferdsel eller den alminnelege orden.

§ 8.Avsperring av fortau mv.

Er det påkravd på grunn av byggearbeid e.l. at ei gate, veg eller anna offentleg stad blir heilt eller delvis sperra for eit avgrensa tidsrom, må det på førehand hentast inn løyve frå politiet, som i tilfelle fastset nærare vilkår.

§ 9.Sprengingsarbeid

Sprengingsarbeid på eller like attmed offentleg stad skal på førehand meldast til politiet, som kan påby serskilte sikringstiltak.

§ 10.Diverse arbeid

Oppføring, nedriving eller reparasjon av bygning, graving eller anna arbeid på eller ut mot offentleg stad som kan medføra fare for ferdsel, skal på førehand meldast til politiet. Politiet kan bestemma korleis arbeidsstaden skal haldast avsperra og påby andre sikringstiltak til vern for publikum.

§ 11.Vedlikehald av bygning mv.

Ved vedlikehald av bygningar mv. på eller ut mot offentleg stad pliktar den ansvarlege for arbeidet å setja opp stengsel som gjer det tydleg at ferdsel er forbunde med fare eller ulempe.

§ 12.Stengsel

Når snø eller is truar med å falle frå hustak mot offentleg stad, skal eigaren straks setje opp stengsel som gjer det tydeleg at ferdsel er forbunde med fare eller ulempe, og snarast syte for at taket blir rydda.

§ 13.Fjerning av sperrer

Avsperringar, stengsel, stigar e.l. skal fjernast når arbeid som nemnt i § 9, § 10 og § 11 er utført eller fare eller ulempe som nemnt i § 12 ikkje lenger er til stades.

§ 14.Ferdsel på islagt vatn eller sjø

Politiet kan av sikringsgrunnar forby eller gi regulerande føresegner for ferdsel på islagt vatn eller sjø.

Kapittel IV. Reinhald på offentleg stad

§ 15.Snøfall og takras

Eigar av bustad eller grunn mot offentleg stad kan krevjast å fjerna snø etter takras.

§ 16.Avløp for vatn

Eigar av bustad eller grunn mot offentleg stad skal syte for at avløp for vatn i fortau, rennestein, grøft e.l. vert halde ope.

Kapittel V. Hindre tilgrising

§ 19.Hindre tilgrising o.l.

På, utover eller like attmed offentleg stad er det forbode:

1.å kaste glas, flasker, spiker, papir, fruktskall, tyggegummi, sneipar eller anna avfall,
2.å grise til med maling, tusj, sprayprodukt e.l. på einkvar overflate mot offentleg stad, under dette på eller ved bygning, gate, veg, park, anlegg, innretningar og transportmiddel,
3.å hengje opp kunngjeringar, plakatar e.l. utan politiet sin godkjenning.

Dette gjeld ikkje oppslag på tavler e.l. som er godkjent av kommunen til slikt bruk, eller oppslag på eigedom om tilhøve som bare vedkjem eigedomen eller næringsverksemd til dei som bur der.

Det er forbode å riva, skade eller skjemma oppslag som er lovleg sett opp.

Oppslag skal fjernast når dei er forelda.

4.å urinere.
§ 20.Avfall

Den som driv sal frå portrom, kiosk e.l., eller driv anna liknande næringsverksemd på eller ut mot offentleg stad, skal syte for at området ikkje vert skjemt eller vert tilsmussa av verksemda, og pliktar å syte for at det blir satt opp mange nok kurvar for papir og avfall.

Den som arrangerer tilstelling på offentleg stad, skal syte for at papir og anna avfall blir fjerna etter arrangementet.

Kapittel VI. Offentlege anlegg

§ 21.Kyrkjegard

På kyrkjegard er det forbode å sykla og ake eller driva sport, leik eller anna som ikkje sømer seg der.

Det er forbode å trengja seg inn på kyrkjegard når den er stengt for besøk.

Kapittel VII. Dyr

§ 22.Husdyr m.m.

Det er forbode å la hest, storfe, sau eller geit gå laus på eller ved offentleg stad utan forsvarleg tilsyn. For offentlege vegar i område med etablert beitepraksis og tilrettelegging for dette med ferister og/eller grinder, gjeld ikkje innhaldet i setninga framfor.

Sirkusdyr eller ville dyr må ikkje førast på offentleg stad utan løyve frå politiet.

Kapittel VIII. Arrangement på offentleg stad mv.

§ 23.Søknadsplikt for arrangement m.m. på offentleg stad

Den som på offentleg stad vil halde arrangement som i stor grad er av underhaldningsmessig, kunstnarleg, selskapeleg eller kommersiell art, og som har eit omfang som openbart vil medføre behov for betydelege ferdselsreguleringar eller vakthald, må innan ei frist som politiet set, søkje om dette.

Politilova § 11 gjeld tilsvarande.

§ 24.Meldeplikt for ålment tilgjengelege arrangement på eller utanfor offentleg stad m.m.

Den som vil halda eit arrangement som er ålment tilgjengeleg, må sende melding i god tid til politiet sjølv om arrangementet ikkje skjer på offentleg stad, når arrangementet sin art eller storleik gjer det sannsynleg at politioppsyn blir nødvendig av omsyn til ro og orden eller avvikling av trafikken.

Meldeplikta gjeld også samankome med dans eller annan tilstelling av stor grad selskapeleg eller underhaldande art for medlemer av ei foreining eller liknande samanslutning.

Politilova § 11 gjeld tilsvarande.

Kapittel IX. Barn

§ 25.Offentleg dans e.l.

Barn under 15 år har ikkje tilgjenge til offentleg dans eller liknande ålment tilgjengeleg tilstelling utan i fylgje med foreldre eller andre føresette.

Kapittel X. Forskjellige føresegner

§ 26.Pliktforsømming

Forsømer nokon å utføre det vedkomande har plikt til etter vedtektene eller pålegg gitt med heimel i vedtektene, kan politiet la det utføre på vedkomande sin rekning.

§ 27.Straff

Brot på vedtektene eller pålegg gjeve i medhald av vedtektene, vert straffa etter politilova § 30 nr. 4, om ikkje tilhøvet går inn under ei strengare straffebestemming.

§ 28.Iverksetjing

Desse vedtektene trer i kraft 1 månad etter dei er stadfesta av Politidirektoratet. Frå same tid blir forskrift 11. november 1966 nr. 4513 om politivedtekt, Hjelmeland kommune, Rogaland oppheva.